Category Archives: Roald snikrar høvelbenk, modell Helberg i Bardu

Høvelbenken modell Helberg, testkjøring

Dei lause bukkane eg laga som understell til benken fungerer fint for lagring av material. Her har eg fått plass til 16 stk golvbord. Vekta gjer at bukkane vert mykje stødigare. Det kjennast godt når ein høvlar. Foto: Roald Renmælmo
Dei lause bukkane eg laga som understell til benken fungerer fint for lagring av material. Her har eg fått plass til 16 stk golvbord. Vekta gjer at bukkane vert mykje stødigare. Det kjennast godt når ein høvlar. Foto: Roald Renmælmo

Det første arbeidet eg gjer på den nye høvelbenken er å høvle golvbord. Eg brukar skottbenken til å høvle kantane og pløye borda så det er berre flasken som vert høvla på høvelbenken. Golvborda er saga 5/4″ (32 mm) tjukke og med rot/topp avsmaling. Høvelstoppen på benken fungerte fint på dei fleste borda, høvelen gjekk fint over. Eit av borda var kuva og vinna under tørk. Når eg høvla i bakkant av benken og la trykk på høvelen så løfta bordet seg i framkant og smatt over høvelstoppen. Det har truleg ikkje skjedd med ein benkehake med klør? Det er neppe veldig vanleg med så mykje kuv i bord som ein skal høvle.

Eg rigga til skottbenken og høvelbenken på denne måten i verkstaden. Slik den står no har eg lyset bakfrå når eg høvlar på høvelbenken. Det er upraktisk når eg skal bruke rettholt for å sjå om bordet er høvla flatt. Neste runde eg skal høvle vil eg snu høvelbenken. Foto: Roald Renmælmo
Eg rigga til skottbenken og høvelbenken på denne måten i verkstaden. Slik den står no har eg lyset bakfrå når eg høvlar på høvelbenken. Det er upraktisk når eg skal bruke rettholt for å sjå om bordet er høvla flatt. Neste runde eg skal høvle vil eg snu høvelbenken. I bakgrunnen står den gamle høvelbenken og har funksjon som avlastingsbord for golvbordhøvlane. Foto: Roald Renmælmo
Arbeidshøgda på totalt 75 cm på benkeplata verkar å passe veldig bra for å høvle flask på golvbord. Eg kjem godt over emnet og får lagt trykk på skrubboksen når eg høvlar. Det var best å trekke benkeplata heilt ut på kanen av bukkane slik at eg fekk gå mest mogleg fritt på sida av benken. Spesielt på sletthøvlinga er det bra å sleppe å bli stoppa i høvlinga. Foto: Roald Renmælmo
Arbeidshøgda på totalt 75 cm på benkeplata verkar å passe veldig bra for å høvle flask på golvbord. Eg kjem godt over emnet og får lagt trykk på skrubboksen når eg høvlar. Det var best å trekke benkeplata heilt ut på kanen av bukkane slik at eg fekk gå mest mogleg fritt på sida av benken. Spesielt på sletthøvlinga er det bra å sleppe å bli stoppa i høvlinga. Foto: Roald Renmælmo
Sletthøvling av golvbordet. Den store slettoksen er i tyngste laget å dra aleine men når han er stilt fint nok går det bra. Benkeplata er ikkje tung nok til å stå i mot når eg legg kroppen mot kanten  under høvlinga. Plata vandrar litt sidevegs. I lengderetning ligg plata ganske stødig men flyttar seg litt. Det er mogleg slike benkar helst bør vere faste til ein vegg for å bli heilt stabile. Likevel er det ikkje eit kjempestort problem at benkeplata flyttar litt på seg. Det går heilt fint å høvle på den. Foto: Roald Renmælmo
Sletthøvling av golvbordet. Den store slettoksen er i tyngste laget å dra aleine men når han er stilt fint nok går det bra. Benkeplata er ikkje tung nok til å stå i mot når eg legg kroppen mot kanten under høvlinga. Plata vandrar litt sidevegs. I lengderetning ligg plata ganske stødig men flyttar seg litt. Det er mogleg slike benkar helst bør vere faste til ein vegg for å bli heilt stabile. Likevel er det ikkje eit kjempestort problem at benkeplata flyttar litt på seg. Det går heilt fint å høvle på den. Foto: Roald Renmælmo

Samla sett verkar benken veldig godt til høvling av golvbord. Det er fint å kunne stå i riktig høgd og høvle. I denne arbeidshøgda kan eg variere mellom ulike grep på okshøvlane og det er ein kjempefordel når ein skal høvle mykje material. Ein blir fortare sliten om ein må halde høvelen på ein bestemt måte og ikkje kan variere. Det kan tenkast å vere ein fordel å få festa benkeplata, anten til ein vegg, eller til bukkane? Høvelstoppen var ikkje optimal for å fungere med bord som var kuva. Å kunne lagre material under benken på denne måten kan vere praktisk. Ein får utnytta golvplassen betre.

