Category Archives: Baktang med hake i senter

Høvelbenk frå Oppigard Skori, Åmotsdal Seljord kommune

Høvelbenken frå Oppigard Skori. Skisse av Håkon Telnes Fjågesund

Tekst, bilete og skisse er laga av Håkon Fjågesund og har vore posta på bloggen til bachelorstudiet i tradisjonelt bygghandverk ved NTNU i Trondheim. Benken er såpass interessant at det er bra å få den presentert også her på bloggen.

Høvelbenken kjem frå garden Oppigard Skori, i Skorigrendi, Åmotsdal, Seljord Kommune. Alder på benken er vanskeleg å seie, men det ser ut til at benken har vore mykje i bruk..

Total lengde er 225cm. Høgda frå golv til topp benkeplate er 72 cm. Breidde er 33 cm ved baktange og 46cm ved framtange. Hovudbenkeplata er av grån og ca 6cm tjukk, og smalnar av frå ei breidde på 36cm på det breidaste og 32cm i toppen. Ho ser ut til å vere kløyvd og delvis skanta på undersida. Framtangen og baktangen er laga i bjørk og har treskruar med samme dimensjon. Klossen som heng i hop med skruen på baktangen er også av bjørk. Beina er laga av halvkløyvd smågrån og hogne grovt til og tappa gjennom benkeplata. Det er i alt 19 hol i benkeplata som er rekna på å sette benkehake i. Det er varierande avstand og plassering på hola, men dei går stort sett langs midten av benken. Hola ser ut til å vere bora med navar då dei er koniske. Hola som er lite bruka er framleis runde, medan ein del er firkanta etter slitasje frå benkehaka. Det er også tre hol i sida av benkeplata.

Framtanga er sett saman av tre bitar, pluss treskrue. Det går ein bolt tvers gjennom heile benken som er festa med firkantmutter på både sider. Tappane som går gjennom stykket på enden er plugga med små trepluggar (0,8cm diameter), og dette stykket er tappa gjennom stykket med treskruven i. Denne tappen er også plugga på samme vis.

Baktangen og midtstykket sett frå undersida.

Klossen med benkehaka i er kopla på baktangen med boltar. Hovudet på bolten er felt inn i treverket og festa med bøygde spiker, og mutter i andre enden, på utsida av baktangen. Treskruven er gjenga i trestykket som sitt fast på enden av benkeplata. Boltane fungerar som ei slags skinne som dreg med seg midtstykket ut når baktangen skruvast ut. Midtstykket er felt inni benkeplata på kvar side i eit spor som det kan gli i.

Truleg spor etter ei eller annan innfesting, og hol i sida av benkeplata.
Skisse av høvelbenk frå Oppigard Skori

Høvelbenken er enkel, men ber samstundes med seg mange alternativ for fastspenning av emne. Hola på sida av benkeplata er det vanskeleg å seie korleis er bruka, men eg ville tru det kunne vere praktisk å slå i pluggar som emnet kunne kvile på i bakkant, ved fastspenning i framtangen. Eg har sjølv arbeidd ein del ved ein liknande benk og nytta dette prinsippet for å stø emnet. Baktangen fungerar som ein vanleg tverrstilt baktange, men midtstykket som benkehaka er festa i gjev baktangen enda ein funksjon, då midtstykket trekker seg tilbake ved opning av baktangen, og gjev ei opning som er fast i tre sider. Ved bruk av denne opninga til fastspenning for til dømes endevedhøvling får ein ei sentrert belasting på skruven i baktangen, i tillegg til at sidene i opninga er faste og kan brukast aktivt til å «låse» emnet. Det er også rikeleg med hol for plassering av framre benkehake. I alt 19 hol. Innhakket i sida av benken er vanskeleg å tolke, men det kan vere mogeleg at dette er ein modifisert høvelbenk. Detaljane i bjørk (fram- og baktange), ser mykje yngre ut enn benkeplata grunna både utforming og slitasjespor. Fram- og baktangen framstår som relativt lite slitt i forhold til benkeplata.

Høgda på benken er 72 cm. Samanlikna med moderne høvelbenkar er dette noko lågt, men ikkje ulikt det som er vanleg på eldre benkar.  I motsetnad til ordinær benkehøgde gjev denne benken rom for bruk av kroppen til fasthalding av emne. Det er lett å sette eit kne oppå benkeplata for å halde fast, og ved tapping og liknande arbeidsoperasjonar kan ein lett sitte på emnet for å halde det fast. Dette er berre lause teoriar, men det må nesten vere ein grunn for at benken er laga så låg. Dette er eit fenomen eg også har sett på ein del andre eldre høvelbenkar, men her må det nok litt nærare undersøkingar til for å slå fast noko.

