Category Archives: 2,0 – 2,2 meter

Høvelbenk frå Skrautvål i Valdres

Nok ein av studentane på Tradisjonelt bygghandverk har registrert ein spennande gamal høvelbenk. Her er det Håvar Aabol som har dokumentert ein høvelbenk etter sin tippoldefar. Tekst, bilete og teikning vidare i posten er frå postinga til Håvar på studentpbloggen til Tradisjonelt bygghandverk.

Høvelbenk etter Gudbrand K. Bjelbøle Aabol, Skrautvål i Valdres

Eg har ståande ein høvelbenk etter tippoldefar min G.KS.B.Aabol (1847-1925). Denne har eg lenge ynskt å måle opp og sjå nøyare på, både når det gjeld oppbygging og sjølvsagt funksjon. For å forstå benken betre gjorde eg ei oppmåling og teikna benken. Dette gjev ei god forståing av konstruksjonen, samt ei inngåande gransking av bruksmerke som gjev opplysningar om korleis benken har blitt brukt. Oppteikninga vil òg vera nyttig ved ei kopiering av benken.

Oppmålingsteikningar av høvelbenken

Benken er ikkje så ulik dagens «moderne» benkar. Benken er bygd opp med framtang og baktang, der det er gjenga treskruvar på om lag 50 mm eller 2″. Framtanga er gjort i bjørk. Dette gjeld både innfesting, skruve og endestykke på benken. Det same gjeld for baktanga, der er endestykket på benken, samt klemstykke og skruve tilverka i bjørk. Delar elles på benken er tilverka i furu. Understellet er òg tilverka i furu.

Baktanga har ei skade på skruven. Og ein kan sjå at det har vore smetta inn ein kil for å låse klemstykket, slik at denne delen av benken følgjer skruven inn og ut. Holet til dreiestonga er på omlag 20mm.
Framtanga manglar sannsynlegvis ein del som skal trykkje mot arbeidsstykket

Benken har 13 hol til høvelstopp, alle hola så nær som eitt er på rekkje. Eg har ikkje funne ut kvifor det 2.holet ikkje er på line med dei andre. Kanskje har lesarane har ein ide om dette, og ei tilbakemelding på dette hadde vore fint. Høvelstopphola er relativt grove samanlikna med benkar i dag. Hola er kvadratiske og jamngrove gjennom benken på 1×1″. Eg har diverre ikkje funne att nokon stoppar til denne benken.

På bilete ser ein at hol nr 2 ikkje er på line med dei andre hola. Det kan hende at dette holet er hoggen på ved eit seinare høve?

Benken har òg ein nedsenka sidebenk (skuff) for lagring av verktøy. Det kanskje mest interessante med denne benken er understellet. Dette er svært fint tilverka, med høvla profilar og enkle utskjæringar. Understellet er svært stabilt, og dette førar til at benken held seg i ro under bruk. Understellet har hol for å kunne understøtte lengre emne. Som ein kan sjå av bileta under har både midtstolpen og bakre foten påhogge hol der ein kan seta inn tappar som støttar opp arbeidsstykket. Hola er hogge rektangulære med same dimensjon i heile djubda, 30x35mm.

Ein ser at hola i midtre stolpen og bakre foten er gjort med hol, der ein kan seta inn tappar for å støtte arbeidsstykket. Legg merkje til at hola ikkje er jamnhøge framme og bak.

Understellet har 2 skuffer, samt ei hylle for lagring av div verktøy. Eg hadde ein mistanke, og det synte seg i oppmålinga at sjølve benken sannsynlegvis er nyare enn understellet. Ved nærare undersøkjingar ser ein at benken er dårleg tilpassa understellet. Nye spørsmål dukkar opp, kvar er originalbenken til dette understellet? Om eg skal anslå ein alder på benken, vil eg kanskje tippe fyrst på 1800- talet på understellet og at sjølve benken er tilverka sist på 1800-talet. Som eg har skrive tidlegare i teksta, har benken vore hardt og mykje brukt. Nett kva som er tilverka på benken kan eg ikkje seie noko om ut frå merkja benken har. Det er ingen tvil om at det har vore telgd emne på benken. Vidare er det mykje sagspor av ymse slag, samt spor etter kortare eggverktøy. Om ein ikkje kan seie akkurat kva som er tilverka, kan ein i alle fall seia at mykje har vorte tilverka på benken gjennom tida.

