Category Archives: Killingfot / hallfast / ronghake

Hållfast i Skåne

Ein av våre trufaste følgjarar, Kalle Melin i Skåne i Sverige har kome over ein hållfast i ein høvelbenk i samlinga til regionmuseets byggnadsminne Skärsnäs vid Immeln i Skåne. Slike er ikkje så vanlege å kome over i Sverige så eg synast det er verdt å skrive nokre ord om den. Eg har sjølv ikkje besøkt museet for å sjå benken sjølv, men Kalle har sendt over nokre bilete som viser utforminga på hållfasten. Eg har søkt i samlingane til museet og funne fram den aktuelle høvelbenken. Den har registreringsnummer: KrM S0896 og er registrert som hyvelbänk / snickarbänk. Ut over dette er det ikkje med opplysningar om proveniens eller dimensjonar på benken.

Høvelbenken med hallfast ståande i eit hol på benkeplata. Foto: Kalle Melin
Høvelbenken med hallfast ståande i eit hol på benkeplata. Det kan sjå ut som om holet i benkeplata er litt for lite til at haken kan slåast heilt ned? I så fall kan det kanskje tyde på at haken og benken ikkje nødvendigvis høyrer saman? Det kan vere verdt å sjekke ut nærare. Foto: Kalle Melin

Denne haken er flatare i armen enn ein tidlegare hake som også Kalle Melin kom over i  i Gärds Köpinge og som vi har skrive ein del om her på bloggen. Den er meir i tråd med forma på armen som den som S. J. Almås frå Hølonda i Trøndelag har teikna og som vi tidlegare har skrive om på bloggen.

Hållfasten slik han ser ut i tangen som går gjennom benkeplata. Han er smidd ut i ein spiss i enden. Foto: Kalle Melin
Hållfasten slik han ser ut i tangen som går gjennom benkeplata. Han er smidd ut i ein spiss i enden. Foto: Kalle Melin

Plasseringa av holet for haken i benkeplata er heilt i tråd med det vi har funne på ein del norske høvelbenkar og det som eg har funnet i svarmaterialet i Norsk Folkeminnesamling. Eg reknar med at dette berre er ein start og at det snart vil dukke opp fleire gamle høvelbenkar med slike hållfastar i ulike område i Sverige. Eg er takksam for tips om alle gamle spennande høvelbenkar.

Høvelmakerbenken

I furtebua nede i kjelleren har det manglet en høvelbenk. Jeg har en ordinær høvelbenk med fram- og baktang slik «alle» kjenner den. Ulempen er at den benken er 280 cm lang. Alt for lang til å ha nede i furtebua som i tillegg til hjemmesnekkerverksted også skal fungere som sykkelverksted og smørebu. Jeg har et ønske om å ha mulighet til litt hjemmesnekring, høvelmaking mm. og bestemte meg for å lage en benk tilpasset plass og behov.

Høvelmakerbenken, ferdig med benkehake og killingfot. Haken en laget av
Høvelmakerbenken, ferdig med benkehake og killingfot. Haken en laget av Bertil Pärmsten  (@Brackesmedja) og killingfoten er laget av Øystein Myhre (@Myhresmeden).

Benkens størrelse er i stor grad bestemt av hvor mye plass jeg har til rådighet i mitt lille kjellerkrypinn. Jeg ville ha en benk for snekring med håndverktøy og den måtte derfor ha en tykk plate som tåler å hugges på og et stødig understell som tåler å høvles på. Jeg bor i ett rekkehus i et borettslag, med små unger sovende i etasjen rett over arbeidsplassen. Benken må derfor så godt som overhodet mulig absorbere slag ved hugging av f.eks. sponrom i en høvelstokk.

Framtangen etter inspirasjon av Roubo og Chris Schwartz. Gjengetappen er selvlaget.Framtangen etter inspirasjon av Roubo og Chris Schwartz. Gjengetappen er selvlaget. Styrelisten nederst holder framtangen parallell med beinet ved å stikke en rund pinne eller bolt gjennom det hullet nærmest beinet.

Jeg endte opp med en benk hvor benkeplaten er av bjerk,  45 1/4″ lang, 3″ tykk og 17″ bred. Fremtangen og skruen er også av bjerk. Benken er 32″ høy og beina med sargene er i furu. Benken er inspirert fra flere kilder. Benkeplaten med fottangen, benkehaken og kjellingfoten er hentet fra Roubo´s velkjente høvelbenk slik Chris Schwartz har laget den. En tykk, plan, stødig plate som tar opp slag og høvling  godt. En så liten benk trenger å være stødig for å fungere til høvling. Beina er tappet opp i platen og låst med nagler. De er stivet av med sarger lengre nede. Sargene er skrudd til beina.

