Category Archives: Dørsnikring

Registrering av høvlane etter Sjur Nesheim

Ein av okshøvlane etter snikkaren Sjur Nesheim (1939-2013) i Granvin. Foto: Martin Hermann
Ein av okshøvlane etter snikkaren Sjur Nesheim (1939-2013) i Granvin. Foto: Martin Herrmann

I slutten av januar hadde vi ei samling på Voss for studentar på studiet Teknisk bygningsvern og restaurering på Høgskolen i Sør-Trøndelag. Studentane har bakgrunn frå ulike handverksfag og har spesialfagleg fordjuping i sine fag. Arbeidssamlinga er del av den spesialfaglige praksisen for snikkarane ved studiet. Målet med samlinga var å få kjennskap til verktøysamlinga etter snikkaren Sjur Nesheim frå Granvin. Sjur var ein viktig tradisjonsberar som fleire av oss fekk høve til å lære mykje av. Tomas Karlsson og eg har skrive ein artikkel om dørsnikring saman med Sjur. Vi har også skrive om Sjur i fleire postar her på bloggen. Med den bakgrunnen er verktøysamlinga som Sjur Nesheim har etterlate seg av spesiell interesse for oss. Teksten under er skriven av Atle Østrem og dei fleste bileta er teke av Martin Herrmann, båe er studentar som var med på samlinga. Dette vert del 1. av rapporten frå samlinga, del 2. som tar for seg høvelmakinga kjem i ein seinare post.

Sjur Nesheim (1939-2013) var ein snikkar frå Granvin i Hardanger. Han er ein av dei siste me kjenner til som snikkra på gamlemåten. Han laga sine eigne høvlar som han brukte i produksjonen. Det er og høvlar etter far og bestefar hans i samlinga.

Verktøyet til Sjur er gitt i gåve til Kulturakademiet på Voss der verktøyet skal vere tilgjengelig i samband med undervisning i tradisjonelt snikkarhandverk. Verktøyet skal registrerast i Hardanger Folkemuseum sitt arkiv og me startar opp dette registreringsarbeidet under samlinga. Gjennom dette skal studentane få trening og innsikt i denne typen dokumentasjon ved oppmåling, registrering og teikning av høvlane til Sjur. Vidare skal studentane få trening i å laga høvlar. Dette ved å kopiere dei gamle høvlane til Sjur, eller ved å lage høvlar etter andre snikkarar. Høvelmaking vert innleveringsoppgåve i  spesialfagleg praksis for snikkarstudentane ved studiet våren 2015.

Langhøvel laga av Sjur Nesheim i 2011. Foto: Martin Herrmann
Langhøvel, eller lokkert som Sjur sa,  laga av Sjur Nesheim i 2011. Foto: Martin Herrmann

Med tanke på at høvlane er tilgjengelige ved Kulturakademiet vert det bestemt at me bare tar med dei viktigaste opplysningane om dei i registreringa. Det gir trass alt meir informasjon å ta fram ein høvel å studera han direkte enn å lesa om han i ei opplisting. Høvlane vert fotografert i samband med registreringa. Ved å teikna høvelen vert me utfordra på å studera detaljer i utforminga av han. Det er nyttig når me skal laga høvelen etterpå. Når me arbeider med høvlane gjennom veka vert me godt kjend med dei. Høvelmakinga i kombinasjon med dokumentasjonen gjev oss eit grunnlag for å forstå kva for kvalitetar som ligg i ein god høvel. Me lærer kva me må legga vekt på når me skal laga vår eigen høvel og kva utfordringar som ligg i det å få den til å virke på best mogleg måte.

Dag 1. 19. januar 2015

Studentane møter på Tvildemoen, Voss saman med Roald Landøy frå Hordaland Fylkeskommune. Høvlane til Sjur blir lagt utover golvet slik at me får best mogleg oversikt over dei. Me sorterer høvlane grovt etter type høvel,-slik som langhøvel, okshøvel, pusshøvel, profilhøvel med meir. Høvlane blir førebels merka med nummer på maskeringsteip. Det vert laga eit rekneark som listar opp høvlane etter nummer. Innhaldet i lista vert diskutert. Me vert einige om berre å ta med dei viktigaste opplysningane førebels slik som type, namn, nummer og referanse til foto. Me er samde om at lista kan utvidast med fleire relevante opplysningar etter kvart som me vert kjent med høvlane.