Høvelbenk frå Oppigard Skori, Åmotsdal Seljord kommune

Høvelbenken frå Oppigard Skori. Skisse av Håkon Telnes Fjågesund

Tekst, bilete og skisse er laga av Håkon Fjågesund og har vore posta på bloggen til bachelorstudiet i tradisjonelt bygghandverk ved NTNU i Trondheim. Benken er såpass interessant at det er bra å få den presentert også her på bloggen.

Høvelbenken kjem frå garden Oppigard Skori, i Skorigrendi, Åmotsdal, Seljord Kommune. Alder på benken er vanskeleg å seie, men det ser ut til at benken har vore mykje i bruk..

Total lengde er 225cm. Høgda frå golv til topp benkeplate er 72 cm. Breidde er 33 cm ved baktange og 46cm ved framtange. Hovudbenkeplata er av grån og ca 6cm tjukk, og smalnar av frå ei breidde på 36cm på det breidaste og 32cm i toppen. Ho ser ut til å vere kløyvd og delvis skanta på undersida. Framtangen og baktangen er laga i bjørk og har treskruar med samme dimensjon. Klossen som heng i hop med skruen på baktangen er også av bjørk. Beina er laga av halvkløyvd smågrån og hogne grovt til og tappa gjennom benkeplata. Det er i alt 19 hol i benkeplata som er rekna på å sette benkehake i. Det er varierande avstand og plassering på hola, men dei går stort sett langs midten av benken. Hola ser ut til å vere bora med navar då dei er koniske. Hola som er lite bruka er framleis runde, medan ein del er firkanta etter slitasje frå benkehaka. Det er også tre hol i sida av benkeplata.

Framtanga er sett saman av tre bitar, pluss treskrue. Det går ein bolt tvers gjennom heile benken som er festa med firkantmutter på både sider. Tappane som går gjennom stykket på enden er plugga med små trepluggar (0,8cm diameter), og dette stykket er tappa gjennom stykket med treskruven i. Denne tappen er også plugga på samme vis.

Baktangen og midtstykket sett frå undersida.

Klossen med benkehaka i er kopla på baktangen med boltar. Hovudet på bolten er felt inn i treverket og festa med bøygde spiker, og mutter i andre enden, på utsida av baktangen. Treskruven er gjenga i trestykket som sitt fast på enden av benkeplata. Boltane fungerar som ei slags skinne som dreg med seg midtstykket ut når baktangen skruvast ut. Midtstykket er felt inni benkeplata på kvar side i eit spor som det kan gli i.

Truleg spor etter ei eller annan innfesting, og hol i sida av benkeplata.

Skisse av høvelbenk frå Oppigard Skori

Høvelbenken er enkel, men ber samstundes med seg mange alternativ for fastspenning av emne. Hola på sida av benkeplata er det vanskeleg å seie korleis er bruka, men eg ville tru det kunne vere praktisk å slå i pluggar som emnet kunne kvile på i bakkant, ved fastspenning i framtangen. Eg har sjølv arbeidd ein del ved ein liknande benk og nytta dette prinsippet for å stø emnet. Baktangen fungerar som ein vanleg tverrstilt baktange, men midtstykket som benkehaka er festa i gjev baktangen enda ein funksjon, då midtstykket trekker seg tilbake ved opning av baktangen, og gjev ei opning som er fast i tre sider. Ved bruk av denne opninga til fastspenning for til dømes endevedhøvling får ein ei sentrert belasting på skruven i baktangen, i tillegg til at sidene i opninga er faste og kan brukast aktivt til å «låse» emnet. Det er også rikeleg med hol for plassering av framre benkehake. I alt 19 hol. Innhakket i sida av benken er vanskeleg å tolke, men det kan vere mogeleg at dette er ein modifisert høvelbenk. Detaljane i bjørk (fram- og baktange), ser mykje yngre ut enn benkeplata grunna både utforming og slitasjespor. Fram- og baktangen framstår som relativt lite slitt i forhold til benkeplata.

