Høvling av emna til høvelbenken

Tomas (th) og Roald høvlar flask på emnet til benkeplata på høvelbenken. Foto: Roald Renmælmo
Tomas (th) og Roald høvlar flask på emnet til benkeplata på høvelbenken. Til arbeidet brukte vi ein okshøvel. Foto: Roald Renmælmo

I dag har vi starta arbeidet med å høvle til materialane til høvelbenken. Vi målte fuktinnhald på mellom 17 og 19 % på materialen. Vi prøvde oss med ein okshøvel med enkel tann til å høvle ned flasken på benkeplata. Den fungerte veldig bra, det var lett å høvle. Det blir litt utrivingar i motved, særleg rundt kvist. Vi bestemte oss for å ikkje planhøvle det som blir oppsida av benkeplata før benken er ferdig. Benken må uansett rettast då. Føtene som er tappa inn frå undersida er ikkje gjennomgåande. Vi treng då ikkje ha ha ei referanseflate å merke frå på oppsida. Vi har derfor berre høvla undersida plan nok til å fungere som referanseflate for retting og vinkling av kantane.

Okshøvelen til høvling av flask på høvelbenken. Høvelen er ein kopi av okshøvelen i verktøykassa til Høs-Knut, ein snikkar som var aktiv på 1800-talet. Høvelen har enkel tann. Foto: Roald Renmælmo
Okshøvelen til høvling av flask på høvelbenken. Høvelen er ein kopi av okshøvelen i verktøykassa til Høs-Knut, ein snikkar som var aktiv på 1800-talet. Høvelen har enkel tann. Foto: Roald Renmælmo

Det tok vel ein time å høvle plan benkeplata med okshøvelen og seinare med ein sletthøvel. Då fann vi fram bukkane til ein skottbenk som vi spente fast benkeplata på høgkant i. Det gav ei arbeidshøgd som var litt for høg men fungerte greitt. Vi kanta ned det grøvste med okshøvel og skrubbhøvel og sikta etter kanten for å kontrollere kor bein den var. Vi er nok på ca. 1 mm presisjon på 3,5 meter på kantane.

Vi kontrollerte vinkelen på kanten frå referanseflata. Til det brukte vi ein liten trevinkel som er kopi av ein i verktøykista til Høs-Knut. Ein tilsvarande vinkel finnast også i verktøysamlinga frå Vasaskipet. Foto: Tomas Karlsson
Vi kontrollerte vinkelen på kanten frå referanseflata. Til det brukte vi ein liten trevinkel som er kopi av ein i verktøykista til Høs-Knut. Ein tilsvarande vinkel finnast også i verktøysamlinga frå Vasaskipet. Foto: Tomas Karlsson
For å lettare få kantane beine brukte vi langhøvel til siste justering. Denne høvelen er av nyare tysk fabrikat og er ein del av verktøyet som brukast til snikkarkurset i Mariestad. Våre eigne langhøvlar fekk ikkje plass i kofferten på reisa hit. Foto: Roald Renmælmo
For å lettare få kantane beine brukte vi langhøvel til siste justering. Denne høvelen er av nyare tysk fabrikat og er ein del av verktøyet som brukast til snikkarkurset i Mariestad. Våre eigne langhøvlar fekk ikkje plass i kofferten på reisa hit. Langhøvelen har klaff som hindrar utriving men gjer det litt tyngre og høvle. Foto: Roald Renmælmo
Vi har høvla ferdig benkeplata og høvla flate og kant på to føter og strekkfisk. Foto: Roald Renmælmo
Vi har høvla ferdig benkeplata og høvla flate og kant på to føter og strekkfisk. I høgre kant av biletet står bukkane til skottbenken som var brukt til å feste benkeplata i for høvling av kant. Foto: Roald Renmælmo
På oppfordring frå Nikolaus i Tyskland legg vi inn eit bilete som viser detaljane på bukkane som vi brukte for å spenne fast emnet under høvling. Denne kallast for "spannbock" hos Schadwinkel og Heine, Das Werkzeug des Zimmermanns, 1986. Det er truleg slikt også J.M. Bong skriver om som "fogbock". Emnet som er fastspent er kring 9 cm tjukt. Foto: Roald Renmælmo
På oppfordring frå Nikolaus i Tyskland legg vi inn eit bilete som viser detaljane på bukkane som vi brukte for å spenne fast emnet under høvling. Denne kallast for «spannbock» hos Schadwinkel og Heine, Das Werkzeug des Zimmermanns, 1986. Det er truleg slikt også J.M. Bong skriver om som «fogbock». Emnet som er fastspent er kring 9 cm tjukt. Foto: Roald Renmælmo

 

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

3 tankar på “Høvling av emna til høvelbenken

  1. Hi Thomas and Roald,
    after working in Norway for a few month, 10 years ago, I’m happy that I still under stand a lot and be able to follow your blog.
    I really like the idea of the skottbenk and I’M really intrigued by the two piece model you are using in the pictures above. Would you be so kind to send my one or two full on pictures of the and some core dimensions, like height, opening and leg dimensions? I would really love to build a set of these.
    Did you build the Skottokse yourself?
    I would be really happy if you reply!

    Best regards from Germany
    Nikolaus

    1. Hi Nikolaus
      I am glad you can understand our norwegian and swedish. We have registered an increasing number of readers from non nordic countries that might trouble with our languages?

      You might have seen the blog about the skottbenk? http://skottbenk.wordpress.com
      There you can find several different sorts of skottbenk with core dimensions.

      I can post another picture of the one we used in Mariestad. It was not made by me, it was either Tomas Karlsson or Patrik Jarefjäll. I do believe the height was about 75 cm. It is better to make it to low than to high so it should not be more than 80 cm. The foot piece (on the floor) was about 10-12 cm thick and about 20 cm wide. The to legs was about 15 x 18 cm. All by memory. I could take some more measures next time I go to Mariestad, or Tomas could do it?

      You will also find a drawing of a similar bench on page 235 in the book «Das Werkzeug des Zimmermanns», Hans-Tewes Schadwinkel and Günter Heine, Verlg Th. Schäfer Hannover, 1986.

      I have made all the planes I used in this work.

      Kind regards Roald

      1. Mange tak Roald,

        I’ll try to build a copy but it will take some time…
        Hilsen fra Nikolaus

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s