Category Archives: 1700-tal

Høvelbenken på Lydvaloftet på Voss

Veka 29. mai – 2. juni var eg leiar for ein busstur med studentane på teknisk bygningsvern og tradisjonelt bygghandverk for å besøke stavkyrkjer, mellomalderbygg, gardar og interessante restaureringsprosjekt. Vi starta på Kongsberg og køyrde vestover med mange interessante og lærerike stopp undervegs. Onsdagen vart vi møtte på Voss av Ola Fjeldheim, generalsektretær i Fortidsminneforeningen. Han tok oss fyst med på Lydvaloftet som eg har høyrt mykje om frå tidlegare. Det er antyda at loftet er frå fyrste halvdel av 1300-talet, men eg kan godt tenkje meg at delar av det kan vere noko eldre. I dette loftet er det så mykje spennande å sjå på at det ikkje er råd å få med meir enn ein liten brøkdel av inntrykka. Eg vil likevel gjerne vise noko av det eg beit meg merke i for at de skal få eit lite inntrykk av kvalitetane i dette loftet.

Sjølv om loftet i seg sjølv hadde enormt mykje spennande å by på så la eg merke til ein gamal høvelbenk som stod i ei mørk krå i andrehøgda. Kor denne benken stammar frå og kor gamal han er veit eg ikkje, men han er ein del av inventaret som Fortidsminneforeningen har i loftet. Benken har føter som er tappa inn i ei kraftig benkeplate ca 2 meter lang, ca 14″ brei og ca 3 ½» tjukk. Føtene er tappa gjennom benkeplata med ei tappskulder som støttar under. Føtene har tverrtre som er tappa gjennom og nagla. Framtanga er eit krokvakse emne av lauvtre, truleg bjørk, som det står ein treskruve i.

Høvelbenken på Lydvaloftet. Foto: Roald Renmælmo

Høvelbenken er i prinsippet veldig enkel med berre framtang. Eg har ikkje funne spor etter høvelstopp framme på benken. I bakkant er det nokre runde hol som kan vere til høvelstopp eller ronghake, men det er høgst usikkert. Benken kan ha stått mot ein vegg, men det er ikkje spor etter at den har stått fast mot noko. Det kan vere grunn til å gjere meir nøyaktige oppmålingar av benken ved eit høve. Benken var kring 74 cm høg.

Om du tenkjer på å lage deg ein kopi av denne benken og lurer på korleis du skal få tak i ein rotkrok til framtanga så har Thor Larssen akkurat skrive om uttak av rotkne på bloggen til studiet i tradisjonelt bygghandverk. På bloggen til Norsk Skottbenk Union kan du lese meir om korleis du kan gå fram for å lage treskruvar til benken.

Eg lurer på om høvelbenken frå Gressåmoen også kan ha hatt ei tilsvarande framtang som på benken på Lydvaloftet? Det er i alle fall spor etter ei drevspon under benken som har vore nagla fast slik som framtanga på benken på Lydvaloftet. Drevspona er også uavhengig av føtene som har vore felt inn i benken.

Høvelbenk på Gressåmoen, Snåsa

Studenten Kai Johansen som går på studiet i tradisjonelt bygghandverk på NTNU i Trondheim har kome over ein gamal høvelbenk på garden Gressåmoen i Snåsa i Nord-Trøndelag. Han har skrive om denne benken på bloggen til studiet. Eg har henta tekst og bilete frå hans bloggpost og gjev det att også her på høvelbenkane sin eige blogg. Kai sin tekst:

Torsdag 18 august tilbragte vi dagen med å handsage bordkledning på Gressåmoen fjellgård i Snåså. Vi testet ut sager, og viste teknikker med øks og handsag for elever fra Mære Landbruksskole.

På gården står det to høvelbenker som har et alderdommelig preg og er helt tydelig lagd lokalt, jeg syns de fortjener en liten omtale da det er langt imellom så gamle benker. Dette er den første av de to benkene på gården. Omtale av andre benken kommer senere.

Høvelbenken på Gressamoen. Den er litt under 2 meter lang og har baktang med midstilt høvelklo med to tangar.
Høvelbenken på Gressåmoen. Den er 69 tommar  lang og har baktang med midstilt høvelklo med to tangar.

Benken er lagd i furu med slitedeler i bjørk. Baktang har skruve midt på og høvelklo med to tangar slik vi har sett tidlegare på eldre høvelbenkar av denne typen. Denne gangen fikk jeg ikke tid til å dokumentere fullstendige mål og sammenføyninger, men vi skal tilbake dit. Benken har ingen føtter bevart, men spor etter to generasjoner med faste føtter.