Høgda på benken er 72 cm. Samanlikna med moderne høvelbenkar er dette noko lågt, men ikkje ulikt det som er vanleg på eldre benkar.  I motsetnad til ordinær benkehøgde gjev denne benken rom for bruk av kroppen til fasthalding av emne. Det er lett å sette eit kne oppå benkeplata for å halde fast, og ved tapping og liknande arbeidsoperasjonar kan ein lett sitte på emnet for å halde det fast. Dette er berre lause teoriar, men det må nesten vere ein grunn for at benken er laga så låg. Dette er eit fenomen eg også har sett på ein del andre eldre høvelbenkar, men her må det nok litt nærare undersøkingar til for å slå fast noko.

Tekst, teikning og foto: Håkon Telnes Fjågesund

Høvelbenken på Lydvaloftet på Voss

Veka 29. mai – 2. juni var eg leiar for ein busstur med studentane på teknisk bygningsvern og tradisjonelt bygghandverk for å besøke stavkyrkjer, mellomalderbygg, gardar og interessante restaureringsprosjekt. Vi starta på Kongsberg og køyrde vestover med mange interessante og lærerike stopp undervegs. Onsdagen vart vi møtte på Voss av Ola Fjeldheim, generalsektretær i Fortidsminneforeningen. Han tok oss fyst med på Lydvaloftet som eg har høyrt mykje om frå tidlegare. Det er antyda at loftet er frå fyrste halvdel av 1300-talet, men eg kan godt tenkje meg at delar av det kan vere noko eldre. I dette loftet er det så mykje spennande å sjå på at det ikkje er råd å få med meir enn ein liten brøkdel av inntrykka. Eg vil likevel gjerne vise noko av det eg beit meg merke i for at de skal få eit lite inntrykk av kvalitetane i dette loftet.

Sjølv om loftet i seg sjølv hadde enormt mykje spennande å by på så la eg merke til ein gamal høvelbenk som stod i ei mørk krå i andrehøgda. Kor denne benken stammar frå og kor gamal han er veit eg ikkje, men han er ein del av inventaret som Fortidsminneforeningen har i loftet. Benken har føter som er tappa inn i ei kraftig benkeplate ca 2 meter lang, ca 14″ brei og ca 3 ½» tjukk. Føtene er tappa gjennom benkeplata med ei tappskulder som støttar under. Føtene har tverrtre som er tappa gjennom og nagla. Framtanga er eit krokvakse emne av lauvtre, truleg bjørk, som det står ein treskruve i.

Høvelbenken på Lydvaloftet. Foto: Roald Renmælmo

Høvelbenken er i prinsippet veldig enkel med berre framtang. Eg har ikkje funne spor etter høvelstopp framme på benken. I bakkant er det nokre runde hol som kan vere til høvelstopp eller ronghake, men det er høgst usikkert. Benken kan ha stått mot ein vegg, men det er ikkje spor etter at den har stått fast mot noko. Det kan vere grunn til å gjere meir nøyaktige oppmålingar av benken ved eit høve. Benken var kring 74 cm høg.

Om du tenkjer på å lage deg ein kopi av denne benken og lurer på korleis du skal få tak i ein rotkrok til framtanga så har Thor Larssen akkurat skrive om uttak av rotkne på bloggen til studiet i tradisjonelt bygghandverk. På bloggen til Norsk Skottbenk Union kan du lese meir om korleis du kan gå fram for å lage treskruvar til benken.

