Category Archives: Gamle bilete av snikkarverkstader

Høvelstopp av tre

Høvelstopp av tre og tilhøyrande høvelbenk. Foto: Richard Arnold, England
Høvelstopp av tre og tilhøyrande høvelbenk. Foto: Richard Arnold, England

Eg er ein av dei som følgjer den engelske snikkaren Richard Arnold Instagram. Når han nyleg la ut eit bilete av ein høvelstopp av tre og ein gamal høvelbenk så kunne eg ikkje la vere å kopiere biletet hans. Høvelbenken som vi berre ser litt av har eit firkanta hol for høvelstoppen som er av tre. Dette er ein type som finnast lite av her i Norden, men er meir vanleg på ein del av dei benkane som er laga etter førebilete frå eldre franske og engelske benkar. Vi har eit døme på eit par slike firkanta hol som dette på den eine høvelbenken på Skokloster. Der kan det ha sete ein liknande høvelstopp som denne gamle engelske på biletet. Ein artig detalj er at snikkaren som har høvla til høvelstoppen har arbeidd strukturert og har merka det rette hjørnet mellom rett flate og vinkla kant. Blyantmerka etter dette er enda synlege på høvelstoppen.

Her er det Richard Arnold skriv om høvelstoppen på si posting av biletet på Instagram:

«Distant memories, long forgotten workshops…… I sometimes find it hard to be objective when I get the rare chance to study something like this long abandoned joiners workshop. You can take all the photo’s, take notes, make meticulous drawings, but most of the time I end up just listening to ghosts. I almost felt guilty removing this bench stop. It had probably not been disturbed for more than 60 years. I wondered who used it last, who took the trouble to mark that face and edge mark?. Each of the scars on that bench top are recordings, or memories of a time lost in the past……. #handtoolthursday #oldtools #workbench #workshop»

Verkstadsbilder och Tysk hyvelbänk

Vi har tidigare postat några inlägg med bilder på snickarmiljöer. Här följer några ytterligare bilder och något om den ”tyska hyvelbänken”.

Den svenske konstnären Elias Martin, var son till Olof Martin och Ulrika Haupt i Stockholm.  Martins far var snickarmästare och modern Ulrika Haupt var syster till finsnickaren Georg Haupt. Martin var under en tid lärling i faderns verkstad innan han påbörjade sin yrkesutbildning hos ämbetsmålaren Friedrich Carl Schultz. Närheten till snickarmiljöer och kunskaper i snickeri gav Martin möjlighet att på ett uppmärksamt sätt detaljrikt avbilda snickarverkstäder. I en bild har Martin avbildat en snickare framför en hyvelbänk. På ett kopparstick, också det av Martin, från Georg Haupts verkstad är en hyvelbänk synlig i bakgrunden. Båda bänkarna förefaller ha liknande öppna framtänger. Eftersom både Martin och Haupt var verksamma i Paris och London under delar av sina yrkesliv går det inte att utesluta att bilderna tillkommit under Martins vistelse i städerna.

Georg Haupt var en svensk möbelsnickare vars möbelproduktion mellan 1770 och 1784 påverkade de inhemska stilidealen vars epok benämns som den Gustavianska.

Elias-Martin-1
Av Elias Martin
Elias martin 2
Av Elias Martin
Georg-Haupt
Sekretär tillverkad av George Haupt. Ur Andrén, Möbelstilarna.

I en bild från Gustav Johanssons verkstad i Lindome syns en bänk med liknande framtång som på Martins bilder. I Lindome startade under 1700-talet en omfattande tillverkning av möbler för avsalu i Göteborg. Förutom möbler tillverkades byggnadsdetaljer och inredningssnickerier som spegeldörrar, bröstpaneler, fönsterkarmar, fönsterbågar, golv och innertak.

