All posts by Sven Hoftun

About Sven Hoftun

Driftsleiar og snikkar hjå Ryfylkemuseet.

Benk frå Kvildal, kopien i bruk

Den nye benken som er kopi av benken frå Kvildal. Foto: Ryfylkemuseet
Den nye benken som er kopi av benken frå Kvildal. Foto: Ryfylkemuseet

Etter å ha kopiert langbenken har me nytta den til å høvle kledning til løa i Viga. Mengden bord som skulle høvlast (ca 140 m2) tvinga oss til å tenkje rasjonalisering. Og sidan dette var fyrste gongen vart det litt prøving. Noko av kledningen me høvla var fem alen langt, altså lenger enn benken vår. Det førte til flytting av bordet att og fram på benken. Dette var ikkje eit så stort problem at det ikkje gjekk, men me ser det som ein fordel å ha ein benk som er litt lenger enn emnet.

RFF2014-034-001
Løa i Viga som skulle ha store mengder handhøvla utvendig kleding og kanta gulvbord. Det var eit godt påskot for å hente fram den gamle strykebenken på museet og få laga ein kopi av benken frå Kvildal. Foto: Ryfylkemuseet
Praksiselev frå tømmrarlinja er heldig som får væra med å høvle dei siste kledningsborda. Det vert både best resultat og minst fysisk krevjande å vera to. Foto: Ryfylkemuseet
Praksiselev frå tømmrarlinja er heldig som får væra med å høvle dei siste kledningsborda. Det vert både best resultat og minst fysisk krevjande å vera to. Foto: Ryfylkemuseet

Me har undervegs handhøvla både maskinelt tjukna bord, kunstig- og naturleg tørka og uhøvla bord. Også bord som var kanta på ei side og ukanta bord. Dette kan det diskuterast mykje rundt. Men nokre erfaringar har me gjordt. Borda misser ein god del bredde når stokken vert kanta før oppdeling. Fleire av dei ukanta borda var såpass beine at dei kunne rett i strykebenken, utan å snorslå og økse fyrst. Det hadde vore ein fordel om stokkane vart barka før skjering. Ein tener lite på å tjukne borda maskinelt på førehand med tanke på arbeidsmengda med håndhøvlinga etterpå.

Benken fungerer ypperleg både til å høvle på og som arbeidsbenk til f.eks. kanting og barking av bord med øks. Den er og lett å frakte med seg.

IMG_0998[1]
Løa ferdigmåla utvendig.  Foto Ryfylkemuseet

Høvling av bord og plank på flasken

Benken frå Kvildal
Benfrå Kvildal. Foto Ryfylkemuseet.

Jakta vår på gamle arbeidsmetodar har kome til høvling av flasken på bord og plank. I staden for å lage og ta i bruk benkar frå andre kantar av landet ser me på Ryfylkemuseet det som viktig å ta vare på lokale variasjonar. Korleis gjorde dei det, og korleis såg ein eventuell høvelbenk ut her? Eg har lese ein stad at dei sat på borda i materialstabelen når dei høvla. Har og prata med ein som kan minnast å ha sett at «dei sat på ein låg benk og høvla mellom seg».

Leitinga har ført oss til ein gamal båtbyggerverkstad i Kvildal i Suldal. Verkstaden står omlag slik den alltid har gjort sidan båtbyggaren Nils O Bakka sette han opp ca 1907. Det er oldebarnet hans som har garden verkstaden står på i dag.

Av verktøysamlinga kan ein sjå at der er laga meir enn berre båtar. Der er ein oksehøvel med meiar (der har vore ein strykebenk men den eksisterer ikkje lenger), not-, penn-, profilhøvlar osb.  Og ein låg benk. Den ser ut som ein heilt vanleg benk til å sitte på, men den skal være brukt til høvling av bord. Det er kroppstyngda som held bordet på plass når dei høvlar.

Benken sett frå enden
Benken sett frå enden. Foto Ryfylkemuseet
Beina er tapp opp i planken. Dei er ikkje festa på noko vis.
Beina er tapp opp i planken. Dei er ikkje festa på noko vis. Legg merke til spora etter øksehogg i planken. Foto Ryfylkemuseet

Benken er 2750 mm lang, 265 mm brei og 480 mm høg. Opprinneleg tjukne på planken varierer mellom 55 og 65 mm (målt på kvister langs kanten). Føtene skrevar ut i ei bredd på omlag 400 mm ved golvet. Dimmensjonen på føtene er 110 x 40 mm og dei står 360 mm frå endane. Tappholet er 70 x 40 mm. Materialen er av furu og skoren på sirkelsag.

Er dette benken me skal kopiere? Kva anna arbeid er utført på benken sidan den nerast er hol langs midten etter øks?