Høvelbenken

Ein snikkar i dag gjer det aller meste av arbeidet med ulike spesialiserte maskiner. Om han i det heile tatt har ein høvelbenk så blir den sjeldan brukt i produksjonen. Før mekaniseringa av snikkarhandverket gjorde snikkaren det aller meste av snikkararbeidet på høvelbenken. Sidan bruken av høvelbenken har endra seg har truleg også høvelbenkane endra seg? Kva skilnadar kan vi sjå på høvelbenkar i det mekaniserte snikkarhandverket i dag, og høvelbenkar frå den tida så godt som alt av arbeid vart gjort på høvelbenken?

Dei fleste kjenner til den «standardiserte» høvelbenken frå skolesløyden, ein relativt kort og lett benk med framtang, baktang, skuff og høvelbenkknektar av stål i grov dimensjon. Skulane sine høvelbenkar er gjerne tilpassa behovet i sløydopplæringa. Dette behovet har nok endra seg over tid frå dei første snikkarskulane starta opp kring 1880 og fram til eg hadde skulesløyd på 1980-talet?  I «Handbok i sløyd» (Digranes 1950) er det forklart: «Snekkerbenken (med vogn) er den vanlige ved ungdoms- og arbeidsskoler, mens bøkkerbenken (hjulmakerbenken) er mest i bruk i barneskolen.» Med «vogn» så meiner han den L- forma baktanga som er vanleg på store høvelbenkar. Hjulmakarbenk er eit vanlegare omgrep enn bøkkerbenk. Desse benkane har ei rett baktang i enden slik som høvelbenken frå Holstvollen i Trondheim. 

I dag er det ikkje vanleg å rette og dimensjonere emne med handhøvel i så stor grad som tidlegare. Med bakgrunn i dette er det vanleg at moderne høvelbenkar er tydeleg høgare enn eldre høvelbenkar. Det gjer benkane meir behageleg å stå ved om ein skal gjere forskjellig småarbeid, men gjer det upraktisk å høvle, sinke og tappe slik snikkarane arbeidde i eldre tid. Dei moderne benkane vert då ueigna for oss når vi skal prøve ut eldre arbeidsmetodar i snikkarhandverket.

høvling, høvelbenk, Sjur Nesheim
Snikkaren Sjur Nesheim høvlar emne til ramtre til vindauge på ein høvelbenk som er typisk for ein skolesløydsal. Foto: Roald Renmælmo

Det er ein del eigenskapar som er viktige ved ein høvelbenk. Nokre av desse er generelle og er viktige for dei fleste bruksområda for høvelbenkar. Ei stiv og plan flate på toppen som gir godt underlag for det som skal høvlast er eit døme på ein generell eigenskap. Ei form for festing av borda som skal høvlast er ein anna generell eigenskap. Desse er heilt sentrale for at ein høvelbenk skal fungere godt. Eit anna døme på ein generell eigenskap er festemåtar for å feste bord på kant for kanthøvling, då gjerne i samband med ei form for framtang som held bordet fast. Andre eigenskapar kan vere meir spesielle. Hol for å feste ein killingfot som kan halde eit emne som snikkaren skal kante med grindsag kan vere døme på slike.

Killingfot er eit vanleg norsk namn på denne innretninga som brukast for  å klemme fast eit emne oppå høvelbenken. Denne på biletet er svensk og kan då gjerne kallast bänkhållare.  Runde hol i høvelbenken med diameter på kring 25-35 mm tolkar vi gjerne som spor etter killingfot. Foto: Tomas Karlsson
Killingfot er eit vanleg norsk namn på denne innretninga som brukast for å klemme fast eit emne oppå høvelbenken. Denne på biletet er svensk og kan då gjerne kallast bänkhållare. Runde hol i høvelbenken med diameter på kring 25-35 mm tolkar vi gjerne som spor etter killingfot. Foto: Tomas Karlsson
 Korleis undersøkje høvelbenkar?

