Category Archives: Høvelbenk utan fast understell

Arbeidsbenk frå båtbyggeri

Snikkaren, tømraren og båtbyggjaren i Noreg har gjort mange like arbeidsoperasjonar og det meste av verktøyet er ganske likt. Likevel er det noko arbeid som er ganske spesialisert for dei enkelte faga. Eg har tidlegare skrive om høvelbenken frå Vasaskipet som eg tolka som arbeidsbenken til snikkaren som dreiv med innreiingsarbeid i skipet. Sjølvsagt kan det godt vere at høvelbenken var brukt i andre delar av båtbygginga også. Kanskje slike høvelbenkar var brukt av fleire ulike handverk på den tida skipet vart bygd? I alle fall, eg har fått inn tips og stoff frå Øyvind Vestad på Romsdalsmuseet om ein arbeidsbenk til ein båtbyggjar. Øyvind har tidlegare tipsa oss om ronghake og høvelbenkar på museet. Tekst og bilete under er av Øyvind Vestad:

I Romsdalsmuseets si nye utstilling er det utstilt ein arbeidsbenk frå Thomas Skevik (1862-1946) sitt båtbyggeri på Hovdenak, Molde kommune. Den blei gitt til museet i 1968 av døtrene hans.

Høvelbenken i utstillinga på museet. Foto: Øyvind Vestad
Høvelbenken i utstillinga på museet. Foto: Øyvind Vestad
Fiskerimuseet på innsamlingstur til Hovdenakken. Fiskerimuseet ved Erling Lyngvær og Heramb Aamot (badebukse) henter gjenstander fra Thomas Skjeviks båtbyggeri, Hovdenakken, til Fiskerimuseet på Hjertøya. 1968. Høvelbenken er lagt om bord i motorsnekka.
Fiskerimuseet på innsamlingstur til Hovdenakken. Fiskerimuseet ved Erling Lyngvær og Heramb Aamot (badebukse) henter gjenstander fra Thomas Skjeviks båtbyggeri, Hovdenakken, til Fiskerimuseet på Hjertøya. 1968. Høvelbenken er lagt om bord i motorsnekka.

Benken har ei lengde på 5 meter og ser ut til å vare kappa på lengda for å få den inn i huset der den stod frå 1968-2015. Benken er ein plank i furu med breidde 20 cm, men det har ikkje vore breitt nok så det er påspikra ei lekte i framkant på 32 mm. Tjukkelsen er 5 cm. I eine ende er det ei klauv av bjørk til å kile fast bordet i, og langs langsida er det 4 svingbare klampar med ei lita klauv, til å legge bordet i. På flatsida, omtrent midt ved klauvet er det sauma fast ein lektebit på tvert som mothald. Den har ikkje fotar og sansynlegvis kvilt på veggmonterte knektar. Benken har tydelege slitasjespor av å ha blitt benytta som underlag for boring.

 

Høvelbenk med årstal 1844 frå Selbu

Kai Johansen har fått tak nok ein høvelbenk med årstal. Han har skrive om det på bloggen Tradisjonelt bygghandverk. Eg har kopiert hans tekst og bilete under.

Det ble lagt ut to høvelbenker for salg på Finn.no, etter en kort dialog med Roald  kontaktet jeg selger og avtalte å møtes.

Gården disse to benkene kom fra ble satt opp 1840  Grøtem,  evt Myrplassen kan ha vært hovedgårdene denne soknet under.  På meg virket det som om det var en husmannsplass. Det var ingen driftsbygninger der, annet enn små vedskjul på tunet. Siste beboer var Lars Grøtte som var ungkar og samlet på det meste uten å kaste noe. Det var derfor mye husgeråd i dette lille huset. Selger mente at benken måtte ha kommet til gården som medgift en gang, da bumerket som er skjært inn sammen med årstallet ikke tilhører denne gården, men en annen i Selbu. Veldig mye av huskerådet har gårdens bumerke. Bumerket var også skåret inn på den ene langveggen mot veien så alle som passerte kunne se det.

Bumerke og årstal på høvelbenken. Foto: Kai Johansen

Benken er i furu og bjørk, de tekniske målene er lengde 222cm ( 217cm+5 cm baktange), bredde 24cm-40cm ved framtange, tykkelsen på furuplaten er 3″(7,5 cm). Baktangen er 4″ tykk. Det er 17 hull for benkhaken +1 i baktangen. Skruvane er i bjørk og er 2″ i diameter.