Baktang med høvelklo med to tangar, ein på kvar side av skruven i baktang.
Baktang med høvelklo med to tangar, ein på kvar side av skruven i baktang.
Alle delene er laget i bjørk , her ser man 2 generasjons innfesting av føtter. Foto: Kai Johansen
Alle delene er laget i bjørk , her ser man 2 generasjons innfesting av føtter. Foto: Kai Johansen
Benkeplata er bare ca 1" tjukk. Den har vore stiva av med to drevsponer som føtene har vore tappa inn i.
Benkeplata er bare ca 1″ tjukk. Den har vore stiva av med to drevsponer som føtene har vore tappa inn i.
Bredden på benken ca. 10". Innfestningen av 1. generasjons føtter, drevsponsliss og tapphull 1″x3″
Bredden på benken ca. 10″. Innfestningen av 1. generasjons føtter, drevsponsliss og tapphull 1″x3″
Undersida av benken.
Undersida av benken.
Total lengde på benken 69”. "Framtange" med sekundært innfesting av føtter, og bjørkekrok til mulig innfestning?
Total lengde på benken 69”. «Framtange» med sekundært innfesting av føtter, og bjørkekrok til mulig innfestning?

8. januar 2008 vart Gressåmoen freda av  Riksantikvaren.
Her er det Riksantikvaren skriver om gården: “GressåmoenAnlegget er eit historisk viktig døme på ein skysstasjon og fjellgard rydda i eit marginalt jordbruksområde. Fredinga omfattar ei rekke bygningar og eit område rundt. Fredinga skal verne Gressåmoen som eit bygningshistorisk og kulturhistorisk viktig døme på ein skysstasjon og fjellgard rydda i eit marginalt jordbruksområde. Fredinga skal dessutan også verne Gressåmoen som uttrykk for samkvemmet mellom bumann og same.»

Kvilestue frå 1600-talet
Gressåmoen gard har vært vurdert som verneverdig sidan tidleg på 1970-talet, då Gressåmoen nasjonalpark blei oppretta. Frå gamalt av gjekk ferdselsvegen mellom Snåsa og Lierne over Gressåmoen. Fordi vegen over fjellet var lang, var behovet for overnattingsstader stort. Gressåmoen ligg midtvegs og var difor ein naturleg stoppestad. Det har truleg stått ei kvilestue her allereie på 1600-talet. Kart både frå 1690 og 1720 viser busetnad på staden. Lenger øst for Gressåmoen tyder namnet Gamstuguhaugen på at det har vore samisk busetnad i området.

Fjellgard frå 1800-talet
I 1797 starta Ole Nilsen Aglerønning rydding av Gressåmo gard, som han fekk kongeskøyte på i 1837. Gressåmoen var ein typisk fjellgard, med store, flate og fine voller, godt beite for dyra, fisk og vilt i vatn og fjell. Jorda er derimot skrinn, og garden måtte difor basere seg på kombinasjonsbruk der utmarksressursane i fjellet var svært viktige.

 

Høvelbenk i Verdal fra 1798

Kai Johansen som er student i tradisjonelt bygghandverk ved NTNU har skrive om ein interessant høvelbenk i Verdal. Han har posta dette på bloggen til studiet. Eg reknar med det er mange fleire med interesse for gamle høvelbenkar som les denne bloggen så eg har fått lov til å poste teksten frå Kai også her. Det er ikkje kvardagskost med daterte høvelbenkar så dette er veldig spennande. I tillegg er det ei veldig spesiell framtang på benken. Eg kan ikkje hugse å ha sett noko tilsvarande før? Tusen takk til Kai som har tatt seg bryet med å dokumentere og skrive om denne benken. Under følgjer tekst og bilete frå frå Kai.

img_4466
Høvelbenk fra 1798 på gården Sul i Verdal

Arvid Wold og hans kone Ulla bor på gården sul i Verdal i dag ,   på gården hans er det mange skatter, for den som er interessert i historie og folkekunst. Gården har fungert som en skysstasjon på vegen over til Sverige, i Snorres kongesagaer var dette gården Olav Haraldson (Olav Den Hellige) kom ned til når han kom til Norge i 1030 før han red ned til slaget på Stiklestad, så det er historisk grunn.

