Høvelbenk frå Helberg i Bardu

Det høyrer med til dei sjeldne unntaka å finne høvelbenkar av denne typen. Slike som truleg har vore veldig vanlege i samband med husbygging der ein skulle høvle mengder med lange bord til golv eller panel. Ein grov planke som var stiv nok og dei bukkane ein hadde for handa som understell var alt som skulle til. Eg la merke til benken fyste gongen i 2006 då eg var og såg på det flotte tømra stabburet på garden Helberg i Sørdalen i Bardu. Når eg undersøkjer slike bygg brukar eg å spesielt sjå etter detaljar som andre ikkje ser til vanleg. Denne gongen kraup eg under golvet for å sjå på undersida av golvborda. Her var det flotte handsaga og handhøvla golvbord. Når eg  kraup lengre inn for å sjå nøyare oppdaga eg den grove planken med ei bordklype på sida. Det var nok til å skjøne at eg hadde med ein høvelbenk å gjere. Det vart med nokre bilete og nokre mål den gongen.

Stabburet på Helberg i Bardu. Det var under golvet på dette stabburet eg fann høvelbenken i 2006. Foto: Roald Renmælmo
Stabburet på Helberg i Bardu. Det var under golvet på dette stabburet eg fann høvelbenken i 2006. Stabburet er nok opphavleg tømra av rundtømmer. Stokkane er runde og fint pjåla innvendig og kan minne om kvaliteten ein finn i hus frå mellomalderen. Stabburet har vore tatt ned og sett opp att minst ein gong. I samband med det har ein hogd stokkane flate utvendig slik som skikken vart utover på 1800-talet. Foto: Roald Renmælmo

For nokre år sidan fekk eg kjennskap til verktøyet og produksjonen til den kjende snikkaren Knut Larsen Høis (1799-1882), gjerne kalla Høs-Knut. Det vart min inngang til å forske på snikkarhandverket i fyste halvdel av 1800-talet. Eg vil prøve å finne fram til mest mogleg om korleis han kan ha arbeidd. Høs-Knut flytte til Sørdalen i Bardu på sine eldre dagar og budde i starten hos syster si, Olava, som var busett på Sørgård i Bardu. Han arbeidde på mange av gardane i Bardu og det finnast ei rekke skatoll, skap, portalar og senger som han har arbeidd. Verktøykista hans med verktøyet er tatt vare på av familien. Det finnast ein gamal høvelbenk på garden Sørgård, denne kan vere så gamal at Høs-Knut har arbeidd på han? Det er nokre av materialane i benken som har spor etter sirkelsag og desse var ikkje vanlege i området medan Høs-Knut levde. Det peikar mot at benken er nyare såleis ikkje er brukt av Høs-Knut? Det har leidd meg til å leite vidare på andre gardar i området der Høs-Knut har arbeidd. I haust reiste eg tilbake til Helberg for å undersøkje høvelbenken under stabburet nærare.

Høvelbenken som er funnen under stabburet på Helberg. Benken består av ein 6 alen (3,8 m) lang planke som er 15" brei og 4" tjukk. På flasken har den høvelstopp i form av ei bjørkelist som er 1 ⅛" (28 mm) høg. På sida har den ei bordklype som er spikra på. Eg har ikkje funne noko understell som høyrer til benken men det er spor etter spikar på undersida.
Høvelbenken som er funnen under stabburet på Helberg. Benken består av ein 6 alen (3,8 m) lang planke som er 15″ brei og 4″ tjukk. På flasken har den høvelstopp i form av ei bjørkelist som er 1 ⅛» (28 mm) høg. På sida har den ei bordklype som er spikra på. Eg har ikkje funne noko understell som høyrer til benken men det er spor etter spikar på undersida. Foto: Roald Renmælmo

Benken har lege under stabburet så lenge noverande eigar kan hugse, truleg minst 60-70 år. Ei tid har eine enden vore eksponert for fukt og har fått råteskadar. Det ser ikkje ut som om benken har vore lengre eller at det har vore spesielle detaljar i det råteskadde området. Slik sett er det ikkje noko informasjon som manglar. Planken er saga på oppgangssag og har bevart utkløyving som eit tydeleg prov på det. Det har vore ei ganske grov furu sidan planken er skarpkanta 4″ x 15″ og tatt ut til sides for margen. Det kan ha vore tatt ut minst 3 tilsvarande plankar ut av same stokken. Avstand mellom sagspora er målt til eit snitt på 5,5 mm på eine sida. Det tyder på sakte frammating på saga på grunn av den store dimensjonen. På Aursfjordsaga er vanleg mating på smått tømmer ca 11-12 mm og minste mating på stort tømmer 5-6 mm.

