Category Archives: Snikring av vindauge

Snikring av høvlar til vindusmaking

2-5. desember hadde vi eit nytt seminar på Sverresborg der hadde fokus på verktøymaking for snikkarar som driv med tradisjonelle arbeidsmåtar. Vi har tidlegare hatt seminar på snikring av vindauge, snikring av dører og høvling av listverk. Berre den samlinga på høvling av listverk har vi presentert her på bloggen. Då var det studentane på Teknisk bygningsvern som presenterte arbeidet på si arbeidsgruppe på seminaret. No er desse studenane i gang med den avsluttande bacheloroppgåva i studiet. Dei 6 av studentane som er snikkarar hadde også fokus på bacheloroppgåva i arbeidet på deira gruppe på seminaret. Denne gongen fekk eg sjølv lite høve til å fokusere på arbeidet med å dokumentere arbeidet på dei ulike gruppene. Heldigvis fekk vi med oss snikkaren Gunnar Bjørn Olsen til å dokumentere noko av arbeidet med sitt videokamera. Han fekk også hjelp av Sindre Myrlund som er vit. ass. ved institutt for bygg og miljø. Desse to prøvde å filme arbeidet på dei ulike gruppene, noko som var krevjande sidan vi var fem ulike grupper i same lokale og det gir veldig krevjande forhold for å få gode lydopptak. Gunnar Bjørn har klipt saman nokre smakebitar av arbeidet på dei ulike gruppene. Her er ein smakebit frå arbeidet på gruppa som laga høvlar til vindusmaking:

Gruppe 1. hadde fokus på å snikre høvlar til vindusmaking. Her var deltakarane Thor-Aage Heiberg og Ellev Steinsli som arbeider med bacheloroppgåve på snikring av vindauge med handverktøy. Dei tar utgangspunkt i høvlar og verktøy frå Melhus og Meldal og i starten av videoklippet presenterer vi ei samling av snikkarverktøy frå Evjen i Melhus. I dette verktøysettet er det både glashøvel og morhøvel til vindauge. Dei var utgangspunkt for nokre av høvlane som vart påbyrja på seminaret. Rune Hoflundsengen og Atle Østrem arbeider med høvlar for å snikre kopi av vindauge med karm og midtpost frå tidleg 1700-tal. Dette er også deira fokus i bacheloroppgåva. I tillegg var Kolbjørn Vegar Os, Olaf Piekarski og Gunnar Kjerland med i denne gruppa. Desse tre arbeidde med høvlar som dei hadde behov for i eige arbeid.

På gruppa fekk dei laga ein del høvlar, men det vart ikkje tid til sluttføring og utprøving av desse. I ettertid har ein del av høvlane blitt gjort operative og er prøvd ut til høvling av sprosser og rammer til vindauge. I løpet av våren vil det kome meir om dette i samband med bacheloroppgåvene som studentane arbeider med. Eg kjem att med fleire postar som presenterer meir om kva dei andre arbeidsgruppene gjorde på seminaret. Her har vi både sletthøvlar, golvplogar, grindsager og ulike profilhøvlar å presentere.

Registrering av høvlane etter Sjur Nesheim

Ein av okshøvlane etter snikkaren Sjur Nesheim (1939-2013) i Granvin. Foto: Martin Hermann
Ein av okshøvlane etter snikkaren Sjur Nesheim (1939-2013) i Granvin. Foto: Martin Herrmann

I slutten av januar hadde vi ei samling på Voss for studentar på studiet Teknisk bygningsvern og restaurering på Høgskolen i Sør-Trøndelag. Studentane har bakgrunn frå ulike handverksfag og har spesialfagleg fordjuping i sine fag. Arbeidssamlinga er del av den spesialfaglige praksisen for snikkarane ved studiet. Målet med samlinga var å få kjennskap til verktøysamlinga etter snikkaren Sjur Nesheim frå Granvin. Sjur var ein viktig tradisjonsberar som fleire av oss fekk høve til å lære mykje av. Tomas Karlsson og eg har skrive ein artikkel om dørsnikring saman med Sjur. Vi har også skrive om Sjur i fleire postar her på bloggen. Med den bakgrunnen er verktøysamlinga som Sjur Nesheim har etterlate seg av spesiell interesse for oss. Teksten under er skriven av Atle Østrem og dei fleste bileta er teke av Martin Herrmann, båe er studentar som var med på samlinga. Dette vert del 1. av rapporten frå samlinga, del 2. som tar for seg høvelmakinga kjem i ein seinare post.