Benken som er på gården har en litt spesiell historie med seg , Arvid fortalte at i nødsårene i 1812 var det 3 familier som etablerte seg ved Stor-rensjøen (i Sverige), et vegløst område ganske høyt til fjells ligger på ca 500 m.o.h. De levde av jakt ,fiske og husdyrhold. Det var visst snakk om noen som var lyst i bann? Bosettningen her vokste til 3 gårder hvor det etterhvert ble en relativ stor smie, Edin Gjersin fra Verdal var smed lærling der i to år (1897-98) bl.annet

Da det er skjært inn årstall på benken 1798 er det trolig at de hadde den med seg til deres nye bosetning. I dag er det Wallenberg dynastiet som eier all grunn i disse områder. Benken ble reddet av Jon Suul da gårdene sto for forfall i nyere tid, han tok den med til Norge, ca 1985.

Høvelbenken har en spesiell utforming med hensyn til størrelse og feste anordning. Benkeplaten og beina er i furu mens gjengetappene og klemmene er i bjørk. Det har vært en del utskiftninger i senere tid bla annet 1 gjengetapp og føttene og begge håndtakene til å stamme/ slakke gjengetappene med.

Benken er 206 lang med baktangen, den er 30 cm brei, og 6,5 cm tykk., den er 78 cm høy, marg ned.

Føttene er 3” x 1”plassert 38 og 45 cm inn fra endene og 5 cm inn fra sidene . Det er 20 hull til tanger (fordelt på to rekker 9 og 11 hull)

Framtanga er i bjørk og er hengslet i hjørnet av benken, så den klemmer sammen nesten som en skottbenk.

Snidkernes laugs lade, Trondheim 1745

Under eit besøk på Vitenskapsmuseet i Trondheim fekk eg sjå denne
Under eit besøk på Vitenskapsmuseet i Trondheim fekk eg sjå denne «kista» frå snekkerlauget i Trondheim. Kista er eit flott arbeid med intarsia og har påskrifta «Snidkernes laugs lade 1745». Foto: Roald Renmælmo

Eg har hatt fokus på snikkarhandverket utanfor laugsvesenet i dei større norske byane som hadde snikkarlaug. Eg har då ikkje brukt tid på å undersøkje kjeldertilfanget knytt til lauga og drifta av desse. Om ein er ute etter å undersøkje snikkarhandverket i eldre tid er det heilt sikkert ein del interessante kjelder å studere. Eit lite innblikk i dette materialet fekk eg i førre veke når eg besøkte magasinet på Vitenskapsmuseet i Trondheim. Eg fekk sjå laugskista til snekkerlauget i Trondheim. Denne kista har årstalet 1745 og avløyste ei eldre kiste frå 1718. Kista i seg sjølv er eit interessant stykke snikkararbeid med finerarbeid av høg kvalitet. Kista skal vere laga av italiensk nøttetre, men eg har ikkje gjort eigne vurderingar av dette.

På dei to gavlane på kista er det intarsiaarbeid som viser motiv frå ein snikkarverkstad. På den eine sida er det ein høvelbenk med reiskap. På den andre sida ser det ut som ein vegg med hyller med høvlar og forskjellig snikkarverktøy. Eg trur dette kan gi eit bra bilete av kva verktøy som var vanleg for dei fremste snikkarane i Trondheim på den aktuelle tida? Truleg er dette i overkant av det som ein vanleg snikkar på bygdene hadde på same tid, men det same verktøyet var heilt sikkert kjend i det meste av Noreg på denne tida.

På den eine gavlen er motivet ein høvelbenk. Foto: Roald Renmælmo
På den eine gavlen er motivet ein høvelbenk. Benken har framtang med skruve. Framtanga har tilsvarande form som den på høvelbenken på Skokloster slott. Eg kan ikkje sjå spor etter baktang eller høvelstopp på benken. Benken har føter som ser ut som eit sjølvberande understell som er spikra saman. Bak benken står ein mindre benk, kanskje ein sagkrakk? Elles står det ei kiste, truleg ei verktøykiste, under benken. På golvet står ein snikkardreng og ved sida av ligg snikkarbila som tydeleg er ein del av verktøyet til snikkaren.  På veggen heng ein vinkel og ein gjeringsvinkel. På høvelbenken ligg det limpotte, kneppert, grindsag, vinkel i jarn, tvinge, ripmot, borevinne, sikling, gjeringsvinkel, hoggjarn, profilhøvel, kniv for finerarbeid og diverse trebitar og emne. På benken bak ligg ein hammar og knipetong. Foto: Roald Renmælmo
Gavlen på kista
På den andre gavlen er motivet snikkarverktøy som er plassert på ein vegg. Oppunder taket er ei hylle med ulike profilhøvlar. Eg kan telje 37 stk høvlar på denne hylla. Dei fleste høvlane har ein synleg profil slik at vi kan studere kva profilar som var vanleg. Lengst til høgre på hylla er det ein vinkel med lodd. Under høvlane er det til venstre 14 stk ulike jarn og ei lita stikksag. Mellom handtaket er det ei klosag (kløyvsag?). Til venstre er det tre ulike grindsager, borevinne, loddfjøl, navarar, små høvlar, limpotte og kneppert. Nederst til venstre er det tre stk lange høvlar, diverse vinklar og noko som kan sjå ut som ein stor borr? Foto: Roald Renmælmo
Gavl på kiste
Same motiv som førre bilete med fotografert med blits. Her kjem det fram litt finare detaljar. Foto: Roald Renmælmo

