Category Archives: Høvelbenk utan fast understell

Lause bukkar som understell til høvelbenken frå Helberg

Høvelbenken frå Helberg i Bardu er berre ein planke med høvelstopp og bordklype. Eg har ikkje funne noko som kan minne om eit understell til denne benken. Benken kan ha vore festa til ein vegg og hatt nokre provisoriske føter av bordbitar eller liknande. Det er ikkje mange spor å sjå etter. Eg ser for meg at benken gjerne kan ha vore brukt saman med eit par lause bukkar av eitt eller anna slag. Eg har ikkje kome over slike bukkar som eg veit høyrer saman med slike høvelbenkar. Eg har derfor ikkje nokon konkret modell å gå etter som eg kan kopiere.

Eg har lengre fartstid som tømrar enn som snikkar. I tømringa brukar eg til vanleg to typar arbeidsbukkar, ein låg som er ca 45-50 cm høg som dei to til høgre i biletet, og noko høgre bukkar som dei midt i biletet og som er 65 cm høge. Med ein planke oppå dei høge så er det god høgd for å høvle. Biletet viser tømring av eit stavbygg i 2009 og vi ser frå venstre, Ulrik Hjort Lassen, Roald Renmælmo og Nils-Eric Anderson. Foto: Siv Holmin
Eg har lengre fartstid som tømrar enn som snikkar. I tømringa brukar eg til vanleg to typar arbeidsbukkar, ein låg som er ca 45-50 cm høg som dei to til høgre i biletet, og noko høgre bukkar som dei midt i biletet og som er 65 cm høge. Med ein planke oppå dei høge så er det god høgd for å høvle. Biletet viser tømring av eit stavbygg i 2009 og vi ser frå venstre, Ulrik Hjort Lassen, Roald Renmælmo og Nils-Eric Anderson. Foto: Siv Holmin

I svara på spørjelista om snikkarhandverket er det nokre forklaringar som kan vere til hjelp. Helge Dale frå Hafslo i Sogn og Fjordane skriv: «Dei la ein planke vassbeint på stolpar eller krakkar. ,,, Dette gognet vart kalla bordbeink«. Han nemner krakkar som understell til planken. Det er mange av dei andre svara som har med ulike variantar av bordbenk eller klossebenk, som er vanlege namn på denne typen benk, men ingen nemner kva planken låg på. Som tømrar har eg brukt to typar av arbeidsbukkar. Den eine er tappa i hop av 6» boks og kan sjåast midt på biletet over. Den andre typen er ein kappende av siskore tømmer som det så er fest 4 føter til, anten er føtene bora inn i undersida eller grada inn (eller spikra) inn i sida. Desse typane bukkar har nok vore vanlege svært langt tilbake i tid og finnast illustrert i historiske kjelder i rikt monn. I Vasaskipet var det med ein bukk av den typen som er ein grov planke med 4 føter bora inn i undersida.

I Die Hausbucher der Nürnberger Zwölfbrüderstiftungen er denne teikninga av tømraren Hans Stenger med. Teikninga er frå 1607 og viser arbeidsbukken og verktøyet hans.
I Die Hausbucher der Nürnberger Zwölfbrüderstiftungen er denne teikninga av tømraren Hans Stenger med. Teikninga er frå 1607 og viser arbeidsbukken og verktøyet hans. Her er det nagla tappar. Denne teikninga var viktig som inspirasjonskjelde for mine eigne bukkar.

Dimensjonane på dei bukkane eg har brukt til tømring verkar unødig grove for å brukast som understell til ein høvelbenk. Dei er tunge å flytte på og tar stor plass. Eg har derfor sett litt på kva dimensjonar som kan vere høvelege til slikt. På bloggen til Mathieu, ein engelsk tømrar, fann eg ein post som tar opp temaet på ein fin måte. På spørsmål frå meg postar han også mål på slike bukkar. Eg vel likevel å prøve med lågare bukkar enn han anbefaler. Dette ut frå at eg har sett mange gamle høvelbenkar som har arbeidshøgd på mellom 75 og 80 cm. Det finnast nokre tilsvarande plankar på bukkar som vert brukt av snikkarar som snikrar på japansk vis. Eg vart merksam på dette etter at eg hadde kome fram til utforming og mål på bukkane eg ville lage. Det er stor likskap og bruksområdet er det same.