Martin riggar til ”foto studie” i eit hjørne av lokalet. Alle høvlane blir fotografert mot kvit bakgrunn. Det blir tatt fire bilete av kvar høvel frå ulike vinklar. Bileta vert lagra i mapper merka med høvel nummer og bilde nummer. Referanse til bileta vert ført inn i registeret over høvlane.

Roald Landøy viser oss bruken av teikneprogrammet ”Archicad”. Prinsippa rundt teikninga av høvlane vert diskutert og me kjem fram til ein måte å teikna på som er hensiktsmessig i forhold til dokumentasjonen av høvlane. Me har ikkje tilgang på Archicad og teiknar heller for hand på gamlemåten. Høvlane vert helst teikna i målestokk 1:1 slik at me syner detaljane så godt det lar seg gjera. Målet er at ein skal kunna snekra ein høvel ut frå teikninga. Me har ikkje tid til å teikna meir enn ein til to høvlar kvar ved dette høvet. Me vel ein høvel som me kan tenka oss å snikra seinare i veka.

Dag 2. 20. januar 2015

Gunnar Kjerland kjem frå Hardanger Folkemuseum for å vera med på registreringa av høvlane. Samlinga skal inn i museet sitt arkivsystem. Han gjennomgår derfor registreringsskjema med oss og fortel litt om korleis arkivsystemet i museet er bygd opp. Samlinga får tildelt serienummer 1100 saman med bokstavane BHG (Bygdemuseet Hardanger Granvin). Referanse til fire bilete for kvar gjenstand (fotografert av Martin Herrmann) vert lagt til med bokstavane A,B,C,D. Merkinga vert då: BHG. 1101_A,B,C,D med stigande nummer for kvar gjenstand. Me oppdaterer skjema i forhold til den informasjonen Gunnar vil ha med i registreringa. Det som vert notert er namn/type høvel, mål, bredde på høveltanna, om det er klaff/forgatt/sponbrytar. Treslag vert og notert der me kan sjå dette sikkert. Særskilde opplysningar rundt bruk og eigenart vert omtala i eigen rubrikk.

Høvlane vert merka med tusj på et underlag av neglelakk. Merkinga blir forsegla med eit nytt lag neglelakk utanpå. Gunnar og Atle arbeider med registreringa ut dagen medan Roald, Ellev ,Martin, David, Rune og Anne Mari er flittige med å teikne. Roald Landøy og Gunnar Kjerland takkar for seg etter endt arbeidsdag og overlet resten av arbeidet til oss studentar. Me held på med teikning og registrering eit stykke ut på kvelden.

Dag 3. 21. januar 2015

Roald Renmælmo og Trond Oalann kjem frå Oslo og sluttar seg til gruppa. Trond finn fram fleire høvlar som me må registrera. Me fortsetter arbeidet med nummerering, fotografering, teikning og registrering i skjema. Det vert snakka ein del rundt namnebruken på høvlane. Trond og Roald har informasjon om Sjur sin namnebruk på høvlane. Roald hentar fram svar på spørjelista om snikkarhandverket frå Ord og Sed i Norsk Folkeminnesamling frå 1934. Der er det nokre svar frå område i Hordaland som ikkje er så langt unna Granvin. Det gir oss supplerande informasjon som bekreftar ein del av den namnebruken Sjur hadde på høvlane sine. Slik dokumentasjon gjev oss inspirasjon. Gamal namnebruk kan vere ei viktig informasjonskjelde. Det kan fortelja oss noko om utvikling over tid og om geografisk utbreiing.

