
Det er ein del ulike mål på tjukn og breidde på dei ulike føtene på originalbenken. Det er også mål på tapphola for føtene i benkeplata som ikkje harmonerer 100% med dimensjonen på føtene. Det kan skuldast erosjon gjennom tida på havbotnen eller at føtene ikkje har vore dimensjonert likt? Vi har valt å dimensjonere føtene med lik breidde på eit mål som går opp med 6 norske tommar, 158 mm (med ca 1 mm ekstra for krymping). Målet er 3 millimeter større enn måla på tapphola på originalen som hadde målet 155 mm lengde på tappane. Om måla på originalen ikkje er endra frå utgangspunktet og vi går ut frå at snikkaren har merka opp etter heile tommar og 6 tommar (kvart alen) så tyder det på ein tomme på litt knapt 26 mm (25,83 mm).

For meg som har arbeidd lite med eik tidlegare så hadde eg først venta at det skulle vere ein hard og tung material og arbeide med. Første inntrykk var at høvlinga gjekk lettare enn venta og høvelståla vart ikkje så fort sløve som eg hadde frykta. Likevel var det nødvendig å bryne ståla meir regelmessig enn tilsvarande på høvling av furu. Når stålet blir litt sløvt blir det seigare å høvle, høvelen går som i sirup, og det slit fort på kroppen. For min del fant eg ut at å høvle ned 2 cm på bredda på staven var litt i meste laget. Eg fann fram ei Mustad snikkarbile og hogg bort det grøvste til det stod ca 2 mm att til streken. Eg gjekk fram på same måte som med høvlinga, eg hogg ein fas på kvar side ned til streken for å lettare sjå kor djupt eg skulle hogge. Då måtte eg følgje fiberretninga på emnet for å unngå utriving av flis innfor streken. Så kunne eg hogge bort ryggen mellom fasane. Eg sparte ein god del tid på dette i tillegg til å spare armane.
