Om bloggen og oss

Denne bloggen er starta av Roald Renmælmo og Tomas Karlsson som er PhD stipendiatar i snikkarhandverk ved Gøteborgs Universitet. Vi vil prøve ut blogg som reiskap for å få ein dialog kring høvelbenkar med handverkarar og andre som har interesse for emnet. Vi har gjort ei kartlegging av litteratur og har registrert ein del gamle benkar rundt om i Noreg og Sverige. Dette materialet vil vi etterkvart legge ut på bloggen og håpar på å få respons på noko av dette. Vi vil gjerne ha tips om interessante gamle høvelbenkar som måtte finnast rundt om i våre to land. Kjem du over spennande benkar så er dette staden for å legge ut informasjon om benkane. Skottbenken har fått sin eige blogg i regi av Norsk Skottbenk Union der aktuelt stoff vert lagt ut og vi vil derfor ikkje ta for oss skottbenken i denne bloggen. Vi kan kome til at grensene mellom skottbenk og høvelbenk kanskje ikkje er så klare som vi tenkjer i dag? Kom gjerne med innspel på det.

Tomas Karlsson er i gang med oppmåling av ein høvelbenk på Skokloster slott. Foto: Roald Renmælmo
Tomas Karlsson er i gang med oppmåling av ein høvelbenk på Skokloster slott. Foto: Roald Renmælmo

Bloggen er open for å leggje inn kommentarar på dei postane som er lagt ut. Det er veldig bra om vi kan få gode spørsmål som kan utdjupe det vi har lagt ut. Det er også veldig flott om vi får tips om høvelbenkar, gamle foto eller aktuell litteratur. Ta gjerne kontakt om du har materiale som du vil poste på bloggen. Det er veldig fint om du vil kommentere på det vi postar om du har innspel eller spørsmål til stoffet. Saknar du noko som vi burde hatt med i bloggposten eller er det noko som du meiner er feil så er bloggen til for at du skal kome med innspel. Om du vil følgje med på det vi skriv på bloggen kan det løne seg å registrere seg for å følje oss. Det gjer du ved å registrere deg i det nedste feltet i høgre marg. Du kan registrere deg anten som wordpress brukar eller med e-post adresse.

Lesing av bloggen og organisering av materialet

Bloggen vår brukar WordPress som publiseringssystem. Kjernen i WordPress er eit innhaldsstyringssystem i PHP som brukar  ein MySQL-database. Dette gjer innhaldet søkbart på mange ulike måtar. Denne sida er ei statisk side som du når ved å klikke i menyen over der det står «Om bloggen». Tilsvarande sider er «Om høvelbenk» og så vidare på same menylinja. Bloggpostane blir liggande i rekkefølgje etter når dei vert posta, dei nyaste først. Ved å klikke på tittelen «Høvelbenk» kjem du til nyaste post. I menyen til høgre under «Arkiv» er det ei oversikt over tidlegare postar. Her kan du klikke deg inn på dei ulike månadane. Oppe i menylinja over er det eit symbol som liknar eit forstørringsglas. Ved å klikke på det får du fram eit søkjefelt der du kan søkje på fri tekst i heile bloggen. Alle ord som er brukt i postar og på sider er søkbare så dette er eit kraftig søkjeverkty.

I tillegg har vi eit felt i høgre marg som heiter «Kategoriar». Der er det eit eit rullefelt der du har oversikt over alle kategoriar som vi har ført opp så langt. Når vi skriv nye postar vel vi eigne kategoriar som vi tenkjer er relevante for å søkje seg fram til særlege tema. Eit døme på kategori er «Benkehake». Her har vi registrert bloggpostar som tar særskilt opp emnet benkehake. I dag, 12. mai 2014, får eg opp 5 postar i den kategorien, medan eit fritekstsøk får opp 10 postar på «Benkehake». Fritekstsøket får fram alle postane der ordet er med i teksten medan kategorisøk berre fangar opp dei postane som vi har registrert i den kategorien. Fordelen med kategoriar er at vi bestemmer kva termologi (og skrivemåte) som er relevant og kan snevre inn søk på den måten. Då kan vi poste på ulike språk og dialektar men likevel sikre at det er søkbart. I høgre marg er det også ei liste over alle forfattarane, den er klikkbar og der kan du få fram alle postane som er skrive av Tomas Karlsson eller nokon av dei andre forfattarane. Legg også merke til at alle bilete på bloggen er klikkbare. Klikk på bileta for å sjå dei større. Også i teksten har vi lagt inn klikkbare lenker og det kan sjå litt forskjellig ut i ulike nettlesarar. Tre setningar opp er namnet Tomas Karlsson ei slik aktiv lenke, i min nettlesar er namnet i raude bokstavar.

