Sjur Nesheim (1939-2013) i Granvin i Hardanger hadde mykje kunnskap om bruk av tradisjonelle handverktøy etter eit liv som snikkar. Då han voks opp hadde dei ein snikkarverkstad utan innlagd straum så han fekk lære seg å snikre berre med handverktøy. Eg var så heldig å få vere med Sjur då han demonstrerte snikring av ei fyllingsdør, eller rabatdør som Sjur sa, i september 2011. Vi heldt til i snikkarverkstaden på Norsk Kunsthandverksskule på Voss. Verkstaden er i eit bygg som var rita av Magnus Dagestad og vart reist i 1920. Innreiinga i verkstaden og høvelbenkane er nok for det meste også frå denne tida. Truleg er høvelbenkane laga på staden. Det var verkty til å lage høvelbenkskruvar i tre til slike benkar i eitt av vertkyskapa på skulen.
Eg har sett saman ein biletserie som viser korleis Sjur brukar høvelbenken på ulike måtar til ulike arbeidsoppgåve. Dette er ikkje den høvelbenken og den verkstaden som Sjur var mest vant til å arbeide på. Difor kan det godt hende Sjur ville arbeidd annleis og brukt høvelbenken annleis om han har stått i sin eige verkstad og arbeidd på sin eige høvelbenk. Sjur sin verkstad var dessverre for liten til å brukast til å fotografere og filme snikring og derfor brukte vi verkstaden på Norsk Kunsthandverksskule. Voss kommune som eigar let oss få bruke verkstaden. Trond Oalann i Hordaland fylkeskommune organiserte den praktiske tilrettelegginga med material og verkty. Tomas Karlsson og Jarle Hugstmyr var også med på å dokumentere arbeidet til Sjur.
Billedgalleriet under viser arbeidet til Sjur. Klikk på bileta for å vise dei større. Gå mellom bileta med piltastane på tastaturet eller ved å klikke på pilene på sida av bileta. Det er mogleg å kommentere under kvart enkelt bilete.
Sjur brukar snikkarbila til mykje av grovarbeidet med både kanting og falsing. Dei lange emna stødde han mot eit kubbe han la på golvet. Dei korte emna hogg han ved å stø dei mot ein bordbit som han la på benkeplata over den fremre foten. Han la stor vekt på å sikre seg mot å skade plata på høvelbenken. Foto: Roald Renmælmo
Grovkapping av emna gjorde han ved å stikke dei utom kanten på benken og sage. Han heldt dei fast med å trykke med venstre handa på den delen av bordet som litt på benkeplata. Foto: Roald Renmælmo
Lange bord ligg av eige vekt. Foto: Roald Renmælmo
Sjur (t.v.) held emnet fast medan Trond Oalann kappar. Korte bord han vere vanskelege å få til å ligge støtt. Foto: Roald Renmælmo
Sjur slissa emna med breisaga, ei skuvtennt grindsag med bredt blad. Bordet vert halde fast med ei tvinge som er festa på undersida av høvelbenken. Foto: Roald Renmælmo
Sjur står på sida av bordet og sagar. Legg merke til kniven som er sett fast i sagskåret for å motverke at saga knip. Foto: Roald Renmælmo
Saging frå sida. Foto: Roald Renmælmo
Emna til langrabatane (sideramtrestykka) vert spent opp med baktanga mellom benkehakane. Foto: Roald Renmælmo
Sjur høvlar fyst med okshøvelen. Der han får plass står han gjerne rett bak emnet og høvlar beint framom seg. Foto: Roald Renmælmo
For å kontrollere høvlinga brukar han kanten av høvelen som rettholt. Det gjer han medan bordet er fastspent i benken. Foto: Roald Renmælmo
Han går gjerne over og høvlar plant med lokkerten (langhøvelen). Då brukar han kanten på den for å sjekke om flata er bein. Foto: Roald Renmælmo
Vinnestikker eller rettholtlister er eit viktig hjelpemiddel for å sikre at materialen ikkje vinnar seg. Sjur brukar desse med emnet fastspent men ser til at det ikkje var hardt spenn. Det kan gi ei feilkjelde i siktinga. Foto: Roald Renmælmo
Dei korte stykka kunne han høvle frå enden av høvelbenken og fekk då stå rett bak høvelen. Legg merke til grepet med peikefingrane som stør høvelstokken på sida av høveltanna. Foto: Roald Renmælmo
På både lange og korte stykke høvla han gjerne litt diagonalt med okshøvelen for å høvle ned eventuel kul midt på bordet. Då var emnet spent fast mellom benkehakane så hardt at det stod mot sidepresset. Foto: Roald Renmælmo
Han prøvar å stå rett bak høvelen når han høvlar diagonalt. Foto: Roald Renmælmo
Grovhøvling av kanten gjer han med okshøvelen. Her er emnet spent fast mellom benkehakane med baktanga. Når det er fin kant på emnet mot benkeplata går det fint. Elles kunne ein feste emnet i framtanga på sida av høvelbenken. Foto: Roald Renmælmo
Når han vinklar kanten i høve til flata let han emnet stå fast i benken. Foto: Roald Renmælmo
Når han høvla den andre kanten etter å ha merka bredda med ripmoten så høvla han ein skrå fas på kanten ned til merkinga. Denne fasen er lett å sjå når han høvlar kant og han slepp å bøye seg ned for å sjå etter streken frå ripmoten. Foto: Roald Renmælmo
Retting av kanten gjer han med lokkerten (langhøvelen). Foto: Roald Renmælmo
Dei lange emna er nestan like lange som høvelbenken. For å få merka dei med ripmoten utan at framtanga er i vegen så legg han emna med eine enden ut på framtanga. Han går baklengs når han merkar med ripmoten. Foto: Roald Renmælmo
