
Rørosmuseet har ein høvelbenk i samlinga si som har registreringsnummer RMU 4110. Benken stammar frå Eggagården på Røros. Vi veit ikkje så mykje om kva som har vore snikra på denne benken og kven som har brukt han. Benkjen er 2,2 meter lang og har arbeidshøgd på 74 cm. Benkeplata er toppskore og måler 15″ bredde framme og 16″ bak. Benkeplata er 2″ tjukk. Skruven er 2 1/2″ tjukk. Det er ikkje baktang på benkjen. Den tynne og breie benkehaken har nok fungert godt nok til å halde emna på plass under høvling. Det er ikkje vanleg framtang på benkjen men ei ståande skruklemme som står mot fremre fot. Klemma har ein avstandskloss nede som er 5/4″ tjukk. Det tyder på at den dimensjonen har vore vanlegast å høvle på benken.



Hei Roald! Du nevner en «stående skruklemme». Kan du si noe mer om navnet? Jeg har nettopp bygd en benk med denne «leg vise» og spurte i et FB-forum om noen visste hva man skulle kalle denne i motsetning til fram- og baktang. Vi landet på at «bentang» ville være en passende betegnelse. I forumet ble det nevnt at slike ikke var brukt/vanlige her og at det ikke er sikkert at de hadde noe navn på de, men de pekte også på din blogg og her er det jo én. Vet du om flere slike her i Norge? Takk!
Hei Leonardo. Eg har kalt desse for «fottang», men har ikkje sterkt belegg for dette namnet. Eg har laga fottang på den høvelbenken eg bruker og er fornøgd med den. Min benk er basert på den originale benken frå Eggagården på Røros som du viser til. Slike fottenger er ikkje dei vanlegaste å finne på høvelbenkar i Noreg, men det finnast fleire. Skottbenkane (www.skottbenk.no) som er ein vanleg type arbeidsbenk i heile landet er jo eigentleg ein variant av fottang. Desse finnast også som lause bukkar, skottbukkar, som kan brukast uavhengig av langbord. I farta kjem eg ikkje på fleire døme på gamle høvelbenkar med fottang, men det er ein låg arbeidsbenk med fottang på museet i Kaupanger. Den benken treng ikkje nødvendigvis å vere arbeidsbenken til ein snikkar.
Takk for svaret Roald. Og beklager så mye at jeg skrev «Roar» i forrige innlegg, det så jeg ikke før nå og kan dessverre ikke redigere det bort!
Jeg var bort i skottbenken tidligere og den ble også nevnt i forumet. Bentang eller fottang var vanlige i mitt hjemland, forståelig nok gitt arven etter spanske, franske og italienske tradisjoner. Jeg har ikke brukt dem siden jeg ble ferdig utdannet så det blir gøy å teste den. Lykke til videre!