Benken har ikke føtter, men har vært festet i veggen ved framtangen og muligens stått på en løs bukk lengre frem. Jeg finner  ikke noen spor etter føtter noen steder. Kort enden ved  baktangen på benken er den økset av , og mye av undersiden er bearbeidet med øks, relativt gtrovt bearbeidet, oversiden er høvlet. Sidene har en del vankant.

Haken er påfallende liten  og passer bare i baktanga, de andre hullene er hugd litt større og det er en del store utrivninger på undersiden, dette er gjort sekundært.

Fleire små benkar

Liten høvelbenk frå Tingvoll bygdemuseum med registreringsnummer TB 335. Foto: Roald Renmælmo
Liten høvelbenk frå Tingvoll bygdemuseum med registreringsnummer TB 335. Foto: Roald Renmælmo

Då eg var i Molde og heldt kurs i høvelmaking sist på året i 2014 fekk eg sjå mykje interessant i samlinga på museet. Skottbenkane deira var det fyste eg la merke til og har skrive om på systerbloggen vår: Romsdalsmuseet i verdsklasse med si samling med skottbenkar. Eg har også skrive om korleis nokon har laga kombinert høvel og høvelbenk. I tillegg hadde dei fleire små høvelbenkar i samlinga si som minner veldig om høvelbenken frå Romsdal som Thor Aage har skrive om. I samband med mitt besøk i Molde hadde Marianne Nystad på Tingvoll bygdemuseum, avdeling av Nordmøre museum, tatt med den kombinerte høvelbenken og høvelen slik at eg kunne studere den. Med på lasset var denne vesle høvelbenken med registreringsnummer TB 335 som er ein del av samlinga på Tingvoll bygdemuseum. Benken ser ut til å ha vore brukt til noko av det same arbeidet som den kombinerte høvelen og høvelbenken. Truleg snakkar vi om lagging og forming av stavar. Eg ser for meg at benken kan høve godt til å høvle utvendig runding og innvending utholing i stavar til lagga kjerald.

Ein av benkane på Romsdalsmuseet har noko som minner om ein benkehake i eitt av hola i benkeplata. Slike manglar på dei andre benkane eg har sett på.

Kombinert høvelbenk og høvel

På Tingvoll bygdemuseum har dei ein høvelbenk med innebygd høvel på eine sida. Benken har registreringsnummer: TBM.899. Foto: Roald Renmælmo
På Tingvoll bygdemuseum har dei ein høvelbenk med innebygd høvel på eine sida. Benken har registreringsnummer: TBM.899. Foto: Roald Renmælmo

Vi har tidlegare skrive om fleire små høvelbenkar som har vore nytta til å høvle stav til laggearbeid eller bøkkararbeid, ein frå Romsdal, og ein på Norsk Folkemuseum. Denne benken frå Tingvoll bygdemuseum har nok vore brukt til eit tilsvarande type spesialarbeid.  På digitalt museum er benken registrert som høvelbenk og med følgjande forklaring: «Liten høvelbenk nytta til å høvle bøttestavar. Er ei solid trefjøl som det er lett å flytte, og som kan brukast inne i stua. Plass til høveljern og har ei tretvinge for å feste fjøla som det skal arbeidast med». Han er tydeleg nytta til arbeid med å lage bøttestavar. Den eine delen av høvelbenken stiller seg i rekka med korte benkar utan understell og som er til å spenne fast stav på flasken. På den andre sida er det tappa ut kilegang og sponrom for ei høveltan. Slik kan benken fungere som ein strykbenk som ein høvlar kantane på staven med.

Det at denne benken har høvelstål for å stryke kanten av stavane tyder på at ein skal høvle stavane på flasken når ein spenner dei fast med hakar. Då er det truleg snakk om å høvle runding på utsida av staven og hule ut litt på innsida. På bøtter og stampar med breie stavar blir det fort snakk om ein del ved som skal fjernast. Det er sikkert tidsbesparande å ha høvelbenk og strykbenk i eitt. Ein slepp å flytte seg frå høvelbenken og til høvelen. I tillegg er det vanskeleg å finne gode emne til strykbenk. Om ein då har eit stabilt emne til høvelbenk så kan ein få utnytta dette enda betre ved å også bruke det til strykebenk. Eg fekk høve til å studere og fotografere benken då eg var og heldt kurs i høvelmaking på Romsdalsmuseet mot slutten av 2014.