Bakbeina skrår ca. 12 grader, inspirert fra Wasabenken.
Bakbeina skrår ca. 12 grader, inspirert fra Wasabenken.

Jeg skal nok lage meg en hylle under benken som kan hvile på sargene etterhvert. Bakbeina på skrå er hentet fra Wasabenken og tilfører støtte sideveis til en relativt smal benk.

Frambeinet er tappet gjennom og skal fungere som en huggestabbe
Frambeinet er tappet gjennom og skal fungere som en huggestabbe

En liten egen variant er at jeg har laget et ekstremt kraftig frambein med en fottang. Beinet er 4 3/4″ tykt og 10 1/2″ bredt øverst. Frambeinet er tappet tvers gjennom platen og kilt fast med kiler ovenfra. Tanken er at hugging av sponrom skal foregå rett over dette beinet som forhåpentligvis skal fungere nesten som en liten huggestabbe. Slaget bør gå rett gjennom beinet og ned i gulvet. Ved å lage beinet avsmalnende nedover, slik som selve fottangen, ser ikke beinet så kraftig ut. Jeg synes det faktisk fungerer visuelt ganske bra. På grunn av dette kraftige frambeinet ble benken svært stødig. Dessuten tilfører beinet tyngde til den lille benken som kommer godt med når høvlingen starter.

Fleire norske hakar, ronghake og høvelbit

Når ein tek til å undersøkje eit emne som ikkje har vore systematisk kartlagt tidlegare, kan det dukke opp mykje spennande. Slik har det vore med dei hakane som snikkarane har brukt til å feste emne på høvelbenken, gjerne kalla for ronghake, kjellingfot eller hallfast i ulike dialektområde. Desse har eg ikkje funne eit einaste spor etter i faglitteraturen i snikkarfaget. Dei er så vidt nemnd i faglitteratur i båtbyggjarfaget. Mi førre oppdaging var å finne to stk. hakar frå Harstad i samlinga til Sør-Troms museum. Før det var det nokre oppdagingar som Peter Brennvik har gjort i Møre og Romsdal som vart presentert. Han har sendt meg noko utfyllande informasjon om ein av hakane vi presenterte då og har enda funne fleire benkar og hakar i sitt område.

Fyst ut er meir informasjon om ronghaken frå garden Krikjinn i Løvika som vi har vist bilete av tidlegare. Det er brødrene Løvik, båtgyggarane, som har vakse opp på garden og det er truleg faren deira, Anders Løvik (1874-1968) som har hatt høvelbenken og haken. Du kan lese meir om garden og slekta i «Gards- og slekthistorie for Vestnes». for Ronghaken står i ein høvelbenk som har arbeidshøgd på 74 cm, har total lengde på 234 cm. Bredda på benkeplata er 36 cm og bredda ved framtanga er 64 cm. Holet til ronghaken har diameter på 30 mm. Ronghaken har diameter på 28 mm i stammen. Elles er stammen på ronghaken 35 cm lang  og lengda på kjeften er 20.5 cm. På garden er det også ein hake som fungerer som høvelstopp, tidlegare gjerne kalla benkehake her på bloggen. Nemninga benkehake kan vere noko usikker sidan det er vanskeleg å skilje den andre haken, ronghaken, frå den vesle haken til høvelstopp. I svarmaterialet frå spørjelista om snikkarhandverket i Norsk Folkeminnesamling er nemningane «klobit», «høvelbit» og «kamb» med blant svara frå Møre og Romsdal. Desse kan vere betre egna som lokale nemningar enn benkehake?

Peter Brennvik har også funne ein ronghake frå Skeidsvoll i Tresfjord i Møre og Romsdal. Dette er ekstra artig sidan Hans Skeidsvoll er kjelda til nemninga ronghake. Dette er frå svara på spørjelista om snikkarhandverket i Ord og Sed i Norsk Folkeminnesamling frå 1934. På spørsmålet om korleis dei festa lange emne i høvelbenken svarar Hans: «For lange stykkje bruktest ronghake og bit». Truleg er «bit» det same som høvelstopp som vi til vanleg kallar benkehake? Om ronghaken frå Skeidsvoll har vore bruka av Hans Skeidsvoll kan eg ikkje seie sikkert, men det er truleg slik at vi kan knyte haken til nemninga.

Peter er stadig på leiting etter snikkarverkstader og har i går kome over denne ronghaken i snikkarverkstaden etter O. O. Løvik. Den er frå garden Brautin i Løvika i Tresfjord. Haken minnar veldig om den frå Skeidsvoll som er bilete av over. Det er truleg at det er same smeden som har smidd ronghaken på Skeidsvoll og i Brautin.

