Handverkar frå Målselv i Troms som har arbeidd med tømring og snikring knytt til restaurering sidan 1993. Det er først og fremst arbeid med tradisjonelle verktøy og arbeidsmåtar som har vore i fokus i dette arbeidet. Tidlegare arbeid har vore å dokumentere og lære handverket i bøkkararbeid i Målselv, tradisjonell tømring, handsaging, oppgangssag, kløyving av tømmer og ulike slags trearbeid.
I mitt PhD prosjekt har eg fokus på verktøyet og arbeidsbenkane til bygningssnikkaren i første halvdel av 1800-talet. Verktøykista og verktøyet til snikkaren Knut Larsen Høis (1799-1882), eller Høs-Knut som han gjerne vart kalla, er eit konkret utgangspunkt for kopiering av verktøy knytt til ulike arbeidsprosedyrer. Med det kopierte verktøyet og ulike arbeidsbenkar har eg gjort ulike forsøk der eg prøvar ut hypoteser om arbeidsprosedyrer og samanliknar spor i mine produkt med spor i originale produkta som Høs-Knut har produsert.
Eg har tidlegare bygd ein kopi av ein høvelbenk frå Eggagården på Røros. Den originale benken er i dag ein del av samlinga til Rørosmuseet og har registreringsnummer RMU 4110. Benken er den eg brukar i dag i mitt arbeid med ulike forsøk med å lage høvlar, snikre vindauge og liknande. Benken dekker dei fleste behov eg har for å feste ulike emne som eg arbeider med. Eg har supplert benkeplata på min benk med nokre hol for killingfot for å betre kunne feste forskjellige ting på benken.
Eg har også tidlegare vore med bygd ein kopi av samme benk saman med Sjur Nesheim og Trond Oalann frå Hordaland i samband med eit kurs i bygging av skottbenk på Røros i 2010. Denne benken er i dag i bruk på Rørosmuseet og har vore med på ei rekke seminar og samlingar der vi har snikra.

I verkstaden min har eg også ein skottbenk med korte langbord. All grovretting av emne kan eg gjere mest effektivt på den benken. Eg har også ein langbenk i verkstaden. Der kan eg både høvle flask på bord som eg held fast ved å sitje på dei, eg kan kante med stikksag med langvedtanning (snikkarsag eller tømmermannssag) eller øks og eg kan kappe med stikksag med tverrvedtanning.
I samband med å planhøvle lange bord, slik som til golvbord, kan det vere ein fordel å høvle over borda med langhøvel. Golvborda blir som regel litt for lange for høvelbenken min og på langbenken er det vanskeleg å høvle med langhøvel. Eg har derfor sett på ein del enkle høvelbenkar som kan eigne seg for å høvle flask på golvbord. Dei enklaste av dei er berre ein planke med høvelstopp medan nokre har også ein variant av framtang. Eg vel å ta utgangspunkt i ein original benk frå garden Helberg i Bardu. Det kjem meir informasjon om denne benken etterkvart.
Bygging av kopi av benken frå Helberg.

Roald Renmælmo – Institutionen för kulturvård, Göteborgs universitet
Nokre av mine artiklar på academia.edu
Hi Roald,
Out of deference to Peter Follansbee I thought it best to continue that discussion more directly without continuing to clutter his blog.
Thanks for the link, I haven’t read it yet but will get there. I haven’t finished reading Handlaft either but I am working my way through it! This is not easy as most sentences make no sense when translated with the dictionary that I have, so «Jeg ikke snakke Norske» is my favourite Norske phrase. It is not overly important that I read it as the drawings say 90% of what is needed. I would like to try a little handlafting as I was impressed with the Scandinavian log-building style, although there is clearly an art to the notch. Prior to this I had only seen what I call «Hollywood» style which has it’s appeal but makes for a visually heavy and imposing building and generally uses very large logs.
My partner has 2nd cousins near Oslo (ogsa ikke snakke Norske) so when she next visits we thought I should go and do a one week lafte course as that will uncover some of the mysteries that the book does not and I should be able to find some tools like a medgragshovel that are not available here.