Høvelbenken modell Helberg i Bardu er ferdig

Benkeplata til høvelbenken skulle helst ha vore ein oppgangssaga planke på 4" x 15" med lengde på 3,8 meter. Eg hadde ein slik tilgjengeleg og har i staden tatt utgangspunkt i ein tynnare plank som eg har limt på 2" x 4" kant i kant på undersida for å få tilsvarande tjukne som den originale høvelbenken frå Helberg. Foto: Roald Renmælmo
Benkeplata til høvelbenken skulle helst ha vore ein oppgangssaga planke på 4″ x 15″ med lengde på 3,8 meter. Eg hadde ikkje ein slik tilgjengeleg og har i staden tatt utgangspunkt i ein tynnare plank som eg har limt på 2″ x 4″ kant i kant på undersida for å få tilsvarande tjukne som den originale høvelbenken frå Helberg. Foto: Roald Renmælmo

Den spennande høvelbenken frå Helberg har omsider fått ein avleggar. Eg har tidlegare skrive om korleis eg har retta opp ein planke til benkeplata. Sidan planken vart ein del tynnare enn originalen etter rettinga så har eg limt på 2″ x 4″ kant i kant på undersida for å få planken tjukk nok. Resultatet er at planken er 100 mm tjukk, 37 cm brei i framenden og 32 cm i bakenden. Planken er 3,13 meter lang. På grunn av at alle emne måtte rettast for å ta ut krok og vinding så er alle flater og kantar høvla rette og plane. Det gjer at både undersida og oversida er glattare på min planke enn på originalen som i hovudsak har bevart skuroverflata frå oppgangssaga. Eg har tidlegare laga to lause bukkar som fungerer som understell til benken. Saman med desse bukkane vert høvelbenken ein transportabel benk som kan nyttast på byggjeplass. Eg vil i tida framover prøve ut korleis benken kan brukast til forskjellig snikkararbeid. Lengda på den opphavlege benken var omlag 3,8 meter. Det er lengre enn enn det ein snikkar normalt har bruk for til snikring av møblar, dører, vindauge og tilsvarande. Eg ser for meg at ein slik benk kan ha vore nytta til høvling av golvbord eller tilsvarande som gjerne skal ha litt lengre lengder.

Bordklipa av furu er laga etter same forma som på benken frå Helberg. Ho er festa med 2 stk. 5" spikar og  1 stk. 4" spikar, alle smidde. Høvelstoppen er 26 mm høg og 35 mm brei av bjørk. Den er festa med 3" klipt spikar. Foto: Roald  Renmælmo
Bordklipa av furu er laga etter same forma som på benken frå Helberg. Ho er festa med 2 stk. 5″ spikar og 1 stk. 4″ spikar, alle smidde. Høvelstoppen er 26 mm høg og 35 mm brei av bjørk. Den er festa med 3″ klipt spikar. Foto: Roald Renmælmo
Benkeplata på dei lause bukkane. Eg har lagt eit bord mot høvelstoppen. Ved litt forsiktig prøvehøvling verka benken å vere stødig og ha rett høgd. Med grovstilt okshøvel så flyttar benkeplata på seg. Ei form for festing blir truleg nødvendig. Den originale benken frå Helberg har ein del spor etter spikar som kan ha vore slik festing. Bukkane er så breie at det er plass til å legge frå seg bord som skal høvlast bakom benkeplata. Foto: Roald Renmælmo
Benkeplata på dei lause bukkane. Eg har lagt eit bord mot høvelstoppen. Ved litt forsiktig prøvehøvling verka benken å vere stødig og ha rett høgd. Med grovstilt okshøvel så flyttar benkeplata på seg. Ei form for festing blir truleg nødvendig. Den originale benken frå Helberg har ein del spor etter spikar som kan ha vore slik festing. Bukkane er så breie at det er plass til å legge frå seg bord som skal høvlast bakom benkeplata. Foto: Roald Renmælmo
Når bordklipa er plassert rett over bukken så er det lettvindt å feste bord som skal høvlast på kant. Skråen på bordklipa får bordet til å låse seg fint på plass under høvling. Foto: Roald Renmælmo
Når bordklipa er plassert rett over bukken så er det lettvindt å feste bord som skal høvlast på kant. Skråen på bordklipa får bordet til å låse seg fint på plass under høvling. Høvelstoppen går ikkje heilt ut til framsida men er stoppa omlag 2″ frå kanten. Det er gjort slik på den originale benken men eg har ikkje funne noko god forklaring på dette. Det var tydeleg gjort med hensikt. Foto: Roald Renmælmo

Retting av benkeplate til høvelbenk

Eg har leita material til benkeplate til kopien av høvelbenken frå Helberg. Eg hadde ikkje 4″  tjukke plankar i høveleg breidde og lengde så eg må improvisere litt. Eg hadde ein 3″ plank  saga på oppgangssaga i Aursfjord i høveleg lengde og bredde. Planken var solvinn (venstrevridd) og har vridd seg under tørking. For å rette opp det festa eg planken på høgkant og laga ein loddstrek i kvar ende og snorslo mellom  desse. Det viste seg å vere 16-18 mm med ved som måtte bort på dei høgste punkta. Eg gjekk derfor på med ei lita Mustad snikkarbile og grovhogg til det var omlag 3 mm att til streken. Etter det høvla eg med ulike høvlar til det vart flatt nok. Eg har laga ein liten serie med foto som viser arbeidet.