For nokre veker sidan var Peter på ein rundtur for å undersøkje eldre verktøykister og verktøysamlingar. Då kom han over enda ein høvelbenk med ronghake. Denne gongen på garden Stette i Skodje kommune på Sunnmøre.  Høvelbenken den står i er 84 cm høg og 236 cm lang. Under følgjer nokre bilete som Peter har tatt av benken. Peter er aktiv på Instagram under brukarnamnet @bassdummy.

Som om ikkje dette var nok så har det også dukka opp ein ronghake på Austlandet. Eg heldt kurs i snikring av vindauge for studentar frå Oppland som vidareutdannar seg i bygningsvern på tilbodet som Høgskolen i Sør-Trøndelag tilbyr. Vi heldt til på Gildesvollen i Ringebu. Der dukka det opp ein ronghake i samlinga av snikkarverktøy på Gildesvollen.

På kurset i viste det seg at studentane som vanleg hadde med seg mykje spennande frå sine heimtrakter. Mellom dette var det ein gamal høvelbit som Hans Andreas Lien hadde med seg. Denne hadde han fått kjøpt hos ein brukthandlar på Skreia. meir detaljerte opplysningar er det ikkje om denne. Frå Oppland har eg døme på nemingane: «klo», «kamb» og «jarnkloa» som tilsvarande høvelbit frå Møre og Romsdal. Dette er også frå svarmaterialet frå Norsk Folkeminnesamling.

Workbenches around the world, Moravian workbench in Sweden

The BA student Anton Nilsson at the programme for "Bygghantverk" in Mariestad in Sweden has made a workbench for his final thesis. In Sweden this is called  "kandidatexamen. Photo: Anton Nilsson
The student Anton Nilsson at the programme for Building Crafts (Bygghantverk) in Mariestad, Sweden. He made a workbench during the Individual Specialisation Course in Building Craftsmanship. In Sweden this is called “Hantverksfördjupning». The bench are 88 cm high. Photo: Anton Nilsson

It has been a while since our last post in English here on our blog. We have got a category for English language posts that could make it more easy to read for English speaking readers. I have also made a small introduction for this blog in English. When we started this blog we where expecting only readers from our Nordic countries. Most of our readers so far, are from English speaking countries, but we have had readers from 92 countries around the world. How all theese can get something out of our Norwegian or Swedish texts, are a mystery? I enjoy reading the blogs that you readers are wrinting. There is a lot of interesting and useful stuff about workbenches. Some of this is also important for us so we can understand our own tradition in a better way. In this post I will present a new workbench made after a instruction on an American blog. We where, and still are, mainly interested in workbenches and «snikkarhandverk» as we find it in Norway and Sweden. We are still going to write mainly in Norwegian and Swedish but you are more than welcome to comment and ask questions in English.

Anton Nilsson (you can contact him on FB by clicking his name) is a student at Gothenburg University in Sweden. He is following a  programme called Building crafts «Bygghantverk» in Mariestad and Tomas Karlsson has been his teacher in joinery, «Snickeri». Anton wanted to build a workbench as his personal study in joinery. He wanted a workbench that where portable and easy to set up and dismantle. He would also like the bench to be as stable as possible without beeing to heavy. The very interesting workbench from Vasa did not fill any of theese requirements and was therefore not an option. Instead he found a description of The Moravian Workbench written by Will Myers. Myers found the original bench in Old Salem, a museum in North Carolina in USA. The bench construction seems to be made so that it easily can be dismantled and possible to transport.

So far it seems that the bench works as it should and Anton are owner of a portable workbench he can bring to any worksite. I still think that the most important is what he learned along the way. It is very interesting to make your own workbench and think though the details when you work. We have posted lately of portable and smaller workbenches and there is more to come. Some of the recent posts with portable benches:

Låg arbeidsbenk på Sogn Folkemuseum

Høvelbenk på Meldal bygdemuseum

Samanleggbar høvelbenk, eller stavklombre

Roald snikrar høvelbenk, modell Helberg i Bardu

Hallhakar eller benkehakar i Harstad i Troms

I går fekk eg telefon frå Nina Bergum som arbeider som konservator på Sør-Troms museum. Ho fortalte at ho hadde strevd med nokre hakar av jarn som skulle registrerast i gjenstandsdatabasen deira. Kva var dei brukt til og kva skulle dei kallast? Ho hadde kome over bloggen vår og lurte på om ikkje hakane kunne vere kjellingfot/ronghake som snikkarane brukte i høvelbenken? Sjølvsagt vart eg interessert i å sjå bilete av desse og fekk dei oversendt på e-post. Eg såg snart at her var det ikkje tvil om at vi har å gjere med snikkaren sin hake til å setje i høvelbenken. Det er flott at bloggen kan vere til nytte for også andre enn oss snikkarar. Det er mykje snikkarverktøy i samlingane til norske og svenske museer. Truleg er det lite av dette som er registrert godt nok til å vere godt søkbart i gjenstandsdatabasane? Eg har skrive ein artikkel om korleis forskjellen på det eldre snikkarhandverket og faglitteraturen saman med det moderne snikkarfaget kan gjere det vanskeleg å tolke eldre snikkarverktøy. Det er ikkje nokon tydeleg samanheng. Når ein då skal registrere museumsgjenstandar slik som desse hakane så finn ein ikkje noko i faglitteraturen som kan vere til nytte. Då kan derimot bloggen vår bli ein nyttig ressurs.

Denne haken har registreringsnummer STMU-002887. Total lengd på stammen er 33 cm. Den har tydelege spor etter lang tids bruk der snikkaren har slått med hammaren på toppen av stammen. Det er filt små riller i labben for at han skal gripe betre i emnet. Foto: Nina Mørk Johansen, Sør-Troms Museum
Denne haken har registreringsnummer STMU-002887. Total lengd på stammen er 33 cm. Den har tydelege spor etter lang tids bruk der snikkaren har slått med hammaren på toppen av stammen. Det er filt små riller i labben for at han skal gripe betre i emnet. Tilsvarande riller er det også på haken som Tomas har skrive om frå Danmark. Foto: Nina Mørk Johansen, Sør-Troms Museum

Det er sparsamt med opplysningar knytt til desse hakane. Dei skal ha tilhørt snikkar Arne Listau i Harstad. Han var aktiv i Harstad Håndverkerforening  og tok gjerne på seg å lage til små utstillingar av snikkarverktøy i foreninga i samband med utdeling av svennebrev eller liknande. Arne vaks sjølv opp i same hus som Harstad Trævarefabrik der faren hans arbeidde og snikra spesielt kister. Det er også opplysningar om at ein av hakane skal vere smidd av ein smed på Borkenes i Kvæfjord kommune, det er ikkje langt frå Harstad. Harstad Håndverkerforening ble lagt ned i 2008 og selde då eigedomen og gav  midlane til stiftinga Anna Rogde og Sør-Troms museum. Museet har også ein skottbenk som det er skrive om på bloggen til Norsk Skottbenk Union, og ein høvelbenk som det er skrive om her.

Denne haken har registreringsnummer STMU-002888. Haken har litt anna form enn dei hakane eg har sett tidlegare. Frå biletet kunne ein tenkje seg at han er laga av rør, men det har eg ikkje undersøkt. Foto: Nina Mørk Johansen, Sør-Troms Museum
Denne haken har registreringsnummer STMU-002888. Haken har litt anna form enn dei hakane eg har sett tidlegare. Foto: Nina Mørk Johansen, Sør-Troms Museum

Tittelen på denne posten har to nemningar som ikkje har vore så mykje framme i lyset så langt. Hallhake er ei nemning som har vore brukt av Jens Solvang frå Hillesøy i Troms. Edvard Ruud frå Elgsnes skreiv at det tidlegare var vanleg å feste emne i høvelbenken med «hake og tand». Då meiner han at «tand» er høvelstoppen i høvelbenken. Eg reknar då det som nokså sikkert at med «hake» meiner han då haken som snikkaren nyttar for å feste emne oppå høvelbenken. Berre ordet «hake» er så generelt at det kan vere vanskeleg å bruke. Eg har difor bukt forma «benkehake» som har støtte i mange av svara på spørjelista om snikkarhandverket i Norsk Folkeminnesamling. Benkehake er brukt som nemning på høvelstoppen i spørsmåla og då er det tenkt at det er standard terminologi i snikkarhandverket. Det stemmer godt med det vi finn i faglitteraturen i faget. Det stemmer derimot litt dårlegare med nemningane som kjem fram av svara på spørjelista. Her er det fleire som har teikna ein liknande hake som på bileta over og skrive «benkehake» som nemning på dette. Det skal ikkje vere enkelt. Vi får glede oss over oppdaginga av desse to flotte hakane i Harstad og sjå fram til at det sikkert kjem til å dukke opp høvelbenkar som kan passe med desse hakane.

