
På garden Li i Suldal finnast det ikkje berre ein flott skottbenk som har langbord som er 3,24 meter lange men også denne høvelbenken. Sven Hoftun på Ryfylkemuseet har tatt mål og sendt over bilete av benken. Benken er totalt 2,83 meter lang og består av ein brei planke som er 2″ tjukk og 11″ på det breiaste. Benken har benkehake og framtang med skruve men ingen baktang. Total breidd med framtanga er 42,5 cm. Stykket som skruven går gjennom i framtanga er 4″ tjukt. Diameteren på skruven, utvendig på gjengane, er 56 mm.

Benken har ikkje understell som kan knytast til den. Arbeidshøgda det har vore på denne benken er det då vanskeleg å seie noko om. Det er heller ikkje lett å finne spor etter korleis eit eventuelt understell har sett ut. Benken har også ein benkehake med små tenner for å halde emna fast ved høvling av flask.