Høvelbenken frå Helberg med lause bukkar

 Den første bukken som eg skreiv om i førre post tok ein del tid å lage. Det meste av tida gjekk med til å finne fram til høvelege dimensjonar på dei ulike delane, bestemme dimensjonar på tappar og naglar og finne fram til ein god arbeidsmåte. I tillegg kjem arbeidet med å leite fram litteratur og stoff om slike bukkar. Til saman har dette tatt nærare ei veke. Når eg tok til med den andre bukken i dag tidleg ville eg prøve å arbeide fokusert for å sjå kor lang tid det tok å snikre ein slik bukk. Materialane var på førehand ferdig retta og dimensjonert klart til tapping. Med 6 gjennomgåande tappar så er hogging av tapphol og saging av tappar ein stor del av arbeidet. Med merking, tapping, saging og samansetting tok dette omlag 3-4 timar. Nagling og resten av arbeidet tok omlag 2 timar.

Ferdige bukkar
Dei to bukkane er ferdige. Legg merke til at det er halvtapp på eine enden og overstykket er kappa jamnt med foten. Foto: Roald Renmælmo
Høvelbenken frå Helberg
Eg fann fram den originale høvelbenken frå Helberg og prøvde den på bukkane. Først la eg benken heilt på kanten av bukkane. Det gir fri arbeidsveg når ein går på sida og høvlar. Det er sikkert bra når det er snakk om å høvle flask. Foto: Roald Renmælmo
Helberg høvelbenk
Høvelbenken er trekt litt inn på bukkane. Då kan ein stø eit bord som skal høvlast på kant og er støytt mot bordklypa. Foto: Roald Renmælmo

Bukkane verkar stødige men samtidig hendige og lette. Planken som utgjer høvelbenken frå Helberg verkar å vere tung nok til å gjere bukkane stødige nok til høvling men eg har ikkje prøvd skikkeleg å arbeide på benken. Det neste blir å ordne til ein planke som skal brukast til høvling og så teste ut å arbeide med denne.

Lause bukkar som understell til høvelbenken frå Helberg

Høvelbenken frå Helberg i Bardu er berre ein planke med høvelstopp og bordklype. Eg har ikkje funne noko som kan minne om eit understell til denne benken. Benken kan ha vore festa til ein vegg og hatt nokre provisoriske føter av bordbitar eller liknande. Det er ikkje mange spor å sjå etter. Eg ser for meg at benken gjerne kan ha vore brukt saman med eit par lause bukkar av eitt eller anna slag. Eg har ikkje kome over slike bukkar som eg veit høyrer saman med slike høvelbenkar. Eg har derfor ikkje nokon konkret modell å gå etter som eg kan kopiere.

Eg har lengre fartstid som tømrar enn som snikkar. I tømringa brukar eg til vanleg to typar arbeidsbukkar, ein låg som er ca 45-50 cm høg som dei to til høgre i biletet, og noko høgre bukkar som dei midt i biletet og som er 65 cm høge. Med ein planke oppå dei høge så er det god høgd for å høvle. Biletet viser tømring av eit stavbygg i 2009 og vi ser frå venstre, Ulrik Hjort Lassen, Roald Renmælmo og Nils-Eric Anderson. Foto: Siv Holmin
Eg har lengre fartstid som tømrar enn som snikkar. I tømringa brukar eg til vanleg to typar arbeidsbukkar, ein låg som er ca 45-50 cm høg som dei to til høgre i biletet, og noko høgre bukkar som dei midt i biletet og som er 65 cm høge. Med ein planke oppå dei høge så er det god høgd for å høvle. Biletet viser tømring av eit stavbygg i 2009 og vi ser frå venstre, Ulrik Hjort Lassen, Roald Renmælmo og Nils-Eric Anderson. Foto: Siv Holmin

I svara på spørjelista om snikkarhandverket er det nokre forklaringar som kan vere til hjelp. Helge Dale frå Hafslo i Sogn og Fjordane skriv: «Dei la ein planke vassbeint på stolpar eller krakkar. ,,, Dette gognet vart kalla bordbeink«. Han nemner krakkar som understell til planken. Det er mange av dei andre svara som har med ulike variantar av bordbenk eller klossebenk, som er vanlege namn på denne typen benk, men ingen nemner kva planken låg på. Som tømrar har eg brukt to typar av arbeidsbukkar. Den eine er tappa i hop av 6» boks og kan sjåast midt på biletet over. Den andre typen er ein kappende av siskore tømmer som det så er fest 4 føter til, anten er føtene bora inn i undersida eller grada inn (eller spikra) inn i sida. Desse typane bukkar har nok vore vanlege svært langt tilbake i tid og finnast illustrert i historiske kjelder i rikt monn. I Vasaskipet var det med ein bukk av den typen som er ein grov planke med 4 føter bora inn i undersida.