Den første bukken til høvelbenken er ferdig. Han er laga av tørr furu. Føter, toppstykke og stavar er høvla ut av 3" x 4". Stavane held 70 x 70 mm ferdig høvla og føter og toppstykke er 70 x 90 mm. Tverrstykket er høvla av 2" x 4" og held 45 x 90 mm. Høgda på bukken er 25" (65,4 cm) som gir arbeidshøgd med 4" benkeplate på 29" (76 cm). Lengda på føtene er 18" og lengda på toppstykket er 30". Tappane gjennom føter og toppstykke er 1" og tappane i tverrstykket er ⅝". Foto: Roald Renmælmo
Den første bukken til høvelbenken er ferdig. Han er laga av tørr furu. Føter, toppstykke og stavar er høvla ut av 3″ x 4″. Stavane held 70 x 70 mm ferdig høvla og føter og toppstykke er 70 x 90 mm. Tverrstykket er høvla av 2″ x 4″ og held 45 x 90 mm. Høgda på bukken er 25″ (65,4 cm) som gir arbeidshøgd med 4″ benkeplate på 29″ (76 cm). Lengda på føtene er 18″ og lengda på toppstykket er 30″. Tappane gjennom føter og toppstykke er 1″ og tappane i tverrstykket er ⅝». På eine sida er det ein halvtapp gjennom toppstykket. Foto: Roald Renmælmo
Bukken har nagla tappar i alle samanføyingar. Mine tømrarbukkar av denne modellen har eg som regel kilt tappane på. Dei tørkar og blir som regel lause i tappane. Eg prøver derfor med naglar. I eine sida har eg plassert foten heilt i enden av toppstykket. Tanken er å prøve å legge planken heilt på kanten og så kan eg støtte emne på sida av planken og ned langs bukken. Foto: Roald Renmælmo
Bukken har nagla tappar i alle samanføyingar. Mine tømrarbukkar av denne modellen har eg som regel kilt tappane på. Dei tørkar og blir som regel lause i tappane. Eg prøver derfor med naglar. I eine sida har eg plassert foten heilt i enden av toppstykket. Tanken er å prøve å legge planken heilt på kanten og så kan eg støtte emne på sida av planken og ned langs bukken. Bukken verkar stødig og stabil men krev nok ei tung høvelbenkplate. Foto: Roald Renmælmo

 

 

Dendrodatering av høvelbenken frå Helberg i Bardu

Høvelbenken frå Helberg i Bardu har vore omtalt i ein tidlegare post. Benken som er 6 alen lang, 4" tjukk og 14" brei er av furu. Furu er mogleg å datere ved hjelp av dendrokronolig. Foto: Roald Renmælmo
Høvelbenken frå Helberg i Bardu har vore omtalt i ein tidlegare post. Benken som er 6 alen lang, 4″ tjukk og 14″ brei er av furu. Furu er mogleg å datere ved hjelp av dendrokronolig. Foto: Roald Renmælmo

På bloggen vår er det kartlegging av høvelbenkar i Noreg og Sverige som er i fokus. Høvelbenkar som benken i Vasaskipet er spesielt interessante sidan vi kan sette benken inn i ein samanheng med bygginga av skipet, vi kan tidfeste benken nøyaktig til forliset i 1628 og vi kan sjå benken i samband med verktøyet i skipet. Høvelbenken frå Helberg i Bardu er i ein samanheng gjennom si geografiske plassering. Busettinga i Bardu tok til sist på 1700-talet, men dei fleste gardane vart etablert tidleg på 1800-talet. Det gir ei tidsramme for verktøy, hus og høvelbenkar i dette området. For Sørdalen sin del, der både Helberg og Sørgård ligg, fekk hovudbruka rydningssetel frå 1821.

I nærområdet til garden Helberg har dei to mest kjende snikkarane i Indre Troms budd og arbeidd. Både Knut Larsen Høis (1799-1882) og Jon Jonsen Sørgård (1796-1865) har verka her. Verktøyet etter desse er ei sentral kjelde for meg i mitt arbeid med å undersøkje snikkarhandverket i første halvdel av 1800-talet. Difor er eg også spesielt oppteken av om det er mogleg å finne høvelbenkar i området som desse to kan ha brukt? På Sørgård finnast ein høvelbenk som er interessant i så måte. Den er dessverre vanskeleg å tidfeste sikkert. Når eg kom over benken på Helberg og såg at denne var laga av furu så tenkte eg snart på at det har vore nyttig å få dendrodatert benken. Dette for å sjå om han kan vere så gamal at han kan vere brukt av desse snikkarane.

