Category Archives: Benkehake

Høvelstopp av tre

Høvelstopp av tre og tilhøyrande høvelbenk. Foto: Richard Arnold, England
Høvelstopp av tre og tilhøyrande høvelbenk. Foto: Richard Arnold, England

Eg er ein av dei som følgjer den engelske snikkaren Richard Arnold Instagram. Når han nyleg la ut eit bilete av ein høvelstopp av tre og ein gamal høvelbenk så kunne eg ikkje la vere å kopiere biletet hans. Høvelbenken som vi berre ser litt av har eit firkanta hol for høvelstoppen som er av tre. Dette er ein type som finnast lite av her i Norden, men er meir vanleg på ein del av dei benkane som er laga etter førebilete frå eldre franske og engelske benkar. Vi har eit døme på eit par slike firkanta hol som dette på den eine høvelbenken på Skokloster. Der kan det ha sete ein liknande høvelstopp som denne gamle engelske på biletet. Ein artig detalj er at snikkaren som har høvla til høvelstoppen har arbeidd strukturert og har merka det rette hjørnet mellom rett flate og vinkla kant. Blyantmerka etter dette er enda synlege på høvelstoppen.

Her er det Richard Arnold skriv om høvelstoppen på si posting av biletet på Instagram:

“Distant memories, long forgotten workshops…… I sometimes find it hard to be objective when I get the rare chance to study something like this long abandoned joiners workshop. You can take all the photo’s, take notes, make meticulous drawings, but most of the time I end up just listening to ghosts. I almost felt guilty removing this bench stop. It had probably not been disturbed for more than 60 years. I wondered who used it last, who took the trouble to mark that face and edge mark?. Each of the scars on that bench top are recordings, or memories of a time lost in the past……. #handtoolthursday #oldtools #workbench #workshop”

Høvelbenk med årstal 1844 frå Selbu

Kai Johansen har fått tak nok ein høvelbenk med årstal. Han har skrive om det på bloggen Tradisjonelt bygghandverk. Eg har kopiert hans tekst og bilete under.

Det ble lagt ut to høvelbenker for salg på Finn.no, etter en kort dialog med Roald  kontaktet jeg selger og avtalte å møtes.

Gården disse to benkene kom fra ble satt opp 1840  Grøtem,  evt Myrplassen kan ha vært hovedgårdene denne soknet under.  På meg virket det som om det var en husmannsplass. Det var ingen driftsbygninger der, annet enn små vedskjul på tunet. Siste beboer var Lars Grøtte som var ungkar og samlet på det meste uten å kaste noe. Det var derfor mye husgeråd i dette lille huset. Selger mente at benken måtte ha kommet til gården som medgift en gang, da bumerket som er skjært inn sammen med årstallet ikke tilhører denne gården, men en annen i Selbu. Veldig mye av huskerådet har gårdens bumerke. Bumerket var også skåret inn på den ene langveggen mot veien så alle som passerte kunne se det.

Bumerke og årstal på høvelbenken. Foto: Kai Johansen

Benken er i furu og bjørk, de tekniske målene er lengde 222cm ( 217cm+5 cm baktange), bredde 24cm-40cm ved framtange, tykkelsen på furuplaten er 3″(7,5 cm). Baktangen er 4″ tykk. Det er 17 hull for benkhaken +1 i baktangen. Skruvane er i bjørk og er 2″ i diameter.

Benken har ikke føtter, men har vært festet i veggen ved framtangen og muligens stått på en løs bukk lengre frem. Jeg finner  ikke noen spor etter føtter noen steder. Kort enden ved  baktangen på benken er den økset av , og mye av undersiden er bearbeidet med øks, relativt gtrovt bearbeidet, oversiden er høvlet. Sidene har en del vankant.

Haken er påfallende liten  og passer bare i baktanga, de andre hullene er hugd litt større og det er en del store utrivninger på undersiden, dette er gjort sekundært.

Høvelmakerbenken

I furtebua nede i kjelleren har det manglet en høvelbenk. Jeg har en ordinær høvelbenk med fram- og baktang slik “alle” kjenner den. Ulempen er at den benken er 280 cm lang. Alt for lang til å ha nede i furtebua som i tillegg til hjemmesnekkerverksted også skal fungere som sykkelverksted og smørebu. Jeg har et ønske om å ha mulighet til litt hjemmesnekring, høvelmaking mm. og bestemte meg for å lage en benk tilpasset plass og behov.

Høvelmakerbenken, ferdig med benkehake og killingfot. Haken en laget av
Høvelmakerbenken, ferdig med benkehake og killingfot. Haken en laget av Bertil Pärmsten  (@Brackesmedja) og killingfoten er laget av Øystein Myhre (@Myhresmeden).

Benkens størrelse er i stor grad bestemt av hvor mye plass jeg har til rådighet i mitt lille kjellerkrypinn. Jeg ville ha en benk for snekring med håndverktøy og den måtte derfor ha en tykk plate som tåler å hugges på og et stødig understell som tåler å høvles på. Jeg bor i ett rekkehus i et borettslag, med små unger sovende i etasjen rett over arbeidsplassen. Benken må derfor så godt som overhodet mulig absorbere slag ved hugging av f.eks. sponrom i en høvelstokk.

Framtangen etter inspirasjon av Roubo og Chris Schwartz. Gjengetappen er selvlaget.Framtangen etter inspirasjon av Roubo og Chris Schwartz. Gjengetappen er selvlaget. Styrelisten nederst holder framtangen parallell med beinet ved å stikke en rund pinne eller bolt gjennom det hullet nærmest beinet.