I Die Hausbucher der Nürnberger Zwölfbrüderstiftungen er denne teikninga av tømraren Hans Stenger med. Teikninga er frå 1607 og viser arbeidsbukken og verktøyet hans.
I Die Hausbucher der Nürnberger Zwölfbrüderstiftungen er denne teikninga av tømraren Hans Stenger med. Teikninga er frå 1607 og viser arbeidsbukken og verktøyet hans. Her er det nagla tappar. Denne teikninga var viktig som inspirasjonskjelde for mine eigne bukkar.

Dimensjonane på dei bukkane eg har brukt til tømring verkar unødig grove for å brukast som understell til ein høvelbenk. Dei er tunge å flytte på og tar stor plass. Eg har derfor sett litt på kva dimensjonar som kan vere høvelege til slikt. På bloggen til Mathieu, ein engelsk tømrar, fann eg ein post som tar opp temaet på ein fin måte. På spørsmål frå meg postar han også mål på slike bukkar. Eg vel likevel å prøve med lågare bukkar enn han anbefaler. Dette ut frå at eg har sett mange gamle høvelbenkar som har arbeidshøgd på mellom 75 og 80 cm. Det finnast nokre tilsvarande plankar på bukkar som vert brukt av snikkarar som snikrar på japansk vis. Eg vart merksam på dette etter at eg hadde kome fram til utforming og mål på bukkane eg ville lage. Det er stor likskap og bruksområdet er det same.

Den første bukken til høvelbenken er ferdig. Han er laga av tørr furu. Føter, toppstykke og stavar er høvla ut av 3" x 4". Stavane held 70 x 70 mm ferdig høvla og føter og toppstykke er 70 x 90 mm. Tverrstykket er høvla av 2" x 4" og held 45 x 90 mm. Høgda på bukken er 25" (65,4 cm) som gir arbeidshøgd med 4" benkeplate på 29" (76 cm). Lengda på føtene er 18" og lengda på toppstykket er 30". Tappane gjennom føter og toppstykke er 1" og tappane i tverrstykket er ⅝". Foto: Roald Renmælmo
Den første bukken til høvelbenken er ferdig. Han er laga av tørr furu. Føter, toppstykke og stavar er høvla ut av 3″ x 4″. Stavane held 70 x 70 mm ferdig høvla og føter og toppstykke er 70 x 90 mm. Tverrstykket er høvla av 2″ x 4″ og held 45 x 90 mm. Høgda på bukken er 25″ (65,4 cm) som gir arbeidshøgd med 4″ benkeplate på 29″ (76 cm). Lengda på føtene er 18″ og lengda på toppstykket er 30″. Tappane gjennom føter og toppstykke er 1″ og tappane i tverrstykket er ⅝». På eine sida er det ein halvtapp gjennom toppstykket. Foto: Roald Renmælmo
Bukken har nagla tappar i alle samanføyingar. Mine tømrarbukkar av denne modellen har eg som regel kilt tappane på. Dei tørkar og blir som regel lause i tappane. Eg prøver derfor med naglar. I eine sida har eg plassert foten heilt i enden av toppstykket. Tanken er å prøve å legge planken heilt på kanten og så kan eg støtte emne på sida av planken og ned langs bukken. Foto: Roald Renmælmo
Bukken har nagla tappar i alle samanføyingar. Mine tømrarbukkar av denne modellen har eg som regel kilt tappane på. Dei tørkar og blir som regel lause i tappane. Eg prøver derfor med naglar. I eine sida har eg plassert foten heilt i enden av toppstykket. Tanken er å prøve å legge planken heilt på kanten og så kan eg støtte emne på sida av planken og ned langs bukken. Bukken verkar stødig og stabil men krev nok ei tung høvelbenkplate. Foto: Roald Renmælmo

 

 

Dendrodatering av høvelbenken frå Helberg i Bardu

Høvelbenken frå Helberg i Bardu har vore omtalt i ein tidlegare post. Benken som er 6 alen lang, 4" tjukk og 14" brei er av furu. Furu er mogleg å datere ved hjelp av dendrokronolig. Foto: Roald Renmælmo
Høvelbenken frå Helberg i Bardu har vore omtalt i ein tidlegare post. Benken som er 6 alen lang, 4″ tjukk og 14″ brei er av furu. Furu er mogleg å datere ved hjelp av dendrokronolig. Foto: Roald Renmælmo

På bloggen vår er det kartlegging av høvelbenkar i Noreg og Sverige som er i fokus. Høvelbenkar som benken i Vasaskipet er spesielt interessante sidan vi kan sette benken inn i ein samanheng med bygginga av skipet, vi kan tidfeste benken nøyaktig til forliset i 1628 og vi kan sjå benken i samband med verktøyet i skipet. Høvelbenken frå Helberg i Bardu er i ein samanheng gjennom si geografiske plassering. Busettinga i Bardu tok til sist på 1700-talet, men dei fleste gardane vart etablert tidleg på 1800-talet. Det gir ei tidsramme for verktøy, hus og høvelbenkar i dette området. For Sørdalen sin del, der både Helberg og Sørgård ligg, fekk hovudbruka rydningssetel frå 1821.