Ronghakane i Møre og Romsdal

Ronghake og høvelbenk frå snikkarverkstaden til Hans O. Aas i Kjellbotnen / Skorgedalen i Vestnes kommune. Foto: Peter Brennvik
Ronghake og høvelbenk frå snikkarverkstaden til Hans O. Aas i Kjellbotnen / Skorgedalen i Vestnes kommune. Foto: Peter Brennvik

Eg har tidlegare skrive om ein original ronghake som finnast på garden Ullaland i Volda. Det er også påfallande mykje informasjon om ronghakar i svara på spørjelista om snikkarhandverket som eg har skrive ein artikkel om i haust. For ikkje å snakke om den flotte ronghaken og tilhøyrande høvelbenk på Romsdalsmuseet i Molde som Peter Brennvik og Øyvind Vestad har tipsa meg om. Frå at dette fenomenet har vore heilt fråverande i skrift om snikkarhandverket i Noreg til desse oppdagingane synast eg at vi hadde kome langt på kort tid. No viser det seg at dette truleg berre er starten på noko enda større. Peter har vore aktiv og gjort undersøkingar rundt på gardane i sine heimtrakter og rapportert vidare til meg slik at eg kan dele oppdagingane her på bloggen.

Den fyste oppdaginga er høvelbenken frå Skakketeigen i Molde. Benken har to ulike typar hol for ronghake 1″ og ¾». Her er ikkje ronghaken bevart saman med benken. Han kan likvel dukke opp seinare. Peter har oppdaga nokre lause ronghakar på i lokale snikkarverkstader. Hakane har han posta om på Instagram : http://instagram.com/bassdummy

Desse hakane er eg usikker på om kan knytast til ein lokal høvelbenk der dei har vore i bruk. Det an dukke opp meir informasjon om desse seinare.  Det siste er ein høvelbenk med ein fin smidd ronghake i. Denne minner veldig om ronghaken på Romsdalsmuseet.

Til saman vitnar desse funna om at ronghaken og bruken av den har vore utbreidd i dette området av Møre og Romsdal. Det kan vere god grunn til å leite vidare i desse områda for å finne meir om høvelbenkane og korleis ronghakane har vore brukt.  I samaband med arbeidet med skriving av artikkelen min om kjellingfot og ronghake undersøkte eg utbreiinga av ulike nemningar på benkehake, det som vert nytta som høvelstopp. I Møre og Romsdal verkar det som om nemninga benkehake var brukt om denne haken som Peter har sendt meg bilete av, ronghaken eller kjellingfot. Høvelstoppen er i staden kalla klobit, kam,  høvelbit, klo eller dobbe. Når ein i spørjelista om snikkarhandverket har spurt etter lokale nemningar på benkehake så er det ikkje sjølvsagt at ein då meiner høvelstopp. Mange av svara tyder nettopp på at dei fleste forstår benkehake som det same som ronghake. Eit tydeleg døme på det er svaret frå Endre J. Korndal i Øksendal som har skrive «dei brukte benkehake» og har teikna ein hake som minner svært om ronghaken på bilete over. To av hakane Peter har funne er frå Tresfjord. Nettopp frå Tresfjord har vi dokumentert nemninga «ronghake» i svaret frå Hans Skeidsvoll. Her skriv han «for lange stykkje bruktest ronghake og bit». Då er det grunnlag for å bruke «bit» eller «høvelbit» som nemningar på høvelstoppen i dette området, noko eg kjem attende til her på bloggen. (Renmælmo 2014) Ei stor takk til Peter som har gjort desse viktige oppdagingane og deler dei med oss. Frå at vi hadde nemninga ronghake med forklaring, har vi no fleire konkrete hakar frå same område. Dei flotte bevarte hakane har detaljar som er viktige for at smedane skal finne fram til smiteknikk, materiale og dimensjon. Dette er igjen viktig for at vi skal få laga funksjonelle hakar.

 

Kjellingfot og ronghake – nemningar i snikkarhandverket omsett til handverkspraksis

Tittelen på posten er også tittel på min ferske artikkel som har fått plass i boka «en vild endevending av al virkelighet», Norsk Folkeminnesamling i hundre år. Boka kom ut i førre veke og vart slept på eit seminar som var ei offisiell markering av hundreårsjubileet til Norsk Folkeminnesamling. Ho inneheld 31 artiklar som på ulike vis viser mangfaldet i verksemda til Norsk Folkeminnesamling. Snikkarhandverket har ein viktig plass i denne samanhengen. I 1934 utarbeidde Olav Brattegard ei spørjeliste om snikkarhandverket og lista vart den andre som vart sendt ut i serien Ord og Sed. Svarmaterialet frå denne lista har eit stort omfang med sine 168 svar, mange av dei frå snikkarane sjølve. Mange av svara har gode forklaringar på ulike detaljar av snikkarhandverket. Eg har sett særleg på høvelbenken og bruken av denne. Som eg skriv i artikkelen kjem det fram av svara at ein bruka ei innretning som kan heite kjellingfot, ronghake, hallfast eller liknande, for å spenne fast emne oppå benken. Denne finn eg ikkje døme på norsk faglitteratur i snikkarfaget og såleis er materialet i Norsk Folkeminnesamling det einaste dømet på nemningar på desse innretningane og forklaring på bruken. På Academia.edu kan du lese artikkelen: https://gu-se.academia.edu/RoaldRenmælmo