Årringane i endeveden på høvelbenken frå Helberg. Kvar årring er market med eit blått kryss som definerer overgangen mellom dei. Ved å måle avstandane mellom årringane får vi fram eit veksemønster som kan sjåast i samanheng med referansekurvar og tidfestast på denne måten. Foto: Andreas Kirchhefer
Årringane i endeveden på høvelbenken frå Helberg. Kvar årring er market med eit blått kryss som definerer overgangen mellom dei. Ved å måle breidda på kvar enkelt årring får vi fram eit veksemønster som kan sjåast i samanheng med referansekurvar og tidfestast på denne måten. Foto: Andreas Kirchhefer

Dendrokronolgi er ein metode for datering av fellingsåret for tømmer. Årringane varierer i samband med vekstvilkåra dei enkelte år. Når ein måler årring-breidder dannar målinga eit mønster som kan passe meir eller mindre med mønster frå tømmer som vi har målingar av frå tidlegare. Når materialen eller tømmeret har bevart ytste årring, at ein kan sjå overflata under barken, kan ein bestemme nøyaktig på året treet slutta å vekse. Dendroøkologen Andreas Kirchhefer i Tromsø har spesialisert seg på dendrodaterig av gamalt tømmer og material. Han har gjort mykje arbeid i Troms og har derfor mykje referansemateriale frå område som er relevante for datering av høvelbenken frå Helberg. Andreas har fotografert endeveden på høvelbenken for å dokumentere årringmønsteret.

For å få mest mogleg detaljerte bilete av årringane har Andreas skore reint eit parti av endeveden på høvelbenken  og flata gnidd inn med krit. Fotografia er tatt med makroobjektiv og har tetthet på kring 3960 dpi. Avstanden mellom årringane vart så berekna av ein spesiell programvare som brukar digitalfotoet som utgangspunkt. Foto: Andreas Kirchhefer
For å få mest mogleg detaljerte bilete av årringane har Andreas skore reint eit parti av endeveden på høvelbenken og flata gnidd inn med krit. Dette vart så fotografert med eit makroobjektiv på høg oppløysing, biletet over er berre oversiktsbiletet og har ikkje tilstrekkeleg oppløysing for nøyaktig måling. Årring-breiddene vart så berekna av ein spesiell programvare som brukar digitalfotoet som utgangspunkt. Foto: Andreas Kirchhefer
Datering

I endeveden er det målt 190 årringar. Den ytste av desse er datert til året 1749 og den inste til året 1560.  Det er ikkje påvist marg eller geitved i benken så vi  kan ikkje bestemme nøyaktig når furua starta å vekse eller når ho vart hogd. Andreas har difor prøvd seg med å statistisk berekne årringar inn til marg og ut til geitved. Særleg sidan vi ikkje har klart å påvise geitved er det vanskeleg å rekne ut hogståret. Om vi går ut frå at det ikkje er langt frå siste årring i prøven til geitveden, så foreslår han ut frå geitvedstatistikken at furua kan vere hogd ca. 1850. Vi kan ikkje vite om det manglar årringar frå siste årring i prøven og til geitveden så årstalet er usikkert. (Kirchhefer, 2014) I den fullstendige rapporten frå Andreas kan du lese korleis desse utrekningane er gjort og korleis han tolkar materialet. Dette er nok fyste gong nokon har freista å datere ein høvelbenk ved hjelp av dendrokronolgi så vi skriv historie med dette arbeidet.