I should also say that I am in NZ so it is a big trip and freight costs are ridiculous, so for now I bide my time.
Cheers
Graeme
Hi
Yes it is best to continue the discussion on this blog. There is still a lot more to Scandinavian log building than what you can read in the book by Ola Steen, but his book is a good start. I might join a seminar with log building in Mariestad i Sweden in Mai. It is about 3-4 hours drive from Oslo. Some of the best Swedish log builders will meet at this seminar. If you have some experience with log building in general this might be a good introduction to Scandinavian log building.
If you want a «meddragshøvel» it is also called «medkniv» and the blacksmith Jon Dahlmo make some of the best. http://www.dahlmo.no/mekniv.html
Roald
Hi Roald,
Many thanks for the link to John Dahlmo. I think for now I will have to make do with whatever I can cobble together here, or get a better paid job. Much as it would be nice to be in Sweden and Norway during May, this year is not possible and first I should get some experience which would also be useful prior to a lafte course.
Graeme
Hei Roald,
Etter mange år på stort sett engelskspråklige nettsider om sløyd var det kjekt å finne «skottebenken» og «høvelbenken». Imponerende kvalitet på innholdet. Noe av det mest interessante er bevistheten rundt norske ord og uttrykk på teknikker og ikke minst verktøy / utstyr. Jeg har allerede lært mye. Har dere samlet (eller vet du om) en samlet oversikt over norske ord og uttrykk?
Keep up the good work! Og ikke minst lykke til med avhandlingen!
Torleif
Hei Torleif
Takk for den gode tilbakemeldinga og støtta.
Eg og mine medløparar er særleg interesserte i norske ord og uttrykk. Sidan snikring/trearbeid har særs lange og sterke tradisjonar i Noreg så har vi eit rikt språk å ta tak i. Dessverre er det lite av dette som har vore skrive ned og er tilgjengeleg. Det meste av faglitteratur på norsk er i stor grad anten omsette utanlandske bøker eller så byggjer dei på ulike utanlandske fagtradisjonar. På ein måte er det heilt riktig. Snikkaren har aldri vore heilt uavhengig av resten av verda. Ein har alltid hatt faglege utvekslingar med handverkarar frå andre land. Likevel trur eg dei norske (og svenske) tradisjonane kan tilføre mykje viktig kunnskap til det internasjonale fagmiljøet. Då må vi bli trygge på vår eige tradisjon og språket.
For å finne fram til det som vi presenterer på bloggane om skottbenk og høvelbenk så har vi gjort eit omfattande innsamlingsarbeid. Vi har arbeidd saman med eldre tradisjonsberarar slik som t.d. Sjur Nesheim som vi skriv litt om på bloggen. Sjur var også særs oppteken av ord og språk og hadde mykje å kome med. Tilsvarande også med andre snikkarar som eg har arbeidd saman med. Desse har hatt rot i tradisjonar som ikkje har vore nedskrive.
Det siste året har eg hatt tilgang til svarmaterialet frå spørjelista om snikkarhandverket i Norsk Folkeminnesamling. Her kom det inn 168 svar frå snikkarar på 1930-talet. Dette er eit stort materiale som det vil ta lang tid å kome gjennom og presentere. Olav Brattegard har skrive ein artikkel som tar for seg noko av terminologien. Eg limar inn detaljar om dette:
Brattegard, Olav 1951 Um låneord frå tysk i norsk handverksterminologi (snikkarhandverket). Årbok / Universitetet i Bergen. Historisk-antikvarisk rekke 1949, nr. 2. Bergen: Universitetet i Bergen.
Ut over det er Norsk Ordbok og grunnlagsmaterialet til denne ei god kjelde:
http://no2014.uio.no/perl/ordbok/no2014.cgi
Særleg setelarkivet har mykje informasjon. Der kan du søkje på 3,2 millionar setlar med ord og ordforklaringar:
http://www.edd.uio.no/perl/search/search.cgi?tabid=436&appid=8
Børge Askholm har laga ei ganske omfattande ordliste om trehandverk på Dansk. Den har brukt å vore tilgjengeleg på nett på denne adressa:
http://www.baskholm.dk/haandbog/14_arbejdsbaenke.html
Eg tenkjer at stoffet på bloggane kan bli viktige kjelder også vidare framover. Om du eller andre har noko å bidra med så er det berre å ta kontakt.