Sjur Nesheim (1939-2013) var ein snikkar frå Granvin i Hardanger. Han er ein av dei siste me kjenner til som snikkra på gamlemåten. Han laga sine eigne høvlar som han brukte i produksjonen. Det er og høvlar etter far og bestefar hans i samlinga.

Verktøyet til Sjur er gitt i gåve til Kulturakademiet på Voss der verktøyet skal vere tilgjengelig i samband med undervisning i tradisjonelt snikkarhandverk. Verktøyet skal registrerast i Hardanger Folkemuseum sitt arkiv og me startar opp dette registreringsarbeidet under samlinga. Gjennom dette skal studentane få trening og innsikt i denne typen dokumentasjon ved oppmåling, registrering og teikning av høvlane til Sjur. Vidare skal studentane få trening i å laga høvlar. Dette ved å kopiere dei gamle høvlane til Sjur, eller ved å lage høvlar etter andre snikkarar. Høvelmaking vert innleveringsoppgåve i  spesialfagleg praksis for snikkarstudentane ved studiet våren 2015.

Langhøvel laga av Sjur Nesheim i 2011. Foto: Martin Herrmann
Langhøvel, eller lokkert som Sjur sa,  laga av Sjur Nesheim i 2011. Foto: Martin Herrmann

Med tanke på at høvlane er tilgjengelige ved Kulturakademiet vert det bestemt at me bare tar med dei viktigaste opplysningane om dei i registreringa. Det gir trass alt meir informasjon å ta fram ein høvel å studera han direkte enn å lesa om han i ei opplisting. Høvlane vert fotografert i samband med registreringa. Ved å teikna høvelen vert me utfordra på å studera detaljer i utforminga av han. Det er nyttig når me skal laga høvelen etterpå. Når me arbeider med høvlane gjennom veka vert me godt kjend med dei. Høvelmakinga i kombinasjon med dokumentasjonen gjev oss eit grunnlag for å forstå kva for kvalitetar som ligg i ein god høvel. Me lærer kva me må legga vekt på når me skal laga vår eigen høvel og kva utfordringar som ligg i det å få den til å virke på best mogleg måte.

Dag 1. 19. januar 2015

Studentane møter på Tvildemoen, Voss saman med Roald Landøy frå Hordaland Fylkeskommune. Høvlane til Sjur blir lagt utover golvet slik at me får best mogleg oversikt over dei. Me sorterer høvlane grovt etter type høvel,-slik som langhøvel, okshøvel, pusshøvel, profilhøvel med meir. Høvlane blir førebels merka med nummer på maskeringsteip. Det vert laga eit rekneark som listar opp høvlane etter nummer. Innhaldet i lista vert diskutert. Me vert einige om berre å ta med dei viktigaste opplysningane førebels slik som type, namn, nummer og referanse til foto. Me er samde om at lista kan utvidast med fleire relevante opplysningar etter kvart som me vert kjent med høvlane.

Martin riggar til ”foto studie” i eit hjørne av lokalet. Alle høvlane blir fotografert mot kvit bakgrunn. Det blir tatt fire bilete av kvar høvel frå ulike vinklar. Bileta vert lagra i mapper merka med høvel nummer og bilde nummer. Referanse til bileta vert ført inn i registeret over høvlane.

Roald Landøy viser oss bruken av teikneprogrammet ”Archicad”. Prinsippa rundt teikninga av høvlane vert diskutert og me kjem fram til ein måte å teikna på som er hensiktsmessig i forhold til dokumentasjonen av høvlane. Me har ikkje tilgang på Archicad og teiknar heller for hand på gamlemåten. Høvlane vert helst teikna i målestokk 1:1 slik at me syner detaljane så godt det lar seg gjera. Målet er at ein skal kunna snekra ein høvel ut frå teikninga. Me har ikkje tid til å teikna meir enn ein til to høvlar kvar ved dette høvet. Me vel ein høvel som me kan tenka oss å snikra seinare i veka.