Dei korte emna ligg på plassen sin på høvelbenken. Han går likevel baklengs når han merkar med ripmoten. Foto: Roald Renmælmo
Når han merka dei ulike delane til langrabatar (sideramtrestykker) og kortrabatar (tverramtrestykker) la han ut alle emna på høvelbenken. Dei lange under og dei korte over. Så merka han inn plasseringa på dei ulike stykka og merka dei. Foto: Roald Renmælmo
Også når han tappa ut for slissane var emnet spent fast i benken. Han bora nokre tapphol og tappa nokre for å vise båe arbeidsmåtane. Foto: Roald Renmælmo
Når emnet står fast i høvelbenken går det fint å få ut spona i tappholet. Foto: Roald Renmælmo
Emnet er spent fast med baktanga mellom benkehakane når han borrar for slissane i langrabatane (sideramtrestykka). Foto: Roald Renmælmo
Når han startar å sage tapp med grindsaga startar han også med å styre bladet med venstre tommel til bladet får godt tak. Etterkvart stør han venstre hand på høvelbenken. Her brukar Sjur framtanga på høvelbenken. Han spenner fast emnet på høgkant. Legg merke til at han sagar i lengderetninga på høvelbenken. Smalare emne kan sagast på tvers men desse breie emna får berre plass i framtanga på denne måten. Foto: Roald Renmælmo
For å variere arbeidet brukar han også båe hender på saga. Foto: Roald Renmælmo
Han spente fast emna mellom benkehakane når han saga den skrå tappskuldra (kontraprofil) som skal passe mot fasen i kanten av sideramtreet (langrabaten). Han stør bladet på nakkesaga med venstre tommel i starten før sagbladet får godt feste. På munnen hans kan vi så vidt sjå at han bles sagflisa bort frå merket medan han sagar. Det gjorde han regelmessig som ein naturleg del av saginga der det var behov for det. Foto: Roald Renmælmo
Når han har kome godt i gang med saginga stør han seg på emnet med venstre hand. Då står han støare og sagar og stør samstundes emnet. Foto: Roald Renmælmo
Rabatane (ramtrestykka) har ein skrå fas mellom nota og flata. Denne høvlar han fram etter ein ripmotstrek. Først med okshøvelen og så med langhøvel. Til dette må han ha solide benkehakar som kan stillast høgt. Foto: Roald Renmælmo
Sjur var ein erfaren snikkar som var vant til å tilpasse arbeidet etter kva verktøy og utstyr han hadde tilgjengeleg. Han vart snart ven med høvelbenken som vi hadde til disposisjon. Han fekk gjort alle arbeidsoperasjonane han hadde behov for på denne benken. Ein del av operasjonane kunne ein med fordel ha gjort på andre typar av benkar. Framtanga var jamt over lite brukt men var ofte i vegen for arbeidet. Ein benk utan framtang, eller med ei mindre framtang hadde truleg vore ein fordel. Det kunne også vore ein fordel å ha nokre hol for killingfot for å feste emne oppå benken i samband med saging eller liknande. Sjur var ikkje vant med killingfot og tenkte ikkje sjølv på dette. Han løyste det med å bruke tvinge, feste emnet med baktanga eller halde emnet med venstre arm.
Benken var elles solid og stødig og fungerte godt til alt arbeidet Sjur gjorde. Det var også plass til ein del verktøy i skuffa i benkeplata. Sjur hadde det mest brukte verktøyet liggande i skuffa slik at det var tilgjengeleg. Skuffa vart snart fylt med spon og sagflis frå arbeidet og verktøyet vart liggande mellom dette og det var ikkje alltid like lett å sjå kor alt var. Ei alternativ plassering av verktøyet har kanskje vore eit føremon. Sjølv tenkte eg ein del på at arbeidet med å sikte etter rett kant og vinding kunne vore gjort meir presist om emna ikkje var spent fast i baktanga. Då fekk ein ut eventuelt spenn i emna. Det ville føre til ekstra arbeid å løsne emna for sikting og så spenne dei fast igjen. Ein høvelbenk utan baktang men med høvelklo for å støyte emnet mot kunne vere ei alternativ løysing. Dette er detaljar som kunne effektivisere arbeidet.
For Sjur var det ikkje høve til å dvele så mykje ved det funksjonelle med høvelbenken. Vi hadde avgrensa med tid og mykje arbeid som skulle gjerast. Sjølv om Sjur hadde mykje erfaring med snikring med handverkty så hadde han ikkje stått i ein større produksjon av dører snikra med handverktøy. Slik større produksjon gjorde han på ein maskinverkstad då han var yrkesaktiv. Om Sjur skulle produsere mange dører med handverktøy og fekk tid på seg til å førebu arbeidet så har han sikkert gjort ein del endringar i arbeidsmåtane for å arbeide meir effektivt. Kommenter gjerne i posten om du har tankar om arbeidet og korleis høvelbenken verkar i høve til det.
The knowledge and craftsmanship of men like Sjur need to be protected and shared with craftsmen everywhere. Excellent post.
Thank you Dennis
I am very glad I did know Sjur. He was a wery good craftsman that had the knowledge of how to work with the traditional hand tools. In this post you can see how he use the two man «okshøvel» in a similar way as something in between a Fore plane and a scrub plane.