Metode

Vi tenkjer oss at det er ein samanheng mellom høvelbenken, verktøyet og produksjonen til snikkaren. Når vi vil undersøkje snikkarhandverket så er det beste å kunne arbeide saman med erfarte snikkarar som Sjur Nesheim. Han viser korleis arbeidet blir gjort, korleis verktøyet skal fungere og gir oss ei norm for snikkararbeidet, kor plan og rett skal flata vere, kor grovstilt bør høvelen vere og kor nøye må ein sage tappen for at han skal passe i slissen. Slike referansar er veldig viktige for å forstå det førindustrielle snikkarhandverket.

Ei følgje av moderniseringa (mekaniseringa) av snikkarhandverket er at snikkarane snart vil tenkje at den gamle arbeidsmåten med «enkle handverktøy» var primitiv (upresis), tungvindt og lite effektiv. Om vi da skal prøve å arbeide etter eldre metodar, rekonstruere handverk, kan vi ha lett for å godta at det tar veldig lang tid. Vi har ikkje ei norm for tidsbruk å strekke oss etter. Vi har heller ikkje ei norm for presisjonen i arbeidet i ulike trinn i prosessen. Kor nøyaktig må dimensjonen vere på ramtre og sprosser for at arbeidet med å felle saman ei vindusramme skal gå lett og gi eit bra resultat? Det er også ulike normer for kva som er eit bra resultat i dag og det som var eit bra resultat i det førindustrielle snikkarhandverket. Krava til presisjon i retting og dimensjonering av materialar kan ha vore større tidlegare medan ein ikkje var så nøye med utrivingar i motved og rundt kvist?

Skal vi studere snikkarhandverk som er frå eldre tider er det ikkje sikkert slike som Sjur kan gi oss svaret på det. Då kan vi studerer produkta til snikkaren slik som Tomas har gjort med døra frå Nynäs slott i Lic avhandlinga si. Her er det den ferdige døra som blir norm for det ferdige resultatet. Når Tomas snikrar si dør kan han sjå samanhengar mellom arbeidsmåtane han brukar og spor på den ferdige døra. Når han så kan ha med seg sine erfaringar som snikkar i  eige praksis, sitt samarbeid med snikkaren Ove Malm og arbeid med Sjur Nesheim så har det som støtte i samband med å tenkje seg normer for verktøybruk, presisjon og arbeidstempo. Tomas har også hatt hjelp av faglitteraturen i dette arbeidet, då særleg «Byggnadssnickaren på landet» (Bong, 1883) Her har han konkrete tips om verktøy og bruken av det. Tomas går vidare med å studere dørsnikring på 1600-talet og startar med å bygge kopi av ein høvelbenk frå denne perioden.

Snikkaren Knut Larsen Høis (Høs-Knut) var fødd i Nord-Østerdalen i 1799 og hadde  største delen av si yrkeskarriere der. Han flytte seinare til Bardu og heldt fram å snikre der. Han døydde i 1882. Verktøykista og produksjonen hans er ei viktig kjelde for meg i mitt arbeid med å undersøkje det førindustrielle snikkarhandverket. Fotografiet er truleg teke i 1870 og er henta frå Bardu bygdebok.
Snikkaren Knut Larsen Høis (Høs-Knut) var fødd i Nord-Østerdalen i 1799 og hadde største delen av si yrkeskarriere der. Han flytte seinare til Bardu og heldt fram å snikre der. Han døydde i 1882. Verktøykista og produksjonen hans er viktige kjelder for meg i mitt arbeid med å undersøkje det førindustrielle snikkarhandverket. Fotografiet er truleg teke i 1870 og er henta frå Bardu bygdebok.

I mitt arbeid har eg i stor grad tatt utgangspunkt i verktøykista og verktøyet etter snikkaren Knut Larsen Høis. Eg har også studert noko av produksjonen hans i form av, vindauge, dører, listverk og dørportalar. Her gir produkta norm for det ferdige resultatet og verktøyet kan vere kjelde til å forstå produksjonsmåten. Knut var ein snikkar som reiste rundt og arbeidde på dei stadene der det var arbeid med innreiing av hus eller kyrkjer. Det er derfor ikkje bevart nokon verkstad med høvelbenk og anna utstyr som vi veit er etter han. Eg har undersøkt nokre høvelbenkar i området der han har vore aktiv. Høvelbenken frå garden Helberg i Bardu er ein av desse. Eg undersøkjer denne benken gjennom å lage ein kopi som eg seinare vil bruke i arbeidet mitt. Eg har frå før laga ein kopi av ein høvelbenk frå Røros som eg brukar i snikkarverkstaden.

Vi vil prøve å arbeide på desse benkane for å sjå korleis dei fungerer til ulike typar snikring. Då vil vi prøve ut vidare korleis vi kan sjå høvelbenken i samband med verktøyet, arbeidsmåtane og produkta. Dette viser vi gjennom døme på arbeid som blir gjort på ulike høvelbenkar slik som vi har gjort med dørsnikring saman med Sjur Nesheim.

Kjelder

J. M. Bong,  Byggnadssnickaren på landet (1883).

 

Kommenter innlegget