Jeg endte opp med en benk hvor benkeplaten er av bjerk,  45 1/4″ lang, 3″ tykk og 17″ bred. Fremtangen og skruen er også av bjerk. Benken er 32″ høy og beina med sargene er i furu. Benken er inspirert fra flere kilder. Benkeplaten med fottangen, benkehaken og kjellingfoten er hentet fra Roubo´s velkjente høvelbenk slik Chris Schwartz har laget den. En tykk, plan, stødig plate som tar opp slag og høvling  godt. En så liten benk trenger å være stødig for å fungere til høvling. Beina er tappet opp i platen og låst med nagler. De er stivet av med sarger lengre nede. Sargene er skrudd til beina.

Bakbeina skrår ca. 12 grader, inspirert fra Wasabenken.
Bakbeina skrår ca. 12 grader, inspirert fra Wasabenken.

Jeg skal nok lage meg en hylle under benken som kan hvile på sargene etterhvert. Bakbeina på skrå er hentet fra Wasabenken og tilfører støtte sideveis til en relativt smal benk.

Frambeinet er tappet gjennom og skal fungere som en huggestabbe
Frambeinet er tappet gjennom og skal fungere som en huggestabbe

En liten egen variant er at jeg har laget et ekstremt kraftig frambein med en fottang. Beinet er 4 3/4″ tykt og 10 1/2″ bredt øverst. Frambeinet er tappet tvers gjennom platen og kilt fast med kiler ovenfra. Tanken er at hugging av sponrom skal foregå rett over dette beinet som forhåpentligvis skal fungere nesten som en liten huggestabbe. Slaget bør gå rett gjennom beinet og ned i gulvet. Ved å lage beinet avsmalnende nedover, slik som selve fottangen, ser ikke beinet så kraftig ut. Jeg synes det faktisk fungerer visuelt ganske bra. På grunn av dette kraftige frambeinet ble benken svært stødig. Dessuten tilfører beinet tyngde til den lille benken som kommer godt med når høvlingen starter.

Høvelbenk og jarnklo på Lesja bygdetun

Det er stadig variantar av høvelbenkar som dukkar opp i ulike samanhengar. John Selsjord er student i etter- og vidareutdanning i bygningsvern i Oppland fylke. Til siste samling hadde vi som ei av oppgåvene å leite fram gamle skottbenkar og registrere desse. John valde ei anna oppgåve men kom i staden over ein gamal interessant høvelbenk på Lesja bygdamuseum i heimbygda. Han fekk tatt ein del bilete av benken og vil gjerne dele dei med oss på bloggen.

Høvelbenk på Lesja bygdatun, Til benken høyrer ein papirlapp der det er skrive at benken kjem frå garden Isaksbø i Lesja. Foto: John Selsjord
Høvelbenk på Lesja bygdatun, Til benken høyrer ein papirlapp der det er skrive at benken kjem frå garden Isaksbø i Lesja. Elles er benken merka LBT (Lesja bygdatun) men har ikkje fått nummer og er såleis truleg ikkje registrert enda. Benken er ca 185 cm lang, har arbeidshøgd på 72 cm og benkeplata er ca 12″ brei og 2 ½” tjukk. Føtene er faste og tappa gjennom benkeplata. Foto: John Selsjord

Lesja bygdatun vart påbegynt i 1957 med at ein fekk overta nokre bygningar og fekk fri tomt frå kommunen. I samlinga på museet er det også ein annan høvelbenk som ser ut til å stå i utstilling og er registrert på digitalt museum. Den er meir vanleg med slik l-forma baktang, slike benkar som kan vere kalla saksebenk. Denne benken som John fann ser ikkje ut til å vere ein del av ei utstilling men står lagra. Vi får håpe at denne også får sin rettmessige plass i ei snikkarutstilling etterkvart. Garden Isaksbø ligg berre 300 meter sørvest for Selsjord og er å rekne som heimebane for John Selsjord. Isaksbø er nemnd i skrift så tidleg som 1588, men eg har ikkje kome over noko om snikring eller snikkarar på garden.

Det er ein spennande benk med mange fine detaljar. Vi får håpe det er nokon som byggje seg ein slik benk for å prøve ut korleis han fungerer. John har sjølv planar om å snikre seg ein slik i løpet av året. Vi ventar spent på dette og vil gjerne sjå bilete av den nye benken når den blir klar. Dette burde vore ein veldig praktisk benk til høvelmaking og snikring av vindauge. Sjølv trur eg eg ville vurdert å plassere strekkfiskane på føtene slik at eg kunne feste nokre bord mellom dei og såleis få ei hylle til høvlar? Om ein har godt med hylleplass i verkstaden er det slett ikkje nødvendig. Benken blir meir praktisk å flytte rundt utan. Benken er ikkje større enn at han kan høve godt til å ha inne i stua for å arbeide vinterstid når det er mørkt og kaldt ute.

Tomas har komentert at benken har ein del til felles med Hyvelbänk i Siljansnäs som han har skrive om tidlegare. Det er også fleire benkar som har tilsvarande baktang med haken i senter. Det som er litt spesielt med denne benken frå Lesja er at han har bevart jarnklo og hake for fastspenning av emna. Som regel manglar ein, eller begge desse. Neminga “jarnklo” har eg frå Jo Turtumøygard i Lom som skriv: “Jarnkloa i benken var kvass, så ein støytte fjøla til henne, så bordet sat fast.” I svaret har han teikna ei slik klo som er veldig lik den i benken på Lesja bygdetun. Dette er frå svaret hans på spørjelista om snikkarhandverkt til Norsk Folkeminnesamling. Det er nokre mil mellom Lesja og Lom så nemninga kan vere feil å bruke i Lesja. Det var likevel det svaret som var relevant i dette området. Nemninga “klo” finnast også i Meldal som blir eit stykke nordover frå Lesja. Det kan derfor godt hende at klo eller jarnklo har vore ei vanleg nemning i eit større område nord i Oppland og i Sør-Trøndelag?