På sida på høvelbenken er det ei bordklype for å halde bord som skal høvlast på kant. Foto: Roald Renmælmo
På sida på høvelbenken er det ei bordklype for å halde bord som skal høvlast på kant. Klipa er hogd til av ein furuplank og spikra fast på sida av høvelbenken. Innvendig er det slitasje (trykkmerker) etter kanten på materialane som er høvla. Desse tyder på at det har vore høvla to ulike dimensjonar, 5/4″ og 1 ½» bord. Her er tommestokken lagt mot merka etter 1 ½» borda. Foto: Roald Renmælmo

Det er ikkje lagt mykje arbeid i å gjere høvelbenken så fin som mogleg. Sagskuren etter oppgangssaga er ikkje fjerna og utkløyvinga i enden ser ut som ho kjem rett frå saga. Det er berre høvla litt midt på flasken for å rette av oppsida på planken. Slike tilsvarande benkar er med i mange av svara på spørjelista om Snikkarhandverket i Ord og Sed. I nokre av svara er desse benkane forklart som ei eldre form og at benkane med skruvar var meir moderne. I andre svar var desse benkane forklart som det ein brukte på byggjeplass når ein skulle høvle material til husbygging. Slikt er særleg aktuelt for omreisande snikkarar slik som Høs-Knut. I svarmaterialet er nemningane bordbenk, skotbenk eller klampebenk med. I nokre av svara skilde ein mellom høvelbenk som det vanlege og skruvebenk  som den moderne med skruvar. Lista som fungerer som høvelstopp har nemningar som bordlist, treklamp, list eller kloss. Nemninga på klypa på sida, bordklype, har eg frå boka «Trebåtbygging – bygging av spissbåt i Rana», Ulf Mikalsen, 2006. I svarmaterialet om Snikkarhandverket er nemningane klype, klama, klemster og trehake med.

Høs-Knut var ein omreisande snikkar som reiste frå gard til gard og gjorde arbeid på staden. Han hadde med seg eige verktøy, truleg i ei verktøykiste som han frakta med seg. Det er fleire av høvlane hans som er av ein slik type at dei høyrer saman med skottbenk og arbeidsmåten som er vanleg med slike. Eg har så langt ikkje klart å finne ein skottbenk som kan knytast til Høs-Knut. Truleg har han laga seg slike på dei stadane han har arbeidd. Det er heller ikkje kjent om han har hatt med seg høvelbenk frå det eine oppdraget til det neste? Det er godt mogleg at han har laga seg høvelbenk i dei husa han arbeidde. For meg er det då av interesse å finne ut om høvelbenken under stabburet på Helberg kan vere så gamal at han er frå tida då Høs-Knut var aktiv. Eg sette dendroøkologen Andreas Kirchhefer frå Tromsø på saken. For å unngå å skade benken meir enn nødvendig tok han for seg endeveden og fotograferte denne med makroobjektiv og ringblits. Eit parti av endeveden preparerte han med industriblad og kritt for å få årringane betre fram. Høvelbenken frå Helberg blir nok den første i verden som blir datert ved hjelp av dendrokronolgi. Eg kjem tilbake til dateringa når rapporten er heilt ferdig.

Dendroøkologen Andreas Kirchhefer tar makrofoto av endeveden på høvelbenken for å datere planken. Foto: Roald Renmælmo
Dendroøkologen Andreas Kirchhefer tar makrofoto av endeveden på høvelbenken for å datere planken. Resultata av dateringa kjem eg tilbake til i ein ny post når rapporten er heilt ferdig. Foto: Roald Renmælmo

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

8 tankar på “Høvelbenk frå Helberg i Bardu

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s