Kjellingfoten kan brukast til å feste ulike ting på benkeplata på høvelbenken. I samband med høvelmaking festar eg ei støtte som eg brukar når eg skal kløyve emne til kile til høvelen. Foto: Roald Renmælmo
Kjellingfoten kan brukast til å feste ulike ting på benkeplata på høvelbenken. I samband med høvelmaking festar eg ei støtte som eg brukar når eg skal kløyve emne til kile til høvelen. Foto: Roald Renmælmo

Eg har tidlegare skrive om ronghake i Molde og Volda som to døme på korleis slike kan sjå ut. Eg har også skrive om korleis ein smed tolkar seg fram til korleis slike kan ha vore smidd. Både eg og Tomas har skrive mykje om dette på bloggen og gjennom det har vi sett oss inn i kva som rører seg kring dette emnet rundt om i den engelskspråklege verda. Lost Art Press har på sin blogg ei rekke postar om kjellingfot, eller «holdfast» som er ei vanleg nemning på Engelsk. Dei har også ein post der lesarane av bloggen kan bidra med deira lokale nemningar. Høvelmakar og stolmakar Caleb James har utvikla ein samanleggbar høvelbenk der han brukar kjellingfot på ein ny måte for å lage ei framtang på høvelbenken.  Popular Woodworking har ein nettartikkel der dei testar ulike modellar av kjellingfot for å finne fram til kva eigenskapar som er viktige. I denne testen prøvar dei ut dei vanlege kommersielle modellane. Det som er mest interessant er at dei får med seg ein smed til å smi nye hakar og får med smeden i drøfting av korleis kjellingføtene må vere for å fungere godt. Det er mykje likt arbeidet vi har gjort med smedane Mattias Helje og Øystein Myhre.

Ronghake og høvelbenk på Romsdalsmuseet i Molde

Som handverkar har eg vore heldig og fått reist mykje rundt om i både Noreg og Sverige og såleis kome over mykje spennande som for meg er utviklande for handverket. Noko av det eg har kome over er blitt dokumentert og registrert på ulike vis. Fotografi er nok det mest vanlege og eit av resultata kan de sjå i bloggposten om Ronghake på Ullaland i Volda. Det er enkelt å ta nokre bilete og mål av den aktuelle tingen slik at ein sjølv kan minnast detaljane. Likevel er det ikkje før eg kan dele bileta med andre at eg kan få tips om tilsvarande spennande ting andre stader. Etter å ha posta om ronghake på bloggen har eg fått fleire tips. Mobiltelefonar med kamera gjer slik deling av bilete veldig lettvindt.

Mest spennande så langt er ei billedmelding på mobiltelefonen frå Peter Brennvik tidleg på sommaren. Biletet frå Peter viste ein ronghake som står i ein høvelbenk på Romsdalsmuseet i Molde. Om ronghakar er sjeldne så er høvelbenkar med spor etter bruk av slike enda sjeldnare. Når ein så finn høvelbenken med tilhøyrande hake så kan det nestan ikkje bli betre? Det måtte i så fall vere om snikkaren som hadde brukt benken var i live og kunne demonstrere bruken og fortelje kva slikt vert kalla lokalt? Eg tok kontakt med Øyvind Vestad som er handverkar på Romsdalsmuseet, i tillegg til at han er høvelentusiast. Han var klar over høvelbenken med ronghaken og rykka raskt ut og fekk tatt nokre bilete og sjekka registreringsopplysningane for meg. Eg har planar om ein tur til Molde i  løpet av hausten for å få sett ronghaken sjølv. I påvente av det postar eg med bileta eg fekk frå Øyvind.