Grov planke som høvelbenk

Benkeplata på dei lause bukkane. Eg har lagt eit bord mot høvelstoppen. Ved litt forsiktig prøvehøvling verka benken å vere stødig og ha rett høgd. Med grovstilt okshøvel så flyttar benkeplata på seg. Ei form for festing blir truleg nødvendig. Den originale benken frå Helberg har ein del spor etter spikar som kan ha vore slik festing. Bukkane er så breie at det er plass til å legge frå seg bord som skal høvlast bakom benkeplata. Foto: Roald Renmælmo
Ein planke som er 3-4″ tjukk og 30-40 cm brei kan lett gjerast til ein praktisk høvelbenk. Planken blir så tung i seg sjølv at han kan lett bli stødig. Han er så tjukk at han vert stiv nok til å ikkje svikte for mykje under høvling. Ved å spikre på ei lekt som høvelstopp og bordklipe på sida kan ein høvle både flask og kant på emna. Benken er laga med ein gamal original høvelbenk frå Helberg i Bardu som førebilete. Foto: Roald Renmælmo

Dei som har vore med oss over tid her på bloggen har fått med seg at eg har funne ein gamal høvelbenk på garden Helberg i Bardu. Denne har eg laga ein kopi av for å prøve ut i min eige verkstad. Her kan du lese om benken frå Helberg og mitt arbeid med å snikre ein kopi: Roald snikrar kopi av høvelbenken frå Helberg. I den siste årboka til Bardu Historielag har eg skrive ein liten artikkel om høvelbenken frå Helberg og om datering av denne benken. Artikkelen er tilgjengeleg for lesing og nedlasting på nett: Høvelbenken frå Helberg. Benken frå Helberg har ei bordklipe som er spikra på sida og som er eit tydeleg teikn på at det dreiar seg om ein høvelbenk. I tillegg er det ei lekt som er spikra på som høvelstopp. Her er det liten tvil om det er ein høvelbenk. På mi profilside på bloggen har eg fått ein kommentar frå Øyvind Alstad i Bardu. Han skriv at han har hatt ein liknande benk som den på Helberg, ein benk med dei same kjenneteikna. Den benken har vore i bruk i omtrent same område som benken frå Helberg.

Skjermdump frå filmen "Från vrång til sjösättning" som viser båtbyggarfamilien Holmström i Klungsten i Sverige. Her har dei lagt ein grov planke på to bukkar og brukar det som benk for mykje av arbeidet dei gjer på båten.
Skjermdump frå filmen «Från vrång til sjösättning» som viser båtbyggarfamilien Holmström i Klungsten i Sverige. Her har dei lagt ein grov planke på to bukkar og brukar det som benk for å høvle emne til kjølen..

Grove plankar kan gjere nytte som høvelbenk eller universalarbeidsbenk utan at det treng å ha sett tydelege spor. I filmen «Från vrång til sjösättning» som er tilgjengeleg på YouTube kan vi følgje ein båtbyggarfamilie i Sverige som byggar båt. Gjennom filmen får vi stadige glimt av nokre grove plankar som vert brukt som arbeidsbenk for det meste av arbeidet. Plankane vert gjerne lagt på to låge bukkar som gir høveleg arbeidshøgd for mykje av arbeidet. I filmen kan eg ikkje sjå at det er høvelstopp eller bordklipe på dei plankane dei brukar. Når båten er ferdig vert plankane og bukkane rydda bort. Ein må då ha kjennskap til arbeidet for å kunne tolke plankane som ein slags høvelbenk.

Den grove planken på låge bukkar har mange ulike bruksområde i arbeidet. Her er den både brukt til å legge frå seg material på og som stillas til å stå på.
Den grove planken på låge bukkar har mange ulike bruksområde i arbeidet. Her er den brukt til å legge frå seg material.

