Category Archives: 1,8 – 2 meter

Høvelbenk frå Grytøy i Troms

Høvelbenk i samlinga på Lundenes bygdetun. Benken er kring 185 cm lang og 60 cm brei over framtanga. Benken er bygd av ein planke som er 24 cm brei og 45 mm tjukk og går i heile lengda. Den har baktang av hjulmakartype og høvelbenkskuff som er omlag 20 cm brei. Foto: Roald Renmælmo
Høvelbenk i samlinga på Grytøy bygdetun. Benken er kring 185 cm lang og 60 cm brei over framtanga. Benken er bygd av ein planke som er 24 cm brei og 45 mm tjukk og går i heile lengda. Den har baktang av hjulmakartype og høvelbenkskuff som er omlag 20 cm brei. Foto: Roald Renmælmo

Sidan eg har brukt mykje tid på å lære meg å løype never og tekkje med never og torv, prøvar eg å få praktisert litt kvart år. Denne sommaren arbeider eg med andre del av tekkinga på taket på det gamle våningshuset på Grytøy bygdetun. Grytøya er ei øy i Harstad kommune i Troms og ligg nord for Hinnøya. Bygdetunet har ei omfattande samling  av gjenstandar og eg har nytta høvet til å fotografere denne høvelbenken som er ein av desse. Eg har ikkje funne noko informasjon om kor benken kjem frå eller kven som har brukt han. Eg går ut frå at han har vore brukt på Grytøya og at han er frå ein av gardane der.

Høvelbenken er av tilsvarande type som høvelbenken frå Holstvollen i Bymarka i Trondheim som Thor Aage tidlegare har skrive om. Også høvelbenken frå Li i Suldal er ganske lik i uforminga, men manglar baktange og rekka med hakehol. Ein vesentleg forskjell er at benken på Grytøya har høvelbenkskuff. Denne kan kanskje vere ei modifisering av ein eldre benk som har vore veldig lik benken frå Holstvollen. Dette er altså ein type benk som går att ulike stader i landet i ulike versjonar. Det vanlege er å finne desse utan understell så det er vanskeleg å seie korleis slike understell har sett ut eller kor høge benkane har vore.

Hyvelbänk i Siljansnäs

Hyvelbänken finns i ett förråd på en gård i Siljansnäs. Bänken är 1,87 m lång. Skivan är 36 cm bred och 4,7 cm tjock. Baktången har en fast hake, men skivan saknar hakar för fasthållning. Ett av benparen förefaller vara original.

Hyvelbänk
Hyvelbänk från Siljansnäs. Foto: Beth Moen.                                                                                                                                                                                       
Framtång. Foto: Beth Moen
Framtång. Foto: Beth Moen