Det finnast noko litteratur om høvelbenkar, det meste er faglitteratur i snikkarfaget eller sløydbøker. I «Handbok i sløyd» er det forklart litt om ulike benkar til undervisning. I følgje boka er det benken med enkel hakeholrekke og «verktøykassa» (skuff) langsetter heile benken som er førstevalet om ein skal ha nye benkar. Slike benkar har framtange som benken Sjur Nesheim arbeider på (biletet over). I tillegg nemner han Oslobenken som ein nyutvikla sløydbenk. Den har framtange og baktange av same utforming som på benken frå Holstvollen. (Digranes 1950) I boka «Snekker» har snikkaren Trond Gjerdi presentert verktøy som er karakteristiske for snikkarfaget slik at både etnologistudentar og andre interesserte kan få ei innføring i den materielle kulturen. Han presenterer der den høvelbenken som han oppfattar som normalen. «Høvelbenken består av to bukker som er bundet sammen ved hjelp av to strekkfisker. På de to bukkene hviler benkeplaten. Den er vanligvis laget av furu og har pålimt en plate av hardere treslag på oversiden, f.eks. bøk eller bjørk, slik at platen blir mer motstandsdyktig mot slag og slitasje. De gjennomsnittlige dimensjoner på snekkerbenken er ca. 210×55 cm. Benkeplaten er forsynt med skruinnretninger i begge ender: baktanga og framtanga. Baktanga består av en stor kloss som kan skyves fram og tilbake ved hjelp av benkeskruen. Skruingen foregår i benkens lengderetning. Ved hjelp av benkehaker kan man spenne fast lange arbeidsstykker i baktanga.» (Gjerdi 1984)

 

Teikning av høvelbenk brukt som illustrasjon i boka "Snekker" av Trond Gjerdi. (Gjerdi 1984). Benken har detaljar som er typiske for norske høvelbenkar på 1900-talet. Fast framtang, enkel hakeholrekke og den L-forma baktanga.
Teikning av høvelbenk brukt som illustrasjon i boka «Snekker» av Trond Gjerdi. (Gjerdi 1984). Benken har detaljar som er typiske for norske høvelbenkar på 1900-talet. Fast framtang, enkel hakeholrekke og den L-forma baktanga.

I «Fagbok for snekkere» er det ikkje med bilete eller teikning av høvelbenken men den er beskrevet: «Høvelbenken består av en tjukk plate som hviler på en kraftig bygd forstilling. Benkeplaten er som regel utført i furu med en pålimt bøke- eller eikeplate for at den skal motstå slitasje og slag bedre.» (Siverts, Nygaard og Paulsson 1939) Vidare i teksten blir det klart at skildringa har vore inspirasjon for framstillinga til Trond Gjerdi. Ein får inntrykk av at høvelbenken er, og har vore, ganske standardisert?

Dei siste åra har det i vore ei aukande fokus på eldre høvelbenktypar innan snikkarmiljøa, særleg i USA. Dette har kome som ei følgje av at ein del handverkarar har vorte opptekne av å arbeide meir med tradisjonelle handverktøy i snikkararbeidet. Som ei følgje av dette kom Scott Landis med «The Workbench Book» i 1998. Her gir han ein historisk gjennomgang og beskriv benkar som han vurderer som sentrale. For 1700-tals benkar viser han til benkane frå boka til Roubo. (Roubo 1977) Desse benkane har vist seg å bli populære blant snikkarar i USA og England i dag. Det vert arrangert kurs i bygging av sin eige høvelbenk og produsentar i både England og USA bygger og sel slike benkar til slike som heller vil kjøpe enn å byggje sjølv. Døme på slike kurs i bygging er nettopp omtala på ein bloggpost på bloggen til Lost Art Press.

Høvelbenkar frå boka "L´art du menusier". (Roubo 1977).
Høvelbenkar frå boka «L´art du menusier». (Roubo 1977).

Benken av «Roubo» type er nok den som har fått mest fokus dei siste åra. Det skuldast at ei rekke profilerte snikkarar har fremja denne typen benk. Truleg er det på grunn av at benken er forskjellig frå mange moderne benkar at han har vorte populær. Det er likevel fleire eldre typar benkar som har vorte populær. I boka til Landis (Landis 1998) er det høvelbenkar av Shaker type (Shaker style) som har fått eit stort fokus. Dette er nok på grunn av at Shaker stilen er oppfatta som det mest «amerikanske» innan snikring. Stilen oppsto i Amerika og skil seg frå stilane i dei landa nybyggarane kom frå. Benkar av Shaker typen krev gjerne mykje arbeid sidan dei ofte har skuffer og skap i understellet. Desse benkane har difor ikkje vorte så vanlege å byggje på eit kort kurs.