I galleriet under er det døme på teikningane av høvlane i samlinga til Sjur. Dette er eit lite utval av høvlane i samlinga som er målt opp og teikna som ei øvingsoppgåve på samlinga.

Meir om høvlane og høvelmakinga kjem i ein seinare post på bloggen.

Deltakarar:

Roald Landøy, Hordaland fylkeskommune. Trond Oalann, Hordaland fylkeskommune. Gunnar Kjerland, Hardanger Folkemuseum. Roald Renmælmo, HiST, Anne Mari Mehus, student HiST. David W. Hovden, student HiST. Ellev Steinsli, student HiST. Rune Hofslundsengen, student HiST.Martin Herrmann, student HiST. Atle Østrem, student HiST.

Snikkaren og yrkeskunnskapen, Sjur Nesheim og tradisjonen

Snikkaren Sjur Nesheim brukar kanten av okshøvelen som rettholt for å sjekke at flasken er høvla rett nok. Foto: Roald Renmælmo
Snikkaren Sjur Nesheim brukar kanten av okshøvelen som rettholt for å sjekke at flasken er høvla rett nok. Sjur viser korleis han går fram for å snikre fyllingsdører, eller rabatdører som han seier.  Foto: Roald Renmælmo

Som handverkar kan eg gjennom språket kommunisere med andre handverkarar med tilsvarande referansar som meg. Eg kan også lese tekstar som beskriv handverk og truleg forstå det meste av innhaldet i teksten. Likevel er det stor fare for at eg ikkje forstår på den måten det er meint. Det er fordi språket ikkje kan fange alle detaljar i handverket. Eg brukar mine eigne erfaringar som handverkar til å tolke det eg les eller blir fortalt av andre handverkarar. Mine eigne erfaringar er aldri akkurat dei same som erfaringane til andre handverkarar. Erfaringane er personlege og berre i liten grad mogleg å formidle gjennom språket.

Handverk er sjølve arbeidet som handverkaren gjer når han lagar eit produkt. Sjølve produktet kan også kommunisere eller bringe vidare kunnskap frå handverkaren som har laga det og til andre handverkarar. Når snikkaren Sjur Nesheim (1939-2013) har snikra ei dør på den måten han har i sin tradisjon, vil andre snikkarar med tilsvarande erfaringar som Sjur, kunne sjå på den ferdige døra og sjå for seg korleis Sjur har arbeidd og kva verktøy han har brukt. Dei kan og spørje Sjur om korleis han har snikra døra og nikke gjenkjennande til det han forklarar. Det er likevel stor fare for at ein snakkar forbi kvarandre. For yngre snikkarar (t.d. meg)  som treff Sjur, får sjå det han har snikra, får sjå verktøyet hans og får høyre Sjur fortel om korleis han arbeider, så er  erfaringane våre så forskjellige frå Sjur sine så det er vanskeleg å setje seg inn i handverket. Tomas Karlsson og eg fekk i oppdrag å intervjue Sjur om dørsnikring til boka «Hantverkare emellan» for Hantverkslaboratoriet ved Göteborgs Universitet i Mariestad. Vi drøfta korleis vi best kunne gjere dette for å få tak i kunnskapen til Sjur. Vi vart einige om at intervjuet måtte gjerast gjennom å få med Sjur og snikre ei dør i ein verkstad vi fekk låne på Voss. Vi brukte dette arbeidet som bakgrunn for intervjuet som er tilgjengeleg som Pdf på nett her:

Snickaren och handverktygen, Sjur Nesheim från Hordaland intervjuas av Tomas Karlsson och Roald Renmælmo.