Med vennleg helsing Roald
Hi Roald,
I saw that you had a stack of birch lumber recently. Would you have any advice on how best to saw it. I have several short logs up to 40cm diameter and a Logosol timberjig with which to saw it up. The logs are from a fenceline so have many branches. I can saw it either approximately on the quarter or flat and some wide boards would be nice but is it advisable? I have thought about cutting some thick flitches to resaw later with a bandsaw but only if I can do that without them going crazy on me. I understand the issues with flat sawing (uneven shrinkage, distortion, cracking, twisting etc.) but birch is not something that is commonly used here – firewood at best.
Anyway if you have any advice from your experience that would be great otherwise I’ll have a crack at it and see what happens.
Hi Graham
It depends on what you want to use the birch for? For wooden plane bodies i usually cut the birch on the flat in 2 ½» or 3″ thick blanks. The marrow are often not so good on birch. I usually start from the straightest side and cut a very small vane so that the face are about the with of a plane sole, about 2 ½ inches. Then i use that face against the fence on the saw and cut blanks of the desired thickness. If the middle blank get the marrow in the middle it should be left to dry like that. Let the wood air dry for at least a year before you take it indoor. When you split the blank with the marrow, the two parts would have to rest for a while so they get stable.
If you want axe handles or similar, it would be ok to cut blanks of 5/4″ or 1 ½» thickness. The orientation on the annual rings are not very important for plane bodies or axe handles made of birch.
I would not saw birch on the quarter but you could try that with the larger pieces? I prefer to have wider pieces that I later split to different things I would need.
Some birch are very twisted, has a spiral grain. If you observe that your blanks are twisting a lot when they are drying it is a bad signal. Then you might have to use it as firewood. I have a woodburning stove in my workshop to so I am happy to find some twisted birch among my lumber in the winter 😉
Thanks Roald, so it sounds like you saw on the flat and avoid the pith (marrow) if you can. These logs have a big taper so the one I have tackled I cut along the pith for a start.
I don’t have any special uses in mind but perhaps I could use a centre flitch for a benchtop as the alternatives are softwood. I had forgotten about planes but unless they wear out fast that would be a lot of planes, and I have ash for handles.
I did think I could do some joinery e.g. bookcase and play around with turning too, I’d need a lathe for that of course.
I’d rather not use them for firewood as we have at least 120 cubic metres of pine after last years wind storm. However I got them for the bark and then realised there was potential lumber so nothing lost I suppose. Just writing this has got me thinking about what I might do and perhaps I need to mark some of the lumber I might want onto the butts to see where it could come from.
Regards Graeme
Takk for fyldig svar. Har brukt litt til på setelarkivet de siste dagene – ypperlig kilde!
Kan tenke meg å lage en skottokse. Kan «dedusere» en del mål fra blogginnleggene / bildene. Hva er normal vinkel på senga til bladet (mellom såle og blad)? Er det slik at bjørk er «standard» virket? Jeg har benyttet ask når jeg har laget høvel tidligere?
Torleif
Ein skottokse er ein god ting å ha. Den normale vinkelen på senga er 45 grader. Det kan variere litt på gamle høvlar, men eg trur intensjonen som regel har vore 45 grader.
Når det gjeld virket til høvlar så er det litt geografisk betinga. På austlandet, i alle fall oppover Østerdalen og Gudbrandsdalen er bjørk det vanlege. Også Trøndelag og nordover er det bjørk som gjeld. På Vestlandet og langs kysten så langt som til Østfold er det meir variert. Her er ask ganske vanleg. Også lønn, frukttre og eik er vanleg. I ein del av desse områda er ein plaga med mott som angrip bjørk spesielt.
