Kombinert støtbrett og gjærkasse i verktøysamlinga frå Vasaskipet

Eg og Tomas var ein tur på Vasamuseet i Stockholm på tirsdag for å kontrollere nokre mål og ulike detaljar på høvelbenken der.  Vi ble godt motteken av Irene Lindblom og gjesteforskar Evelyn Ansel som tok oss med rundt. Evelyn arbeider spesielt med å gå gjennom snikkarverktøyet som ble funnet i skipet. Verktøyet vert nøyaktig målt opp og registrert, nokre døme på dette kan de sjå i bloggen der ho postar om arbeidet. Vi vart med Evelyn i magasinet for å sjå på nokre verktøy og delar av panel som Tomas er interessert i. Eg gjorde store auge når eg fekk sjå eit støtbrett for saging i hylla mellom det andre verktøyet.

Støtbrettet er omlag ei alen langt og har utsparing for saging i vinkel i venstre kant og sagsnitt for saging i gjeringsvinkel. Det har registreringsnummer 4876 på Vasamuseet. Foto: Roald Renmælmo
Støtbrettet er omlag ei alen langt og har utsparing for saging i vinkel i venstre kant og sagsnitt for saging i gjeringsvinkel. Det har registreringsnummer 4876 på Vasamuseet. Foto: Roald Renmælmo

Støtbrett er på ingen måte eit ord som eg reknar med at alle forstår. Eg har funnet ordet i boka «Handbok i sløyd» av A. Digranes, 1950. Med det meiner han eit brett med stopp som ein festar på høvelbenken for å stusshøvle endeved på eit emne. Altså ikkje til saging. Denne frå Vasaskipet har eg ikkje noko eige namn på, kom med forslag. Amerikanarane har noko dei kallar for wooden bench hook som tilsvarar denne frå Vasaskipet. Ein slik høyrer saman med høvelbenken, særleg om ein har benk av den typen som er på Vasaskipet. Peter Follansbee har tidlegare etterlyst døme på slike originale gamle. Endeleg kan vi vise til det. Han lovde bort 25 cents til den som kunne vise til slike.

Støtbrettet frå enden. Den lista som er nagla fast på høgre side heng fast mot kanten av høvelbenken. Foto: Roald Renmælmo

Det er laga av eik og nagla saman med trenaglar som har diameter på kring 8 mm. Det er omlag 8-10 cm mellom kvar nagle. Emna kan også ha vore limt saman for å vere ekstra stive men det er ikkje mogleg å seie så mykje om etter alle åra i sjøen. Det einaste eg kan seie er at fugene ser ut til å vere så presise at dei godt kan ha vore limt. Støtbrettet er ikkje så bredt som ein del tilsvarande amerikanske ein kan sjå bilete av på ymse nettforum. På wikipediasida for bench hook er det forklart at den brukast til både høvling, saging og stemming med stemjarn. Saginga då med nakkesag (backsaw). Det er ikkje noko som tyder på at dei har hatt slike sager på Vasaskipet. Derimot har dei hatt grindsager og stikksager av hollandsk type. Det er ikkje utenkeleg at desse sagene er betre å bruke til kapping og gjering om støtbrettet er smalt så emnet ligg nær kanten av benken?

Høgre ende av støtbrettet. Her er det saga vekk litt av framlista for å gi plass til å kappe emne i vinkel med saga. Det er tydeleg at det har vore ein høgrehendt snikkar som har brukt dette. Foto: Roald Renmælmo
Høyre ende av støtbrettet sett ovafrå. Foto: Roald Renmælmo
Høyre ende av støtbrettet sett ovafrå. Foto: Roald Renmælmo

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

5 tankar på “Kombinert støtbrett og gjærkasse i verktøysamlinga frå Vasaskipet

  1. Eureka! Gratulerer med funnet! Sånn kan skje når fagfolk «with a keen eye» får tilgang til de mange magasiner rundt om kring. Dette plasserer jo en utviklet høvelbenkteknologi godt ned på 1600-tallet som har holdt seg helt frem til i dag. Synes ikke støtbrett er helt treff, men absolutt ikke dumt heller. Har dessverre ikke noen gode benevnelser i lomma nå, men dette er jo en form for mothold. Sagfjøl? Sagbrett? Gjærbrett? Beskrives denne inretningen i 1780-åras Frankrike (Diderot, Roubo m.fl) og hva kalles den i så fall der?

    1. Takk Thor-Aage. Vi såg faktisk denne i august når vi var på museet. Tomas tok til og med måla på den. Det var først etter å ha lese meg opp på høvelbenkproblematikk og skjerpa blikket gjennom blogging den siste tida at eg forstod rekkevidda av funnet. Eller, det er vel først no på morgonen eg ser rekkevidda når eg ser på sidestatistikken at 1300 utlendingar har vore og sjekka ut bloggen vår etter midnatt? Det skuldast nok at Peter Follansbee har posta om funnet og har lenka til vår blogg. 1000 amerikanske lesarar på ein dag er vel ganske bra på ein blogg på nynorsk og svensk?

    2. Eg kom over ei liknande innretning hos Moxon. Han skriv følgande: «There is another way used by joiners that make many frames to save themselves to labor of drawing or striking out of squares, mitres, and severalbevels upon their stuff, and this is with a tool called a miter box, described in plate 5.» (Moxon 1703).

      Han har med illustrasjonen på denne og den er ikkje å ulik den frå Vasa men ser ut til å mangle haken som ligg an mot framkant av benken. Den er ikkje ei gjerkasse slik vi kjenner den i dag men har berre eitt anlegg i bakkant som det er saga inn skår i ulike vinklar i.

Kommenter innlegget