Sjur Nesheim har merka opp eit emne med ripmot for dimensjonshøvling. På kvar side har han høvla ein liten fas ned til streken for å gjere det lettare å sjå kor djupt han høvlar. Foto: Roald Renmælmo
Sjur Nesheim har merka opp eit emne med ripmot for dimensjonshøvling. På kvar side har han høvla ein liten fas ned til streken for å gjere det lettare å sjå kor djupt han høvlar. Foto: Roald Renmælmo

Dagane i verkstaden saman med Sjur gav oss veldig mykje meir kunnskap om korleis Sjur arbeidde som snikkar, enn om vi hadde berre gjort eit vanleg intervju. Vi fekk arbeide saman med han for å kjenne på korleis verktøyet fungerte. Vi fekk kjenne kor effektiv grindsaga hans var til å slisse opp 2″ plank til ramtrestykker. Om eg berre hadde fått høyre dette av Sjur eller andre utan å sjå det så ville eg ikkje fått kjenne korleis arbeidet skal kjennast ut når saga fungerer. Eg ville ikkje fått prøve kor grovt ein kan stille høvelstålet på langhøvelen eller okshøvelen for å få arbeidet til å bli mest mogleg effektivt. Korleis kjennast det når høvelen tar akkurat passe? Korleis høyrast det ut når saga er kvass og går godt? Slikt er ikkje lett å beskrive med ord eller dokumentere slik at andre kan forstår det. Korleis vurderer Sjur fortløpande materialen han har og korleis han mest mogleg effektivt får gjort arbeidet med retting og dimensjonering? Når er det så mykje material som skal bort, at øksa er beste reiskapen? Når er det høvla nok med okshøvelen og klart for å høvle med ein finstilt pusshøvel? Alt dette er kunnskap som er vanskeleg å dokumentere på ein god og enkel måte, men mykje lettare å få med seg når ein arbeider saman med ein erfaren snikkar. For oss som vil lære snikring med tradisjonelle handverktøy er det ikkje noko som slår det å få vere med og arbeide med erfarne snikkarar som Sjur Nesheim. Det er i sjølve handverket, i produksjonen at ein kan kome tettast på å få tak i kunnskapen i handverket.

For oss som forskar på historisk snikkararbeid er det «trygt» å fokusere på historiske tekstar, historiske bilete, studere historiske snikkarprodukt eller verktøy. Det er «innafor» det som andre etablerte forskingstradisjonar driv med. Vi treng ikkje å argumentere så mykje for å forsvare at vi gjer det. Som snikkar er det erfaringane frå handverket som gjer at eg kan forstå desse kjeldene. Det er nyttig å stå i sin eige verkstad og arbeide for å prøve ut sine teoriar om historisk snikkarhandverk. Eg sjølv har arbeidd mykje med å undersøkje eldre snikkarverktøy gjennom å lage fungerande kopiar og prøve ut desse i praktisk arbeid. Det å arbeide med snikring saman med snikkarar som Sjur Nesheim gir meg referansar til korleis slikt verktøy bør fungere i høve til korleis han er vant til å arbeide. Det er likevel slik at det er stor avstand i tid mellom Sjur Nesheim si yrkesaktive karriere og dei historiske kjeldene eg arbeider med. Ikkje alt er overførbart. Artikkelen med intervjuet er eit døme på korleis vi kan dokumentere arbeidet med å snikre ei fyllingsdør. Teksten får med seg mykje av det vi opplevde saman med Sjur, men det viktigaste for meg er dei erfaringane eg sit att med og som ikkje har kome med i artikkelen. I fremste rekke er det opplevingane av verktøyet som Sjur bruker og korleis dette fungerer i arbeidet han gjer. Det er slåande kor effektivt Sjur arbeider med verktøyet sitt som han kjenner godt og har optimalisert for bruken.

Sjur Nesheim og måtar for å spenne fast emne i dørsnikring

Sjur Nesheim (1939-2013) i Granvin i Hardanger hadde mykje kunnskap om bruk av tradisjonelle handverktøy etter eit liv som snikkar. Då han voks opp hadde dei ein snikkarverkstad utan innlagd straum så han fekk lære seg å snikre berre med handverktøy. Eg var så heldig å få vere med Sjur då han demonstrerte snikring av ei fyllingsdør, eller rabatdør som Sjur sa, i september 2011. Vi heldt til i snikkarverkstaden på Norsk Kunsthandverksskule på Voss. Verkstaden er i eit bygg som var rita av Magnus Dagestad og vart reist i 1920. Innreiinga i verkstaden og høvelbenkane er nok for det meste også frå denne tida. Truleg er høvelbenkane laga på staden. Det var verkty til å lage høvelbenkskruvar i tre til slike benkar i eitt av vertkyskapa på skulen.