Fleire norske hakar, ronghake og høvelbit

Når ein tek til å undersøkje eit emne som ikkje har vore systematisk kartlagt tidlegare, kan det dukke opp mykje spennande. Slik har det vore med dei hakane som snikkarane har brukt til å feste emne på høvelbenken, gjerne kalla for ronghake, kjellingfot eller hallfast i ulike dialektområde. Desse har eg ikkje funne eit einaste spor etter i faglitteraturen i snikkarfaget. Dei er så vidt nemnd i faglitteratur i båtbyggjarfaget. Mi førre oppdaging var å finne to stk. hakar frå Harstad i samlinga til Sør-Troms museum. Før det var det nokre oppdagingar som Peter Brennvik har gjort i Møre og Romsdal som vart presentert. Han har sendt meg noko utfyllande informasjon om ein av hakane vi presenterte då og har enda funne fleire benkar og hakar i sitt område.

Fyst ut er meir informasjon om ronghaken frå garden Krikjinn i Løvika som vi har vist bilete av tidlegare. Det er brødrene Løvik, båtgyggarane, som har vakse opp på garden og det er truleg faren deira, Anders Løvik (1874-1968) som har hatt høvelbenken og haken. Du kan lese meir om garden og slekta i “Gards- og slekthistorie for Vestnes”. for Ronghaken står i ein høvelbenk som har arbeidshøgd på 74 cm, har total lengde på 234 cm. Bredda på benkeplata er 36 cm og bredda ved framtanga er 64 cm. Holet til ronghaken har diameter på 30 mm. Ronghaken har diameter på 28 mm i stammen. Elles er stammen på ronghaken 35 cm lang  og lengda på kjeften er 20.5 cm. På garden er det også ein hake som fungerer som høvelstopp, tidlegare gjerne kalla benkehake her på bloggen. Nemninga benkehake kan vere noko usikker sidan det er vanskeleg å skilje den andre haken, ronghaken, frå den vesle haken til høvelstopp. I svarmaterialet frå spørjelista om snikkarhandverket i Norsk Folkeminnesamling er nemningane “klobit”, “høvelbit” og “kamb” med blant svara frå Møre og Romsdal. Desse kan vere betre egna som lokale nemningar enn benkehake?

Peter Brennvik har også funne ein ronghake frå Skeidsvoll i Tresfjord i Møre og Romsdal. Dette er ekstra artig sidan Hans Skeidsvoll er kjelda til nemninga ronghake. Dette er frå svara på spørjelista om snikkarhandverket i Ord og Sed i Norsk Folkeminnesamling frå 1934. På spørsmålet om korleis dei festa lange emne i høvelbenken svarar Hans: “For lange stykkje bruktest ronghake og bit”. Truleg er “bit” det same som høvelstopp som vi til vanleg kallar benkehake? Om ronghaken frå Skeidsvoll har vore bruka av Hans Skeidsvoll kan eg ikkje seie sikkert, men det er truleg slik at vi kan knyte haken til nemninga.

Peter er stadig på leiting etter snikkarverkstader og har i går kome over denne ronghaken i snikkarverkstaden etter O. O. Løvik. Den er frå garden Brautin i Løvika i Tresfjord. Haken minnar veldig om den frå Skeidsvoll som er bilete av over. Det er truleg at det er same smeden som har smidd ronghaken på Skeidsvoll og i Brautin.

For nokre veker sidan var Peter på ein rundtur for å undersøkje eldre verktøykister og verktøysamlingar. Då kom han over enda ein høvelbenk med ronghake. Denne gongen på garden Stette i Skodje kommune på Sunnmøre.  Høvelbenken den står i er 84 cm høg og 236 cm lang. Under følgjer nokre bilete som Peter har tatt av benken. Peter er aktiv på Instagram under brukarnamnet @bassdummy.

Som om ikkje dette var nok så har det også dukka opp ein ronghake på Austlandet. Eg heldt kurs i snikring av vindauge for studentar frå Oppland som vidareutdannar seg i bygningsvern på tilbodet som Høgskolen i Sør-Trøndelag tilbyr. Vi heldt til på Gildesvollen i Ringebu. Der dukka det opp ein ronghake i samlinga av snikkarverktøy på Gildesvollen.

På kurset i viste det seg at studentane som vanleg hadde med seg mykje spennande frå sine heimtrakter. Mellom dette var det ein gamal høvelbit som Hans Andreas Lien hadde med seg. Denne hadde han fått kjøpt hos ein brukthandlar på Skreia. meir detaljerte opplysningar er det ikkje om denne. Frå Oppland har eg døme på nemingane: “klo”, “kamb” og “jarnkloa” som tilsvarande høvelbit frå Møre og Romsdal. Dette er også frå svarmaterialet frå Norsk Folkeminnesamling.

Dutch workbenches again

Werkbank in the workshop of Ernest in Holland. Photo: Ernest Dubois
Werkbank in the workshop of Ernest in Holland. Photo: Ernest Dubois

After my post about Dutch workbenches based on information from the book of Gerrit van der Sterre I got some comments and furter information. Ernest Dubois has the blog Working with axes and live in Holland. He has an interesting workbench in his own workshop that he sent me som photos of. He call it “werkbank” or “timmer werkbank”. It is almost 9 meters long and the work height are about 75 cm. It is built fixed to the wall in the workshop. The benchtop are two long planks of pine, about 40 mm thick. It has leg vices and “bankstooten”.