Denne kista kunne vere verdt nærare undersøkingar. Det vart ikkje tid til eit spesielt grundig arbeid eller skikkelig fotografering denne gongen. Kom gjerne med tips om kva som kunne gjerast av vidare undersøkingar av kista og motiva. Betre bilete med godt fotolys og fokus på dei ulike detaljane er noko som eg meiner bør kome med på lista.

Handhøvling av krumme lister

Vi har skrive tidlegare om seminaret vi hadde i Trondheim 15-18. november 2014. Vi var delt inn i 4 grupper som kvar hadde sine oppgåver å arbeide med. På kvar gruppe var det ein av deltakarane, ein student på Teknisk bygningsvern og restaurering på HiST, som hadde i oppgåve å samordne og presentere dokumentasjon av arbeidet på gruppa. Først ut var Ellev Steinsli som var dokumentasjonsansvarlig på gruppa som arbeidde med høvling av dør- og vindusomramming. Neste var leia av Jarle Hugstmyr og hadde Terje Planke, Rasmus Skrydstrup og Rune Hoflundsengen som deltakarar. Gruppa arbeidde med store samansette profiler. Tredje gruppe var leia av Olof Appelgren, Olaf Piekarski og Hans W. Høgnes. I tillegg var Ole Jørgen Schreiner og Anne Mari Mehus på gruppa. Gruppa skulle arbeide med lister og panel med krum og sving. Det pågåande arbeidet til Olof Appelgren med innreiingssnikring på Tottieska gården på Skansen var utgangspunkt for arbeidet på gruppa. Som student på HiST var Anne Mari ansvarleg for dokumentasjon av arbeidet på gruppa. Under føljer tekst og bilete av Anne Mari Mehus og nokre bilete av Olof Appelgren og skisser av Ole Jørgen Schreiner.

Krum vindusomramming fra Tottieske gården, forsøk på å rekonstruere verktøy og arbeidsmåte.

Innredning i Tottieska gården på Skansen. Snekkerdetaljene på bildet er i cubansk mahogni men i  de andre rommene som vi skal arbeide med er det furu som er materialen. Legg merke til den krumme lista over døra. Foto: Roald Renmælmo
Innredning i Tottieska gården på Skansen. Snekkerdetaljene på bildet er i cubansk mahogni men i de andre rommene som vi skal arbeide med er det furu som er materialen. Legg merke til den krumme lista over døra. Foto: Roald Renmælmo

Tottieska gården er et murhus fra tidlig 1770-tall, med mye av det originale interiøret intakt. Da bygningen skulle rives for å gi plass til ny bebyggelse ble deler av bygningen og interørene flyttet til Skansen i Stockholm. I forbindelse med ombygging av denne ble det bestemt at noen av rommene som ikke hadde bevarte interiører skulle innredes på samme måte som de bevarte interiørene. Det ble også bestemt at snekkerarbeidet skulle gjøres mest mulig på tradisjonelt vis. Av arbeidet var det noen oppgaver som var meir krevende, blant annet å høvle krumt profilert listverk og produsere krumme paneler. Dette ble utgangspunktet for arbeidet på vår gruppe. Olof hadde med seg både biter av originale lister og oppmålingstegninger av lister og paneler. Med utgangspunkt i dette starta vi med å finne fram til arbeidsmåter og verktøy som kunne være brukbare til å produsere tilsvarende.