1992_0390-Hyvelbänk-Halland
Bänk i Gustav Johanssons verkstad. Foto: Mölndals museum

Roubo konstaterade att möbelsnickaren, som också arbetar med små arbetsstycken behöver en bänk som är mer anpassad för detta, än den som vanligen används av snickare. Enligt Roubo arbetade det många tyska snickare i Paris och det var dom som konstruerade en bänk som var lämplig för detta, den sk. Tyska hyvelbänken. Det som är utmärkande för den tyska bänken är att den har en baktång och en rad bänkhakar att spänna fast arbetsstycken mellan. I Ruobos version har den också två framtänger, där den högra ser ut att vara flyttbar i sidled.

Tysk-hyvelbänk-Ruobo
Tysk hyvelbänk. Ur Ruobo (1769)

Från ungefär samma tid, 1760-talets början, är en de äldsta äldsta avbildningarna av en tysk bänk med fram och baktång som vi känner som en ”vanlig” hyvelbänk. Illustrationen ingår i uppslagsverket Werkstäte der heutigen Künste av J.S. Halle.

Tysk-hyvelbänk3
Tysk hyvelbänk. Ur J.S. Halle (1761-1779)
Tysk-hyvelbänk-2
Ur J.S. Halle (1761-1779)

Källmaterial

Andrén, Erik (1981). Möbelstilarna

Halle, J.S. (1761-1779). Werkstäte der heutigen Künste

Hoppe, Ragnar (1933). Målaren Elias Martin.

Martinus, Birgitta (2012). Stolar från Lindome

Ruobo, M, (1769). Descriptions des arts et Metiers du Menuosier

 

 

 

Snidkernes laugs lade, Trondheim 1745

Under eit besøk på Vitenskapsmuseet i Trondheim fekk eg sjå denne
Under eit besøk på Vitenskapsmuseet i Trondheim fekk eg sjå denne «kista» frå snekkerlauget i Trondheim. Kista er eit flott arbeid med intarsia og har påskrifta «Snidkernes laugs lade 1745». Foto: Roald Renmælmo

Eg har hatt fokus på snikkarhandverket utanfor laugsvesenet i dei større norske byane som hadde snikkarlaug. Eg har då ikkje brukt tid på å undersøkje kjeldertilfanget knytt til lauga og drifta av desse. Om ein er ute etter å undersøkje snikkarhandverket i eldre tid er det heilt sikkert ein del interessante kjelder å studere. Eit lite innblikk i dette materialet fekk eg i førre veke når eg besøkte magasinet på Vitenskapsmuseet i Trondheim. Eg fekk sjå laugskista til snekkerlauget i Trondheim. Denne kista har årstalet 1745 og avløyste ei eldre kiste frå 1718. Kista i seg sjølv er eit interessant stykke snikkararbeid med finerarbeid av høg kvalitet. Kista skal vere laga av italiensk nøttetre, men eg har ikkje gjort eigne vurderingar av dette.

På dei to gavlane på kista er det intarsiaarbeid som viser motiv frå ein snikkarverkstad. På den eine sida er det ein høvelbenk med reiskap. På den andre sida ser det ut som ein vegg med hyller med høvlar og forskjellig snikkarverktøy. Eg trur dette kan gi eit bra bilete av kva verktøy som var vanleg for dei fremste snikkarane i Trondheim på den aktuelle tida? Truleg er dette i overkant av det som ein vanleg snikkar på bygdene hadde på same tid, men det same verktøyet var heilt sikkert kjend i det meste av Noreg på denne tida.