The bench could have been made to be used by two or more carpenters as it is so long and have several vices. It seems like it could be a good workshop for three men where each has his own window, vice and space for most pieces of wood. This kind of workbench looks similar to workbenches some Norwegian traditional boat builders. They could also be as long as the workshop and are fixed to the wall.

Ernest has also found an Dutch book about carpentry. I found the book on a downloading site and bought a copy. The book are very interesting and show carpenters work in Holland 100 years ago. There are some workbenches that looks similar to our Norwegian Skottbenk that I will write about later. There are also some drawings of different workbenches.

Workbench with a similar vice as the bench Ernest uses. It has also holdfast, or "klemhaak" as the term that is used in the book. It has also a slinding deadman as the bench from Vasa. From "Handboek voor Timmerlieden".  (Groot 1914)
Workbench with a similar vice as the bench Ernest uses. It has also holdfast, or “klemhaak” as the term that is used in the book. It has also a slinding deadman as the bench from Vasa. From “Handboek voor Timmerlieden”. (Groot 1914)

Litterature:

H. J. de Groot, “Handboek voor timmerlieden”. Amsterdam 1914

Planing stop or bench hook on the Vasa bench

My last post in Norwegian was about bench hooks (planing stops) on older Norwegian workbenches. I have done a study of what they have been called, both in written sources, and what was common language among Norwegian woodworkers about 80 years ago. My main source for this is a survey from about 1934 (it spanned over several years) when 168 woodworkers where questioned about their craft, with a special focus on the workbench (høvelbenk). I found that the terminology from the litterature (benkehake, translates to bench hook) was not so much in use among the craftsmen. Some of the names (høvelbit, tang, klo, kam and bitehest) could indicate that the function or shape of the “bench hook” could be of the type seen on (older) benches without endwise but with a fixed bench hook that “bites” into the stock you are planing. Similar as the planing stop to Christopher Schwarz inspired by Roubo, or the bench hook to Peter Follansbee inspired by Moxon. Some of the answers from the survey did also have drawings to explain the shape of the “bench hook” in question.

On the workbench from Vasa there are a hole of 23 x 25 mm for a bench hook. It is placed close to the left front leg, the leg is seen coming trough the benchtop to the left on the photo. It is a countersunk area for the head of the bench hook. Photo: Roald Renmælmo
On the benchtop of the workbench from Vasa there are a hole of 23 x 25 mm for a bench hook. It is placed close to the left front leg, the leg is seen coming trough the benchtop to the left on the photo. It is a countersunk area for the head of the bench hook. Photo: Roald Renmælmo

There is also another post about the traces of the bench hook from Vasa, the text is in Norwegian. In other posts I write about how the bench was found in the wreck of Vasa that sank in 1628 and was rescued 333 years later. There are a lot of wear on the wood surfaces after all those years on the seabed. All parts of iron on the bench have eroded or rusted away. In the other post about the Vasa bench hook, I have tried to interpret the shape and size of the bench hook that the hole was made for. The hole for the shank seems to be parallel and does not taper. Most of the old bench hooks I have found in Norway and Sweden have a shank that tapers. I think the parallel shank could work a similar way as the bench hooks from Roubo and Moxon where the iron hook is mounted on a block of wood which is mounted in a through-mortise in the benchtop.

I have searched for old bench hooks that could fit in the hole in the Vasa bench. I have not found any in Sweden and Norway yet. I found some references to an interesting bench hook in a blog entry on the blog of Peter Follansbee. He write about a bench hook with 8″ long shank from an archaeological excavation in Virginia. On my question by e-mail he was helpful and sent me a scan from the book he got the information from. It is the Article “The Archaeological Evidence of Tools Used in Seventeenth- and Eighteenth-Century Virginia”, by David Harvey, from the book “Eighteenth-Century Woodworking Tools”, James M. Gaynor, 1997. The bench hook was from the excavations at Flowerdew Hundred in Virginia and is probably  from 1690-1730.

Drawing of the bench hook found in Virginia. From the book: Eighteenth-Century Woodworking Tools. James M. Gaynor, 1997
Drawing of the bench hook found in Virginia. The Moxon bench for comparison. It might match the hole in the Vasa bench but i do not have the exactly measures. When i measure on the drawing I find the lenght to be 9-10″ and the cross section of the shank about 1″ and parallel. From the book: Eighteenth-Century Woodworking Tools. James M. Gaynor, 1997

It is relevant to ask what an, at least 70 years younger, bench hook from Virginia have to do with the Vasa workbench? The only connection could be that the shape and measures make a match? When Vasa was built there was a lot of Dutch carpenters working on the ship. There was also some woodcarvers from the area that today is northern Germany. There was also joiners working on the interior paneling and furniture for the cabins in the stern. The joiner who used the bench hook in Virgina could have been English or Dutch and  working in a northern European tradition. The Vasa bench could also be interpreted to be a part of a northern European tradition of joinery? The connection could be stronger than that the shape and measures match?

With this information, and a glance to other old bench hooks, the blacksmith, Mattias Helje in Lima in Sweden set out to forge a bench hook for the copy of the Vasa bench that Tomas and I are building in Mariestad.