Tekst, teikning og foto: Håkon Telnes Fjågesund

Høvelbenk på Gressåmoen, Snåsa

Studenten Kai Johansen som går på studiet i tradisjonelt bygghandverk på NTNU i Trondheim har kome over ein gamal høvelbenk på garden Gressåmoen i Snåsa i Nord-Trøndelag. Han har skrive om denne benken på bloggen til studiet. Eg har henta tekst og bilete frå hans bloggpost og gjev det att også her på høvelbenkane sin eige blogg. Kai sin tekst:

Torsdag 18 august tilbragte vi dagen med å handsage bordkledning på Gressåmoen fjellgård i Snåså. Vi testet ut sager, og viste teknikker med øks og handsag for elever fra Mære Landbruksskole.

På gården står det to høvelbenker som har et alderdommelig preg og er helt tydelig lagd lokalt, jeg syns de fortjener en liten omtale da det er langt imellom så gamle benker. Dette er den første av de to benkene på gården. Omtale av andre benken kommer senere.

Høvelbenken på Gressamoen. Den er litt under 2 meter lang og har baktang med midstilt høvelklo med to tangar.
Høvelbenken på Gressåmoen. Den er 69 tommar  lang og har baktang med midstilt høvelklo med to tangar.

Benken er lagd i furu med slitedeler i bjørk. Baktang har skruve midt på og høvelklo med to tangar slik vi har sett tidlegare på eldre høvelbenkar av denne typen. Denne gangen fikk jeg ikke tid til å dokumentere fullstendige mål og sammenføyninger, men vi skal tilbake dit. Benken har ingen føtter bevart, men spor etter to generasjoner med faste føtter.

Baktang med høvelklo med to tangar, ein på kvar side av skruven i baktang.
Baktang med høvelklo med to tangar, ein på kvar side av skruven i baktang.
Alle delene er laget i bjørk , her ser man 2 generasjons innfesting av føtter. Foto: Kai Johansen
Alle delene er laget i bjørk , her ser man 2 generasjons innfesting av føtter. Foto: Kai Johansen
Benkeplata er bare ca 1" tjukk. Den har vore stiva av med to drevsponer som føtene har vore tappa inn i.
Benkeplata er bare ca 1″ tjukk. Den har vore stiva av med to drevsponer som føtene har vore tappa inn i.
Bredden på benken ca. 10". Innfestningen av 1. generasjons føtter, drevsponsliss og tapphull 1″x3″
Bredden på benken ca. 10″. Innfestningen av 1. generasjons føtter, drevsponsliss og tapphull 1″x3″
Undersida av benken.
Undersida av benken.
Total lengde på benken 69”. "Framtange" med sekundært innfesting av føtter, og bjørkekrok til mulig innfestning?
Total lengde på benken 69”. «Framtange» med sekundært innfesting av føtter, og bjørkekrok til mulig innfestning?

8. januar 2008 vart Gressåmoen freda av  Riksantikvaren.
Her er det Riksantikvaren skriver om gården: “GressåmoenAnlegget er eit historisk viktig døme på ein skysstasjon og fjellgard rydda i eit marginalt jordbruksområde. Fredinga omfattar ei rekke bygningar og eit område rundt. Fredinga skal verne Gressåmoen som eit bygningshistorisk og kulturhistorisk viktig døme på ein skysstasjon og fjellgard rydda i eit marginalt jordbruksområde. Fredinga skal dessutan også verne Gressåmoen som uttrykk for samkvemmet mellom bumann og same.»

Kvilestue frå 1600-talet
Gressåmoen gard har vært vurdert som verneverdig sidan tidleg på 1970-talet, då Gressåmoen nasjonalpark blei oppretta. Frå gamalt av gjekk ferdselsvegen mellom Snåsa og Lierne over Gressåmoen. Fordi vegen over fjellet var lang, var behovet for overnattingsstader stort. Gressåmoen ligg midtvegs og var difor ein naturleg stoppestad. Det har truleg stått ei kvilestue her allereie på 1600-talet. Kart både frå 1690 og 1720 viser busetnad på staden. Lenger øst for Gressåmoen tyder namnet Gamstuguhaugen på at det har vore samisk busetnad i området.