Tottieska gården er eit murhus med tjukke veggar. Vindusopningane har paneler som foringar og panelen oppe er krumma. Over denne panelen er det ei krum list som er høvla i eit stykke. Det var denne lista vi arbeidde med på vår gruppe på seminaret. Foto: Roald Renmælmo
Tottieska gården er eit murhus med tjukke veggar. Vindusopningane har paneler som foringar og panelen oppe er krumma. Baksida av ein av dei originale panelane er til høgre i biletet. Over denne panelen er det ei krum list som er høvla i eit stykke. Denne lista ligg til venstre i biletet. Det var denne lista vi arbeidde med på vår gruppe på seminaret. Foto: Roald Renmælmo
Detaljbilde av profilen på den krumme lista på Tottieska gården på Skansen. Foto: Roald Renmælmo
Detaljbilde av profilen på den krumme lista på Tottieska gården på Skansen. Den flate delen i overkant er eit eige stykke som står i ei not i kanten av lista. Foto: Roald Renmælmo

Vi forsøkte å finne teknikker og verktøy som var egnet til å lage de krumme listene. Oppgaven vår var ganske utfordrende, da vi måtte starte fra bunnen. Vi hadde ingen beskrivelse eller spesialverktøy tilgjengelig for å kunne produsere disse listene. Vi startet med å diskutere hvordan arbeidet med framstillingen kunne vært gjort. Lista var bred og hadde sammensatte profiler. Vi forsøkte å analysere oss fram til i hvilken rekkefølge vi skulle lage profilene. Med utgangspunkt i denne analysen, startet arbeidet med å lage verktøyet som skulle til, men uka ble kort, og vi fikk bare så vidt testet ut høvlene vi hadde laget. Arbeidet med fremstillingen av de krumme listene har i etterkant fortsatt på Skansen. Som vi kan se av bloggen til Olof, har han hatt stor framgang.

Vi startet med å lete etter dokumentasjon på verktøy og metoder for framstilling av krumme profiler i førindustriell tid.

Vi fant en del beskrivelser og illustrasjoner av verktøy i faglitteraturen. Vi hadde også noen  eksempler av ulike høvler tilgjengelig på verkstedet.

Oversikt over vognmakerverktøy fra "The Encyclopedia of Diderot & d'Alembert" frå 1769.
På denne plansjen med verktøy for vognmaker/hjulmaker fra 1769, sees en rekke forskjellige høvler for fremstilling av krumme former. De fleste har kort såle, og vi diskuterte hvorvidt disse kunne fungere for vår oppgave. Oversikt over vognmakerverktøy fra «The Encyclopedia of Diderot & d’Alembert» frå 1769.

Radien på lista vår var ganske slak, og vi vurderte det dithen at en høvel med en såle på omtrent 10 cm lengde kunne klare kurven, om man stilte høveltanna litt dypere enn normalt for å få høvelen til å ta. Vi bruker en del tid på å planlegge rekkefølgen av høvlinga,
slik at vi har referansepunkter og anleggsflater underveis. Vi bestemmer oss for å lage tre profilhøvler med kort såle, samt en ploghøvel med krum såle og krumt land, og en skrape.

 

På vår gruppe går det meste av tida til å få produsert disse høvlene og få de til å fungere. Slikt arbeid tar en del tid når det ikke finnes konkrete originale høvler som kan kopieres. Det tok også en del tid å finne fram til oppbygning av den krumme ploghøvelen. Vi endte opp med å bruke gjengestål og muttere for å justere avstanden på landet. Siste dagen ble høvlene ferdig, og vi fikk så vidt tid til å teste de ut.

 På en buet profil må halve lista høvles i motved. Så lenge høvelstålene er skarpe, virker ikke dette å være et problem. Selv om vi ikke rakk å ferdigstille hele profilen, fikk vi en pekepinn på at høvlene fungerte etter planen. Profilhøvlene med kort såle klarte krumningen bra, og selv om anleggsflaten var kortere enn på en normalhøvel var de tilfredsstillende å høvle med. Ploghøvelen med krum såle fungerte også bra. Med noen finjusteringer håper vi at høvlene skal kunne komme til nytte. Arbeidet med de krumme listene fortsetter på Skansen i Stockholm, hvor Olof Appelgren skal jobbe videre med denne oppgaven. Forhåpentligvis vil erfaringene og jobben som ble gjort i løpet av dette seminaret være til hjelp i fortsettelsen.

