Under eit besøk på Vitenskapsmuseet i Trondheim fekk eg sjå denne «kista» frå snekkerlauget i Trondheim. Kista er eit flott arbeid med intarsia og har påskrifta «Snidkernes laugs lade 1745». Foto: Roald Renmælmo
Eg har hatt fokus på snikkarhandverket utanfor laugsvesenet i dei større norske byane som hadde snikkarlaug. Eg har då ikkje brukt tid på å undersøkje kjeldertilfanget knytt til lauga og drifta av desse. Om ein er ute etter å undersøkje snikkarhandverket i eldre tid er det heilt sikkert ein del interessante kjelder å studere. Eit lite innblikk i dette materialet fekk eg i førre veke når eg besøkte magasinet på Vitenskapsmuseet i Trondheim. Eg fekk sjå laugskista til snekkerlauget i Trondheim. Denne kista har årstalet 1745 og avløyste ei eldre kiste frå 1718. Kista i seg sjølv er eit interessant stykke snikkararbeid med finerarbeid av høg kvalitet. Kista skal vere laga av italiensk nøttetre, men eg har ikkje gjort eigne vurderingar av dette.
Kista har finerarbeid på alle sider. Foto: Roald Renmælmo
Innvendig har kista ein leddik. Låsen skal vere arbeidd av smeden P. A. Trolhoff. Foto: Roald Renmælmo
Framside med tekst og nøkkelskilt. Foto: Roald Renmælmo
Innvendig i lokket har oldermann Heinrich Kühnemann skrive nament sitt og namn på dei meistrane som han hadde støtte av til å lage ny lade. Foto: Roald Renmælmo
På dei to gavlane er det motiv frå ein snikkarverkstad. Foto: Roald Renmælmo
På dei to gavlane på kista er det intarsiaarbeid som viser motiv frå ein snikkarverkstad. På den eine sida er det ein høvelbenk med reiskap. På den andre sida ser det ut som ein vegg med hyller med høvlar og forskjellig snikkarverktøy. Eg trur dette kan gi eit bra bilete av kva verktøy som var vanleg for dei fremste snikkarane i Trondheim på den aktuelle tida? Truleg er dette i overkant av det som ein vanleg snikkar på bygdene hadde på same tid, men det same verktøyet var heilt sikkert kjend i det meste av Noreg på denne tida.
På den eine gavlen er motivet ein høvelbenk. Benken har framtang med skruve. Framtanga har tilsvarande form som den på høvelbenken på Skokloster slott. Eg kan ikkje sjå spor etter baktang eller høvelstopp på benken. Benken har føter som ser ut som eit sjølvberande understell som er spikra saman. Bak benken står ein mindre benk, kanskje ein sagkrakk? Elles står det ei kiste, truleg ei verktøykiste, under benken. På golvet står ein snikkardreng og ved sida av ligg snikkarbila som tydeleg er ein del av verktøyet til snikkaren. På veggen heng ein vinkel og ein gjeringsvinkel. På høvelbenken ligg det limpotte, kneppert, grindsag, vinkel i jarn, tvinge, ripmot, borevinne, sikling, gjeringsvinkel, hoggjarn, profilhøvel, kniv for finerarbeid og diverse trebitar og emne. På benken bak ligg ein hammar og knipetong. Foto: Roald RenmælmoPå den andre gavlen er motivet snikkarverktøy som er plassert på ein vegg. Oppunder taket er ei hylle med ulike profilhøvlar. Eg kan telje 37 stk høvlar på denne hylla. Dei fleste høvlane har ein synleg profil slik at vi kan studere kva profilar som var vanleg. Lengst til høgre på hylla er det ein vinkel med lodd. Under høvlane er det til venstre 14 stk ulike jarn og ei lita stikksag. Mellom handtaket er det ei klosag (kløyvsag?). Til venstre er det tre ulike grindsager, borevinne, loddfjøl, navarar, små høvlar, limpotte og kneppert. Nederst til venstre er det tre stk lange høvlar, diverse vinklar og noko som kan sjå ut som ein stor borr? Foto: Roald RenmælmoSame motiv som førre bilete med fotografert med blits. Her kjem det fram litt finare detaljar. Foto: Roald Renmælmo
Denne kista kunne vere verdt nærare undersøkingar. Det vart ikkje tid til eit spesielt grundig arbeid eller skikkelig fotografering denne gongen. Kom gjerne med tips om kva som kunne gjerast av vidare undersøkingar av kista og motiva. Betre bilete med godt fotolys og fokus på dei ulike detaljane er noko som eg meiner bør kome med på lista.
7 tankar på “Snidkernes laugs lade, Trondheim 1745”
Flott Roald! Artig å lese.
Kan du gjøre meg en tjeneste? Jeg har hatt «full rulle» med Bygningshistorie her i dag. Gutta har problemer med å få tak i boka av Finn Werne, Bøndernas bygge fra 1993. Jeg har hatt den liggende, men kan ikke finne den. Kan du ta den med hit så får jeg slå en kopi av den og legge den ut på It`s Learning?
Hilsen Harald
Fra: «Høvelbenk» [mailto:comment-reply@wordpress.com]
Sendt: 2. november 2015 14:36
Til: Harald B. Høgseth
Emne: [New post] Snidkernes laugs lade, Trondheim 1746
Roald Renmælmo posted: » Eg har hatt fokus på snikkarhandverket utanfor laugsvesenet i dei større norske byane som hadde snikkarlaug. Eg har då ikkje brukt tid på å undersøkje kjeldertilfanget knytt til lauga og drifta av desse. Om ein er ute etter å undersøkje snikkarhandverke»
Thank you for following the blog. I try to write some posts in English when I can and when I think the subject would be of interest also for non Scandinavian readers. You can find the English posts here: https://hyvelbenk.wordpress.com/category/english/
I have also a English introduction on the menu on top of the page.
I have tried some different ways to use Google translate on the blog. I find that the translations on the special subjects I write about are not good enaugh. The technical terms are not correctly translated and the sentences are often not good. That I use older traditional Norwegian woodworking terms does not make the job easyer for google translate. If I later find that Google translate improves I might consider again, but today I find the translation insufficient.
I am still planning some more posts in English so I hope that you will find it interesting to still follow the blog.

Hei Harald
Takk for det. Eg kan skulde deg for at eg fekk sjå denne spennande kista på Vitenskapsmuseet.
Eg har funne fram Böndernas bygge og tar den med til Trondheim. Vi sjåast.
Is there any way to access the space in the «dome» behind the panel with the master list?
Sylvain
That was a good question. I would have to check this next time I make a visit to the museum.
Been following for sometime… Enjoyed what Google translate could translate for me! Have you ever thought of adding google translate addon to the blog?