Category Archives: Hjulmakarbenk

Høvelbenk med årstal 1844 frå Selbu

Kai Johansen har fått tak nok ein høvelbenk med årstal. Han har skrive om det på bloggen Tradisjonelt bygghandverk. Eg har kopiert hans tekst og bilete under.

Det ble lagt ut to høvelbenker for salg på Finn.no, etter en kort dialog med Roald  kontaktet jeg selger og avtalte å møtes.

Gården disse to benkene kom fra ble satt opp 1840  Grøtem,  evt Myrplassen kan ha vært hovedgårdene denne soknet under.  På meg virket det som om det var en husmannsplass. Det var ingen driftsbygninger der, annet enn små vedskjul på tunet. Siste beboer var Lars Grøtte som var ungkar og samlet på det meste uten å kaste noe. Det var derfor mye husgeråd i dette lille huset. Selger mente at benken måtte ha kommet til gården som medgift en gang, da bumerket som er skjært inn sammen med årstallet ikke tilhører denne gården, men en annen i Selbu. Veldig mye av huskerådet har gårdens bumerke. Bumerket var også skåret inn på den ene langveggen mot veien så alle som passerte kunne se det.

Bumerke og årstal på høvelbenken. Foto: Kai Johansen

Benken er i furu og bjørk, de tekniske målene er lengde 222cm ( 217cm+5 cm baktange), bredde 24cm-40cm ved framtange, tykkelsen på furuplaten er 3″(7,5 cm). Baktangen er 4″ tykk. Det er 17 hull for benkhaken +1 i baktangen. Skruvane er i bjørk og er 2″ i diameter.

Benken har ikke føtter, men har vært festet i veggen ved framtangen og muligens stått på en løs bukk lengre frem. Jeg finner  ikke noen spor etter føtter noen steder. Kort enden ved  baktangen på benken er den økset av , og mye av undersiden er bearbeidet med øks, relativt gtrovt bearbeidet, oversiden er høvlet. Sidene har en del vankant.

Haken er påfallende liten  og passer bare i baktanga, de andre hullene er hugd litt større og det er en del store utrivninger på undersiden, dette er gjort sekundært.

Høvelbenken i boka: Arbeidsteknikker i Tresløyd

Eg og Tomas har hatt fokus på å leite fram eldre høvelbenkar i våre to land. Gjerne høvelbenkar som er annleis enn dei høvelbenkane som vi tenkjer på som vanlege i dag. Ut frå desse eldre benkane har vi prøvd oss fram til korleis vi kan gjere ulike typar snikkararbeid. Korleis eg har brukt ein av mine kopierte høvelbenkar, kopi av benken frå Eggagarden, til høvelmaking har eg skrive om på bloggen til Norsk Skottbenk Union. Korleis eg har arbeidd med høvling av golvbord på ein anna kopiert høvelbenk, kopi av benken frå Helberg,  har eg også skrive om i samband med høvling av golvbord. Dei eldre høvelbenktypane fungerer annleis enn dei nyare og såleis må ein innrette arbeidet etter dette.

Når det gjeld nyare høvelbenkar har eg skrive om korleis Sjur Nesheim arbeider på høvelbenken når han snikrar dør. Høvelbenken Sjur brukte til dette minner meir om «vanlege» nyare høvelbenkarSjur hadde si opplæring i den fyrste tida etter andre verdskrig og var aktiv snikkar godt inn på 2000-talet. Frå denne tida finnast det godt med faglitteratur i snikkarfaget og i tresløyd som var det vanlege namnet på opplæring i snikring på grunnskulenivå og i lærarskulane. I boka «Arbeidsteknikker i tresløyd» av A. Stubhaug utgjeve i 1958 har eg funne gode illustrasjonar av korleis ein utfører det mest vanlege arbeidet i sløyden (eller snikkarhandverk med handverktøy). Eg går gjennom ein del av det som viser kva rolle høvelbenken har i dette arbeidet. Eg byrjar med grovforming av emna i denne bloggposten og kjem tilbake seinare med meir spesialisert arbeid.