Høvelbenken med ronghake på Romsdalsmuseet i Molde. Høvelbenken har registreringsnummer R 6061 og ronghaken har R 6096. Dei kjem frå NIls Klauset i Molde. Dei er utstilt i ein snikkarverkstad i eit hus som kjem frå Tresfjord men høyrer ikkje til i det huset. Foto: Øyvind Vestad, Romsdalsmuseet
Høvelbenken med ronghake på Romsdalsmuseet i Molde. Høvelbenken har registreringsnummer R 6061 og ronghaken har R 6096. Dei kjem frå NIls Klauset i Molde. Dei er utstilt i ein snikkarverkstad i eit hus som kjem frå Tresfjord men høyrer ikkje til i det huset. Foto: Øyvind Vestad, Romsdalsmuseet
Høvelbenken er ein ganske vanleg type med L-forma baktang og framtang med skruve. Plasseringa av ronghaken stemmer godt med at han er brukt i samband med fotsaging/fussing av emne. Foto: Øyvind Vestad
Høvelbenken er ein ganske vanleg type med L-forma baktang og framtang med skruve. Plasseringa av ronghaken stemmer godt med at han er brukt i samband med fotsaging/fussing av emne. Foto: Øyvind Vestad, Romsdalsmuseet
I registreinga av haken er det ikkje med noko nemning. Nemninga ronghake er det eg som har lagt på han. Det er på grunnlag av nemninga som Hans Skeidsvoll frå Tresfjord i Møre og Romsdal har skrive i sitt svar på spørjelista om snikkarhandverket til Norsk Folkeminnesamling på 1930-talet. Foto: Øyvind Vestad
Ronghaken er smidd av to delar som er sveisa saman. Sveisen kan sjå ut som elektrisk sveis men det bør undersøkast nærare. Det kan også vere ein reparasjon. I registreinga av haken er det ikkje med noko nemning. Nemninga ronghake er det eg som har lagt på han. Det er på grunnlag av nemninga som Hans Skeidsvoll frå Tresfjord i Møre og Romsdal har skrive i sitt svar på spørjelista om snikkarhandverket til Norsk Folkeminnesamling på 1930-talet. Det blir ei slags lokal nemning. Legg merke til emnet til ein sletthøvel som ligg i skuffa på høvelbenken. Her er det hogd ut for sponrom men ikkje saga ut for kilegang. Det ser ut til at det meste av merking står att på emnet. Denne skal også undersøkast nærare i løpet av hausten. Foto: Øyvind Vestad, Romsdalsmuseet
Ronghaken i benken. Her ser ein godt kva vinkel det er på foten som ligg an på emnet. Foto: Øyvind Vestad
Ronghaken i benken. Her ser ein godt kva vinkel det er på foten som ligg an på emnet. Foto: Øyvind Vestad, Romsdalsmuseet

Eg takkar Peter og Øyvind som er så observante og delar slikt med oss andre. Det går også rykte om at det finnast fleire ronghakar som er lokalisert men ikkje enda fotografert og registrert. Det er sikkert også fleire høvelbenkar med tilsvarande hol for ronghake. Vi er veldig takksame for tips om slikt og skal prøve å få med mest mogleg på bloggen.

Ronghake frå garden Ullaland i Volda

Gamlestova på garden Ullaland i Austefjorden i Volda. Stova er bygd sist på 1800-talet men det er hus frå så langt tilbake som 1600-talet på garden. Foto: Roald Renmælmo
Gamlestova på garden Ullaland i Austefjorden i Volda. Stova er bygd sist på 1800-talet, men det er hus frå så langt tilbake som 1600-talet på garden. Foto: Roald Renmælmo

Gjennom at eg har skrive på bloggen om ulike delar av høvelbenken har det kome tips frå lesarane. Tidlegare i sommar hadde eg svigerfar, Magne Holmin, frå Volda med i verkstaden i Målselv. Han let seg begeistre av kor bra det fungerte med ein ronghake/kjellingfot i høvelbenken. Ikkje lenge etter han kom attende til Volda kunne han melde at han hadde funne ein tilsvarande hake på garden Ullaland i Austefjorden i Volda. Det var på bruk 2. Olagarden på Ullaland der Jostein, Åshild og sonen Ove har ordna med eit gardsmuseum der gjenstandar frå garden er registrert og stilt ut. Bruket har har historie tilbake til tidleg 1600-tal og det har vore dyktige handverkarar på garden. Det er særleg mykje smedverktøy og snikkarverktøy i samlinga på gardsmuseet. Mellom verktøyet fanns også ein ronghake og nokre benkehakar til ein høvelbenk.

Ronghaken på gaden Ullaland i Austefjorden i Volda. Haken er smidd av bitar jarn og sveisa saman. Den totale lengda er kring 18". Foto: Roald Renmælmo
Ronghaken på gaden Ullaland i Austefjorden i Volda. Foto: Roald Renmælmo

Folket på garden i dag hadde ikkje kjennskap til bruken av haken eller eventuelle nemningar. Det er ein høvelbenk på garden, ein benk som eg vurderer til å vere frå slutten av 1800-talet. Den har ikkje hol i benkeplata for ronghake. Benken har elles L-forma baktange og slike moderne kraftige benkehakar i jarn. På garden har dei og teke vare på eit sett med små benkehakar av ein eldre type som ikkje passar til høvelbenken som er på garden i dag. Det har altså vore ein eldre høvelbenk på garden og denne kan ha hatt hol for ronghaken som er bevart.

