Materialen til Vasabenken i Mariestad er i hus

Bandsaga på sagbruket til Werner Abrahamsson på Orust. Foto: Roald Renmælmo
Bandsaga på sagbruket til Werner Abrahamsson på Orust. Foto: Roald Renmælmo

I dag reiste eg og Tomas til sagbruket til Werner Abrahamsson ved Varekil på Orust for å hente eikeplankar til å snikre høvelbenk etter modell frå Vasaskipet. Kjernen på sagbruket er ei stor bandsag som sagar det meste av dimensjonar og lengder som trengs til ulike spesielle føremål. Vi hadde på førehand spurt etter vèrtørka (utetørka) eik i høveleg dimensjon til høvelbenken. Dei hadde funnet fram, justersaga og kappa dei emna vi skulle ha. Eika kjendest også høveleg tørr ut til høvling. Dei kjøper eik frå ulike stader og land og kunne ikkje seie kor vår eik var henta frå.

Ideelt sett burde vi sjølv plukka ut, hogd og delt opp emne til høvelbenken og tørka desse. Dessverre tar det ganske lang tid å organisere slikt arbeid. I tillegg tar det også lang tid å tørke eika. Innan vårt tidsskjema er ikkje det realistisk og vi valde derfor å kjøpe ferdig tørka material. Vi fokuserer då på arbeidet med å snikre høvelbenken og seinare bruken av høvelbenken.

Materialen til høvelbenken er pakka og på tur ut av saghuset og på bilen vår. Den underste planken er 3,5 meter lang, 14" brei og 3 1/2" tjukk. Foto: Roald Renmælmo
Materialen til høvelbenken er pakka og på tur ut av saghuset og på bilen vår. Den underste planken er 3,8 meter lang, 15″ brei og 3 1/2″ tjukk. Foto: Roald Renmælmo
Planken til benkeplata er 3,5 meter lang, 14" brei og 3 1/2" tjukk. Den blir nok stødig som høvelbenk. Eg siktar med kameraet langs eine kanten. Planken ser ganske rett og fin ut. Foto: Roald Renmælmo
Eikeplankane er på plass i høvelverkstaden i Mariestad. Planken til benkeplata er 3,8 meter lang, 15″ brei og 3 1/2″ tjukk. Den blir nok stødig som høvelbenk. Eg siktar med kameraet langs eine kanten. Planken ser ganske rett og fin ut. Foto: Roald Renmælmo

No har vi plankane på plass i verkstaden på i Mariestad og skal begynne å høvle til emna i morgon. Då får vi prøve høvlane på tørr eik. For min del er det ikkje så mange gongar eg har høvla på eik tidlegare.

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s