The shank of the bench hook are made parallel and  about 23 x 25 mm cross section. Photo: Mattias Helje
The shank of the bench hook are made parallel and about 23 x 25 mm cross section. It is forged by a solid piece of steel, probably similar as the original bench hook. Photo: Mattias Helje
Two bench hooks forged according to the size of the hole in the Vasa bench. Photo: Mattias Helje
Two bench hooks forged according to the size of the hole in the Vasa bench. Theese where forged today and are not tested yet. Photo: Mattias Helje

Benkehake, nemningar og typar

I namnet høvelbenk ligg det at det er ein benk for å høvle emne. Snikkarhandverket er grunnlagt på nokre sentrale prinsipp. Høvelen har ei viktig rolle i denne samanhengen. I dag har vi lett for å gløyme årsaka til at vi høvlar til emna. Vi tenkjer kanskje at flatene skal vere glatte og fine og vi skal få fram den fine gløden i veden? I det tradisjonelle snikkarhandverket er det å høvle flasken, rettsida på bordet, så plan som mogleg, det første snikkaren gjer. Denne flata vert referansen for alt vidare arbeid med emnet. Frå den kan ein vinkle ein kant og høvle denne rett. Når snikkaren har høvla flate og kant, plane og rette, kan han ta fram måle- og merkeverktøy og merke på for vidare arbeid. Slik flate og kant er også grunnleggande for at slikt utstyr som gjeringsmalen frå Vasaskipet skal fungere. Det aller meste av snikkarverktøyet har eit anlegg, eller ein land, som ligg an mot ein retthøvla kant eller planhøvla flate. Det gjeld også det meste av profilhøvlar, plogar og falshøvlar. Om ikkje flasken er høvla plan nok, blir det anten eit dårleg resultat, eller så får snikkaren mykje arbeid med å jukse og justere for å få til eit brukbart sluttprodukt.

Kolbjørn Vegar Os splittar opp emne til sprosser av eit bord som er planhøvla på flasken og retta kant på. Benkehaken er ein gamal original hake frå Røros. Truleg er den frå tidleg 1800-tal. Foto: Roald Renmælmo
Kolbjørn Vegar Os splittar opp emne til sprosser av eit bord som er planhøvla på flasken og retta kant på. Her er det landet på ploghøvelen som blir lagt an mot den retta kanten for å sikre nøyaktig dimensjon på emnet til sprosse. Benkehaken er ein gamal original hake frå Røros. Truleg er den frå tidleg 1800-tal. Foto: Roald Renmælmo

Den mest sentrale funksjonen til høvelbenken er å høvle flasken på emnet. Høvelbenken må då ha ei eller anna løysing for å feste emna i samband med høvling. I si enklaste form kan det vere ei list eller ein kloss som er spikra fast i benken og som ein støyter emna mot.   Ymse variantar av tappar finnast det også døme på både i litteraturen og i gamle benkar. Likevel er det nok mest vanleg med smidde benkehakar i ei eller anna form. Desse benkehakane har vore særs viktige for høvelbenken. Det er vanleg å finne gamle høvelbenkar som manglar benkehakane sine. Eigaren har gjerne tatt med seg haken/hakane til sin nye høvelbenk. Av det kan vi slutte at sjølve benkehaken styrande for funksjonen til høvelbenken.

Terminologi

Namnet benkehake kan vere forvirrande om ein skal ha kontakt med snikkarar frå andre land. I Noreg er benkehake namnet som er brukt i Store Norske Leksikon i artikkelen som beskriv høvelbenken. Elles i faglitteraturen er også benkehake vanleg. I Sverige kallar ein det til vanleg “bänkhake”. I Danmark er det derimot litt verre. I ordboka til Børge Askholm har han forklart ordet “bænkehage” som “benkekrok” og forklarer vidare ei innretning som vår killingfot. Han viser heller til “bænkedup”, “høvlebænkhage” eller “bænkstopper” som det som svarar til vår benkehake. Ordbruken er heller ikkje eintydig i Danmark. I Tyskland er ordet “bankhaken” vanleg. (Heine, 1990) I det engelske språket verkar ordet “bench dog” å vere mest utbreidd.  I eldre engelsk litteratur er også ordet “bench hook” brukt, då er det vist til ein variant som har utforming omlag som den frå Sogn folkemuseum, som har nemninga bitehest, på eitt av bileta under. (Moxon, 1703) 

Dei fleste “moderne” høvelbenkar har baktang og ei rekke med hol for å flytte den fremre benkehaken. Når ein så festar emna så spenner ein dei fast mellom fremre og bakre benkehake. Utforminga kan variere noko på slike hakar men dei er som regel smidd ganske kraftige for å stå mot kreftene frå skruven i baktanga. Prinsippet med å spenne emnet fast mellom to benkehakar, der den bakre er festa til ei innretning med strammeskruve, kan førast så langt tilbake i tid som år 1505. To variantar av slike høvelbenkar er med i ei billedhandskrift av Löffelholz i Nürnberg frå 1505. (Heine 1990) Høvelbenken på biletet er frå Stigums magasin, Norsk Folkemuseum landbrukssamlingen. Foto: Roald Renmælmo

Faglitteraturen i snikkarfaget har ein nokolunde eintydig nemningsbruk for å gjere kommunikasjon mellom handverkarane og tilgrensande yrkesgrupper lettast mogleg. Vi snakkar då gjerne om fagterminologi, nemningane som er felles for faget. Det er ein viktig funksjon til faglitteraturen å styrke eintydig bruk av sentrale nemningar i faget. Ein slik felles terminologi gjer lettare å omsetje til andre språk og kommunisere med våre naboland med språk som er i nær slekt med norsk. Det kan bli litt problematisk når vi skal studere slikt som gamle høvelbenkar og dei ulike delane av desse. Korleis passar terminologien i den nyare faglitteraturen med det vi ser på dei gamle benkane?