På den eine gavlen er motivet ein høvelbenk. Foto: Roald Renmælmo
På den eine gavlen er motivet ein høvelbenk. Benken har framtang med skruve. Framtanga har tilsvarande form som den på høvelbenken på Skokloster slott. Eg kan ikkje sjå spor etter baktang eller høvelstopp på benken. Benken har føter som ser ut som eit sjølvberande understell som er spikra saman. Bak benken står ein mindre benk, kanskje ein sagkrakk? Elles står det ei kiste, truleg ei verktøykiste, under benken. På golvet står ein snikkardreng og ved sida av ligg snikkarbila som tydeleg er ein del av verktøyet til snikkaren.  På veggen heng ein vinkel og ein gjeringsvinkel. På høvelbenken ligg det limpotte, kneppert, grindsag, vinkel i jarn, tvinge, ripmot, borevinne, sikling, gjeringsvinkel, hoggjarn, profilhøvel, kniv for finerarbeid og diverse trebitar og emne. På benken bak ligg ein hammar og knipetong. Foto: Roald Renmælmo
Gavlen på kista
På den andre gavlen er motivet snikkarverktøy som er plassert på ein vegg. Oppunder taket er ei hylle med ulike profilhøvlar. Eg kan telje 37 stk høvlar på denne hylla. Dei fleste høvlane har ein synleg profil slik at vi kan studere kva profilar som var vanleg. Lengst til høgre på hylla er det ein vinkel med lodd. Under høvlane er det til venstre 14 stk ulike jarn og ei lita stikksag. Mellom handtaket er det ei klosag (kløyvsag?). Til venstre er det tre ulike grindsager, borevinne, loddfjøl, navarar, små høvlar, limpotte og kneppert. Nederst til venstre er det tre stk lange høvlar, diverse vinklar og noko som kan sjå ut som ein stor borr? Foto: Roald Renmælmo
Gavl på kiste
Same motiv som førre bilete med fotografert med blits. Her kjem det fram litt finare detaljar. Foto: Roald Renmælmo

Denne kista kunne vere verdt nærare undersøkingar. Det vart ikkje tid til eit spesielt grundig arbeid eller skikkelig fotografering denne gongen. Kom gjerne med tips om kva som kunne gjerast av vidare undersøkingar av kista og motiva. Betre bilete med godt fotolys og fokus på dei ulike detaljane er noko som eg meiner bør kome med på lista.

I snekkerverkstedet, måleri av Jacob Gløersen

I "snekkerverkstedet", måleri av Jacob Gløersen 1903. foto©: O. Væring Eftf. AS
I «snekkerverkstedet», måleri av Jacob Gløersen 1903. foto©: O. Væring Eftf. AS

Målaren Jacob Gløersen var fødd i Nissedal i 1852 og som Fredrik Kolstø gjekk han på Knut Bergsliens malerskole. Han reiste også til akademiet i München saman med Kolstø og Erik Werenskiold. Skildringar av folk og natur var noko desse tre var opptekne av. Gløersen var ein periode i Rollag i Numedal og det er truleg frå garden Ulvik at han har henta motivet sitt. Truleg er guten på biletet Ola Ulvik som då var 8 år gamal. Måleriet viser ein skimakar i snikkarverkstaden.

«Like over nyttår 1903 sender Gløersen brev frå Ulvik til Gerhard og Sigrun Munthe, der han skriv: ”Jeg faar foreløpig ogsaa nok at gjøre inde forresten, for om 14 Dage maa jeg selvfølgelig holde op igjen i den Stuen, hvor jeg skulde male Snedker. For da kommer der en Lægdekjærring naturligvis. Ja, hvad kan ikke Fanden finde paa? Men jeg skal vel bli færdig her engang.” (http://knivgvasst.blogspot.no/2010_07_01_archive.html)

Skimakaren og guten er nok ganske så oppstilte for at Gløersen skulle få lyset riktig. Skimakaren står berre og stør seg på emnet utan å gjere noko. Høvelbenken ser ut som han er klar til å høvle til skiemnet som ligg klart under den ferdige skia. Det er litt høvelspon på benken og på golvet etter høvling som alt er gjort. Langhøvelen har handtak også framme. Han har borevinna og breisaga hengande klare på veggen. Elles er det truleg ein del verktøy i hylla i høgre billedkant. Til venstre står ei kraftig bile og ein hoggestabbe og bak desse står det nokre grove plankar røyst mot veggen. Høvelbenken har baktang som liknar på dei på hjulmakarbenkane. Truleg er det treskruve i denne. Framtanga seg og ut til å ha treskruve. Benken er plassert rett framom vindauget, men ikkje heilt inntil veggen. Det er nok og eit vindauge til venstre for billedkanten sidan høvelbenken og hoggestabben kastar skygge mot høgre og snikkaren har lys på ryggen.