Den store fordelen med slike lause plankar som arbeidsbenk er at dei er lette å rigge til og rydde unna ettersom det er bruk for dei i arbeidet. Spesielt når ein har lange høvelbenkar merkar ein at dei ikkje er spesielt lette å flytte med seg. Ved å ha ulike høgder på bukkane ein brukar kan ein både nytte plankane i sitjehøgd og i ståhøgd. Om ein vil ha planken i ståhøgd så vil det vere naturleg å ha ein høvelstopp på benken. I sitjehøgd er ikkje det nødvendig, då sit ein på emnet for å halde det fast. Med det utgangspunktet tolkar eg det slik at benken frå Helberg har vore brukt med bukkar eller ei anna form for understell som har vore i ståhøgd, i alle fall så høgt at ein ikkje sat på emnet.

Med verkstedet i fanget

Stavklombre fra Rødven, Romsdalen.
Stavklombre fra Rødven, Romsdalen.

For en god stund siden ble jeg kontaktet av Sverre Stangenes Rødven, kniv og navarsmed, som i øyeblikket var på hjemplassen Rødven i Romsdalen. Han sendte bilder av en høvelbenk med spørsmål om den så interessant ut. Han kunne godt ta den med til Trondheim ved neste anledning sa han. Jeg svarte at benken så veldig interessant ut og syntes det var raust av Sverre å tilby seg å ta med benken til byen. Jeg så for meg en benk som var nær inn på ett par meter lang og som måtte fraktes med tilhenger eller tilsvarende.

Jeg ble overrasket da jeg besøkte Sverre  for å ta benken i øyesyn. Den fikk fint plass i fanget!

Sverre kunne fortelle at benken hadde tilhørt en av hans forfedre, Bottolf Knutsen Stangenes, og at den måtte være fra 1840-tallet. Gården Rødven har livnært seg av flere ting og produksjon av tønner var visstnok en av disse tingene. Det finnes i tillegg ei smie på gården.

Tidligere har det vært presentert en liknende benk på bloggen fra Norsk Folkemuseum som hadde benevningen «Stavklombre». Dette navnet tror jeg vi nok må knytte til denne benken også.

Benken smalner av fra baktangen og fremover.
Benken smalner av fra baktangen og fremover.

Benken er 43 1/4″ lang, hvilket vil si 113 cm. Den er bredest ved baktangen, 7 3/4″ og smalner av fremover til en bredde på 6 1/2″. Benken smalner også av på tykkelsen og er nær 2 1/4″ i baken, men fremst er tykkelsen redusert til 1 1/2″ Nærmest baktangen er det 5 firkantede hull som meget vel kan være etter en flyttbar benkehake. Lengre frem på benken er det 3 nye hull som er runde. Kan de være etter en kjellingfot/rognhake?

Enkel skisse med hovedmål i Norsk-Danske tommer.
Enkel skisse med hovedmål i Norsk-Danske tommer.

Høvelbenk på Meldal bygdemuseum

Snikkarverkstaden på Meldal bygdemuseum er absolutt verdt eit besøk for dei som er interessert i gamle snikkarverktøy. Her er mykje spanande verktøy, ei fin verktøykiste og ein fin høvelbenk. Også på loftet i våningshuset er det ein fin gamal høvelbenk. Benken i snikkarverkstaden har litt til felles med benken som Magnus Wammen har målt opp for oss. Den er lengre og kraftigare enn benken frå Norsk Folkemuseum men er festa til veggen på tilsvarande måte. Den har også to hengsla føter som gjer han meir stødig.

Høvelbenken på snikkarverkstaden på Meldal bygdemuseum. Benken er ein del av utstillinga. Derfor er det litt verktøy og høvelspon på benken. Han er ikkje i vanleg bruk. Foto: Roald Renmælmo
Høvelbenken på snikkarverkstaden på Meldal bygdemuseum. Benken er ein del av utstillinga. Derfor er det litt verktøy og høvelspon på benken. Han er ikkje i vanleg bruk. Foto: Roald Renmælmo

Benken har ei L-forma baktang med treskruve. Han har også framtang med skruve. Dei to føtene er smekre og veldig fint utforma. Eg er usikker på om det er takhøgd nok der benken står til at han kan fellast heilt inn til veggen? Det er ikkje sikkert det er meininga heller? Det kan vere at festinga til veggen er mest for å sikre at benken er stødig og stabil? Det kunne elles vere bra å ha ein benk som kan fellast heilt inn til veggen. Då får ein meir golvplass tilgjengeleg til andre ting når ein ikkje brukar høvelbenken. Eg kan lett sjå for meg at ein vinterstid kunne ha høvelbenken montert inne i stova der ein hadde lys og varme. Då var ein slik samanleggbar høvelbenk veldig praktisk. Ein kunne snart slå saman benken og pakke bort verktøyet når ein var ferdig med arbeidet.