Dag 2. 20. januar 2015

Gunnar Kjerland kjem frå Hardanger Folkemuseum for å vera med på registreringa av høvlane. Samlinga skal inn i museet sitt arkivsystem. Han gjennomgår derfor registreringsskjema med oss og fortel litt om korleis arkivsystemet i museet er bygd opp. Samlinga får tildelt serienummer 1100 saman med bokstavane BHG (Bygdemuseet Hardanger Granvin). Referanse til fire bilete for kvar gjenstand (fotografert av Martin Herrmann) vert lagt til med bokstavane A,B,C,D. Merkinga vert då: BHG. 1101_A,B,C,D med stigande nummer for kvar gjenstand. Me oppdaterer skjema i forhold til den informasjonen Gunnar vil ha med i registreringa. Det som vert notert er namn/type høvel, mål, bredde på høveltanna, om det er klaff/forgatt/sponbrytar. Treslag vert og notert der me kan sjå dette sikkert. Særskilde opplysningar rundt bruk og eigenart vert omtala i eigen rubrikk.

Høvlane vert merka med tusj på et underlag av neglelakk. Merkinga blir forsegla med eit nytt lag neglelakk utanpå. Gunnar og Atle arbeider med registreringa ut dagen medan Roald, Ellev ,Martin, David, Rune og Anne Mari er flittige med å teikne. Roald Landøy og Gunnar Kjerland takkar for seg etter endt arbeidsdag og overlet resten av arbeidet til oss studentar. Me held på med teikning og registrering eit stykke ut på kvelden.

Dag 3. 21. januar 2015

Roald Renmælmo og Trond Oalann kjem frå Oslo og sluttar seg til gruppa. Trond finn fram fleire høvlar som me må registrera. Me fortsetter arbeidet med nummerering, fotografering, teikning og registrering i skjema. Det vert snakka ein del rundt namnebruken på høvlane. Trond og Roald har informasjon om Sjur sin namnebruk på høvlane. Roald hentar fram svar på spørjelista om snikkarhandverket frå Ord og Sed i Norsk Folkeminnesamling frå 1934. Der er det nokre svar frå område i Hordaland som ikkje er så langt unna Granvin. Det gir oss supplerande informasjon som bekreftar ein del av den namnebruken Sjur hadde på høvlane sine. Slik dokumentasjon gjev oss inspirasjon. Gamal namnebruk kan vere ei viktig informasjonskjelde. Det kan fortelja oss noko om utvikling over tid og om geografisk utbreiing.

I galleriet under er det døme på teikningane av høvlane i samlinga til Sjur. Dette er eit lite utval av høvlane i samlinga som er målt opp og teikna som ei øvingsoppgåve på samlinga.

Meir om høvlane og høvelmakinga kjem i ein seinare post på bloggen.

Deltakarar:

Roald Landøy, Hordaland fylkeskommune. Trond Oalann, Hordaland fylkeskommune. Gunnar Kjerland, Hardanger Folkemuseum. Roald Renmælmo, HiST, Anne Mari Mehus, student HiST. David W. Hovden, student HiST. Ellev Steinsli, student HiST. Rune Hofslundsengen, student HiST.Martin Herrmann, student HiST. Atle Østrem, student HiST.

Fagleg utvikling i handverk

Eg har vore heldig og få arbeide saman med, og lære av, mange erfarne handverkarar som Roald Haugli og Konrad Stenvold i Målselv. Eg har og fått vere med snikkaren Sjur Nesheim og fått lære av han ved fleire høve. Når det finnast handverkarar med kunnskap og erfaring innafor eit emne er det ein god måte å lære på. Erfaringane som slike handverkarar har etter sitt yrkesliv kan eg til ei viss grad ta del i, og byggje vidare på gjennom eige arbeid. Det var temaet for førre post på bloggen.