Eg lurer på om høvelbenken frå Gressåmoen også kan ha hatt ei tilsvarande framtang som på benken på Lydvaloftet? Det er i alle fall spor etter ei drevspon under benken som har vore nagla fast slik som framtanga på benken på Lydvaloftet. Drevspona er også uavhengig av føtene som har vore felt inn i benken.

Høvelbenk med årstal 1844 frå Selbu

Kai Johansen har fått tak nok ein høvelbenk med årstal. Han har skrive om det på bloggen Tradisjonelt bygghandverk. Eg har kopiert hans tekst og bilete under.

Det ble lagt ut to høvelbenker for salg på Finn.no, etter en kort dialog med Roald  kontaktet jeg selger og avtalte å møtes.

Gården disse to benkene kom fra ble satt opp 1840  Grøtem,  evt Myrplassen kan ha vært hovedgårdene denne soknet under.  På meg virket det som om det var en husmannsplass. Det var ingen driftsbygninger der, annet enn små vedskjul på tunet. Siste beboer var Lars Grøtte som var ungkar og samlet på det meste uten å kaste noe. Det var derfor mye husgeråd i dette lille huset. Selger mente at benken måtte ha kommet til gården som medgift en gang, da bumerket som er skjært inn sammen med årstallet ikke tilhører denne gården, men en annen i Selbu. Veldig mye av huskerådet har gårdens bumerke. Bumerket var også skåret inn på den ene langveggen mot veien så alle som passerte kunne se det.

Bumerke og årstal på høvelbenken. Foto: Kai Johansen

Benken er i furu og bjørk, de tekniske målene er lengde 222cm ( 217cm+5 cm baktange), bredde 24cm-40cm ved framtange, tykkelsen på furuplaten er 3″(7,5 cm). Baktangen er 4″ tykk. Det er 17 hull for benkhaken +1 i baktangen. Skruvane er i bjørk og er 2″ i diameter.

Benken har ikke føtter, men har vært festet i veggen ved framtangen og muligens stått på en løs bukk lengre frem. Jeg finner  ikke noen spor etter føtter noen steder. Kort enden ved  baktangen på benken er den økset av , og mye av undersiden er bearbeidet med øks, relativt gtrovt bearbeidet, oversiden er høvlet. Sidene har en del vankant.

Haken er påfallende liten  og passer bare i baktanga, de andre hullene er hugd litt større og det er en del store utrivninger på undersiden, dette er gjort sekundært.

Høvelbenk i Verdal fra 1798

Kai Johansen som er student i tradisjonelt bygghandverk ved NTNU har skrive om ein interessant høvelbenk i Verdal. Han har posta dette på bloggen til studiet. Eg reknar med det er mange fleire med interesse for gamle høvelbenkar som les denne bloggen så eg har fått lov til å poste teksten frå Kai også her. Det er ikkje kvardagskost med daterte høvelbenkar så dette er veldig spennande. I tillegg er det ei veldig spesiell framtang på benken. Eg kan ikkje hugse å ha sett noko tilsvarande før? Tusen takk til Kai som har tatt seg bryet med å dokumentere og skrive om denne benken. Under følgjer tekst og bilete frå frå Kai.

img_4466
Høvelbenk fra 1798 på gården Sul i Verdal

Arvid Wold og hans kone Ulla bor på gården sul i Verdal i dag ,   på gården hans er det mange skatter, for den som er interessert i historie og folkekunst. Gården har fungert som en skysstasjon på vegen over til Sverige, i Snorres kongesagaer var dette gården Olav Haraldson (Olav Den Hellige) kom ned til når han kom til Norge i 1030 før han red ned til slaget på Stiklestad, så det er historisk grunn.