Høgda på høvelbenken er ikkje høgre enn at det er godt mogleg å feste han under eit vindauge og såleis få lys rett framafrå. Ei ulempe med å ha festa benken i veggen er at ein ikkje får bruke heile lengda av benkeplata til flaskhøvling. Emnet må festast noko frå veggen slik at ikkje høvelen støytar i veggen når ein høvlar heilt til endes. Det er helst når ein brukar langhøvelen at det kan bli eit problem. At benken har to føter er nok nødvendig når benkeplata er såpass smekker. Den ekstra foten motverkar svikt i benkeplata under høvling. På denne måten kan ein få ein stødig og stiv høvelbenk som er smekker og lett i vekt. Når ein skal rigge seg til på eit loft slik der høvelbenken står i dag på museet så er nok det ein fordel. Ein høvelbenk som er tung nok til å stå stødig fritt på golvet og samstundes ikkje har svikt i benkeplata, vil vere upraktisk å få opp loftstrappa.

Høvelbenken modell Helberg, testkjøring

Dei lause bukkane eg laga som understell til benken fungerer fint for lagring av material. Her har eg fått plass til 16 stk golvbord. Vekta gjer at bukkane vert mykje stødigare. Det kjennast godt når ein høvlar. Foto: Roald Renmælmo
Dei lause bukkane eg laga som understell til benken fungerer fint for lagring av material. Her har eg fått plass til 16 stk golvbord. Vekta gjer at bukkane vert mykje stødigare. Det kjennast godt når ein høvlar. Foto: Roald Renmælmo

Det første arbeidet eg gjer på den nye høvelbenken er å høvle golvbord. Eg brukar skottbenken til å høvle kantane og pløye borda så det er berre flasken som vert høvla på høvelbenken. Golvborda er saga 5/4″ (32 mm) tjukke og med rot/topp avsmaling. Høvelstoppen på benken fungerte fint på dei fleste borda, høvelen gjekk fint over. Eit av borda var kuva og vinna under tørk. Når eg høvla i bakkant av benken og la trykk på høvelen så løfta bordet seg i framkant og smatt over høvelstoppen. Det har truleg ikkje skjedd med ein benkehake med klør? Det er neppe veldig vanleg med så mykje kuv i bord som ein skal høvle.

Eg rigga til skottbenken og høvelbenken på denne måten i verkstaden. Slik den står no har eg lyset bakfrå når eg høvlar på høvelbenken. Det er upraktisk når eg skal bruke rettholt for å sjå om bordet er høvla flatt. Neste runde eg skal høvle vil eg snu høvelbenken. Foto: Roald Renmælmo
Eg rigga til skottbenken og høvelbenken på denne måten i verkstaden. Slik den står no har eg lyset bakfrå når eg høvlar på høvelbenken. Det er upraktisk når eg skal bruke rettholt for å sjå om bordet er høvla flatt. Neste runde eg skal høvle vil eg snu høvelbenken. I bakgrunnen står den gamle høvelbenken og har funksjon som avlastingsbord for golvbordhøvlane. Foto: Roald Renmælmo
Arbeidshøgda på totalt 75 cm på benkeplata verkar å passe veldig bra for å høvle flask på golvbord. Eg kjem godt over emnet og får lagt trykk på skrubboksen når eg høvlar. Det var best å trekke benkeplata heilt ut på kanen av bukkane slik at eg fekk gå mest mogleg fritt på sida av benken. Spesielt på sletthøvlinga er det bra å sleppe å bli stoppa i høvlinga. Foto: Roald Renmælmo
Arbeidshøgda på totalt 75 cm på benkeplata verkar å passe veldig bra for å høvle flask på golvbord. Eg kjem godt over emnet og får lagt trykk på skrubboksen når eg høvlar. Det var best å trekke benkeplata heilt ut på kanen av bukkane slik at eg fekk gå mest mogleg fritt på sida av benken. Spesielt på sletthøvlinga er det bra å sleppe å bli stoppa i høvlinga. Foto: Roald Renmælmo
Sletthøvling av golvbordet. Den store slettoksen er i tyngste laget å dra aleine men når han er stilt fint nok går det bra. Benkeplata er ikkje tung nok til å stå i mot når eg legg kroppen mot kanten  under høvlinga. Plata vandrar litt sidevegs. I lengderetning ligg plata ganske stødig men flyttar seg litt. Det er mogleg slike benkar helst bør vere faste til ein vegg for å bli heilt stabile. Likevel er det ikkje eit kjempestort problem at benkeplata flyttar litt på seg. Det går heilt fint å høvle på den. Foto: Roald Renmælmo
Sletthøvling av golvbordet. Den store slettoksen er i tyngste laget å dra aleine men når han er stilt fint nok går det bra. Benkeplata er ikkje tung nok til å stå i mot når eg legg kroppen mot kanten under høvlinga. Plata vandrar litt sidevegs. I lengderetning ligg plata ganske stødig men flyttar seg litt. Det er mogleg slike benkar helst bør vere faste til ein vegg for å bli heilt stabile. Likevel er det ikkje eit kjempestort problem at benkeplata flyttar litt på seg. Det går heilt fint å høvle på den. Foto: Roald Renmælmo