Verre er det når vi skal freiste å etterlikne, eller kopiere, handverksprodukt frå tider som er så langt tilbake at det ikkje finnast handverkarar som har eigne erfaringar, eller tradisjon, med slikt arbeid. Gjennom å byggje på erfaring i handverket kan ein stø seg på ulike historiske kjelder og freiste å rekonstruere arbeidsmåtar og kome fram til produkt som er akseptable. Det er vanlegvis slik at handverkaren er løna for det ferdige produktet han leverer. Kvaliteten på det ferdige produktet er det vesentlege. Derfor vert gjerne arbeidsmåten til kvar enkelt handverkar personleg, gjerne privat. Spesielt innanfor restaurering og historisk snikring, der det er relativt få handverkarar som er aktive, blir arbeidsmåten personleg. Det er berre få større fagmiljø med handverkar som får høve til å arbeide saman og lære arbeidsmåten av kvarandre. Elles kjem kvar handverkar fram til sine eigne måtar å løyse ulike oppgåver på. Dette vert også ein personleg kunnskap som sjeldan vert dokumentert eller lært bort til andre. Kan denne kunnskapen og desse erfaringane nyttast til å utvikle handverket og faget vidare?

Tømrarane Rasmus Skrydstrup og Oddmund Aarø på Nidarosdomens restaureringsarbeider i Trondheim presenterer sitt bachelorprosjekt for ei forsamling med snikkarar på seminar på Sverresborg i 2012. Deira arbeid gjekk ut på å finne fram til måtar å analysere materialkvalitet i gamle vindauge og så finne fram til skog med tilsvarande kvalitet. Foto: Roald Renmælmo
Tømrarane Rasmus Skrydstrup og Oddmund Aarø frå Nidarosdomens restaureringsarbeider i Trondheim presenterer sitt bachelorprosjekt frå Teknisk bygningsvern og restaurering for ei forsamling med snikkarar på seminar på Sverresborg i 2012. Deira prosjekt gjekk ut på å finne fram til måtar å analysere materialkvalitet i gamle vindauge og så finne fram til skog med tilsvarande kvalitet. Dei viser fram noko av materialen dei har frå furuer dei har leita i skogen og forklarar korleis dei har gått fram for å leite riktig kvalitet på ein systematisk måte. Foto: Roald Renmælmo

Den tradisjonelle handverksutdanninga stoppar på fagbrevnivå. Då er handverkaren klar til å gå ut i arbeidslivet og produsere. Det er vel liten tvil om at det framleis er svært mykje å lære før ein meistrar alt som ein handverkar skal kunne? Det er bedrifter som legg til rette for at handverkarane får høve til å få fagleg påfyll og kan vere med og utvikle faget vidare. Nidarosdomens restaureringsarbeider er eit godt døme på ei slik verksemd. Den enkelte handverkar får høve til å øve seg i spesielle typar arbeid, og det samla fagmiljøet på arbeidsplassen får utvikle seg på grunnlag av dei samla erfaringane til alle handverkarane. Dei har hatt ei intern ordning for vidareutdanning i handverk, som i samarbeid med Høgskolen i Sør-Trøndelag – HiST har vorte utvikla til ei bachelorutdanning i Teknisk bygningsvern og restaurering. Utdanninga formaliserer den handverksfaglege utviklinga til studentane. Studentane er i hovudsak handverkarar med fagbrev og mange års erfaring med restaureringsarbeid. Dei held eit høgt handverksfagleg nivå. I samband med restaureringsarbeid vil ein gjerne freiste å etterlikne arbeidsmåtar frå den tida objektet er frå. Slike arbeidsmåtar er ikkje ein del av handverksutdanninga i dag og det er sjeldan høve til å øve seg på slikt i arbeidssituasjonen til den enkelte. Difor er det eit særleg fokus på slike arbeidsmåtar i utdanninga i teknisk bygningsvern.