Frå venstre Olaf Piekarski, Anne Mari Mehus, Ole Jørgen Schreiner, Olof Appelgren og Hans Høgnes med sine ferdige høvlar siste dagen på seminaret.
Frå venstre Olaf Piekarski, Anne Mari Mehus, Ole Jørgen Schreiner, Olof Appelgren og Hans Høgnes med sine ferdige høvlar siste dagen på seminaret.
image3
Etter Olof reiste tilbake til Skansen fekk han justert og tilpassa høvlane som vart laga på seminaret. Her har han prøvd ut høvlane på ei list. Det er nokre område med litt rufser men elles fungerte det brukbart. Foto: Olof Appelgren

Handhøvling av lister med store samansette profilar

Vi har skrive tidlegare om seminaret vi hadde i Trondheim 15-18. november 2014. Vi var delt inn i 4 grupper som kvar hadde sine oppgåver å arbeide med. På kvar gruppe var det ein av deltakarane, ein student på Teknisk bygningsvern og restaurering på HiST, som hadde i oppgåve å samordne og presentere dokumentasjon av arbeidet på gruppa. Først ut var Ellev Steinsli som var dokumentasjonsansvarlig på gruppa som arbeidde med høvling av dør- og vindusomramming. Neste gruppe ut var leia av Jarle Hugstmyr og hadde Terje Planke, Rasmus Skrydstrup og Rune Hoflundsengen som deltakarar. Gruppa arbeidde med store samansette profiler. Som student på HiST var Rune ansvarleg for dokumentasjon av arbeidet på gruppa. Under føljer tekst og bilete av Rune og nokre bilete av Roald Renmælmo.

Store samansette listverksprofilar kan høvlast med kombinasjonar med hulkilhøvlar og staffhøvlar slik som desse. Foto: Roald Renmælmo
Store samansette listverksprofilar kan høvlast med kombinasjonar med hulkilhøvlar og staffhøvlar slik som desse. Foto: Roald Renmælmo

Ved starten på samlinga hadde me ein synfaring I “Malerhuset” som står på Sverresborg Trøndelag Folkemuseum. Huset har ein rik samling av forskjellig listverk som skulle vere til inspirasjon til vidare arbeid på seminaret. Her hadde me fleire diskusjonar. Diskusjonane omhandla mellom anna prosessane som låg bak listverket. Det er ikkje alltid så lett å lese framgangsmåtane i arbeidet som ligg bak det ferdige listverket. Dette var ein av dei tinga me skulle komme meir inn på i løpet av seminaret. For den som ikkje har prøvd seg på så samansette lister kan det vere litt vanskeleg å sjå kor ein starter opp på ei slik list.

Etter synfaring var det klart for oppstart på snikkarverkestaden på Sverresborg Folkemuseum. Her var det litt jobb med å gjere klart arbeidsstasjonane, kvar gruppe hadde ansvar for sin arbeidsstasjon. Når me skulle velje lister me skulle jobbe med, var me litt opptatt av å få med ein del aktuelle problemstillingar når det gjeld å høvle ut store lister. På den måten få på bana diskusjonar på framgangsmåtar for produksjon av større lister. Jarle Hugstmyr har skrive ei masteroppgåve om høvling av barokk og rokokko listverk. Hans erfaringar frå dette arbeidet danna grunnlaget for arbeidet på denne gruppa.

Barokk og rokokko listverk

Etter at me hadde valt ut dei listene me ville sette i gang med kom det opp ein liten diskusjon rundt framgangsmåten me skulle bruke. Jarle tok opp problemet med at det er vanskeleg å lesa prosess på dei ferdige listene. Eit anna tema som også var oppe var kor nøyaktig ein må vera med dimensjonera. Etter å ha sett på de problemstillingane, valte gruppa å ta ein ny synfaring i Malerhuset for å sjå på listene med ”nye auger”.

Med profilkammen kan me måle profilen på ein stad på lista. Med profilen avsett på profilkammen kan me samanlikne med profilen andre stader på lista. Foto: Rune Hoflundsengen
Med profilkammen kan me måle profilen på ein stad på lista. Med profilen avsett på profilkammen kan me samanlikne med profilen andre stader på lista. Foto: Rune Hoflundsengen

Her fekk me sjå at det var store variasjonar mellom listene. På lister som hadde bredda på rundt 7 ”, kunne det variere opp mot 1⁄4” på same sort list. Profilane på sidene som var høvla ut med høvlar som har hatt styreflate, var tilnærma lik. Variasjonen låg i det midtre partiet på listene. Det som viser på bilde, er at det varierer på det konkave og konvekse forma på lista, det var også tydlige spor i overgangen mellom den to bua formene på midten på lista. Me såg også at det kunne forkomme stor variasjon på listene inn i ei gjering, som medfører store tilpassingar mellom listene. Dette meinte gruppa var ein interessante observasjonar, og konkluderte med at det ikkje alltid var så enkelt å få desse listene kopiert sida det var så stor variasjon.