Benkehakane på høvelbenken frå Holstvollen i Bymarka i Trondheim. Foto: Thor-Aage Heiberg
Benkehakane på høvelbenken frå Holstvollen i Bymarka i Trondheim. Desse hakane er ganske typiske for benkar med baktang og det er nok slike dei fleste kjenner frå tida på skulesløyden? Foto: Thor-Aage Heiberg

Nemningar

For min del har eg for det meste arbeidd saman med og lært av snikkarar som ikkje har hatt formell utdanning i faget. Dei har gjerne vore mindre opptekne av faglitteraturen, eller den fagterminologien som er presentert der. Slik har det truleg vore med snikkarane på bygdene i Noreg, i alle fall fram til ein starta med snikkarskular, snikkarkurs og sløyd på skulen. Nemningane har variert rundt om i landet og til ulike tider. Ein del av desse nemningane kan gi oss anna informasjon enn terminologien frå faglitteraturen. I dag er vi språkleg påverka av både faglitteraturen og korleis praksisen er i snikkarfaget i dag. Vi brukar dei orda vi treng i dag, kanskje dei også har eit anna innhald enn dei hadde tidlegare. For å undersøkje eldre nemningar på benkehake har eg gjort nokre søk i museumssamlingar, i Setelarkivet til Norsk ordbok og i svar på spørjelistene om snikkarhandverket frå 1930-talet på Norsk Folkeminnesamling.

På De Heibergske Samlinger, Sogn Folkemuseum har eg kome over denne som registrert med namnet bitehest registrert på registreringskortet. Foto: Roald Renmælmo
På De Heibergske Samlinger, Sogn Folkemuseum har eg kome over denne som registrert med namnet bitehest på registreringskortet. Dette er eit sjeldsynt døme på at ein kan kople ei nemning med eit konkret objekt. Foto: Roald Renmælmo

Bitehest er eit namn som også er med i setelarkivet til Norsk ordbok. Der er det Bjarne Haugland i Brekke i Sogn som er kjelda til ordet. Han forklarar: “bitehest, (ein), hake i høvelbenken. Stundom: dubb”.  Då får vi også ordet dubb som også kan bety det same som benkehake? Sjølve ordet bitehest kan seie noko anna enn ordet benkehake? Bite kan peike på at utforminga er slik at han “bit seg fast” i emnet under høvling? Det kan vere spesielt for ei bestemt utforming og derfor er namnet forskjellig frå benkehake og dubb? Ordet hest er ein del brukt om ulike bukkar og benkar av ulike slag men kan også ha ei anna betydning her?

Spørjelista om snikkarhandverket i Ord og Sed

Olav Brattegard leia arbeidet med å sende ut ei rekke spørjelister som skulle kartlegge norsk nemingsbruk i ulike handverk på 1930-talet. Spørjelista om snikkarhandverket var ei av desse listene. Innsamlinga av materialet strekte seg over fleire år først på 1930-talet og resulterte i 168 svar frå informantar over heile landet. I spørsmåla var det eit spesielt fokus på høvelbenken. “Gjer greie for namni på dei ymse delane av høvelbenken. Var det t. d. tilsvarande eller andre nemningar enn det som nemnest her: framtange, baktange, tangeskruve, platerom, benkehakar o.s.b.” (Spørjelista om snikkarhandverket i Ord og sed, 1930-talet). Spørsmålet brukar då fagterminologien for å få fram kva ein spør etter. På ei side kan det verke styrande på svara, men samstundes kan det verke som ei oppfordring til å kome med alternative nemningar. Eg har gått gjennom svara for Finnmark, Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal, Oppland, Hedmark og Sogn og Fjordane, tilsaman 102 av 168 svar som kom inn på spørjelista. Resten av svara frå dei andre fylka vil bli gjennomgått seinare. Eg har registrert dei ulike namna på benkehake som er med i svara og kor mange som har gjeve opp dette.

Benkehake

Det er 7 av svara som nemner dette namnet, 4 av dei frå Møre og Romsdal, 2 frå Hedmark og 1 frå Nord-Trøndelag. Dei fleste viser til namnet som standard terminologi (ein skriv at det er frå byen, andre at det er frå snikkarkurs) men har andre ord som dei viser til som meir lokale. Berre to av dei som har svart benkehake har det som einaste nemning. Når vi då hugsar på at dette var nemninga som var brukt i spørsmålet er slåande at så få har oppgjeve benkehake.

Bitehest

Det er 4 som har svart med ulike variantar av bitehest og alle er frå Sogn og Fjordane. Bithest og bethest er variantar av skrivemåtar. 3 av dei 4 har dobbe med som ei alternativ nemming.

Dobbe

Det er heile 12 av svara som har dobbe som ei vanleg nemning for benkehaken.  8 av dei frå Sogn og Fjordane, 2 frå Møre og Romsdal, 1 frå Nordland og 1 frå Troms. Variantar av skrivemåtar i dei ulike formene er: dobbane, dobbar, dåbbane, benkedobba, doppar og doblingar.

Kam

Det er 6 av svara som har med ordet kam. 4 frå Hedmark, 1 frå Oppland og 1 frå Møre og Romsdal.  Variantar av skrivemåte i ulike former er: kambane, kambar, benkekambar,  kammar  og høvelbenkkam.

Klo

Det er 8 av svara som har med ordet klo. 3 frå Oppland, 2 frå Hedmark, 2 frå Sør-Trøndelag og 1 frå Møre og Romsdal. Variantar av skrivemåte i ulike former er: klørn, kloa, jarnkloa, klobit, benkeklo, kloen og klør.