Snickarverkstad i Stockholm 1939

Bilden är tagen 1939 i en snickarverkstad i Stockholm, företaget hette AB Sleipner. Verkstaden låg på Thulegatan 40-44 i Vasastaden i centrala Stockholm. Intrycket är att det är en ålderdomlig verkstad som i sin utrustning har mycket gemensamt med de verkstäder som Roald tidigare visat bilder från i tidigare inlägg på bloggen. Vid den här tiden hade mekaniska snickerifabriker, fabriker med maskinell utrustning, funnits i Stockholm åtminstone sedan 1860-talet. Nästan 80 år senare står denna snickare vid hyvelbänken och hyvlar med handhyvel. Han har lagt ett, kanske färdigt, stycke i bänklådan och arbetar på ytterligare ett. Tittar vi runt i bilden finns det b.la. tvingar och knektar av trä, fyra spännsågar, flera hyvlar vars stål förmodligen är slipade i en form för olika ändamål, bandknivar, strykmått, borrsvängar, passare och krumcirklar. Intill bänken står en huggkubbe, så någonstans utanför bild finns säkert en eller fler yxor.

Det som b.la. skiljer från äldre verkstäder än den här, är den «Katalog över hyvlade trävaror» som  hängts upp på väggen ovanför hyvelbänken. Innehållet i katalogerna var den tidens standardvaror som fönster, dörrar lister m.m. Produkter som verkstaden köpte in i stället för att tillverka själv.

Verkstad i Stockholm. Foto: Stockholms Stadsmuseum
Verkstad i Stockholm. Foto: Stockholms Stadsmuseum

Nu vet vi inte om det i den här verkstaden fanns maskiner, men det är troligt att det åtminstone fanns någon uppsättning. Även om en liten verkstad hade maskiner så var det inte ovanligt att man vid större arbeten, en bra bit in på 1900-talet sände iväg material för det grövre arbetet till verkstäder som var bättre utrustade med maskiner. Snickaren Ove Malm har berättat att när han under sin lärlingstid arbetade i en verkstad i Lund brukade de, trots att det fanns bandsåg, rikt- och planhyvel, låta ett större snickeri göra en del av arbetet.

Källor

Rehnberg, Mats (1961). Snickarminnen.

Åberg, Helena (2003).  Att snickra en byrå med delvis förindistruella metoder.

I snekkerverkstedet, måleri av Fredrik Kolstø, 1886

I serien vår med bilete av gamle snikkarverkstader har vi tidlegare hatt med eit måleri av Gustav Wentzel frå 1881. Han er ikkje den einaste målaren som har interessert seg for arbeidslivet generelt og snikkarfaget spesielt. Også målaren Fredrik Kolstø (Haugesund 1860 – Trondheim 1945) har måla menneske i daglegliv og arbeid. Mellom målarstykka hans er biletet «I snekkerverkstedet» som han måla i 1886. Dette året var han også ute på utlandsreiser, men motivet er nok frå Noreg. Kolstø starta som 16-åring på Bergsliens malerskole i Kristiania. Hausten 1877 reiste han saman med Erik Werenskiold og Jacob Gløersen til München og ble tatt opp som elev ved kunstakademiet. Også Gløersen har måla snikkarverkstader og det skal vi kome tilbake til seinare. Kolstø malte bilete i realistisk og impresjonistisk stil, gjerne med motiv frå Vestlandet. Han var son av kjøpmann Østen Kolstø i Haugesund.