Høvelbenk av Shakertypen bygd av Stuart C. Blanchard i 2011. Foto er lånt frå hans bloggpost om arbeidsbenkar.
Høvelbenk av Shakertypen bygd av Stuart C. Blanchard i 2011. Foto er lånt frå hans bloggpost om arbeidsbenkar.

Høvelbenken av type «Roubo» har fått merkelappen «fransk høvelbenk» og shaker benkane har fått merkelappen «amerikansk høvelbenk» sjølv om dette kan vere litt forenkla. Ein tredje type har fått merkelappen «britisk høvelbenk». Denne siste typen høvelbenk vert gjerne kalla Nicholson benk etter Peter Nicholson som teikna ein slik benk i boka «The Mechanic´s Companion» som kom ut i 1845. Spesielt for desse benkane er at dei har ei relativt tynn benkeplate og er i staden stiva av med ein kraftig sarg, anten berre på framsida eller på begge sider. Denne benken har også vorte populær blant dei som byggjer eigne benkar slik som til dømes Dennis Laney som har blogga om sitt siste høvelbenkprosjekt.

Høvelbenken frå boka "The Mechanic´s Companion" av Peter Nicholson. (Nicholson 1845)
Høvelbenken frå boka «The Mechanic´s Companion» av Peter Nicholson. (Nicholson 1845)

Desse høvelbenkane finnast i mange ulike versjonar når det kjem til detaljar som framtang og høvelstopp. Engelskmannen Richard Arnold kom over ein gamal verkstad med tre gamle høvelbenkar av denne typen. På bloggen til Lost Art Press har dei posta om dette spennande funnet. Desse benkane er kring 30″ høge (ca 76 cm). Det kan minne om høgda på ein del av dei gamle benkane vi har funne i Noreg og Sverige. Slike «tidskapslar» som den Richard har funne kan gi veldig verdifull informasjon om korleis høvelbenkar har sett ut tidlegare. Døme på andre tilsvarande «tidskapslar» er høvelbenken frå Vasaskipet som høyrer til ein sikker daterbar kontekst. Også benkane frå den eldre faglitteraturen kan også gi oss informasjon om korleis høvelbenkane kan ha sett ut.

Her i Norden har vi lite relevant faglitteratur frå eldre tider som kan seie oss noko om arbeidsbenken til snikkarane. Vi har derfor starta arbeidet med å kartlegge aktuelle gamle  høvelbenkar som finnast bevart i Noreg og Sverige. Det er først og fremst benkar som kan knytast til snikringa vi arbeider med i våre prosjekt. Tomas har eit særleg fokus på snikring av fyllingsdører på 1600-, 1700- og 1800-tal. Roald har eit fokus på bygningssnikkaren på 1800-talet og har arbeidd spesielt med vindauge og vil arbeide med golvbord.

Kjelder:
http://stuartblanchard.com/2011/12/05/workbenches-and-work/
Adolf Digranes, «Handbok i sløyd», Oslo, 1950
Trond Gjerdi, «Snekker», Oslo, 1984
Scott Landis, «The Workbench Book», Taunton Press, Newtown, 1998
Peter Nicholson, «The Mecanic`s Companion, Or, The Elements and Practice of Carpentry», Philadelphia, 1845
Jacques-André Roubo, «L`art du menusier», 4 volum, Paris 1769-1775. Reprint, Paris, 1977
Henrik Siverts, Andreas Nygaard og Gregor Paulsson, «Fagbok for snekkere», Oslo, 1939

 

 