Skisser til neminga klo frå eitt av svara frå Hedmark. Denne har ein ekstra funksjon ved at du kan feste bord på høgkant i kloa.
Skisser til neminga klo frå eitt av svara frå Hedmark. Denne har ein ekstra funksjon ved at du kan feste bord på høgkant i kloa.
Enkel skisse av klo i eitt av svara frå Oppland. Denne minner om bitehest på fotografiet over.
Enkel skisse av klo i eitt av svara frå Oppland. Denne minner om bitehest på fotografiet over.
Hake

Det er 4 av svara som har variantar av ordet hake. 1 frå Oppland, 1 frå Sør-Trøndelag, 1 frå Nordland og 1 frå Troms. Det er ikkje andre variantar av skrivemåten enn fleirtalsforma hakar. Nemninga er i nær slekt med benkehake og kan kanskje seiast å vere ei kortform av denne?

Skisse av hake og tonn i eit av svara frå Hølonda. Haken er av typen med to tangar slik som er vanleg på baktanga på enkelte høvelbenkar. Døme på slike er frå Siljansnäs og Nordmøre.
Skisse av hake og tonn i eit av svara frå Sør-Trøndelag. Haken er av typen med to tangar slik som er vanleg på baktanga på enkelte høvelbenkar. Døme på slike er frå Siljansnäs og Nordmøre.
Knekt

Heile 15 av svara har med variantar av ordet knekt. 8 frå Nord-Trøndelag (alle svara frå fylket har med det), 5 frå Nordland og 2 frå Troms. Variantar av skrivemåten i ulike former er: knikten, høvelbenkkniktane, knikta, knektar og kniktane. Det er slåande at neminga er så vanleg nord for Trondheim.

Tang

3 av svara har med ordet tang. 2 frå Sør-Trøndelag og 1 frå Troms. Variantar av skrivemåten i ulike former er: tenger, høvelbenk tonn og tand.

Høvelbit

2 av svara har med høvelbit og båe av dei er frå Møre og Romsdal. Høvelbit og høvelbitir er dei to variantane av skrivemåten i ulike former.

Av svarmaterialet kjem det fram ei viss regional spreiing av nemningar. I alle fall knekt, dobbe og bitehest ser ut til å ha vore brukt mykje i enkelte område. Det er berre nokre få av svara som har med skisser eller forklaringar om korleis hakane ser ut. Det er derfor litt vanskeleg å sjå ein klar samanheng mellom utforming/funksjon og nemningane. Mange av svara går inn på forskjellane på eldre høvelbenkar og dei nyare som har kome inn med snikkarkurs og snikkarskular. Eit hovudtrekk er at mange av dei eldre benkane ikkje har baktang for fastspenning av emna. Då vert emnet berre støytt mot haken under høvling. Kan vi sjå for oss at namna høvelbit, tang, klo, kam og bitehest seier oss noko om at dei bit seg fast i emnet? På same måten at knekt, benkehake, hake og dobbe kanskje i større grad heng saman med høvelbenkar med baktang og at ein spenner emna fast mellom to slike? Det er forklaringar i svara som peikar mot dette. Kom gjerne med kommentarar på dette, spesielt om du kjenner til gamle benkehakar av ulike typar?

To benkehakar frå Røros i Sør-Trøndelag. Frå fylket har vi nemingane hake, klør  og tonn som vi også kan bruke. Desse tilhøyrer Kolbjørn Vegar Os. Foto: Roald Renmælmo
To benkehakar frå Røros i Sør-Trøndelag. Frå fylket har vi nemingane hake, klør og tonn som vi også kan bruke. Desse tilhøyrer Kolbjørn Vegar Os. Foto: Roald Renmælmo

Kjelder:

Heine, Günther (1990): Das Werkzeug des Schreiners und Drechslers.

Moxon, Joseph (1703): Mechanick exercises: or The doctrine of handy-works … To which is added Mechanick dyalling … The third edition. London

Spor etter benkehake i høvelbenken frå Vasaskipet

Som vi tidlegare har vore inne på, er alle originale delar av jern fråverande i høvelbenken. Det er berre hola etter kor det kan ha stått delar av jern vi kan få ut informasjon av. Dimensjon, form og plassering på hola er slik vi kan sjå på. I og med at det finnast lite lokalt referansemateriale som er samtidig med høvelbenken i Vasaskipet, må vi stø oss på materiale som enten er frå seinare tid, eller frå andre land.

Det er ikkje spor etter baktang på høvelbenken. Høvelbenkar med baktang har gjerne ei lang rekke med hol for benkehake for at denne skal kunne flyttast til ulike posisjonar. Døme på slike har vi i benkane frå Siljansnäs og frå Holstvollen i Trondheim.

Benkar utan baktang har gjerne ein fast benkehake som snikkaren støyter emnet i mot. Denne faste haken er som regel plassert enten like bak eller like framom venstre framfot. Døme på slike hakar finn vi i benkane frå Eggagården og Li. Det er mange hol i benkeplata på Vasabenken, dei aller fleste av desse er runde og stemmer best med slik vi ser for oss kan ha vore til killingfot. Det er berre eitt hol som er firkanta og såleis kan passe med benkehake. Det er plassert ved den venstre fremre foten.