Benken som er på gården har en litt spesiell historie med seg , Arvid fortalte at i nødsårene i 1812 var det 3 familier som etablerte seg ved Stor-rensjøen (i Sverige), et vegløst område ganske høyt til fjells ligger på ca 500 m.o.h. De levde av jakt ,fiske og husdyrhold. Det var visst snakk om noen som var lyst i bann? Bosettningen her vokste til 3 gårder hvor det etterhvert ble en relativ stor smie, Edin Gjersin fra Verdal var smed lærling der i to år (1897-98) bl.annet

Da det er skjært inn årstall på benken 1798 er det trolig at de hadde den med seg til deres nye bosetning. I dag er det Wallenberg dynastiet som eier all grunn i disse områder. Benken ble reddet av Jon Suul da gårdene sto for forfall i nyere tid, han tok den med til Norge, ca 1985.

Høvelbenken har en spesiell utforming med hensyn til størrelse og feste anordning. Benkeplaten og beina er i furu mens gjengetappene og klemmene er i bjørk. Det har vært en del utskiftninger i senere tid bla annet 1 gjengetapp og føttene og begge håndtakene til å stamme/ slakke gjengetappene med.

Benken er 206 lang med baktangen, den er 30 cm brei, og 6,5 cm tykk., den er 78 cm høy, marg ned.

Føttene er 3” x 1”plassert 38 og 45 cm inn fra endene og 5 cm inn fra sidene . Det er 20 hull til tanger (fordelt på to rekker 9 og 11 hull)

Framtanga er i bjørk og er hengslet i hjørnet av benken, så den klemmer sammen nesten som en skottbenk.

Hyvelbänkar i ett hantverksmuseum i Roskilde

För en tid sedan var jag i Roskilde. Av en händelse upptäckte jag att det finns ett hantverksmuseum med en samling med inriktning mot trähantverk där. B.la. finns det verktyg för timmermansarbete, snickeri, tunnbinderi och träskomakeri. Föremålen är insamlade av Børge Dahl under hans tid som tømmerhandlare.

I museet fans det några hyvelbänkar. Två av bänkarna var av den vanliga sorten med fram- och baktång och en bänkskiva med bänklåda. Bänkarna hade ett hål för en stämhake.

I tidigare inlägg har jag använt benämningarna bänkhållare, «fans tumme» och stämhake. Även om jag inte har några säkrare belägg än att ordet stämhake förekommer i flera inventarielistor i bouppteckningar för Snickarmästare på 1700- och 1800 talen, kommer jag tills vidare använda benämningen stämhake.

Tyvärr är bilderna oskarpa. Ljusförhållandena var inte tillräckligt bra för att fotografera med en ipad.

roskilde4
Hyvelbänk i Roskilde hantverksmuseum. Foto: Tomas Karlsson

roskilde3
Hyvelbänk i Roskilde hantverksmuseum. Foto: Tomas Karlsson

 

 

Høvelbenk frå Holstvollen i Bymarka i Trondheim

Høvelbenk frå Holstvollen i Bymarka i Trondheim.
Høvelbenk frå Holstvollen i Bymarka i Trondheim. Foto: Thor-Aage Heiberg

Denne karen dukket opp på en høylåve på Holstvollen ved en befaring på stedet. Benken er i god stand som bildet viser og har begge benkehakene på plass. Mål fremkommer av tegningen nederst. Benken er hovedsakelig laget i furu, men enkelte detaljer som frem og baktang samt skruene er i bjerk. Selve benkeplata er av ett helt bord. Fremtangen er skrudd fast i benkeplata med skruer. Baktangen har styrelister på undersiden av benkeplata. Styrelistene og selve skruen er det tappet ut for i benkeplata. Listene måler 1″ x 1″ i tverrsnitt. Skruene i frem- og baktang har en utvendig diameter på omlag 2 1/4″.

Legg også merke til den lille klossen på undersiden som kan svinges på utsiden av kanten og fungere som opplagringspunkt for det som er fastspent i fremtangen. Det er også tappet ut et hull i kanten av benken like ved denne klossen. Kanskje for å stikke en pinne inn i med samme hensikt som klossen?

Kjenner ikke foreløpig til historisk tilknytning eller bruk(sområde) av denne benken.