Grep for justering av høvlar

I løpet av ein slik samling plukkar ein alltid opp detaljar som er fine å ta med seg vidare i arbeidet med høvling av lister. Eg vil trekke fram ein liten detalj om å ha eit rett grep på høvelen når høveltanna skal justerast inn på rett plass. Justering av høvel kan vera eit krevjande arbeid, og det kan vera greitt å ha innarbeidd eit grep som gjer prosessen enklare. Eit godt grep er også er med å forhindra at tanna dett ut. Jarle viste eit grep som sikra både tann frå skade og ein effektiv måte for å justera litt på høvelen, og i same grep kunne sikta på kor tanna står i forhold til høvelen. Bare med å vri på handa kan ein med same handgrep kunne slå på høvelen og sikta. Ein slepp å flytta grepet.

Dimensjonering av emne til lister

Materialen som skal nyttast til å lage lister, er ukanta 5/4 bord. I følje Roald var det ofte denne dimensjonen gjekk att på den tida. Når me valte ut bord hadde me ynskje om at det var ganske rettvakse og ikkje altfor store kvist. Ved nærmare ettersyn ser me at det kan forkomme ein god del kvist i dei eldre listene, så kvistfritt var nok ikkje nødvendig for å høvla ut store lister. 5/4” var tilnærma den dimensjonen som ferdig list skulle vere, så det var ikkje mykje virke som skulle bort på tjukna. Gruppa brukte ei kløyvsag til å kante den først sida på bordet. Her var det truleg meir vanleg og enten bruke ei grindsag eller ei øks på 1700-tallet. Etter å ha retta kanten i skotbenken brukte me ein ploghøvel for å dimensjonera bredda på bordet. Ploghøvel var ein kjapp og grei måte å slisse bordet på. Ploghøvelen er enkel og billig i bruk sida den er lett å holde ved like. Her vart det prøvd ut to måtar å bruke den på. Først drog vi høvelen på heile bordlengda. Den andre varianten stod me meir i ro og jobba oss bakover etter som høvelen var komet gjennom bordet. Etter dette var de tilbake til skotbenken for å få den siste avretting på sida av bordet. Det vart nesten ikkje tatt noko på tjukkleiken fordi lista ferdig list skulle vere 5/4”.

Produksjon av list nr. 1

Snitt av ferdig høvla list. Skisse: Rune Hoflundsengen
Snitt av ferdig høvla list. Skisse: Rune Hoflundsengen

Me ville gjerne ha profilen mest mogleg lik i heile lengda av lista. For å kontrollere det høvla me nokre spor med ploghøvel der vi ville ha styrespor eller referanse på djupna. Ploghøvelen har eit justerbart land som kan låsast og sikre at sporet held same avstand til kanten. Landet på ploghøvelen nyttar kanten på emnet som støtte for høvlinga.

Det djupaste sporet er den endelige flata som profilen skal ha. Det andre sporet er eit hjelpespor for å gi retning for hulkilhøvelen. Så lenge ploghøvelen blir heldt vassrett, vil den gi nøyaktig spor og er til god hjelp når det trengs å lage referansespor som ofte trengs for å klare å høvle ut listene. Passe på å ha eit trykk rett over stålet, så arbeider denne høvelen godt. Med denne operasjonen blir eit av hovudprinsippa for listhøvling benytta. Landet som ploghøvelen har på yttersida er eit viktig prinsipp for å styre høvelen. For mange høvlar er avhengig av å ha eit land for å få den til å fungere som den skal.

Høvling av hulkil

Her blir hulkilen høvla ut. Radiusen på høvelen og hulkilen på lista må vere tilnærma lik. Med den rette radien vil ikkje høvelen eta seg forbi den sirkelen. Ved å fullføra sirkel på oppslaget opp til overflata på lista, er det bare å høvle ut hulkilen heilt ut til dei to streka som kommer opp og blir synlig. Dette gjekk fint og hulkilen vart rett og jamn.

Høvling av staff

For at denne høvelen skal fungera, er den avhending av å ha en liten kant innvendig mot styreflata, slik at han ikkje et seg innover under høvling. Ein liten kant, slik at den rir litt på sålen, og med det unngår at høvelen eter seg inn i buen på lista. Med litt unøyaktige på mål på denne lista, og da helst med tanke på den konkave og den konvekse forma treffes, kan det for bli ein liten kant i overgangen. Det blir ikkje ein jamn overgang. På den andre synfaringa i ”Malerhuset” fann me det fleire lister som hadde dette sporet.