Eg har sett saman ein biletserie som viser korleis Sjur brukar høvelbenken på ulike måtar til ulike arbeidsoppgåve. Dette er ikkje den høvelbenken og den verkstaden som Sjur var mest vant til å arbeide på. Difor kan det godt hende Sjur ville arbeidd annleis og brukt høvelbenken annleis om han har stått i sin eige verkstad og arbeidd på sin eige høvelbenk. Sjur sin verkstad var dessverre for liten til å brukast til å fotografere og filme snikring og derfor brukte vi verkstaden på Norsk Kunsthandverksskule. Voss kommune som eigar let oss få bruke verkstaden. Trond Oalann i Hordaland fylkeskommune organiserte den praktiske tilrettelegginga med material og verkty. Tomas Karlsson og Jarle Hugstmyr var også med på å dokumentere arbeidet til Sjur.

Billedgalleriet under viser arbeidet til Sjur. Klikk på bileta for å vise dei større. Gå mellom bileta med piltastane på tastaturet eller ved å klikke på pilene på sida av bileta. Det er mogleg å kommentere under kvart enkelt bilete.

Sjur var ein erfaren snikkar som var vant til å tilpasse arbeidet etter kva verktøy og utstyr han hadde tilgjengeleg. Han vart snart ven med høvelbenken som vi hadde til disposisjon. Han fekk gjort alle arbeidsoperasjonane han hadde behov for på denne benken. Ein del av operasjonane kunne ein med fordel ha gjort på andre typar av benkar. Framtanga var jamt over lite brukt men var ofte i vegen for arbeidet. Ein benk utan framtang, eller med ei mindre framtang hadde truleg vore ein fordel. Det kunne også vore ein fordel å ha nokre hol for killingfot for å feste emne oppå benken i samband med saging eller liknande. Sjur var ikkje vant med killingfot og tenkte ikkje sjølv på dette. Han løyste det med å bruke tvinge, feste emnet med baktanga eller halde emnet med venstre arm.

Benken var elles solid og stødig og fungerte godt til alt arbeidet Sjur gjorde. Det var også plass til ein del verktøy i skuffa i benkeplata. Sjur hadde det mest brukte verktøyet liggande i skuffa slik at det var tilgjengeleg. Skuffa vart snart fylt med spon og sagflis frå arbeidet og verktøyet vart liggande mellom dette og det var ikkje alltid like lett å sjå kor alt var. Ei alternativ plassering av verktøyet har kanskje vore eit føremon. Sjølv tenkte eg ein del på at arbeidet med å sikte etter rett kant og vinding kunne vore gjort meir presist om emna ikkje var spent fast i baktanga. Då fekk ein ut eventuelt spenn i emna. Det ville føre til ekstra arbeid å løsne emna for sikting og så spenne dei fast igjen. Ein høvelbenk utan baktang men med høvelklo for å støyte emnet mot kunne vere ei alternativ løysing. Dette er detaljar som kunne effektivisere arbeidet.

For Sjur var det ikkje høve til å dvele så mykje ved det funksjonelle med høvelbenken. Vi hadde avgrensa med tid og mykje arbeid som skulle gjerast. Sjølv om Sjur hadde mykje erfaring med snikring med handverkty så hadde han ikkje stått i ein større produksjon av dører snikra med handverktøy. Slik større produksjon gjorde han på ein maskinverkstad då han var yrkesaktiv. Om Sjur skulle produsere mange dører med handverktøy og fekk tid på seg til å førebu arbeidet så har han sikkert gjort ein del endringar i arbeidsmåtane for å arbeide meir effektivt. Kommenter gjerne i posten om du har tankar om arbeidet og korleis høvelbenken verkar i høve til det.