I nærområdet til garden Helberg har dei to mest kjende snikkarane i Indre Troms budd og arbeidd. Både Knut Larsen Høis (1799-1882) og Jon Jonsen Sørgård (1796-1865) har verka her. Verktøyet etter desse er ei sentral kjelde for meg i mitt arbeid med å undersøkje snikkarhandverket i første halvdel av 1800-talet. Difor er eg også spesielt oppteken av om det er mogleg å finne høvelbenkar i området som desse to kan ha brukt? På Sørgård finnast ein høvelbenk som er interessant i så måte. Den er dessverre vanskeleg å tidfeste sikkert. Når eg kom over benken på Helberg og såg at denne var laga av furu så tenkte eg snart på at det har vore nyttig å få dendrodatert benken. Dette for å sjå om han kan vere så gamal at han kan vere brukt av desse snikkarane.

Årringane i endeveden på høvelbenken frå Helberg. Kvar årring er market med eit blått kryss som definerer overgangen mellom dei. Ved å måle avstandane mellom årringane får vi fram eit veksemønster som kan sjåast i samanheng med referansekurvar og tidfestast på denne måten. Foto: Andreas Kirchhefer
Årringane i endeveden på høvelbenken frå Helberg. Kvar årring er market med eit blått kryss som definerer overgangen mellom dei. Ved å måle breidda på kvar enkelt årring får vi fram eit veksemønster som kan sjåast i samanheng med referansekurvar og tidfestast på denne måten. Foto: Andreas Kirchhefer

Dendrokronolgi er ein metode for datering av fellingsåret for tømmer. Årringane varierer i samband med vekstvilkåra dei enkelte år. Når ein måler årring-breidder dannar målinga eit mønster som kan passe meir eller mindre med mønster frå tømmer som vi har målingar av frå tidlegare. Når materialen eller tømmeret har bevart ytste årring, at ein kan sjå overflata under barken, kan ein bestemme nøyaktig på året treet slutta å vekse. Dendroøkologen Andreas Kirchhefer i Tromsø har spesialisert seg på dendrodaterig av gamalt tømmer og material. Han har gjort mykje arbeid i Troms og har derfor mykje referansemateriale frå område som er relevante for datering av høvelbenken frå Helberg. Andreas har fotografert endeveden på høvelbenken for å dokumentere årringmønsteret.

For å få mest mogleg detaljerte bilete av årringane har Andreas skore reint eit parti av endeveden på høvelbenken  og flata gnidd inn med krit. Fotografia er tatt med makroobjektiv og har tetthet på kring 3960 dpi. Avstanden mellom årringane vart så berekna av ein spesiell programvare som brukar digitalfotoet som utgangspunkt. Foto: Andreas Kirchhefer
For å få mest mogleg detaljerte bilete av årringane har Andreas skore reint eit parti av endeveden på høvelbenken og flata gnidd inn med krit. Dette vart så fotografert med eit makroobjektiv på høg oppløysing, biletet over er berre oversiktsbiletet og har ikkje tilstrekkeleg oppløysing for nøyaktig måling. Årring-breiddene vart så berekna av ein spesiell programvare som brukar digitalfotoet som utgangspunkt. Foto: Andreas Kirchhefer
Datering

I endeveden er det målt 190 årringar. Den ytste av desse er datert til året 1749 og den inste til året 1560.  Det er ikkje påvist marg eller geitved i benken så vi  kan ikkje bestemme nøyaktig når furua starta å vekse eller når ho vart hogd. Andreas har difor prøvd seg med å statistisk berekne årringar inn til marg og ut til geitved. Særleg sidan vi ikkje har klart å påvise geitved er det vanskeleg å rekne ut hogståret. Om vi går ut frå at det ikkje er langt frå siste årring i prøven til geitveden, så foreslår han ut frå geitvedstatistikken at furua kan vere hogd ca. 1850. Vi kan ikkje vite om det manglar årringar frå siste årring i prøven og til geitveden så årstalet er usikkert. (Kirchhefer, 2014) I den fullstendige rapporten frå Andreas kan du lese korleis desse utrekningane er gjort og korleis han tolkar materialet. Dette er nok fyste gong nokon har freista å datere ein høvelbenk ved hjelp av dendrokronolgi så vi skriv historie med dette arbeidet.