Samla sett verkar benken veldig godt til høvling av golvbord. Det er fint å kunne stå i riktig høgd og høvle. I denne arbeidshøgda kan eg variere mellom ulike grep på okshøvlane og det er ein kjempefordel når ein skal høvle mykje material. Ein blir fortare sliten om ein må halde høvelen på ein bestemt måte og ikkje kan variere. Det kan tenkast å vere ein fordel å få festa benkeplata, anten til ein vegg, eller til bukkane? Høvelstoppen var ikkje optimal for å fungere med bord som var kuva. Å kunne lagre material under benken på denne måten kan vere praktisk. Ein får utnytta golvplassen betre.

Høvelbenken modell Helberg i Bardu er ferdig

Benkeplata til høvelbenken skulle helst ha vore ein oppgangssaga planke på 4" x 15" med lengde på 3,8 meter. Eg hadde ein slik tilgjengeleg og har i staden tatt utgangspunkt i ein tynnare plank som eg har limt på 2" x 4" kant i kant på undersida for å få tilsvarande tjukne som den originale høvelbenken frå Helberg. Foto: Roald Renmælmo
Benkeplata til høvelbenken skulle helst ha vore ein oppgangssaga planke på 4″ x 15″ med lengde på 3,8 meter. Eg hadde ikkje ein slik tilgjengeleg og har i staden tatt utgangspunkt i ein tynnare plank som eg har limt på 2″ x 4″ kant i kant på undersida for å få tilsvarande tjukne som den originale høvelbenken frå Helberg. Foto: Roald Renmælmo

Den spennande høvelbenken frå Helberg har omsider fått ein avleggar. Eg har tidlegare skrive om korleis eg har retta opp ein planke til benkeplata. Sidan planken vart ein del tynnare enn originalen etter rettinga så har eg limt på 2″ x 4″ kant i kant på undersida for å få planken tjukk nok. Resultatet er at planken er 100 mm tjukk, 37 cm brei i framenden og 32 cm i bakenden. Planken er 3,13 meter lang. På grunn av at alle emne måtte rettast for å ta ut krok og vinding så er alle flater og kantar høvla rette og plane. Det gjer at både undersida og oversida er glattare på min planke enn på originalen som i hovudsak har bevart skuroverflata frå oppgangssaga. Eg har tidlegare laga to lause bukkar som fungerer som understell til benken. Saman med desse bukkane vert høvelbenken ein transportabel benk som kan nyttast på byggjeplass. Eg vil i tida framover prøve ut korleis benken kan brukast til forskjellig snikkararbeid. Lengda på den opphavlege benken var omlag 3,8 meter. Det er lengre enn enn det ein snikkar normalt har bruk for til snikring av møblar, dører, vindauge og tilsvarande. Eg ser for meg at ein slik benk kan ha vore nytta til høvling av golvbord eller tilsvarande som gjerne skal ha litt lengre lengder.