Den ytterste profilen skulle ha ein liten flate og avslutta men ein liten kvartstaff. For å høvla ut falsen, vart det nytta ein ploghøvel. Her kunne det sikkert ha vert nytta ein falshøvel, for å sleppa til med bredde og djupn stopp, vart det heller nytta ein ploghøvel. For å høvla ut staffen vart det nytta ein profilhøvel med fast land.

Produksjon av list nr. 2

Snitt av list nr. 2. Skisse: Rune Hoflundsengen
Snitt av list nr. 2. Skisse: Rune Hoflundsengen

List nummer to vart ei stor taklist, 9”x 5/4”. Store taklistene på 1700-talet hadde ofte ei list som stod i underkant på veggen, men den vart ikkje laga her. Som teikninga på bordet viser, er dette ei ganske flat forma list, på det djupaste er det berra 1⁄2” ned til botn på holkilen. For å klare å lage v-fuger på lista treng me eit styrespor for semshøvelen. Dette laga me med ein ploghøvel.

Her kjem spora som ploghøvelen gav oss til nytte. Ved å sette semshøvelen i 45 grader i sporet er det å høvle ut ein liten kant som skissa over viser. No er det viktig at høveltanna er stilt slik at den ikkje eter seg innover på sida, men at den bare jobbar seg nedover.
For å få eit godt resultat bør fuga takast gjennom fleire operasjonar, ikkje høvla heilt ned på den eine sida først men ta litt på kvar side nedover. Det er enklare å justera seg inn på den måten.

På den første lista vart det laga til eit spor for å gi høvelen ein retning. På denne lista vart det prøvd utan og det viste seg at det ikkje var noko problem med å få retning på hulkilen. Ved hjelp av to strek som indikera kor buen skal avslutte, så var det berra å høvla heilt ut til streka. Det gjekk overraskande greitt og fort å høvla ut hulkilen.

Etter at begge hulkilane var høvla ut var det den konvekse forma som stod att. Her er det viktig at bredda på denne buen er rett , elles vil det fort bli ein kant i overgangen mellom den konkave og den konvekse forma. Her var det erfart den vetle kanten som trengs på høvelen for at den ikkje skulle eta seg innover. Ein ørliten kant på vestresida på høvelen på bilde. Denne lista var litt for trang, det vart eit lite spor i overgangen, men med litt finhøvling vart den borte.

List nr. 2 er ferdig høvla. Foto: Roald Renmælmo
List nr. 2 er ferdig høvla. Foto: Roald Renmælmo

Produksjon av list nr. 3, mønekjøl til Nidarosdomen

Gamal mønekjøl frå "Kongeinngangen" på Nidarosdomen i Trondheim. Denne var utgangspunktet for å finne fram til produksjonsmåte av ein kort bit av tilsvarande. Foto: Roald Renmælmo
Gamal mønekjøl frå «Kongeinngangen» på Nidarosdomen i Trondheim. Denne var utgangspunktet for å finne fram til produksjonsmåte av ein kort bit av tilsvarande. Foto: Roald Renmælmo

Rasmus og Oddmund på snikkarverkstaden på Nidarosdomens Restaureringsarbeider hadde ein mønekjøl som var demontert i samband med den pågåande restaureringa av «kongeinngangen» på Nidarosdomen. Denne ble tatt med til Sverresborg for å sjå om vi kunne finne fram til ein produksjonsmåte på ein slik. Her var det mykje virke som skulle vekk, og det meste vart grovhogd med øks. Etter det høvla me fram profilane med ulike høvlar. Det meste vart gjort med ein grov semshøvel og ein staffhøvel.

Jarle høvlar til mønekjøl som er samansett av fleire staffprofilar. Foto: Roald Renmælmo
Jarle høvlar til mønekjøl som er samansett av fleire staffprofilar. Han setter ned kanten med ein semshøvel. Foto: Roald Renmælmo
Jarle brukar ein stor staffhøvel med sponutkast i sida for å høvle siste finpussen på staffen på mønekjølen. Foto: Roald Renmælmo
Jarle brukar ein stor staffhøvel med sponutkast i sida for å høvle siste finpussen på staffen på mønekjølen. Foto: Roald Renmælmo
Staffhøvlane som vart brukt på dei store staffane på mønekjølen. Foto: Rune Hoflundsengen
Staffhøvlane som vart brukt på dei store staffane på mønekjølen. Den gamle mønekjølen ligg ved sida for samanlikning. Foto: Rune Hoflundsengen