Category Archives: 1,3 – 1,8 meter

Høvelbenk frå Midtre Gauldal i Sør-Trøndelag

Høvelbenk frå Midtre Gauldal i Sør-Trøndelag

Studentane på Tradisjonelt bygghandverk på NTNU i Trondheim har hatt ei oppgåve i å finne og registrere skottbenkar eller høvelbenkar i sine heimeområde. Magnus Wammen har ikkje lukkast å finne skottbenk i sine heimtrakter og har i staden tatt for seg ein høvelbenk i samlinga til Norsk Folkemuseum, der Magnus arbeider. Høvelbenken er ein av ei rekke spennande benkar på Stigums magasin, eit arbeidsmagasin som har fått namnet etter etnologen Hilmar Stigum. Vi har før skrive om ein annan høvelbenk på same magasin. Då var det også Magnus som hadde gjort oppmåling av den benken. Framtanga av eit krokvaske emne minner om den som er på høvelbenken på Lydvaloftet på Voss. Her følgjer tekst, bilete og oppmålingsteikning frå Magnus.

Stigums magasin på Norsk Folkemuseum
Dokumentasjon av høvelbenk ifra Stigums magasin, Norsk Folkemuseum.

Jeg har søkt rundt etter å finne en føibenk i området Øvre Vestfold, Nedre Buskerud for å finne en som jeg kan kopiere til bruk i snekkersmia, som vi trenger for å høvle gulvbord i vinter/til våren. Men det har vært uten hell. Så da ble det den nest siste høvelbenken som ligger på Stigums verktøymagasin, under snekker, som ikke er dokumentert. Den siste er en mere standarisert vanlig høvelbenk.

Høvelbenken sett fra baktanga.

Det er en liten, kort høvelbenk, veldig lik den som ble dokumentert under Bygningsvernkongressen i 2014. Den er ganske lik i utforming, men har ligget på et fastpunkt i ene enden, og sannsynligvis stått på en bukk i bakre ende. Den manglet, sammen med baktanga. Det mangler på informasjon, som mye av det på magasin. Fakta: samlet inn i 1930, og kommer fra Midtre Gauldal S.Trøndelag.

Høvelplata er i furu, årringetetthet rundt 2mm, skrue og knekt og bakstykke i bjørk. Det er firkantede hull for høvelstopp,  på venstre og høyre side i høvelplata de første 20 tommene derretter i hovedsak i midten av benkeplata. Det er nok fordi i begynnelsen går skruen for baktanga midt i plata. Gangen for skruen er tatt ut i benkeplata med så lite treverk igjen at det har gått av en stor flis igjennom benkeplata.

Oppmåling av høvelbenk registreringsnummer L:4177 på Stigums Magasin på Norsk Folkemuseum.

Hyvelbänk på Örnanäs gård i Skåne

Hyvelbänken står i ett uthus på gården Örnanäs. Gården som nu är ett kulturreservat användes som fallstudie i Gunnar Almeviks avhandling Byggnaden som kunskapskälla (2012).

örnanäs-ritning
Örnanäs gård. Uppmätningsritning av Gunnar Almevik.
örnanäsbänk
Hyvelbänk på Örnanäs gård. Foto : Nils-Eric Anderson.

 

Örnanäs-2
Uppmätningsskiss utförd av Nils-Eric Andersson.

Bänken som är 70 cm hög har en annorlunda konstruktion med det som ser ut att vara ett stöd för fötterna. Avsikten med stödet är förmodligen att underlätta att sitta grensle på bänken och arbeta. Skivan är 25 cm bred och 8 cm tjock. Det är svårt att säga vad bänken använts till, men min uppfattning är att den använts vid ett monotont arbete. Ett arbete där en stor mängd lika föremål bearbetats på något sätt.

Litteratur

Almevik, Gunnar (2012).  Byggnaden som kunskapskälla [Elektronisk resurs] . Diss. Göteborg : Göteborgs universitet, 2012

Tillgänglig på Internet: http://hdl.handle.net/2077/28072

 

Samanleggbar høvelbenk, eller stavklombre

Høvelbenk er ei nemning som kan nyttast om alle arbeidsbenkar som ein skal høvle material på. Likevel er det mange spesialiserte høvelbenkar som gjerne har eigne namn. I samband med bygningsvernkongressen i Oslo var det ein sesjon på oppmåling og dokumentasjon av verktøy og slikt i samlinga til Norsk Folkemuseum. Eg sjølv var oppteken med høvling på skottbenk og dørsnikring og fekk ikkje med meg turen i magasinet. Heldigvis var det to av våre faste lesarar på bloggen, Gunnar Almevik og Magnus Wammen, som fekk målt opp og fotografert ein spennande liten høvelbenk. Benken har registreringsnummer NFL.4176 og kjem frå Støren i Gauldal i Sør-Trøndelag. Benken er ikkje meir enn 1,4 meter lang og har bøylar i framkant for å festast i vegg. Den har ein hengsla fot som står på golvet. Benken kan slåast opp på veggen når han ikkje er i bruk. Ein tilsvarande benk har vi tidlegare skrive om her på bloggen. Haken i baktanga ser ut til å vere den same. Haken som eventuelt har vore brukt i hola langs midten av benkeplata ser ikkje ut til å følgje med benken. Det kan ha vore ein enkel treplugg?

Benken har truleg vore brukt til høvling av kortare emne, helst stavar til lagging eller eventuelt bøkkararbeid. Det er då truleg høvling av staven på flasken som er høveleg å gjere på ein slik benk. Stav til lagging skal høvlast hul inni og rund utanpå. Det finnast nikre tilsvarande benkar på Digitalt Museum og ein av desse har nemninga «stavklombre» knytt til seg. Den benken har registreringsnummer SM.003119 og er frå Dalsfjord på Sunnmøre. Ein annan tilsvarande har nemninga «stavklemme» knytt til seg og har registreingsnummer SM.005796. Stavklemme og stavklombre peikar mot at desse benkane har vore brukt til høvling av stavar. Både lagga kjerald og tynner har stavar. For bruk til mindre snikkararbeid kan truleg slike benkar vere praktiske, særleg om ein har lite plass på verkstaden sin. Benken er så liten at han kan setjast opp på ein studenthybel og berre vere oppslått på veggen når han ikkje er i bruk. Både Gunnar Almevik og Magnus Wammen har målt opp og teikna benken så denne er godt dokumentert. Eg har fått løyve frå Magnus til å leggje ut bilete og teikninga her på bloggen. Då er det berre å gå i gang med å snikre seg slike benkar. Magnus har foreslått at benken også kan brukast til å forlenge ein eksisterande høvelbenk om ein har bruk for å høvle lange lengder. På byggeplassen kan ein hekte ein slik benk fast på gjerdesaga eller liknande. Ein perfekt benk å ha med seg i bilen når ein er ute på oppdrag.

Oppmåling av høvelbenken. Teikning av Magnus Wammen, Norsk Folkemuseum
Oppmåling av høvelbenken. Teikning av Magnus Wammen, Norsk Folkemuseum