For kapping av større lengder viser boka til bruk av kappebenk. Emnet vert merka med blyant og vinkel og vert støtta mot lista på benken under saging. På lågare klassetrinn kan ein feste bordet med tvinge for å lette arbeidet med saginga.
For kapping av større lengder viser boka til bruk av kappebenk. Emnet vert merka med blyant og vinkel og vert støtta mot lista på benken under saging. På lågare klassetrinn kan ein feste bordet med tvinge for å lette arbeidet med saginga.
Saging

Desse illustrasjonane viser kapping og grovkløyving av emne. Ulike sager vert brukt på mange ulike måtar i andre delar av snikkararbeidet. Her er det gjort skilnad på om det er brei eller smal baktang på benken. Når benken har baktang som går i heile bredda av benkeplata kan ein sage på utsida av benken si bakside. Her kjem det fram at ein helst sagar på høgre side av emnet og at saggrinda er vridd til høgre.

Oppretting

Desse illustrasjonane viser planhøvling av flate og retting av ein kant på emnet. Her er forfattaren inne på at høvelbenken bør ha så plan flate at han kan nyttast som referanse for å sjekke om dei høvla emna er plane nok. Dette er i ein opplæringssituasjon på lågare klassetrinn. På høgare trinn skal elevane nytte siktelister for å få emnet rett.

Boka tar utgangspunkt i dei vanlege høvelbenkane som var brukt i skulen på den tida. Baktanga er av typen som gjerne vert kalla hjulmakarbenk og er slik vi kan sjå på høvelbenken Sjur Nesheim brukte i samband med eit prosjekt på snikring av vindauge. Det verkar som det er denne typen benk som er brukt gjennom heile boka. Ein annan vanleg type baktang er den som er L-forma. Trond Oalann har posta ein post som viser korleis han brukar ein slik høvelbenk til å lage høvel etter oppskrift frå boka «Sløidlære for skole og hjem» av Kjennerud – Løvdal, 1922.

Låg arbeidsbenk på Sogn Folkemuseum

De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum har ei veldig rik samling av gjenstandar knytt til ulike handverk. Dei har ei flott utstilling av snikkarverktøy som er lagt til rette som ein verkstad med arbeidsbenkar og verktøy. I tillegg har dei mykje av samlinga si i gjenstandsmagasin. I dette magasinet kom eg over ein arbeidsbenk som vekte mi interesse. Benken har registreringsnummer DHS.3884.  Benken er i høgd slik at han er til å sitje på, 46 cm høg og knapt 1,5 meter lang totalt. I eine enden er det ei baktang og i andre enden er det ei skruklemme med sveiv.

Arbeidsbenken slik han står på magasinet på museet. Foto: Roald Renmælmo
Arbeidsbenken slik han står på magasinet på museet. Foto: Roald Renmælmo

Eg har fått spørsmål om eg har tips til korleis ein kunne byggje seg ein transportabel arbeidsbenk/høvelbenk som får plass i arbeidsbilen og som kan vere med ut på oppdrag. Benkane som er tenkt for montering på vegg slik som benken frå Meldal bygdemuseum eller benken som Magnus Wammen har målt opp på Norsk Folkemuseum er gode døme på korleis ein kan få ein benk stabil utan måtte transportere han med lastebil. Dei benkane nyttar ein fast vegg for å gjere benken stødig. Også andre av benkane utan faste understell kan saman med lause bukkar bli gode arbeidsbenkar som også er transportable. Av desse er det truleg berre benken frå Helberg som er tung nok til å stå fritt på golvet og vere stødig nok til høvling med grovstilt høvel.

Denne benken frå Sogn Folkemuseum er truleg tenkt slik at snikkaren sit på benken/emnet når han arbeider og slik sikrar at benken er stødig? Det blir tilsvarande slik ein bandstol fungerer. Denne benken kan difor vere ei alternativ løysing på utfordringa med å lage transportable arbeidsbenkar som er stødige nok til å arbeide på. Benken kan og fungere som sagkrakk og er truleg ein praktisk sak å ha på byggeplassen der ein arbeider med tradisjonelle handverktøy.