Plassering av holet for benkehaken i høvelbenken frå Vasaskipet er markert med raud pil. Foto: Roald Renmælmo
Plassering av holet for benkehaken i høvelbenken frå Vasaskipet er markert med raud pil. Foto: Roald Renmælmo
Holet er firkanta med skarpe kantar og måler 25 x 23 mm. Det største målet på tvers av benken. Foto: Roald Renmælmo
Holet er firkanta med skarpe kantar og måler 25 x 23 mm. Det største målet på tvers av benken. Holet har truleg vore til ein fast benkehake. Vi ser faktisk også at bladet på benkehaken har vore senka litt ned i benkeplata. Det gir oss informasjon om forma på bladet på haken og kor brei han kan ha vore. Foto: Roald Renmælmo

Storleiken på holet for benkehaken, 25 x 23 mm, er for lite for at benkehaken kunne vore slått inn i ein trekloss slik som ein kan sjå på ein eldre illustrasjonar av benkar utan baktang hos Felibien, RouboDiderot og Moxon. Dei tre første er franske. Engelske Moxon har truleg fått inspirasjon til sine figurar frå Felibien og derfor kan det vere at løysinga med benkehaken fast i ein trekloss er noko som er spesielt for franske forhold? Firkanta hol store nok til ein slik trekloss som desse fire har teikna, finn vi på høvelbenken på Skokloster. Benken på Skokloster er nok seinare modifisert og har i dag baktang og ei rekke med hol for flyttbar benkehake av ein anna og meir moderne utforming.

For å finne gode relevante benkehakar som kan passe med holet i benken frå Vasaskipet vil vi gå gjennom hakar vi kjenner frå benkar som ikkje har baktang, men med ein fast benkehake. Døme på slike er høvelbenkane frå Eggagården på Røros og frå Li i Suldal. Båe desse har godt bevarte benkehakar men diameteren på stammen på hakane er noko mindre enn måla på holet på Vasabenken. Mest truleg har det stått ein hake med smidd stamme som har hatt mål som passar med holet i benken.

Forslag til målsetjing på spora etter benkehaken. Måla er tatt frå foto på grunnlag av at måla på holet for stammen er 23 x 25 cm. Foto og mål: Roald Renmælmo
Forslag til målsetjing på spora etter benkehaken. Måla er tatt frå foto på grunnlag av at måla på holet for stammen er 23 x 25 cm. Foto og mål: Roald Renmælmo

Kjelder

Diderot, Denis; Alembert, Jean Le Rond d (1769): Recueil de planches sur les science et les arts libéraux. Paris.

Félibien, André (1690): Des Principes de l’Architecture, de la Sculpture, de la Peintures, et des autres Arts qui en dependent.

Moxon, Joseph (1703): Mechanick exercises: or The doctrine of handy-works … To which is added Mechanick dyalling … The third edition. London: Dan. Midwinter & Tho. Leigh.

Roubo, Andre (1769): L’art du Menuisier.

Høvelbenk frå Eggagården på Røros

Kopi av høvelbenken frå Eggagården på Røros. Kopien er bygd av Sjur Nesheim, Trond Oalann og Roald Renmælmo i 2010. Foto: Roald Renmælmo
Kopi av høvelbenken frå Eggagården på Røros. Kopien er bygd av Sjur Nesheim, Trond Oalann og Roald Renmælmo i 2010. Fleire bilete av benken. Benken er laga med fire føter medan originalen hadde berre to føter bevart. Originalen hadde spor etter føter av same type i bakenden også og det var grunnlaget for tolkninga som kopien er. På bakgrunn av eigne forsøk med denne benken så verkar han ustødig om han ikkje står mot ein vegg. Ut frå det kan eg tenkje meg at benken har hatt berre eitt beinpar og at den andre enden har stått fast i ein vegg. Spora etter føter i andre enden kan tolkast som at benken har vore slitt og at ein har snudd benken og flytt føtene til andre enden? Foto: Roald Renmælmo

Rørosmuseet har ein høvelbenk i samlinga si som har registreringsnummer RMU 4110. Benken stammar frå Eggagården på Røros. Vi veit ikkje så mykje om kva som har vore snikra på denne benken og kven som har brukt han. Benkjen er 2,2 meter lang og har arbeidshøgd på 74 cm. Benkeplata er toppskore og måler 15″ bredde framme og 16″ bak. Benkeplata er 2″ tjukk. Skruven er 2 1/2″ tjukk. Det er ikkje baktang på benkjen.  Den tynne og breie benkehaken har nok fungert godt nok til å halde emna på plass under høvling. Det er ikkje vanleg framtang på benkjen men ei ståande skruklemme som står mot fremre fot. Klemma har ein avstandskloss nede som er 5/4″ tjukk. Det tyder på at den dimensjonen har vore vanlegast å høvle på benken.

Høvelbenken frå Eggagården. (RMU 4110). Benkehaken er tatt laus for oppmåling. Den har elles stått fast i benken og var låst med ein kile. Dei to bakre føtene på høvelbenken manglar men det er spor etter at dei har vore der. Det er også spor etter at benken kan ha vore festa i ein vegg. Foto: Roald Renmælmo
Høvelbenken frå Eggagården. (RMU 4110). Benkehaken er tatt laus for oppmåling. Den har elles stått fast i benken og var låst med ein kile. Dei to bakre føtene på høvelbenken manglar men det er spor etter at dei har vore der. Det er også spor etter at benken kan ha vore festa i ein vegg. Legg merke til klossen som stikk fram frå undersida av benkeplata på venstre side. Dette er ein vribar kloss som kan fungere som støtte under eit emne som er festa i tvinga på sida. Foto: Roald Renmælmo
Benkehaken frå høvelbenken på Eggagården. Foto: Roald Renmælmo
Benkehaken frå høvelbenken på Eggagården. Foto: Roald Renmælmo
Detalj av benkenhaken på høvelbenken frå Eggagården. Foto: Roald Renmælmo
Detalj av benkenhaken på høvelbenken frå Eggagården. Foto: Roald Renmælmo