Snikkardreng frå 1850 i Levanger

Snikkardreng med årstal 1850 på gard i Levanger. Legg merke til den flotte uforminga av hekta som held klossen fast til staven, fine kurver og fasingar. Også utforminga av årstalet er veldig fint utført.

Når ein skal høvle lange emne som er festa framme i framtanga på høvelbenken så er det litt ulike løysingar for å støtte opp emnet i bakkant slik at det ikkje sig ned medan ein arbeider. Høvelbenken frå Skrautvål i Valdres har ei menge hol i understellet som ein kan sette pinnar i for å støtte under emne. Tilsvarande er det med høvelbenken i Vasaskipet som har hol som kan nyttast til anten pinnar eller til kjellingfot. Meir vanleg er lause støtter som har høgd omlag som høvelbenken og som står på golvet ved sidan av benken og har enten ein kloss som er regulerbar, eller mange små «hyller» i ulike høgder. Slike vert gjerne kalla snikkardreng, hjelpesmann eller hjelpegut. For ei tid sida fekk eg tilsendt bilete av ein fin utgåve av sorten frå Solfrid Vestli i Bergbygda i Ekne i Levanger kommune. Bileta viser ein snikkardreng med innskore årstal 1850 og dato 28. november. Den har dei siste åra stått på stabburet på garden. Alle bileta er det Solfrid som har teke.

Snikkardrengen har ei fotblad som er 44,5 cm langt og 20 cm bred. Total høgde er 58 cm. Staven med hakka er ca 4 cm tjukk. I eine hjørnet av fotplata er det hogd ut eit hakk som er 13 cm langt og 6 cm djupt. Kanskje det er for å få plass for snikkardrengen nær understellet på høvelbenken?
Oppe er det ein låsepinne som hindrer at ein kan ta av den flyttbare klossen.
Den gjennomgåande naglen som passer i hakka på staven har hovud på eine sida og er låst med ein liten nagle i andre sida.
Snikkardrengen sett ovafrå.

Det er ein forseggjort og fin snikkardreng som sikkert har vore brukt på garden. Ei med veldig lik utforming er å sjå på intarsiaarbeidet på Snidkernes laugslade, laden til snikkarlauget i Trondheim, som var snikra i 1745. Laden var snikra av Heinrich Kühnemann som var snikkarmeister i Trondheim på den tida. Det viser at modellen av snikkardrengen var vanleg alt på midten av 1700-talet. Også på Skoklosters slott finnast det ein snikkardreng av same type.

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s