I snekkerverkstedet / In the carpenters workroom, 1886

«I snekerverkstedet», måleri av Fredrik Kolstø, 1886. foto©: O. Væring Eftf. AS

Det er sparsamt med opplysningar om motivet. Det vi kan sjå er at Kolstø har klart å fange høvelspona mykje betre enn det vi kunne sjå i måleriet til Gustav Wentzel. Guten som sit på høvelbenken og et brødskiver kan vere ein lærling? Frå Danmark har eg kome over ei levande skildring av kvardagen for ein «læredreng» på 1890-talet, altså nokre få år seinare enn måleriet til Kolstø. Det er Jens Hendrik Berg som skriv om si læretid hos «snedkermester P. Jørgensen i Slotsgade i aarene 1895-99» i Haderslev.

«Der blev kaldt på os om Morgenen af Mesterens Datter Kl. 5,15, og det skul nu gaa stærkt, en Stige blev stukket ned, efter at 2 Døre blev lukket op fra 1ste Sal, og ned i Gaarden, saa blev det stillet nogle Bænke op til Vandfade med Haandklæder og Sæbe, at Svendene kunde vaske sig, saa kom Mesterens Datter med en mægtig stor Bakke med Morgenmad og Kaffe (altsaa paa Værkstedet), som blev indtaget ved Høvlebænkene, det skulle jo gaa hurtigt, for naar det fløjtede paa Gasværket kl. 6, skulde alle Mand staa parat med Værktøjet i gang. Mesteren var der næsten altid samtidigt. Kl. 8 var der ½ Times Frokost med belagt Smørrebrød og Kaffe.» (En Læredrengs beretning, J. H. Berg, Aarhus, 1953.)

Med bakgrunn i skildringa frå Danmark kan vi tenkje oss at snikkaren får sin frukost eller morrabette (Morgenmad på dansk)? Sidan det ligg høvelspon på benken er nok dette litt ut på dagen etter at arbeidet er godt i gang. Å forlate høvelbenken slik frå dagen før var nok ikkje heilt bra om snikkaren arbeidde i ein verkstad med orden?

Snikkaren på biletet sit på framtanga på høvelbenken. Vi ser i enden på skruven i framtanga og det ser ut som det er ein treskruve. Lyset fell inn frå venstre kant så snikkaren har hatt godt lys til å sjå den flata han høvlar på. Det er langhøvelen som ligg på høvelbenken og mesteparten av spona ser ut til å vere frå kanthøvling. Truleg har han foghøvla emne til liming for å lage breiare plater. Elles ser vi vinkel og grindsag heng på ein spikar på veggen framom benken. Han har ein verktøyhald med nokre tappjarn eller skulpjarn og ein passar. Under denne heng borvinna og nokre fleire vinklar.

Måleri av snikkarverkstad frå 1881

I ein tidlegare post om snikkarverkstaden til Ole Ellingsen Bruheim i Verdal fekk eg kommentarar med lenke til eit måleri av Carl Larsson som viste arbeidet i ein snikkarverkstad i 1905. Det var mange interessante detaljar i måleriet,  men det var også detaljar som var vanskelege forstå. Truleg var det ikkje tekniske detaljar på høvelbenken som var det mest interessante for målaren?

I Noreg har målaren Nils Gustav Wentzel måla eit måleri i 1881 som fekk tittelen «Snekkerverksted«. Wentzel fann motivet i sin eige barndomsheim der snikkaren på biletet leigde verkstad av far til Wentzel, som sjølv dreiv som salmakarmeister i huset. (Alsvik 1958) Rommet har panel og inventar som ein skulle vente i eit bygård i Oslo. Det er også bilete på veggane som peiker på at det er eit rom der det bur folk. Måleriet vart opphavleg refusert i Kunstforeningen, men ved hjelp av nokre kunstnarvener fekk Wentzel laga ei alternativ utstilling av biletet hos Albert Cammermeyer. Dette var opphavet til Høstutstillingen som etterkvart vart ei årleg kunstutstilling. Wentzel hadde sjølv gått i murarlære frå han var 15 år gamal og hadde planar om å utdanne seg til arkitekt. Han hadde nok eit blikk for å få med seg detaljar i handverket til snikkaren også.

