Snikkaren, tømraren og båtbyggjaren i Noreg har gjort mange like arbeidsoperasjonar og det meste av verktøyet er ganske likt. Likevel er det noko arbeid som er ganske spesialisert for dei enkelte faga. Eg har tidlegare skrive om høvelbenken frå Vasaskipet som eg tolka som arbeidsbenken til snikkaren som dreiv med innreiingsarbeid i skipet. Sjølvsagt kan det godt vere at høvelbenken var brukt i andre delar av båtbygginga også. Kanskje slike høvelbenkar var brukt av fleire ulike handverk på den tida skipet vart bygd? I alle fall, eg har fått inn tips og stoff frå Øyvind Vestad på Romsdalsmuseet om ein arbeidsbenk til ein båtbyggjar. Øyvind har tidlegare tipsa oss om ronghake og høvelbenkar på museet. Tekst og bilete under er av Øyvind Vestad:
I Romsdalsmuseets si nye utstilling er det utstilt ein arbeidsbenk frå Thomas Skevik (1862-1946) sitt båtbyggeri på Hovdenak, Molde kommune. Den blei gitt til museet i 1968 av døtrene hans.


Benken har ei lengde på 5 meter og ser ut til å vare kappa på lengda for å få den inn i huset der den stod frå 1968-2015. Benken er ein plank i furu med breidde 20 cm, men det har ikkje vore breitt nok så det er påspikra ei lekte i framkant på 32 mm. Tjukkelsen er 5 cm. I eine ende er det ei klauv av bjørk til å kile fast bordet i, og langs langsida er det 4 svingbare klampar med ei lita klauv, til å legge bordet i. På flatsida, omtrent midt ved klauvet er det sauma fast ein lektebit på tvert som mothald. Den har ikkje fotar og sansynlegvis kvilt på veggmonterte knektar. Benken har tydelege slitasjespor av å ha blitt benytta som underlag for boring.