Denne benken er registrert inn på museet første gong i 1910 og var kjøpt inn av kunstmålar Lars Osa. Benken vart innkjøpt frå Ulvik i Hardanger. Den er registrert som ein «treskobenk», altså ein benk for å arbeide tresko. Den klemma med skruve på sida er nok meint for å feste treskoen i samband med at ein arbeidde med treskonavar og treskojarn. Det finnast ein film med ein svensk treskomakar som kan gi eit innblikk i korleis slikt arbeid vart gjort. I registreingsskjemaet er det ført opp at sjølve hovudplanken er 127 cm lang og er 2″ x 7 ½». Vidare: «Benken hviler paa 4 føtter mellem hvilke er indrettet et rum for verktøiet. Foran på bænken er anbragt et skrustikkelignende aparat av træ der kan klemmes sammen og fastholder træskoen under arbeidet ved hjelp av en gjennem begge dele gaaende jernbolt snittet i den ene ende og til denne hørende jernsveiv med mutringsnit. Bakerst er anbragt et træstykke av tykkelse og bredde som bænken. Dette skrues til enden ved hjelp av en træskrue og har den samme anvendelse som skruen på en høvelbænk, nemlig at holde emnet fast under arbeidet.» (G. F. Heiberg, Sogn Folkemuseum 1910)

Eg kan ikkje heilt sjå for meg korleis den baktanga kan høve til arbeidet med treskomakinga? Kanskje benken har vore brukt til meir variert bruk enn til berre tresko? Eg ser for meg at benken kan vere godt egna til forskjellig småarbeid der ein skal høvle korte emne, tappe i emne som ein sit på og sage eller økse på emne som ein held fast med kneet eller venstre hand.

Samanleggbar høvelbenk, eller stavklombre

Høvelbenk er ei nemning som kan nyttast om alle arbeidsbenkar som ein skal høvle material på. Likevel er det mange spesialiserte høvelbenkar som gjerne har eigne namn. I samband med bygningsvernkongressen i Oslo var det ein sesjon på oppmåling og dokumentasjon av verktøy og slikt i samlinga til Norsk Folkemuseum. Eg sjølv var oppteken med høvling på skottbenk og dørsnikring og fekk ikkje med meg turen i magasinet. Heldigvis var det to av våre faste lesarar på bloggen, Gunnar Almevik og Magnus Wammen, som fekk målt opp og fotografert ein spennande liten høvelbenk. Benken har registreringsnummer NFL.4176 og kjem frå Støren i Gauldal i Sør-Trøndelag. Benken er ikkje meir enn 1,4 meter lang og har bøylar i framkant for å festast i vegg. Den har ein hengsla fot som står på golvet. Benken kan slåast opp på veggen når han ikkje er i bruk. Ein tilsvarande benk har vi tidlegare skrive om her på bloggen. Haken i baktanga ser ut til å vere den same. Haken som eventuelt har vore brukt i hola langs midten av benkeplata ser ikkje ut til å følgje med benken. Det kan ha vore ein enkel treplugg?

Benken har truleg vore brukt til høvling av kortare emne, helst stavar til lagging eller eventuelt bøkkararbeid. Det er då truleg høvling av staven på flasken som er høveleg å gjere på ein slik benk. Stav til lagging skal høvlast hul inni og rund utanpå. Det finnast nikre tilsvarande benkar på Digitalt Museum og ein av desse har nemninga «stavklombre» knytt til seg. Den benken har registreringsnummer SM.003119 og er frå Dalsfjord på Sunnmøre. Ein annan tilsvarande har nemninga «stavklemme» knytt til seg og har registreingsnummer SM.005796. Stavklemme og stavklombre peikar mot at desse benkane har vore brukt til høvling av stavar. Både lagga kjerald og tynner har stavar. For bruk til mindre snikkararbeid kan truleg slike benkar vere praktiske, særleg om ein har lite plass på verkstaden sin. Benken er så liten at han kan setjast opp på ein studenthybel og berre vere oppslått på veggen når han ikkje er i bruk. Både Gunnar Almevik og Magnus Wammen har målt opp og teikna benken så denne er godt dokumentert. Eg har fått løyve frå Magnus til å leggje ut bilete og teikninga her på bloggen. Då er det berre å gå i gang med å snikre seg slike benkar. Magnus har foreslått at benken også kan brukast til å forlenge ein eksisterande høvelbenk om ein har bruk for å høvle lange lengder. På byggeplassen kan ein hekte ein slik benk fast på gjerdesaga eller liknande. Ein perfekt benk å ha med seg i bilen når ein er ute på oppdrag.