Snikkaren har funne seg ein mørk krok til høvelbenken sin, det var nok ikkje godt å sjå merking og slik på sida som vendte mot han. Over benken har han ei parafinlampe som truleg var nødvendig store delar av dagen? På etasjeomnen står limpotta.
«Snekkerverkstedet» av Nils Gustav Wentzel, 1881. Snikkaren har funne seg ein mørk krok til høvelbenken sin, det var nok ikkje godt å sjå merking og slik på sida som vendte mot han. Over benken har han ei parafinlampe som truleg var nødvendig store delar av dagen? På etasjeomnen står limpotta. Biletet er henta frå Wikipedia.

Snikkaren har ein ganske enkel liten høvelbenk av tilsvarande type som den Carl Larsson måla. Høvlane verkar å vere ganske moderne med horn som fungerer som handtak for venstre hand. Snikkaren held også høvelen med eit fast grep på dette «handtaket». Han har også høgre hand plasser i bakkant av høvelstokken og skuvar høvelen framom seg. Ein del sager og vinklar er hengt på veggen og er lett tilgjengeleg. Han har limt saman to bitar som står i spenn med ei tvinge i nedre venstre billedkant. Stolen fremst i biletet er spent saman med ei tvinge. Kanskje er denne til reparasjon?

Dette verkar ikkje å vere ein verkstad med stor produksjon? Kanskje ein høveleg verkstad for reparasjonar og slikt? På gardane var ein snikkarverkstad nødvendig for å produsere det ein trong på garden. Det er godt mogleg det var tilsvarande små verkstader også i byar som Oslo. Verkstader der ein kunne reparere og lage forskjellig til eige behov. I så fall er kanskje verkstaden på biletet ein slik verkstad? Christian Krohg skreiv om biletet: «Det forestillet en pukkelrygget snekker i sitt verksted. Det eneste som ikke var riktig godt var høvelflisen på gulvet». Om Wentzel vart betre på å male «høvelflis» er vanskeleg å seie sidan han ikkje måla fleie bilete av snikkarverkstader. Det er truleg at det var den dårlege attgjevinga av høvelspona som var grunnen til at biletet vart refusert? Refuseringa av biletet var direkte årsak til at den seinare så kjende Høstutstillingen vart oppretta. Hadde Wentzel vore betre til å måle høvelspon hadde vi kanskje ikkje hatt Høstustillingen? Wentzel måla seinare ei rekke bilete som viser arbeidarbustader i Oslo men heldt seg unna å høvle fleire snikkarverkstader. Det er fleire måleri av snikkarverkstader av andre norske kunstnarar frå denne tida så det er meir i vente her på bloggen.

Kjelder:

Otlu Alsvik, «Håndverkeren i norsk kunst», artikkel i «Håndverksliv» bind 2, 1958.

Gamle snikkarverkstader

Ein gamal snikkarverkstad med innreiing og verktøy kan vere ei skattekiste for oss som er interessert i korleis snikkarhandverket vart praktisert i tidlegare tider. Kvart einaste verktøy fortel si historie, korleis er det laga, er det slitasje, kor er verktøyet plassert i verkstaden? Dette er døme på kva vi kan sjå. Høvelbenken i seg sjølv kan vere eit veldig spennande studieobjekt. Vi kan sjå slitasje på benken og ut frå det tenkje oss til kva han har vore brukt til og korleis. Vi kan sjå om benken er laga på ein spesiell måte eller har spesielle detaljar som peikar på kva han har vore brukt til. I tillegg kan vi sjå kor høvelbenken er plassert i rommet i høve til verktøy, material og ikkje minst til lyset. Eg har kome over eit flott bilete teken i 1898 som viser snikkaren Ole Ellingsen Bruheim i Verdal (1856-1923). Han var likkistesnikkar og produserte 1866 likkister i si levetid, den siste til seg sjølv.