Benken sett fra undersiden
Benken sett fra undersiden

Detalj av kloss på undersiden benken. Tommestokken viser plassering målt fra fremenden av benken.
Detalj av kloss på undersiden benken. Tommestokken viser plassering målt fra fremenden av benken.

Detalj, baktange. Det er lagt et innlegg på oversiden i benkeplaten av bjerk
Detalj, baktange. Det er lagt et innlegg på oversiden i benkeplaten av bjerk

Detalj av underside, banktang
Detalj av underside, banktang

Oppmålingsskisse av høvelbenken. Alle mål er i norske tommar (a 26,15 mm). Skisse: Thor-Aage Heiberg
Oppmålingsskisse av høvelbenken. Alle mål er i norske tommar (a 26,15 mm). Skisse: Thor-Aage Heiberg

Høvelbenk frå Eggagården på Røros

Kopi av høvelbenken frå Eggagården på Røros. Kopien er bygd av Sjur Nesheim, Trond Oalann og Roald Renmælmo i 2010. Foto: Roald Renmælmo
Kopi av høvelbenken frå Eggagården på Røros. Kopien er bygd av Sjur Nesheim, Trond Oalann og Roald Renmælmo i 2010. Fleire bilete av benken. Benken er laga med fire føter medan originalen hadde berre to føter bevart. Originalen hadde spor etter føter av same type i bakenden også og det var grunnlaget for tolkninga som kopien er. På bakgrunn av eigne forsøk med denne benken så verkar han ustødig om han ikkje står mot ein vegg. Ut frå det kan eg tenkje meg at benken har hatt berre eitt beinpar og at den andre enden har stått fast i ein vegg. Spora etter føter i andre enden kan tolkast som at benken har vore slitt og at ein har snudd benken og flytt føtene til andre enden? Foto: Roald Renmælmo

Rørosmuseet har ein høvelbenk i samlinga si som har registreringsnummer RMU 4110. Benken stammar frå Eggagården på Røros. Vi veit ikkje så mykje om kva som har vore snikra på denne benken og kven som har brukt han. Benkjen er 2,2 meter lang og har arbeidshøgd på 74 cm. Benkeplata er toppskore og måler 15″ bredde framme og 16″ bak. Benkeplata er 2″ tjukk. Skruven er 2 1/2″ tjukk. Det er ikkje baktang på benkjen.  Den tynne og breie benkehaken har nok fungert godt nok til å halde emna på plass under høvling. Det er ikkje vanleg framtang på benkjen men ei ståande skruklemme som står mot fremre fot. Klemma har ein avstandskloss nede som er 5/4″ tjukk. Det tyder på at den dimensjonen har vore vanlegast å høvle på benken.

Høvelbenken frå Eggagården. (RMU 4110). Benkehaken er tatt laus for oppmåling. Den har elles stått fast i benken og var låst med ein kile. Dei to bakre føtene på høvelbenken manglar men det er spor etter at dei har vore der. Det er også spor etter at benken kan ha vore festa i ein vegg. Foto: Roald Renmælmo
Høvelbenken frå Eggagården. (RMU 4110). Benkehaken er tatt laus for oppmåling. Den har elles stått fast i benken og var låst med ein kile. Dei to bakre føtene på høvelbenken manglar men det er spor etter at dei har vore der. Det er også spor etter at benken kan ha vore festa i ein vegg. Legg merke til klossen som stikk fram frå undersida av benkeplata på venstre side. Dette er ein vribar kloss som kan fungere som støtte under eit emne som er festa i tvinga på sida. Foto: Roald Renmælmo

Benkehaken frå høvelbenken på Eggagården. Foto: Roald Renmælmo
Benkehaken frå høvelbenken på Eggagården. Foto: Roald Renmælmo

Detalj av benkenhaken på høvelbenken frå Eggagården. Foto: Roald Renmælmo
Detalj av benkenhaken på høvelbenken frå Eggagården. Foto: Roald Renmælmo