Oppmåling av høvelbenken. Teikning av Magnus Wammen, Norsk Folkemuseum
Oppmåling av høvelbenken. Teikning av Magnus Wammen, Norsk Folkemuseum

I snekkerverkstedet, måleri av Jacob Gløersen

I "snekkerverkstedet", måleri av Jacob Gløersen 1903. foto©: O. Væring Eftf. AS
I «snekkerverkstedet», måleri av Jacob Gløersen 1903. foto©: O. Væring Eftf. AS

Målaren Jacob Gløersen var fødd i Nissedal i 1852 og som Fredrik Kolstø gjekk han på Knut Bergsliens malerskole. Han reiste også til akademiet i München saman med Kolstø og Erik Werenskiold. Skildringar av folk og natur var noko desse tre var opptekne av. Gløersen var ein periode i Rollag i Numedal og det er truleg frå garden Ulvik at han har henta motivet sitt. Truleg er guten på biletet Ola Ulvik som då var 8 år gamal. Måleriet viser ein skimakar i snikkarverkstaden.

«Like over nyttår 1903 sender Gløersen brev frå Ulvik til Gerhard og Sigrun Munthe, der han skriv: ”Jeg faar foreløpig ogsaa nok at gjøre inde forresten, for om 14 Dage maa jeg selvfølgelig holde op igjen i den Stuen, hvor jeg skulde male Snedker. For da kommer der en Lægdekjærring naturligvis. Ja, hvad kan ikke Fanden finde paa? Men jeg skal vel bli færdig her engang.” (http://knivgvasst.blogspot.no/2010_07_01_archive.html)

Skimakaren og guten er nok ganske så oppstilte for at Gløersen skulle få lyset riktig. Skimakaren står berre og stør seg på emnet utan å gjere noko. Høvelbenken ser ut som han er klar til å høvle til skiemnet som ligg klart under den ferdige skia. Det er litt høvelspon på benken og på golvet etter høvling som alt er gjort. Langhøvelen har handtak også framme. Han har borevinna og breisaga hengande klare på veggen. Elles er det truleg ein del verktøy i hylla i høgre billedkant. Til venstre står ei kraftig bile og ein hoggestabbe og bak desse står det nokre grove plankar røyst mot veggen. Høvelbenken har baktang som liknar på dei på hjulmakarbenkane. Truleg er det treskruve i denne. Framtanga seg og ut til å ha treskruve. Benken er plassert rett framom vindauget, men ikkje heilt inntil veggen. Det er nok og eit vindauge til venstre for billedkanten sidan høvelbenken og hoggestabben kastar skygge mot høgre og snikkaren har lys på ryggen.

Høvelbenk frå Grytøy i Troms

Høvelbenk i samlinga på Lundenes bygdetun. Benken er kring 185 cm lang og 60 cm brei over framtanga. Benken er bygd av ein planke som er 24 cm brei og 45 mm tjukk og går i heile lengda. Den har baktang av hjulmakartype og høvelbenkskuff som er omlag 20 cm brei. Foto: Roald Renmælmo
Høvelbenk i samlinga på Grytøy bygdetun. Benken er kring 185 cm lang og 60 cm brei over framtanga. Benken er bygd av ein planke som er 24 cm brei og 45 mm tjukk og går i heile lengda. Den har baktang av hjulmakartype og høvelbenkskuff som er omlag 20 cm brei. Foto: Roald Renmælmo