I mitt område det bjørk som gjeld. Derfor brukar eg nesten berre bjørk. Det er ein del fordelar med bjørk. Det er som regel lett å arbeide i. Det er tilgjengelig. Det er lettare å få tilpassa blad og kile i kilgang og seng sidan bjørka formar seg lettare enn hardare treslag. Det er lett å høvle av sålen når den skal justerast. Ask er hardare og gir meir slitestyrke i sålen.
Roald
Hei. Jeg kan ikke la være å kommentere innleggene om høvelbenk modell Helberg. Denne typen benk har jeg hatt selv og var slående lik den som du fant på Helberg. Dessverre eksisterer den ikke i dag, men jeg husker utformingen ganske godt. Den dukket opp i forbindelse med riving av noen hus og jeg tok vare på den fordi den så ut til å kunne brukes som arbeidsbenk, den hadde ikke noe understell, det vil si jeg så ikke etter det av rein uvitenhet.
Planken var et helt stykke som var skåret ut på oppgangssag. En forskjell fra Helbergmodellen var at den hadde et nedskåret felt tvers over på den ene enden, ca 5 cm fra enden. Jeg tolket dette, på det tidspunktet, til å være et spor hvor man kunne sette ei fjøl som kunne fungere som høvelstopp. Sporet var anslagsvis en tomme bredt og en tomme dypt. På den andre enden var ei list som var spikret slik som Helbergmodellen.
Benken ble funnet rett ved Setermoen i Bardu, følgelig geografisk nært gården Helberg.
Øyvind
Hei Øyvind
Takk for denne informasjonen.
Eg trur det kan ha vore ganske vanleg med slike benkar, og også vanleg at dei ikkje er tatt vare på. Dei tar ganske stor plass så det er ikkje lett å finne lagerplass for slikt. I tillegg er det ikkje mange som ser at det liknar på ein høvelbenk.
Sporet som var skåret ut i den eine enden som du beskriv benken hadde, det kan vere høvelstopp. Likevel er det merkeleg å ha høvelstopp i begge endar? Om det har vore høvelstopp i begge endar så kan det vere for å kunne arbeide på begge sider av benken. Då kan det vere laga slik at du kan slå inn ei lekt som høvelstopp som er lett å fjerne om du har bruk for å høvle lengre lengder?
Hugsar du om dimensjonane på planken kunne vere omlag som benken frå Helberg?
Som du ser på bloggen så har eg fått ei dendrodatering av benken frå Helberg: https://hyvelbenk.wordpress.com/2014/04/14/dendrodatering-av-hovelbenken-fra-helberg-i-bardu/
Med vennleg helsing Roald
Hei. Lengde og bredde var nok veldig lik benken fra Helberg, men den var neppe fullt 4 tommer tjukk, antagelig noe tynnere.
Jeg fabulerte mye på denne benken da jeg kom over den, og ble svært overrasket da jeg så foto av den gamle fra Helberg, og skjønte at den jeg hadde kanskje ikke var en tilfeldig individuell løsning som jeg egentlig trodde, men muligens en mer vanlig løsning på arbeidsstilling problemet. Jeg sier dette for å understreke at den var slående lik Helbergmodellen.
Til å begynne med tenkte jeg at skår og list var for å feste benken til noe, men fikk ikke det til å stemme. Sporene etter bruk/ verktøymerker gjorde at jeg, på det tidspunktet, kom til at både list og spor hadde funksjon som høvelstopp. Og jeg tolket det slik at du kunne legge noe, eller slå inn noe, i sporet som kunne fjernes lett, som du sier.
Alt dette er imidlertid basert på refleksjoner jeg husker jeg gjorde for ca. 15-20 år siden. Jeg brukte benken selv i forbindelse med noe restaureringsarbeid på en båt, dog uten å bruke de opprinnelige (mulige) høvelstopp, men bare festet arbeidsemnene med tvinger. Benken festet jeg til rekka, og det fungerte fint, for det var lett å flytte benken rundt, og slapp også å lage plass for en bukk på ujevnt underlag.
Det er for øvrig svært interessant å lese bloggene dine.
Øyvind
Hei Roald!
Ser du har avansert noe fra vår tidlige interesse for tømring og hyttebygging 🙂
Hadde vært kult å møttes igjen.
Håkon H.