I namnet høvelbenk ligg det at det er ein benk for å høvle emne. Snikkarhandverket er grunnlagt på nokre sentrale prinsipp. Høvelen har ei viktig rolle i denne samanhengen. I dag har vi lett for å gløyme årsaka til at vi høvlar til emna. Vi tenkjer kanskje at flatene skal vere glatte og fine og vi skal få fram den fine gløden i veden? I det tradisjonelle snikkarhandverket er det å høvle flasken, rettsida på bordet, så plan som mogleg, det første snikkaren gjer. Denne flata vert referansen for alt vidare arbeid med emnet. Frå den kan ein vinkle ein kant og høvle denne rett. Når snikkaren har høvla flate og kant, plane og rette, kan han ta fram måle- og merkeverktøy og merke på for vidare arbeid. Slik flate og kant er også grunnleggande for at slikt utstyr som gjeringsmalen frå Vasaskipet skal fungere. Det aller meste av snikkarverktøyet har eit anlegg, eller ein land, som ligg an mot ein retthøvla kant eller planhøvla flate. Det gjeld også det meste av profilhøvlar, plogar og falshøvlar. Om ikkje flasken er høvla plan nok, blir det anten eit dårleg resultat, eller så får snikkaren mykje arbeid med å jukse og justere for å få til eit brukbart sluttprodukt.

Den mest sentrale funksjonen til høvelbenken er å høvle flasken på emnet. Høvelbenken må då ha ei eller anna løysing for å feste emna i samband med høvling. I si enklaste form kan det vere ei list eller ein kloss som er spikra fast i benken og som ein støyter emna mot. Ymse variantar av tappar finnast det også døme på både i litteraturen og i gamle benkar. Likevel er det nok mest vanleg med smidde benkehakar i ei eller anna form. Desse benkehakane har vore særs viktige for høvelbenken. Det er vanleg å finne gamle høvelbenkar som manglar benkehakane sine. Eigaren har gjerne tatt med seg haken/hakane til sin nye høvelbenk. Av det kan vi slutte at sjølve benkehaken styrande for funksjonen til høvelbenken.
Terminologi
Namnet benkehake kan vere forvirrande om ein skal ha kontakt med snikkarar frå andre land. I Noreg er benkehake namnet som er brukt i Store Norske Leksikon i artikkelen som beskriv høvelbenken. Elles i faglitteraturen er også benkehake vanleg. I Sverige kallar ein det til vanleg «bänkhake». I Danmark er det derimot litt verre. I ordboka til Børge Askholm har han forklart ordet «bænkehage» som «benkekrok» og forklarer vidare ei innretning som vår killingfot. Han viser heller til «bænkedup», «høvlebænkhage» eller «bænkstopper» som det som svarar til vår benkehake. Ordbruken er heller ikkje eintydig i Danmark. I Tyskland er ordet «bankhaken» vanleg. (Heine, 1990) I det engelske språket verkar ordet «bench dog» å vere mest utbreidd. I eldre engelsk litteratur er også ordet «bench hook» brukt, då er det vist til ein variant som har utforming omlag som den frå Sogn folkemuseum, som har nemninga bitehest, på eitt av bileta under. (Moxon, 1703)

Faglitteraturen i snikkarfaget har ein nokolunde eintydig nemningsbruk for å gjere kommunikasjon mellom handverkarane og tilgrensande yrkesgrupper lettast mogleg. Vi snakkar då gjerne om fagterminologi, nemningane som er felles for faget. Det er ein viktig funksjon til faglitteraturen å styrke eintydig bruk av sentrale nemningar i faget. Ein slik felles terminologi gjer lettare å omsetje til andre språk og kommunisere med våre naboland med språk som er i nær slekt med norsk. Det kan bli litt problematisk når vi skal studere slikt som gamle høvelbenkar og dei ulike delane av desse. Korleis passar terminologien i den nyare faglitteraturen med det vi ser på dei gamle benkane?

Nemningar
For min del har eg for det meste arbeidd saman med og lært av snikkarar som ikkje har hatt formell utdanning i faget. Dei har gjerne vore mindre opptekne av faglitteraturen, eller den fagterminologien som er presentert der. Slik har det truleg vore med snikkarane på bygdene i Noreg, i alle fall fram til ein starta med snikkarskular, snikkarkurs og sløyd på skulen. Nemningane har variert rundt om i landet og til ulike tider. Ein del av desse nemningane kan gi oss anna informasjon enn terminologien frå faglitteraturen. I dag er vi språkleg påverka av både faglitteraturen og korleis praksisen er i snikkarfaget i dag. Vi brukar dei orda vi treng i dag, kanskje dei også har eit anna innhald enn dei hadde tidlegare. For å undersøkje eldre nemningar på benkehake har eg gjort nokre søk i museumssamlingar, i Setelarkivet til Norsk ordbok og i svar på spørjelistene om snikkarhandverket frå 1930-talet på Norsk Folkeminnesamling.