Sidan eg har brukt mykje tid på å lære meg å løype never og tekkje med never og torv, prøvar eg å få praktisert litt kvart år. Denne sommaren arbeider eg med andre del av tekkinga på taket på det gamle våningshuset på Grytøy bygdetun. Grytøya er ei øy i Harstad kommune i Troms og ligg nord for Hinnøya. Bygdetunet har ei omfattande samling  av gjenstandar og eg har nytta høvet til å fotografere denne høvelbenken som er ein av desse. Eg har ikkje funne noko informasjon om kor benken kjem frå eller kven som har brukt han. Eg går ut frå at han har vore brukt på Grytøya og at han er frå ein av gardane der.

Høvelbenken er av tilsvarande type som høvelbenken frå Holstvollen i Bymarka i Trondheim som Thor Aage tidlegare har skrive om. Også høvelbenken frå Li i Suldal er ganske lik i uforminga, men manglar baktange og rekka med hakehol. Ein vesentleg forskjell er at benken på Grytøya har høvelbenkskuff. Denne kan kanskje vere ei modifisering av ein eldre benk som har vore veldig lik benken frå Holstvollen. Dette er altså ein type benk som går att ulike stader i landet i ulike versjonar. Det vanlege er å finne desse utan understell så det er vanskeleg å seie korleis slike understell har sett ut eller kor høge benkane har vore.

Høvelbenk frå Holstvollen i Bymarka i Trondheim

Høvelbenk frå Holstvollen i Bymarka i Trondheim.
Høvelbenk frå Holstvollen i Bymarka i Trondheim. Foto: Thor-Aage Heiberg

Denne karen dukket opp på en høylåve på Holstvollen ved en befaring på stedet. Benken er i god stand som bildet viser og har begge benkehakene på plass. Mål fremkommer av tegningen nederst. Benken er hovedsakelig laget i furu, men enkelte detaljer som frem og baktang samt skruene er i bjerk. Selve benkeplata er av ett helt bord. Fremtangen er skrudd fast i benkeplata med skruer. Baktangen har styrelister på undersiden av benkeplata. Styrelistene og selve skruen er det tappet ut for i benkeplata. Listene måler 1″ x 1″ i tverrsnitt. Skruene i frem- og baktang har en utvendig diameter på omlag 2 1/4″.

Legg også merke til den lille klossen på undersiden som kan svinges på utsiden av kanten og fungere som opplagringspunkt for det som er fastspent i fremtangen. Det er også tappet ut et hull i kanten av benken like ved denne klossen. Kanskje for å stikke en pinne inn i med samme hensikt som klossen?

Kjenner ikke foreløpig til historisk tilknytning eller bruk(sområde) av denne benken.

Benken sett fra undersiden
Benken sett fra undersiden
Detalj av kloss på undersiden benken. Tommestokken viser plassering målt fra fremenden av benken.
Detalj av kloss på undersiden benken. Tommestokken viser plassering målt fra fremenden av benken.
Detalj, baktange. Det er lagt et innlegg på oversiden i benkeplaten av bjerk
Detalj, baktange. Det er lagt et innlegg på oversiden i benkeplaten av bjerk
Detalj av underside, banktang
Detalj av underside, banktang
Oppmålingsskisse av høvelbenken. Alle mål er i norske tommar (a 26,15 mm). Skisse: Thor-Aage Heiberg
Oppmålingsskisse av høvelbenken. Alle mål er i norske tommar (a 26,15 mm). Skisse: Thor-Aage Heiberg

Hyvelbänk i Siljansnäs

Hyvelbänken finns i ett förråd på en gård i Siljansnäs. Bänken är 1,87 m lång. Skivan är 36 cm bred och 4,7 cm tjock. Baktången har en fast hake, men skivan saknar hakar för fasthållning. Ett av benparen förefaller vara original.

Hyvelbänk
Hyvelbänk från Siljansnäs. Foto: Beth Moen.                                                                                                                                                                                       
Framtång. Foto: Beth Moen
Framtång. Foto: Beth Moen