I verkstaden har han ein dreiebenk som er synleg i venstre billedkant. Bak denne er eit vindauge. Han har også eit vindauge bak høvelbenken til høgre. Vi ser ikkje sjølve vindauga, berre kor lyset fell inn. Sidan biletet er frå 1898 kan vi rekne med at han ikkje hadde elektrisk lys eller elektriske motorar. Dreiebenken har ei trøe for drifta. Ole står med ripmoten og merkar tjukna på eit bord. Han står slik at lyset fell inn på flata han merkar på. Når han seinare skal høvle så har han hjelp av lyset frå det andre vindauget for å sjå streken.

I taket heng det både ei grindsag og noko som liknar ei Disston stikksag. Han har også ei borevinne med spiralbor hengande i taket. Dette er nok av verktøyet han brukar aller mest. Til høgre på høvelbenken står tappjarnklubba og bak den står limpotta. På benken ligg og det som ser ut som ei bakksag og ein langhøvel. På veggen bak har han ei hylle til høvlar,  truleg omlag 25 stk høvlar står i hylla.  På veggen til høgre er «hå» eller «hald» til å setje ulike jarn i når dei ikkje er i bruk. Øksa og hammaren ligg klare på golvet og langhøvelen ligg på strekkfiskane under høvelbenken. Høvelbenken er ein ganske vanleg type med framtang og baktang. Om biletet har fanga Ole i arbeidet eller om det er arrangert veit vi ikkje. Det kan vere at han måtte stå på ein spesiell måte for at fotografen fekk lyset inn slik han ville. Ein artikkel om Ole finnast i Verdal historielags skrifter: 2004 Nr. 31.

Snikkar Ole Ellingsen Bruheim. Bilete lånt frå sida Verdalsbilder.no, teksten deira er: Da Ole Ellingsen Bruheim døde i 1923 hadde han laget 1866 likkister. Den siste laget han til seg selv. Han førte sirlig oversikt i små notisbøker over hver eneste en som skulle ha kistene. Videre skrev han inn fødselsdato, dødsdato og dødsårsak. Og tilslutt om de hadde skaffet materialene selv. Bildet er fra 1898. For den som har interesse av å vite mere om denne mannen og hans virke så finnes det en artikkel i Verdal Historielag`s årbok fra 2004. Utlånt av Otto Johnson
Snikkar Ole Ellingsen Bruheim. Bilete lånt frå sida Verdalsbilder.no, teksten deira er:
Da Ole Ellingsen Bruheim døde i 1923 hadde han laget 1866 likkister. Den siste laget han til seg selv. Han førte sirlig oversikt i små notisbøker over hver eneste en som skulle ha kistene. Videre skrev han inn fødselsdato, dødsdato og dødsårsak. Og tilslutt om de hadde skaffet materialene selv. Bildet er fra 1898. For den som har interesse av å vite mere om denne mannen og hans virke så finnes det en artikkel i Verdal Historielag`s årbok fra 2004. Utlånt av Otto Johnson

Eg håpar å finne fleire tilsvarande bilete som kan fange noko av stemninga i snikkarverkstaden og vise viktige detaljar av arbeidet som vi kan drøfte i kommentarfeltet på bloggen. Eg lagar i alle fall ein eige kategori for «Gamle bilete av snikkarverkstader» som vi kan fylle på etterkvart.

Kjelder:

Randi Lein, «Ole Ludvik Ellingsen Bruheim – Snedker og småbruker», Verdal historielags skrifter: 2004 Nr. 31.