For å supplere dendrodateringa til Andreas kan vi også sjå på spor på sjølve høvelbenken. Dei dominerande spora er etter oppgangssaga som stokken er saga på. Her er det både spor etter utkløyving i enden og markerte spor etter saginga på sider og kantar. Bardu historielag har gjort eit stort arbeid med å kartlegge saghistoria i Bardu kommune og samle dette i eit hefte med tittelen «Oppgangssager i Bardu, 1800 – 1935». Her har dei med litt om ei sag der Oddbjørn Helberg, brukar på Helberg var deleigar. Denne saga var lagt til Melhus-Tverrelva og låg på garden Melhus, ikkje langt frå Helberg. I heftet skriv dei at saga sannsynlig ble bygd rundt 1850, men nemner ikkje kor lenge ho var i drift. Saga stod i ei elv som ofte er svært flomstor så det er truleg saga har gått med i ein flom. Den tidlegaste saga i Bardu vart bygd kring år 1800. (Haugli og Østvik, 1996)

I enden av høvelbenken er det tydeleg utkløyving den siste biten. Dette er typisk for enkeltblada oppgangsager der stokken ligg berre på fram- og bakdyna. Ein ser også at det er regelmessig vinkel og avstand mellom kvart sagtak. Det er liten frammating som ein skulle vente av ein stokk av så stor dimensjon. Foto: Roald Renmælmo
I enden av høvelbenken er det tydeleg utkløyving den siste biten. Dette er typisk for enkeltblada oppgangsager der stokken ligg berre på fram- og bakdyna. Ein ser også at det er regelmessig vinkel og avstand mellom kvart sagtak. Det er liten frammating som ein skulle vente av ein stokk av så stor dimensjon. Stokken kan vere saga på oppgangssaga i Melhus-Tverrelva, gjerne kring 1850? Foto: Roald Renmælmo

Vi har ikkje kome fram til eit presist fellingsår for furua som er brukt til høvelbenken. Vi har likevel vist at det er sannsynleg at benken er så gamal at både Knut Larsen Høis og Jon Jonsen Sørgård var i aktivitet på den tida han var i bruk. Det er ikkje mange gardar i Sørdalen i Bardu så dette er eit og same tradisjonsområde. Verktøyet og arbeidet til Knut  og Jon høyrer til same lokale tradisjon som høvelbenken på Helberg. Likevel er nok benken laga og brukt til eit spesielt arbeid og dekkjer nødvendigvis ikkje alle behov ein snikkar har for å høvle og feste ulike emne. Kva snikkararbeid denne benken kan ha vore brukt til vil eg kome tilbake til i ein seinare post.

Kjelder:

Haugli, Ola S. og Østvik, Kolbjørn: «Bruk av oppgangssag i Bardu». Bardu historielag, 1996

Kirchhefer, Andras: «Dendrokronologisk analyse av høvelbenken fra gården Helberg, Bardu kommune«, Rapport 08/2014. 7s

 

Høvelbenk frå Helberg i Bardu

Det høyrer med til dei sjeldne unntaka å finne høvelbenkar av denne typen. Slike som truleg har vore veldig vanlege i samband med husbygging der ein skulle høvle mengder med lange bord til golv eller panel. Ein grov planke som var stiv nok og dei bukkane ein hadde for handa som understell var alt som skulle til. Eg la merke til benken fyste gongen i 2006 då eg var og såg på det flotte tømra stabburet på garden Helberg i Sørdalen i Bardu. Når eg undersøkjer slike bygg brukar eg å spesielt sjå etter detaljar som andre ikkje ser til vanleg. Denne gongen kraup eg under golvet for å sjå på undersida av golvborda. Her var det flotte handsaga og handhøvla golvbord. Når eg  kraup lengre inn for å sjå nøyare oppdaga eg den grove planken med ei bordklype på sida. Det var nok til å skjøne at eg hadde med ein høvelbenk å gjere. Det vart med nokre bilete og nokre mål den gongen.

Stabburet på Helberg i Bardu. Det var under golvet på dette stabburet eg fann høvelbenken i 2006. Foto: Roald Renmælmo
Stabburet på Helberg i Bardu. Det var under golvet på dette stabburet eg fann høvelbenken i 2006. Stabburet er nok opphavleg tømra av rundtømmer. Stokkane er runde og fint pjåla innvendig og kan minne om kvaliteten ein finn i hus frå mellomalderen. Stabburet har vore tatt ned og sett opp att minst ein gong. I samband med det har ein hogd stokkane flate utvendig slik som skikken vart utover på 1800-talet. Foto: Roald Renmælmo