For å supplere dendrodateringa til Andreas kan vi også sjå på spor på sjølve høvelbenken. Dei dominerande spora er etter oppgangssaga som stokken er saga på. Her er det både spor etter utkløyving i enden og markerte spor etter saginga på sider og kantar. Bardu historielag har gjort eit stort arbeid med å kartlegge saghistoria i Bardu kommune og samle dette i eit hefte med tittelen «Oppgangssager i Bardu, 1800 – 1935». Her har dei med litt om ei sag der Oddbjørn Helberg, brukar på Helberg var deleigar. Denne saga var lagt til Melhus-Tverrelva og låg på garden Melhus, ikkje langt frå Helberg. I heftet skriv dei at saga sannsynlig ble bygd rundt 1850, men nemner ikkje kor lenge ho var i drift. Saga stod i ei elv som ofte er svært flomstor så det er truleg saga har gått med i ein flom. Den tidlegaste saga i Bardu vart bygd kring år 1800. (Haugli og Østvik, 1996)

I enden av høvelbenken er det tydeleg utkløyving den siste biten. Dette er typisk for enkeltblada oppgangsager der stokken ligg berre på fram- og bakdyna. Ein ser også at det er regelmessig vinkel og avstand mellom kvart sagtak. Det er liten frammating som ein skulle vente av ein stokk av så stor dimensjon. Foto: Roald Renmælmo
I enden av høvelbenken er det tydeleg utkløyving den siste biten. Dette er typisk for enkeltblada oppgangsager der stokken ligg berre på fram- og bakdyna. Ein ser også at det er regelmessig vinkel og avstand mellom kvart sagtak. Det er liten frammating som ein skulle vente av ein stokk av så stor dimensjon. Stokken kan vere saga på oppgangssaga i Melhus-Tverrelva, gjerne kring 1850? Foto: Roald Renmælmo

Vi har ikkje kome fram til eit presist fellingsår for furua som er brukt til høvelbenken. Vi har likevel vist at det er sannsynleg at benken er så gamal at både Knut Larsen Høis og Jon Jonsen Sørgård var i aktivitet på den tida han var i bruk. Det er ikkje mange gardar i Sørdalen i Bardu så dette er eit og same tradisjonsområde. Verktøyet og arbeidet til Knut  og Jon høyrer til same lokale tradisjon som høvelbenken på Helberg. Likevel er nok benken laga og brukt til eit spesielt arbeid og dekkjer nødvendigvis ikkje alle behov ein snikkar har for å høvle og feste ulike emne. Kva snikkararbeid denne benken kan ha vore brukt til vil eg kome tilbake til i ein seinare post.

Kjelder:

Haugli, Ola S. og Østvik, Kolbjørn: «Bruk av oppgangssag i Bardu». Bardu historielag, 1996

Kirchhefer, Andras: «Dendrokronologisk analyse av høvelbenken fra gården Helberg, Bardu kommune«, Rapport 08/2014. 7s

 

Høvelbenk frå Helberg i Bardu

Det høyrer med til dei sjeldne unntaka å finne høvelbenkar av denne typen. Slike som truleg har vore veldig vanlege i samband med husbygging der ein skulle høvle mengder med lange bord til golv eller panel. Ein grov planke som var stiv nok og dei bukkane ein hadde for handa som understell var alt som skulle til. Eg la merke til benken fyste gongen i 2006 då eg var og såg på det flotte tømra stabburet på garden Helberg i Sørdalen i Bardu. Når eg undersøkjer slike bygg brukar eg å spesielt sjå etter detaljar som andre ikkje ser til vanleg. Denne gongen kraup eg under golvet for å sjå på undersida av golvborda. Her var det flotte handsaga og handhøvla golvbord. Når eg  kraup lengre inn for å sjå nøyare oppdaga eg den grove planken med ei bordklype på sida. Det var nok til å skjøne at eg hadde med ein høvelbenk å gjere. Det vart med nokre bilete og nokre mål den gongen.

Stabburet på Helberg i Bardu. Det var under golvet på dette stabburet eg fann høvelbenken i 2006. Foto: Roald Renmælmo
Stabburet på Helberg i Bardu. Det var under golvet på dette stabburet eg fann høvelbenken i 2006. Stabburet er nok opphavleg tømra av rundtømmer. Stokkane er runde og fint pjåla innvendig og kan minne om kvaliteten ein finn i hus frå mellomalderen. Stabburet har vore tatt ned og sett opp att minst ein gong. I samband med det har ein hogd stokkane flate utvendig slik som skikken vart utover på 1800-talet. Foto: Roald Renmælmo