Vindauge av tre vert i dag produsert i fabrikkar eller større eller mindre maskinverkstader. Dette er delane til eit vindauge som er eit forsøk på å etterlikne eit handlaga vindauge frå ca 1850. Det er mange detaljar som er forskjellige frå vindauge som vert produsert i dag. Det meste er heilt ukjent for ein vanleg snikkar med fagbrev. Foto: Roald Renmælmo
Vindauge av tre vert i dag produsert i fabrikkar eller større eller mindre maskinverkstader. Dette er delane til eit vindauge som er eit forsøk på å etterlikne eit handlaga vindauge frå ca. 1850. Det er mange detaljar som er forskjellige frå vindauge som vert produsert i dag. Det meste er heilt ukjent for ein vanleg snikkar med fagbrev. Denne glasramma er snikra berre ved hjelp av handverktøy som var vanlege på 1850 talet. Foto: Roald Renmælmo

Det er ikkje berre å finne nokon som kan undervise i slike historiske arbeidsmåtar i handverk. Dette er også eit felt som er under stadig utvikling, sjølv om det ikkje er så mange institusjonaliserte fagmiljø på området her i Norden. Slike miljø som Nidarosdomens restaureringsarbeider og Stiftelsen bryggen har arbeidsoppdrag som er så langsiktige at dei vert stabile fagmiljø og har drive fagleg utviklingsarbeid i handverk. Norsk håndverksinstitutt har tilsett Jarle Hugstmyr som deltek i ein del handverksfagleg arbeid innan historisk snikkararbeid. Eg har saman med Jarle gjennomført ein del seminar for handverkarar innan dette feltet. Deltakarane har gjerne vore sjølvstendige tømrarar eller snikkarar som arbeider innanfor bygningsvernet. Mange av handverkarane har erfaring med feltet og har gjerne delt av sin kunnskap. Seminara har vore lagt opp kring eit praktisk stykke arbeid som skal gjennomførast og som vert løyst av deltakarane i fellesskap. Gjennom arbeidet vil deltakarane som regel støyte på ei rekke problem som dei må ta stilling til og løyse. Det er gjerne lagt opp til at nokre handverkarar skal presentere noko for dei andre deltakarane.

Smedane Torgeir Henriksen og Odd Inge Holmberget på Nidarosdomens restaureringsarbeider held eit foredrag om korleis dei har gått fram for å rekonstruere arbeidsmåten med å smi vindushengsler etter førebilete frå 1827. Foto: Roald Renmælmo
Smedane Torgeir Henriksen og Odd Inge Holmberget på Nidarosdomens restaureringsarbeider held eit foredrag om korleis dei har gått fram for å rekonstruere arbeidsmåten med å smi vindushengsler etter førebilete frå 1827. Foto: Roald Renmælmo

HiST i Trondheim og Göteborgs Universitet, der eg og Tomas Karlsson er Phd-stipendiater, har begge eit behov for å finne fram til korleis vi kan utvikle undervisningsformer som er egna for handverk. Det er enkelt å organisere og gjennomføre undervisning basert på forelesningar. Det er også enkelt å organisere og gjennomføre undervisning der studentane får sjølvstendige oppgåver som gjerne skal ende opp med ein rapport som kan leverast inn og bli vurdert. Om vi vil at handverkarane skal bli betre i handverket og vi vil utvikle handverket så er ikkje slike undervisningsformer spesielt effektive.

Når ein underviser nybyrjarar i handverk kan det vere praktisk å organisere arbeidet i strukturerte øvingsoppgåver som alle skal gjennom. Typisk for slik undervisning er at ein har ein lærar som viser og studentar som hermar. For handverkarar som er meir erfarne kan også slik undervisning høve der ein vil gi ein introduksjon i eit emne som er ukjent. Denne forma er ikkje spesielt effektiv sidan det blir lite tid til trening i arbeidet for den enkelte og ein lærer lite om kva vurderingar handverkaren gjer i meir realistiske arbeidssituasjonar. Å skape gode arbeidssituasjonar der studentar og meir erfarne lærarar får arbeide saman over lengre tid er å føretrekke. Slikt tar som regel mykje tid, blir tilsvarande kostbart og derfor sjeldan gjennomført i så stor grad som ein burde.