Måten haken er smidd på ser ut til å minne mykje om den siste metoden som Mattias Helje fann fram til når han smidde hakane til den kopierte Vasabenken i Mariestad. Ein forskjell er at haken er firkanta i tverrsnittet i stonga til forskjell for den runde som Mattias smidde. Firkanta tverrsnitt på slike hakar er ikkje vanleg. Både det og dimensjonen på stonga (¾») kunne peike på at haken kan ha vore brukt av ein smed og var smidd for å passe i eit firkanta hol i smisteet. Slike hol i smisteet for hoggtann og liknande kan gjerne vere ¾» i firkant. Det som peikar mot dette er den lange stonga som ville vere unødig lang for slik bruk. I tillegg er dimensjonane nokså smekre for å brukast i ei smie. Andreas Westin frå Henning i Nord-Trøndelag har i sitt svar til spørjelista om snikkarhandverket skrive at det var vanleg med eit firkanta hol i høvelbenken til ein knikt eller hake som dei brukte for å spenne fast emne som skulle høvlast eller kløyvast med sag. Han skriv ikkje spesielt at haken var firkanta i tverrsnittet, men det kan tenkast. Ut frå dette vurderer eg det slik at haken frå Ullaland er ein ronghake som har vore brukt i ein eldre høvelbenk. Det kan vere at det dukkar opp slike høvelbenkar området. Den firkanta stonga kan faktisk brukast i hola for benkehakar i ein del nyare høvelbenkar. Sidan hakeholrekka som regel ligg nær kanten av benkeplata så vil ikkje dette vere særleg praktisk for fotsaging eller liknande.

Kjelder

Per Årviknes. «Volda-soga II, gardar og slekter». Volda 1971 

Smiing av killingfot, revidert framgangsmåte

Gjennom arbeidet med å snikre kopi av høvelbenken frå Vasaskipet har eg og Tomas lært mykje om den originale benken på Vasamuseet. Vi har besøkt museet tre gongar for å sjekke ulike detaljar på det som er bevart av benken. I tillegg har vi gjort fleire eigne undersøkingar kring det som manglar på benken. Kva spikar kan ha vore brukt som festemiddel på dei ulike delane?  Kva typar av framtang kan det ha vore på benken? Kva benkehake kan ha stått i benken?

Smeden Mattias Helje smir på emne til armen på ein killingfot. Legg merke til at han har vatn på smisteet og på hammaren. Når det varme jernet blir smidd på steet med vatn på blir det kraftige smell av dampen og det fjernar det meste av glødeskalet. Overflata på jarnet vert slettare og glattare på den måten. Foto: Roald Renmælmo
Smeden Mattias Helje smir på emne til armen på ein killingfot. Legg merke til at han har vatn på smisteet og på hammaren. Når det varme jernet blir smidd på steet med vatn på blir det kraftige smell av dampen og det fjernar det meste av glødeskalet. Det er den siste slettsmiinga ein brukar vatn på. Overflata på jarnet vert slettare og glattare på den måten. Foto: Roald Renmælmo

Det er killingfot som har hatt det største fokuset. Vi har hatt ein delstudie på spørjelistemateriale og fått Øystein Myhre til å smi nokre ulike variantar på grunnlag av dette materialet. Vi har fått smeden Mattias Helje til å smi kopiar av ein gamal hake som Tomas har fått tak i frå Gärds Köpinge i  Skåne i Sverige. Denne siste har Mattias smidd på ulike måtar for å prøve å kome så nær som mogleg slik vi tolkar at den originale er smidd. Eg fekk høve til å vere saman med han då han smidde den siste killingfoten som vi skal bruke til høvelbenken i Mariestad. Eg har dokumentert framgangsmåten med foto undervegs og har sett saman dette til eit billedgalleri. Klikk på bileta for større visning med forklarande tekst. Gå mellom bileta med piltastane på tastaturet.

Utgangspunktet for smiinga er oppmålingsteikninga som Tomas Karlsson har laga av den originale killingfoten. Spesielt for denne typen er den tydelege klakken for å slå på for å spenne killingfoten. Mattias har tolka det slik at klakken kjem som eit resultat av smiinga. Det var sjølvsagt også intensjonen til smeden at den skulle bli slik for å fungere godt. Ut frå erfaringa vår med bruk av slike killingføter så har vi bestemt oss for at stonga som skal gå gjennom holet i høvelbenken skal vere rund og janmtjukk i heile arbeidslengda. Det er ikkje slik på originalen slik han framstår i dag.  Det gjer at han må ha eit unødig stort hol og såleis ikkje verkar så godt. Oppmålingsteikninga til Tomas.