Bitehest er eit namn som også er med i setelarkivet til Norsk ordbok. Der er det Bjarne Haugland i Brekke i Sogn som er kjelda til ordet. Han forklarar: «bitehest, (ein), hake i høvelbenken. Stundom: dubb». Då får vi også ordet dubb som også kan bety det same som benkehake? Sjølve ordet bitehest kan seie noko anna enn ordet benkehake? Bite kan peike på at utforminga er slik at han «bit seg fast» i emnet under høvling? Det kan vere spesielt for ei bestemt utforming og derfor er namnet forskjellig frå benkehake og dubb? Ordet hest er ein del brukt om ulike bukkar og benkar av ulike slag men kan også ha ei anna betydning her?
Spørjelista om snikkarhandverket i Ord og Sed
Olav Brattegard leia arbeidet med å sende ut ei rekke spørjelister som skulle kartlegge norsk nemingsbruk i ulike handverk på 1930-talet. Spørjelista om snikkarhandverket var ei av desse listene. Innsamlinga av materialet strekte seg over fleire år først på 1930-talet og resulterte i 168 svar frå informantar over heile landet. I spørsmåla var det eit spesielt fokus på høvelbenken. «Gjer greie for namni på dei ymse delane av høvelbenken. Var det t. d. tilsvarande eller andre nemningar enn det som nemnest her: framtange, baktange, tangeskruve, platerom, benkehakar o.s.b.» (Spørjelista om snikkarhandverket i Ord og sed, 1930-talet). Spørsmålet brukar då fagterminologien for å få fram kva ein spør etter. På ei side kan det verke styrande på svara, men samstundes kan det verke som ei oppfordring til å kome med alternative nemningar. Eg har gått gjennom svara for Finnmark, Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal, Oppland, Hedmark og Sogn og Fjordane, tilsaman 102 av 168 svar som kom inn på spørjelista. Resten av svara frå dei andre fylka vil bli gjennomgått seinare. Eg har registrert dei ulike namna på benkehake som er med i svara og kor mange som har gjeve opp dette.
Benkehake
Det er 7 av svara som nemner dette namnet, 4 av dei frå Møre og Romsdal, 2 frå Hedmark og 1 frå Nord-Trøndelag. Dei fleste viser til namnet som standard terminologi (ein skriv at det er frå byen, andre at det er frå snikkarkurs) men har andre ord som dei viser til som meir lokale. Berre to av dei som har svart benkehake har det som einaste nemning. Når vi då hugsar på at dette var nemninga som var brukt i spørsmålet er slåande at så få har oppgjeve benkehake.
Bitehest
Det er 4 som har svart med ulike variantar av bitehest og alle er frå Sogn og Fjordane. Bithest og bethest er variantar av skrivemåtar. 3 av dei 4 har dobbe med som ei alternativ nemming.
Dobbe
Det er heile 12 av svara som har dobbe som ei vanleg nemning for benkehaken. 8 av dei frå Sogn og Fjordane, 2 frå Møre og Romsdal, 1 frå Nordland og 1 frå Troms. Variantar av skrivemåtar i dei ulike formene er: dobbane, dobbar, dåbbane, benkedobba, doppar og doblingar.
Kam
Det er 6 av svara som har med ordet kam. 4 frå Hedmark, 1 frå Oppland og 1 frå Møre og Romsdal. Variantar av skrivemåte i ulike former er: kambane, kambar, benkekambar, kammar og høvelbenkkam.
Klo
Det er 8 av svara som har med ordet klo. 3 frå Oppland, 2 frå Hedmark, 2 frå Sør-Trøndelag og 1 frå Møre og Romsdal. Variantar av skrivemåte i ulike former er: klørn, kloa, jarnkloa, klobit, benkeklo, kloen og klør.


Hake
Det er 4 av svara som har variantar av ordet hake. 1 frå Oppland, 1 frå Sør-Trøndelag, 1 frå Nordland og 1 frå Troms. Det er ikkje andre variantar av skrivemåten enn fleirtalsforma hakar. Nemninga er i nær slekt med benkehake og kan kanskje seiast å vere ei kortform av denne?

Knekt
Heile 15 av svara har med variantar av ordet knekt. 8 frå Nord-Trøndelag (alle svara frå fylket har med det), 5 frå Nordland og 2 frå Troms. Variantar av skrivemåten i ulike former er: knikten, høvelbenkkniktane, knikta, knektar og kniktane. Det er slåande at neminga er så vanleg nord for Trondheim.
Tang
3 av svara har med ordet tang. 2 frå Sør-Trøndelag og 1 frå Troms. Variantar av skrivemåten i ulike former er: tenger, høvelbenk tonn og tand.
Høvelbit
2 av svara har med høvelbit og båe av dei er frå Møre og Romsdal. Høvelbit og høvelbitir er dei to variantane av skrivemåten i ulike former.
Av svarmaterialet kjem det fram ei viss regional spreiing av nemningar. I alle fall knekt, dobbe og bitehest ser ut til å ha vore brukt mykje i enkelte område. Det er berre nokre få av svara som har med skisser eller forklaringar om korleis hakane ser ut. Det er derfor litt vanskeleg å sjå ein klar samanheng mellom utforming/funksjon og nemningane. Mange av svara går inn på forskjellane på eldre høvelbenkar og dei nyare som har kome inn med snikkarkurs og snikkarskular. Eit hovudtrekk er at mange av dei eldre benkane ikkje har baktang for fastspenning av emna. Då vert emnet berre støytt mot haken under høvling. Kan vi sjå for oss at namna høvelbit, tang, klo, kam og bitehest seier oss noko om at dei bit seg fast i emnet? På same måten at knekt, benkehake, hake og dobbe kanskje i større grad heng saman med høvelbenkar med baktang og at ein spenner emna fast mellom to slike? Det er forklaringar i svara som peikar mot dette. Kom gjerne med kommentarar på dette, spesielt om du kjenner til gamle benkehakar av ulike typar?

Kjelder:
Heine, Günther (1990): Das Werkzeug des Schreiners und Drechslers.
Moxon, Joseph (1703): Mechanick exercises: or The doctrine of handy-works … To which is added Mechanick dyalling … The third edition. London
3 tankar på “Benkehake, nemningar og typar”