For nokre år sidan fekk eg kjennskap til verktøyet og produksjonen til den kjende snikkaren Knut Larsen Høis (1799-1882), gjerne kalla Høs-Knut. Det vart min inngang til å forske på snikkarhandverket i fyste halvdel av 1800-talet. Eg vil prøve å finne fram til mest mogleg om korleis han kan ha arbeidd. Høs-Knut flytte til Sørdalen i Bardu på sine eldre dagar og budde i starten hos syster si, Olava, som var busett på Sørgård i Bardu. Han arbeidde på mange av gardane i Bardu og det finnast ei rekke skatoll, skap, portalar og senger som han har arbeidd. Verktøykista hans med verktøyet er tatt vare på av familien. Det finnast ein gamal høvelbenk på garden Sørgård, denne kan vere så gamal at Høs-Knut har arbeidd på han? Det er nokre av materialane i benken som har spor etter sirkelsag og desse var ikkje vanlege i området medan Høs-Knut levde. Det peikar mot at benken er nyare såleis ikkje er brukt av Høs-Knut? Det har leidd meg til å leite vidare på andre gardar i området der Høs-Knut har arbeidd. I haust reiste eg tilbake til Helberg for å undersøkje høvelbenken under stabburet nærare.

Høvelbenken som er funnen under stabburet på Helberg. Benken består av ein 6 alen (3,8 m) lang planke som er 15" brei og 4" tjukk. På flasken har den høvelstopp i form av ei bjørkelist som er 1 ⅛" (28 mm) høg. På sida har den ei bordklype som er spikra på. Eg har ikkje funne noko understell som høyrer til benken men det er spor etter spikar på undersida.
Høvelbenken som er funnen under stabburet på Helberg. Benken består av ein 6 alen (3,8 m) lang planke som er 15″ brei og 4″ tjukk. På flasken har den høvelstopp i form av ei bjørkelist som er 1 ⅛» (28 mm) høg. På sida har den ei bordklype som er spikra på. Eg har ikkje funne noko understell som høyrer til benken men det er spor etter spikar på undersida. Foto: Roald Renmælmo

Benken har lege under stabburet så lenge noverande eigar kan hugse, truleg minst 60-70 år. Ei tid har eine enden vore eksponert for fukt og har fått råteskadar. Det ser ikkje ut som om benken har vore lengre eller at det har vore spesielle detaljar i det råteskadde området. Slik sett er det ikkje noko informasjon som manglar. Planken er saga på oppgangssag og har bevart utkløyving som eit tydeleg prov på det. Det har vore ei ganske grov furu sidan planken er skarpkanta 4″ x 15″ og tatt ut til sides for margen. Det kan ha vore tatt ut minst 3 tilsvarande plankar ut av same stokken. Avstand mellom sagspora er målt til eit snitt på 5,5 mm på eine sida. Det tyder på sakte frammating på saga på grunn av den store dimensjonen. På Aursfjordsaga er vanleg mating på smått tømmer ca 11-12 mm og minste mating på stort tømmer 5-6 mm.

På sida på høvelbenken er det ei bordklype for å halde bord som skal høvlast på kant. Foto: Roald Renmælmo
På sida på høvelbenken er det ei bordklype for å halde bord som skal høvlast på kant. Klipa er hogd til av ein furuplank og spikra fast på sida av høvelbenken. Innvendig er det slitasje (trykkmerker) etter kanten på materialane som er høvla. Desse tyder på at det har vore høvla to ulike dimensjonar, 5/4″ og 1 ½» bord. Her er tommestokken lagt mot merka etter 1 ½» borda. Foto: Roald Renmælmo

Det er ikkje lagt mykje arbeid i å gjere høvelbenken så fin som mogleg. Sagskuren etter oppgangssaga er ikkje fjerna og utkløyvinga i enden ser ut som ho kjem rett frå saga. Det er berre høvla litt midt på flasken for å rette av oppsida på planken. Slike tilsvarande benkar er med i mange av svara på spørjelista om Snikkarhandverket i Ord og Sed. I nokre av svara er desse benkane forklart som ei eldre form og at benkane med skruvar var meir moderne. I andre svar var desse benkane forklart som det ein brukte på byggjeplass når ein skulle høvle material til husbygging. Slikt er særleg aktuelt for omreisande snikkarar slik som Høs-Knut. I svarmaterialet er nemningane bordbenk, skotbenk eller klampebenk med. I nokre av svara skilde ein mellom høvelbenk som det vanlege og skruvebenk  som den moderne med skruvar. Lista som fungerer som høvelstopp har nemningar som bordlist, treklamp, list eller kloss. Nemninga på klypa på sida, bordklype, har eg frå boka «Trebåtbygging – bygging av spissbåt i Rana», Ulf Mikalsen, 2006. I svarmaterialet om Snikkarhandverket er nemningane klype, klama, klemster og trehake med.