For å prøve ut alternative arbeidsformer har vi gjennomført nokre seminar med fokus på spesielle tema. Den fyste vart kalla «Fagsamling i førindustriell vindusproduksjon» og vart arrangert av Stiftelsen Bryggen, Hordaland fylkeskommune og Norsk handverksutvikling i 2010. Ramma rundt samlinga var arbeidet som skulle gjerast med å snikre kopiar av vindauge til restaureringa av ein av gardane på Bryggen. Handverkarar med erfaring med snikring av vindauge var deltakarar. Der fekk vi utveksla erfaringar og prøvd ut arbeidsmåtane som Atle Østrem i Stiftelsen Bryggen hadde kome fram til før samlinga.

Den andre samlinga vart kalla «Faglig samling rundt temaet førindustriell produksjon av vinduer». NHU, Sverresborg, HiST og Göteborgs universitet arrangerte samlinga for norske og svenske handverkarar på Sverresborg i Trondheim i 2012. Ulike handverkarar hadde førebudd seg på å leie arbeidet med å snikre ulike typar vindauge. Vi fekk presentert eit bra spekter av vindauge og problemstillingar. Her fekk vi ta del i mykje av den erfaringa som den enkelte handverkar hadde frå tidlegare innan fagområdet. Oppgåvene som skulle løysast var rammer for kommunikasjon og styrte drøftingar om korleis arbeidet skulle gjerast. Vi hadde fokus på prosessen og var mindre opptekne av det ferdige resultatet. Det var ikkje nøye om vi fekk snikra ferdig vindauga våre på kvar gruppe. På denne samlinga var det ei bra blanding av bachelorstudentar frå HiST, handverkarar frå ulike institusjonar og sjølvstendig næringsdrivande. Det var mange erfarne handverkarar som bidrog til eit godt fagleg utbyte på seminaret.

Starten på fagleg samling i førindustriell produksjon av vindauge. Deltakarane får gjennom å arbeide saman både prøve seg sjølv og få sjå andre som arbeider. Ulike tema som vart presentert undervegs i seminaret var slikt som smiing av vindushengsle, materialkvalitet, høvlar til høvling av ramtre og sprosser. Foto: Roald Renmælmo
Starten på fagleg samling i førindustriell produksjon av vindauge på Sverresborg i 2012. Deltakarane får gjennom å arbeide saman både prøve seg sjølv og få sjå andre som arbeider. Ulike tema som vart presentert undervegs i seminaret var slikt som smiing av vindushengsle, materialkvalitet, høvlar til høvling av ramtre og sprosser. Foto: Roald Renmælmo

På desse faglege samlingane, eller seminara, er det mykje som skjer parallelt når alle handverkarane arbeider samstundes. Det er vanskeleg for ein mann å få oversikt over alt som vert gjort ved dei ulike arbeidsbenkane. Det går an å dokumentere noko av arbeidet med foto, film, skisser eller notat. Likevel er det mykje av det som skjer som vert opplevingar som den enkelte handverkar sit att med. Vi har drøfta korleis vi kan dokumentere noko av det vi går gjennom på slike samlingar. Det kan vere for å sikre at noko av kunnskapen vert tilgjengeleg også for andre enn dei som var til stades. Det kan og vere for å friske opp minna om det som skjedde for dei som var med. I tillegg er det viktig å kunne vise til kva som er gjort av fagleg utviklingsarbeid slik at det vert synleg for andre miljø og internt i våre utdanningsinstitusjonar.

Vi er blitt einige om å bruke bloggen til å presentere noko av det vi skal gjere på ei samling vi skal ha i slutten av denne veka og byrjinga av neste veke på Sverresborg i Trondheim. Der er temaet høvling av listverk og paneler med handverktøy. Vi har gått over til å bruke nemninga «seminar» i staden for «fagleg samling». Seminar er meir dekkande for opplegget på samlingane. Kvar handverkar er med og bidreg i det faglege fellesskapet, ein har gode dialogar kring enkelte emne og vi har fokus på avgrensa emne. Seminar i denne forma kan vere ein effektiv måte for å drive fagleg utviklingsarbeid innan handverk. Erfaringane til den enkelte handverkaren vert delt med dei andre handverkarane på seminaret. Om vi i tillegg kan dele noko av denne kunnskapen gjennom denne bloggen så når vi også ut til eit større publikum.