For nokre år sidan fekk eg kjennskap til verktøyet og produksjonen til den kjende snikkaren Knut Larsen Høis (1799-1882), gjerne kalla Høs-Knut. Det vart min inngang til å forske på snikkarhandverket i fyste halvdel av 1800-talet. Eg vil prøve å finne fram til mest mogleg om korleis han kan ha arbeidd. Høs-Knut flytte til Sørdalen i Bardu på sine eldre dagar og budde i starten hos syster si, Olava, som var busett på Sørgård i Bardu. Han arbeidde på mange av gardane i Bardu og det finnast ei rekke skatoll, skap, portalar og senger som han har arbeidd. Verktøykista hans med verktøyet er tatt vare på av familien. Det finnast ein gamal høvelbenk på garden Sørgård, denne kan vere så gamal at Høs-Knut har arbeidd på han? Det er nokre av materialane i benken som har spor etter sirkelsag og desse var ikkje vanlege i området medan Høs-Knut levde. Det peikar mot at benken er nyare såleis ikkje er brukt av Høs-Knut? Det har leidd meg til å leite vidare på andre gardar i området der Høs-Knut har arbeidd. I haust reiste eg tilbake til Helberg for å undersøkje høvelbenken under stabburet nærare.

Høvelbenken som er funnen under stabburet på Helberg. Benken består av ein 6 alen (3,8 m) lang planke som er 15" brei og 4" tjukk. På flasken har den høvelstopp i form av ei bjørkelist som er 1 ⅛" (28 mm) høg. På sida har den ei bordklype som er spikra på. Eg har ikkje funne noko understell som høyrer til benken men det er spor etter spikar på undersida.
Høvelbenken som er funnen under stabburet på Helberg. Benken består av ein 6 alen (3,8 m) lang planke som er 15″ brei og 4″ tjukk. På flasken har den høvelstopp i form av ei bjørkelist som er 1 ⅛» (28 mm) høg. På sida har den ei bordklype som er spikra på. Eg har ikkje funne noko understell som høyrer til benken men det er spor etter spikar på undersida. Foto: Roald Renmælmo

Benken har lege under stabburet så lenge noverande eigar kan hugse, truleg minst 60-70 år. Ei tid har eine enden vore eksponert for fukt og har fått råteskadar. Det ser ikkje ut som om benken har vore lengre eller at det har vore spesielle detaljar i det råteskadde området. Slik sett er det ikkje noko informasjon som manglar. Planken er saga på oppgangssag og har bevart utkløyving som eit tydeleg prov på det. Det har vore ei ganske grov furu sidan planken er skarpkanta 4″ x 15″ og tatt ut til sides for margen. Det kan ha vore tatt ut minst 3 tilsvarande plankar ut av same stokken. Avstand mellom sagspora er målt til eit snitt på 5,5 mm på eine sida. Det tyder på sakte frammating på saga på grunn av den store dimensjonen. På Aursfjordsaga er vanleg mating på smått tømmer ca 11-12 mm og minste mating på stort tømmer 5-6 mm.

På sida på høvelbenken er det ei bordklype for å halde bord som skal høvlast på kant. Foto: Roald Renmælmo
På sida på høvelbenken er det ei bordklype for å halde bord som skal høvlast på kant. Klipa er hogd til av ein furuplank og spikra fast på sida av høvelbenken. Innvendig er det slitasje (trykkmerker) etter kanten på materialane som er høvla. Desse tyder på at det har vore høvla to ulike dimensjonar, 5/4″ og 1 ½» bord. Her er tommestokken lagt mot merka etter 1 ½» borda. Foto: Roald Renmælmo

Det er ikkje lagt mykje arbeid i å gjere høvelbenken så fin som mogleg. Sagskuren etter oppgangssaga er ikkje fjerna og utkløyvinga i enden ser ut som ho kjem rett frå saga. Det er berre høvla litt midt på flasken for å rette av oppsida på planken. Slike tilsvarande benkar er med i mange av svara på spørjelista om Snikkarhandverket i Ord og Sed. I nokre av svara er desse benkane forklart som ei eldre form og at benkane med skruvar var meir moderne. I andre svar var desse benkane forklart som det ein brukte på byggjeplass når ein skulle høvle material til husbygging. Slikt er særleg aktuelt for omreisande snikkarar slik som Høs-Knut. I svarmaterialet er nemningane bordbenk, skotbenk eller klampebenk med. I nokre av svara skilde ein mellom høvelbenk som det vanlege og skruvebenk  som den moderne med skruvar. Lista som fungerer som høvelstopp har nemningar som bordlist, treklamp, list eller kloss. Nemninga på klypa på sida, bordklype, har eg frå boka «Trebåtbygging – bygging av spissbåt i Rana», Ulf Mikalsen, 2006. I svarmaterialet om Snikkarhandverket er nemningane klype, klama, klemster og trehake med.