Høs-Knut var ein omreisande snikkar som reiste frå gard til gard og gjorde arbeid på staden. Han hadde med seg eige verktøy, truleg i ei verktøykiste som han frakta med seg. Det er fleire av høvlane hans som er av ein slik type at dei høyrer saman med skottbenk og arbeidsmåten som er vanleg med slike. Eg har så langt ikkje klart å finne ein skottbenk som kan knytast til Høs-Knut. Truleg har han laga seg slike på dei stadane han har arbeidd. Det er heller ikkje kjent om han har hatt med seg høvelbenk frå det eine oppdraget til det neste? Det er godt mogleg at han har laga seg høvelbenk i dei husa han arbeidde. For meg er det då av interesse å finne ut om høvelbenken under stabburet på Helberg kan vere så gamal at han er frå tida då Høs-Knut var aktiv. Eg sette dendroøkologen Andreas Kirchhefer frå Tromsø på saken. For å unngå å skade benken meir enn nødvendig tok han for seg endeveden og fotograferte denne med makroobjektiv og ringblits. Eit parti av endeveden preparerte han med industriblad og kritt for å få årringane betre fram. Høvelbenken frå Helberg blir nok den første i verden som blir datert ved hjelp av dendrokronolgi. Eg kjem tilbake til dateringa når rapporten er heilt ferdig.

Dendroøkologen Andreas Kirchhefer tar makrofoto av endeveden på høvelbenken for å datere planken. Foto: Roald Renmælmo
Dendroøkologen Andreas Kirchhefer tar makrofoto av endeveden på høvelbenken for å datere planken. Resultata av dateringa kjem eg tilbake til i ein ny post når rapporten er heilt ferdig. Foto: Roald Renmælmo

Høvelbenk frå Holstvollen i Bymarka i Trondheim

Høvelbenk frå Holstvollen i Bymarka i Trondheim.
Høvelbenk frå Holstvollen i Bymarka i Trondheim. Foto: Thor-Aage Heiberg

Denne karen dukket opp på en høylåve på Holstvollen ved en befaring på stedet. Benken er i god stand som bildet viser og har begge benkehakene på plass. Mål fremkommer av tegningen nederst. Benken er hovedsakelig laget i furu, men enkelte detaljer som frem og baktang samt skruene er i bjerk. Selve benkeplata er av ett helt bord. Fremtangen er skrudd fast i benkeplata med skruer. Baktangen har styrelister på undersiden av benkeplata. Styrelistene og selve skruen er det tappet ut for i benkeplata. Listene måler 1″ x 1″ i tverrsnitt. Skruene i frem- og baktang har en utvendig diameter på omlag 2 1/4″.

Legg også merke til den lille klossen på undersiden som kan svinges på utsiden av kanten og fungere som opplagringspunkt for det som er fastspent i fremtangen. Det er også tappet ut et hull i kanten av benken like ved denne klossen. Kanskje for å stikke en pinne inn i med samme hensikt som klossen?

Kjenner ikke foreløpig til historisk tilknytning eller bruk(sområde) av denne benken.

Benken sett fra undersiden
Benken sett fra undersiden
Detalj av kloss på undersiden benken. Tommestokken viser plassering målt fra fremenden av benken.
Detalj av kloss på undersiden benken. Tommestokken viser plassering målt fra fremenden av benken.
Detalj, baktange. Det er lagt et innlegg på oversiden i benkeplaten av bjerk
Detalj, baktange. Det er lagt et innlegg på oversiden i benkeplaten av bjerk
Detalj av underside, banktang
Detalj av underside, banktang
Oppmålingsskisse av høvelbenken. Alle mål er i norske tommar (a 26,15 mm). Skisse: Thor-Aage Heiberg
Oppmålingsskisse av høvelbenken. Alle mål er i norske tommar (a 26,15 mm). Skisse: Thor-Aage Heiberg

«Høvelbenk» frå Nordmøre

Nordmøre museum har nokre høvelbenkar som har liknande løysing for benkehake på baktanga som høvelbenken frå Siljansnäs som Tomas skreiv om. Her er lenke til ein av dei:

Høvelbenk.