Bordklipa av furu er laga etter same forma som på benken frå Helberg. Ho er festa med 2 stk. 5" spikar og  1 stk. 4" spikar, alle smidde. Høvelstoppen er 26 mm høg og 35 mm brei av bjørk. Den er festa med 3" klipt spikar. Foto: Roald  Renmælmo
Bordklipa av furu er laga etter same forma som på benken frå Helberg. Ho er festa med 2 stk. 5″ spikar og 1 stk. 4″ spikar, alle smidde. Høvelstoppen er 26 mm høg og 35 mm brei av bjørk. Den er festa med 3″ klipt spikar. Foto: Roald Renmælmo
Benkeplata på dei lause bukkane. Eg har lagt eit bord mot høvelstoppen. Ved litt forsiktig prøvehøvling verka benken å vere stødig og ha rett høgd. Med grovstilt okshøvel så flyttar benkeplata på seg. Ei form for festing blir truleg nødvendig. Den originale benken frå Helberg har ein del spor etter spikar som kan ha vore slik festing. Bukkane er så breie at det er plass til å legge frå seg bord som skal høvlast bakom benkeplata. Foto: Roald Renmælmo
Benkeplata på dei lause bukkane. Eg har lagt eit bord mot høvelstoppen. Ved litt forsiktig prøvehøvling verka benken å vere stødig og ha rett høgd. Med grovstilt okshøvel så flyttar benkeplata på seg. Ei form for festing blir truleg nødvendig. Den originale benken frå Helberg har ein del spor etter spikar som kan ha vore slik festing. Bukkane er så breie at det er plass til å legge frå seg bord som skal høvlast bakom benkeplata. Foto: Roald Renmælmo
Når bordklipa er plassert rett over bukken så er det lettvindt å feste bord som skal høvlast på kant. Skråen på bordklipa får bordet til å låse seg fint på plass under høvling. Foto: Roald Renmælmo
Når bordklipa er plassert rett over bukken så er det lettvindt å feste bord som skal høvlast på kant. Skråen på bordklipa får bordet til å låse seg fint på plass under høvling. Høvelstoppen går ikkje heilt ut til framsida men er stoppa omlag 2″ frå kanten. Det er gjort slik på den originale benken men eg har ikkje funne noko god forklaring på dette. Det var tydeleg gjort med hensikt. Foto: Roald Renmælmo

Høvelbenken frå Helberg med lause bukkar

 Den første bukken som eg skreiv om i førre post tok ein del tid å lage. Det meste av tida gjekk med til å finne fram til høvelege dimensjonar på dei ulike delane, bestemme dimensjonar på tappar og naglar og finne fram til ein god arbeidsmåte. I tillegg kjem arbeidet med å leite fram litteratur og stoff om slike bukkar. Til saman har dette tatt nærare ei veke. Når eg tok til med den andre bukken i dag tidleg ville eg prøve å arbeide fokusert for å sjå kor lang tid det tok å snikre ein slik bukk. Materialane var på førehand ferdig retta og dimensjonert klart til tapping. Med 6 gjennomgåande tappar så er hogging av tapphol og saging av tappar ein stor del av arbeidet. Med merking, tapping, saging og samansetting tok dette omlag 3-4 timar. Nagling og resten av arbeidet tok omlag 2 timar.

Ferdige bukkar
Dei to bukkane er ferdige. Legg merke til at det er halvtapp på eine enden og overstykket er kappa jamnt med foten. Foto: Roald Renmælmo
Høvelbenken frå Helberg
Eg fann fram den originale høvelbenken frå Helberg og prøvde den på bukkane. Først la eg benken heilt på kanten av bukkane. Det gir fri arbeidsveg når ein går på sida og høvlar. Det er sikkert bra når det er snakk om å høvle flask. Foto: Roald Renmælmo
Helberg høvelbenk
Høvelbenken er trekt litt inn på bukkane. Då kan ein stø eit bord som skal høvlast på kant og er støytt mot bordklypa. Foto: Roald Renmælmo

Bukkane verkar stødige men samtidig hendige og lette. Planken som utgjer høvelbenken frå Helberg verkar å vere tung nok til å gjere bukkane stødige nok til høvling men eg har ikkje prøvd skikkeleg å arbeide på benken. Det neste blir å ordne til ein planke som skal brukast til høvling og så teste ut å arbeide med denne.