7 tankar på “Høvelbenken

  1. Hei.
    Godt å få lest dette om høvelbenkens historie,om dens forskjellige utførelse også ,og om praktisk bruk av den -i går og i dag.
    Boka skrevet av Landis er en jeg har fått god hjelp av. Gjerdi`s illustrasjonsbenk er også vist i Scott`s bok. Brukte sist nevntes bok til å bygge en slik for 10 år siden.
    Og der kommer en viktig detalj frem. Hva kan det være for noe?Jo,det bli stadig vist til at en høvelbenk må være lav når høvling med alle slags handhøvler brukes.Det er vel noe som generelt blir sagt. Og så får den som er høg, si 2,0m finne sin lave benk. Akkurat som den som er 1.6m må få seg en lav benk. Kanskje ingen tenker på hva lav benk er eller betyr før en er midt oppe i det og begynner å ergres over den «lave» benken en er i besitttelse av. Er lav benk lik det som fabrikkprodusert benk er.?Burde en ikke ha en mal å gå etter. Som f.eks. hoftehøgde.
    Jeg er 2,0 meter høg.Det sier seg sjøl, benken må være høgere enn for gjennomsnittet.
    20cm. over kroppslig snitthøgde virker skikkelig inn . Jeg har brukt handhøvler i møbel- og gitarbygging i 30 år.Og har heist den skandinaviske høvelbenken fra Landies bok opp 6″ til 39″. Da ble den for meg meget mer brukbar å stå ved og høvle, sinke og tappe. Det er hyggelig å se at Scott ved sin benk (bilde i boka hans) er som meg ved min benk. God, passelig høgde. Arbeid som nevnt ved lave høvelbenker har jeg hatt nok av fra før. Altså benk etter kroppshøgde er riktig og kan kalles lav benk.

    Med Hilsen
    Jan-Erik Nygaard

    1. Takk for eit viktig innspel. Høgde på høvelbenk er avhengig av kva arbeid som skal gjerast på den. I dag vert dei aller fleste høvelbenkar brukt som «monteringsbenk» og så er det maskiner som gjer det tunge arbeidet. Når eg byrja å gjere det gammaldagse tungarbeidet, som tidlegare var vanleg i snikkarfaget, merka eg fort at dei benkane eg brukte var alt for høge.

      Eg er 180 cm høg og høvelbenken min i dag er 77 cm høg. Det er om lag 2 cm lavere enn dei gamle tommelfingerreglane at høvelbenken skal vere så høg at han når akkurat opp til skrittet. Den andre regelen er at ein står ved sida av benken med armen rett ned langs sida av kroppen og knytta neve. Då skal knokane akkurat treffe toppen av plata på høvelbenken. Desse reglane føreset at ein arbeider på same måten som snikkarane gjorde før. Er det andre typar arbeid ein gjer krev det kanskje at ein har høgre benk?

  2. Takk for en informartiv og inspirerende bloggpost om høvelbenken! Jeg har akkurat fått hendene mine på en liten, gammel høvelbenk. Den er flott så klart, men trenger litt restaurering. Blant annet trenger jeg å lage de to pinnene som brukes til å stramme fram- og baktangene. Det er nok en smal sak, men så mangler det også den lille treplaten som treffer emnet når du strammer framtangen, og den «koppen» av metall som festes i skruen til framtangen og til den omtalte lille treplaten. Du får ha meg unnskyldt for at jeg ikke vet fagtermene for disse delene av høvelbenken. Kunne du fortalt meg hva de heter og om du vet om hvor man kan få kjøpt eller laget en slik del som den metall-«koppen»?

    Beste hilsen
    Jon

  3. Hei !

    Fant lenke til denne siden på Bygg & Bevar sine nettsider. Artig blogg !

    Jeg har livnært meg som møbelsnekkersnekker i snart 25 år og på mitt verksted er høvelbenken uten tvil hjertet i virksomheten 😉

    Er bloggen fortsatt aktiv ?

    Med Høvelen Hevet i Hilsen !

    Snekker Paulsen

    1. Hei
      Takk for det.

      Bloggen er framleis aktiv, men det kan nok vere periodar med mindre aktivitet. Eg reknar med meir aktivitet over sommaren når studentane våre på tradisjonelt bygghandverk skal arbeide med snikring. Dette året har det meste av aktiviteten på bloggfronten vore lagt til bloggen: https://tradisjonshandverk.com som er i slikt med denne bloggen.

      Med vennleg helsing Roald

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s