Høs-Knut var ein omreisande snikkar som reiste frå gard til gard og gjorde arbeid på staden. Han hadde med seg eige verktøy, truleg i ei verktøykiste som han frakta med seg. Det er fleire av høvlane hans som er av ein slik type at dei høyrer saman med skottbenk og arbeidsmåten som er vanleg med slike. Eg har så langt ikkje klart å finne ein skottbenk som kan knytast til Høs-Knut. Truleg har han laga seg slike på dei stadane han har arbeidd. Det er heller ikkje kjent om han har hatt med seg høvelbenk frå det eine oppdraget til det neste? Det er godt mogleg at han har laga seg høvelbenk i dei husa han arbeidde. For meg er det då av interesse å finne ut om høvelbenken under stabburet på Helberg kan vere så gamal at han er frå tida då Høs-Knut var aktiv. Eg sette dendroøkologen Andreas Kirchhefer frå Tromsø på saken. For å unngå å skade benken meir enn nødvendig tok han for seg endeveden og fotograferte denne med makroobjektiv og ringblits. Eit parti av endeveden preparerte han med industriblad og kritt for å få årringane betre fram. Høvelbenken frå Helberg blir nok den første i verden som blir datert ved hjelp av dendrokronolgi. Eg kjem tilbake til dateringa når rapporten er heilt ferdig.

Dendroøkologen Andreas Kirchhefer tar makrofoto av endeveden på høvelbenken for å datere planken. Foto: Roald Renmælmo
Dendroøkologen Andreas Kirchhefer tar makrofoto av endeveden på høvelbenken for å datere planken. Resultata av dateringa kjem eg tilbake til i ein ny post når rapporten er heilt ferdig. Foto: Roald Renmælmo

Snikring av høvelbenkar

Det er ikkje tvil om at det finnast høvelbenkar å få kjøpt som kan fungere bra til det meste. Det finnast også rikt monn av gamle høvelbenkar som kan setjast i stand og bli gode. Likevel vil eg og Tomas  bruke tid og krefter på å bygge oss høvelbenkar i tida framover. Også mellom dei andre aktive brukarane av bloggen er det snakk om å lage seg høvelbenk. For oss alle er det snakk om å lage kopi av gamle høvelbenkar av ulike slag. Det er for å setje søkelys på den handverkskulturen som dei gamle høvelbenkane er eit uttrykk for. Det å snikre ein kopi av ein gamal høvelbenk er i seg sjølv ein måte å forstå og dokumentere originalen på. Kopisnikringa tvingar oss til å gå inn i alle detaljane, kanskje på tilsvarande måte som snikkaren som snikra originalen gjorde? Kopisnikring kan då vere å forstå som ein metode for å dokumentere og forstå originalen.

Likevel stoppar vi ikkje der. Det å bruke høvelbenken er også ein måte å undersøke funksjonen på. Dekker benken dei behova ein snikkar har til ein slik benk? Kanskje den berre passar for ein spesiell type arbeid? I så fall kan vi kanskje seie noko om kva typar arbeid benken har vore brukt til? Vi kan risikere at ein ein benk som ser flott ut eigentleg ikkje fungerer så godt? Dei originale høvelbenkane vi undersøkjer er som regel i for dårleg stand til å kunne brukast. Derfor er utprøving av ein kopiert benk det beste, og som regel det einaste, alternativet for å få prøvd ut høvelbenken.

Tomas har starta arbeidet med å snikre ein kopi av høvelbenken frå Vasaskipet. Denne benken skal han ha i sin eige verkstad. Tomas har frå tidlegare snikra dører etter modell frå 1700-tal og seint 1800-tal. No vil han fokuserer på dører frå 1600-tal. Då kan Vasabenken vere relevant tidsmessig. Kanskje kan bruken av  benken vere styrande for korleis arbeidet blir gjort? Det er i alle fall ikkje utenkeleg at høvelbenken i Vasaskipet har vore brukt til å snikre dører før skipet gjekk ned i 1628. For å organisere innhaldet i bloggen har vi laga eigne kategoriar for kvart snikre høvelbenk prosjekt. I denne kategorilenka kjem det oppdatert informasjon om Tomas sitt prosjekt: Tomas snikrar høvelbenk.

Eg og Tomas skal også snikre ein kopi av høvelbenken frå Vasaskipet i Mariestad. Kopien håper vi kan bli starten på ein eige verkstad med historiske verktøy og benkar i Mariestad. Vi vil etter planen starte sjølve snikringa 9. januar og halde på til vi er ferdige. Arbeidet kan bli fordelt over fleire kortare periodar. Denne benken ser vi for oss å bruke til samlingar der vi skal gjere ulike studie av historisk snikkararbeid. I denne kategorilenka kjem det oppdateringar i dette prosjektet: Tomas og Roald snikrar høvelbenk.

Sjølv held eg enda på med kartlegging av ulike gamle høvelbenkar før eg landar på ein original eg vil kopiere. Akkurat no har eg fokuset på ein benk som har vore brukt på byggeplass og er berre utstyrt med ei trelist som høvelstopp og ei enkel bordklipe på sida for å halde bordet fast under høvling. Den er ikkje spesielt krevjande å bygge, men er ein sjeldan type å finne. Slike benkar kan ha vore svært vanlege men er underrepresentert i det bevarte materialet sidan dei gjerne var laga av material på byggeplassen og demontert etter bruk? I denne kategorilenka kjem det etterkvart oppdatert informasjon om mitt prosjekt med snikring av høvelbenk. Roald snikrar høvelbenk.