Det finnast også nokre private slike benkar rundt om på gardane på Nordmøre. Enn så lenge har eg ikkje funne nokon som har laus benkehake som passar i dei hola som det er rikeleg av langs etter midten av benken. Kva desse benkane har vore brukt til er ikkje så lett å seie. Kanskje til høvling av laggestavar eller liknande. I alle fall er dei til noko som ikkje er så langt og stort. Måten benkehaken er utforma på gjer at krafta frå skruven blir overført rett på emnet som skal festast. Det er to utsmidde tangar som kvar er tappa ned i eit hol på kvar side av skruven i baktanga. Eit alternativ er å bruke ein benkehake med ein tange og plassere den på eine sida av skruven i baktanga. Det vil gi ei vriding av baktanga når ein spenner fast emnet. Ei slik løysing er brukt på høvelbenken frå Holtsvollen i Trondheim og ser ut til å ha fungert godt. Den løysinga krev nok litt kraftigare dimensjon på skruvar og slikt for å verke best mogleg.

"Høvelbenk" frå Nordmøre. Benken er kort og lett og har truleg vore lagt oppå bukkar eller ein annan benk. Kanskje har snikkaren sitte på benken for å halde han fast under høvling? Foto: Roald Renmælmo
«Høvelbenk» frå Nordmøre. Benken er kort og lett og har truleg vore lagt oppå bukkar eller ein annan benk. Kanskje har snikkaren sete på benken for å halde han fast under høvling? Benken er omlag 1,5 meter lang og 9 tommar brei. Denne benken er i privat eige. Foto: Roald Renmælmo
Baktanga på høvelbenken frå Nordmøre. Foto: Roald Renmælmo
Baktanga på høvelbenken frå Nordmøre. Foto: Roald Renmælmo
Detalj av benkehaken med to tangar. Foto: Roald Renmælmo
Detalj av benkehaken med to tangar. Foto: Roald Renmælmo

Høvelbenk frå Li i Suldal

Høvelbenk frå Li i Suldal. Foto: Ryfylkemuseet
Høvelbenk frå Li i Suldal. Legg merke til benkehaken som står litt framom framtanga. Foto: Ryfylkemuseet

På garden Li i Suldal finnast det ikkje berre ein flott skottbenk som har langbord som er 3,24 meter lange men også denne høvelbenken.  Sven Hoftun på Ryfylkemuseet har tatt mål og sendt over bilete av benken. Benken er totalt 2,83 meter lang og består av ein brei planke som er 2″ tjukk og 11″ på det breiaste. Benken har benkehake og framtang med skruve men ingen baktang. Total breidd med framtanga er 42,5 cm. Stykket som skruven går gjennom i framtanga er 4″ tjukt. Diameteren på skruven, utvendig på gjengane, er 56 mm.

Undersida av høvelbenken frå Li. Framtanga er festa i planken med ein (rot?) krok som er nagla i planken og med kroken haka om framtanga. Foto: Ryfylkemuseet.
Undersida av høvelbenken frå Li. Framtanga er festa i planken med ein (rot?) krok som er nagla i planken og med kroken haka om framtanga. Foto: Ryfylkemuseet.

Benken har ikkje understell som kan knytast til den. Arbeidshøgda det har vore på denne benken er det då vanskeleg å seie noko om. Det er heller ikkje lett å finne spor etter korleis eit eventuelt understell har sett ut. Benken har også ein benkehake med små tenner for å halde emna fast ved høvling av flask.

Benkehaken står fast i benkeplata på høvelbenken. Foto: Ryfylkemuseet
Benkehaken står fast i benkeplata på høvelbenken. Foto: Ryfylkemuseet
Benkehake med tenner. Foto: Ryfylkemuseet
Benkehake med tenner. Foto: Ryfylkemuseet