Fjellgard frå 1800-talet
I 1797 starta Ole Nilsen Aglerønning rydding av Gressåmo gard, som han fekk kongeskøyte på i 1837. Gressåmoen var ein typisk fjellgard, med store, flate og fine voller, godt beite for dyra, fisk og vilt i vatn og fjell. Jorda er derimot skrinn, og garden måtte difor basere seg på kombinasjonsbruk der utmarksressursane i fjellet var svært viktige.

 

Høvelbenk og jarnklo på Lesja bygdetun

Det er stadig variantar av høvelbenkar som dukkar opp i ulike samanhengar. John Selsjord er student i etter- og vidareutdanning i bygningsvern i Oppland fylke. Til siste samling hadde vi som ei av oppgåvene å leite fram gamle skottbenkar og registrere desse. John valde ei anna oppgåve men kom i staden over ein gamal interessant høvelbenk på Lesja bygdamuseum i heimbygda. Han fekk tatt ein del bilete av benken og vil gjerne dele dei med oss på bloggen.

Høvelbenk på Lesja bygdatun, Til benken høyrer ein papirlapp der det er skrive at benken kjem frå garden Isaksbø i Lesja. Foto: John Selsjord
Høvelbenk på Lesja bygdatun, Til benken høyrer ein papirlapp der det er skrive at benken kjem frå garden Isaksbø i Lesja. Elles er benken merka LBT (Lesja bygdatun) men har ikkje fått nummer og er såleis truleg ikkje registrert enda. Benken er ca 185 cm lang, har arbeidshøgd på 72 cm og benkeplata er ca 12″ brei og 2 ½» tjukk. Føtene er faste og tappa gjennom benkeplata. Foto: John Selsjord

Lesja bygdatun vart påbegynt i 1957 med at ein fekk overta nokre bygningar og fekk fri tomt frå kommunen. I samlinga på museet er det også ein annan høvelbenk som ser ut til å stå i utstilling og er registrert på digitalt museum. Den er meir vanleg med slik l-forma baktang, slike benkar som kan vere kalla saksebenk. Denne benken som John fann ser ikkje ut til å vere ein del av ei utstilling men står lagra. Vi får håpe at denne også får sin rettmessige plass i ei snikkarutstilling etterkvart. Garden Isaksbø ligg berre 300 meter sørvest for Selsjord og er å rekne som heimebane for John Selsjord. Isaksbø er nemnd i skrift så tidleg som 1588, men eg har ikkje kome over noko om snikring eller snikkarar på garden.

Det er ein spennande benk med mange fine detaljar. Vi får håpe det er nokon som byggje seg ein slik benk for å prøve ut korleis han fungerer. John har sjølv planar om å snikre seg ein slik i løpet av året. Vi ventar spent på dette og vil gjerne sjå bilete av den nye benken når den blir klar. Dette burde vore ein veldig praktisk benk til høvelmaking og snikring av vindauge. Sjølv trur eg eg ville vurdert å plassere strekkfiskane på føtene slik at eg kunne feste nokre bord mellom dei og såleis få ei hylle til høvlar? Om ein har godt med hylleplass i verkstaden er det slett ikkje nødvendig. Benken blir meir praktisk å flytte rundt utan. Benken er ikkje større enn at han kan høve godt til å ha inne i stua for å arbeide vinterstid når det er mørkt og kaldt ute.

Tomas har komentert at benken har ein del til felles med Hyvelbänk i Siljansnäs som han har skrive om tidlegare. Det er også fleire benkar som har tilsvarande baktang med haken i senter. Det som er litt spesielt med denne benken frå Lesja er at han har bevart jarnklo og hake for fastspenning av emna. Som regel manglar ein, eller begge desse. Neminga «jarnklo» har eg frå Jo Turtumøygard i Lom som skriv: «Jarnkloa i benken var kvass, så ein støytte fjøla til henne, så bordet sat fast.» I svaret har han teikna ei slik klo som er veldig lik den i benken på Lesja bygdetun. Dette er frå svaret hans på spørjelista om snikkarhandverkt til Norsk Folkeminnesamling. Det er nokre mil mellom Lesja og Lom så nemninga kan vere feil å bruke i Lesja. Det var likevel det svaret som var relevant i dette området. Nemninga «klo» finnast også i Meldal som blir eit stykke nordover frå Lesja. Det kan derfor godt hende at klo eller jarnklo har vore ei vanleg nemning i eit større område nord i Oppland og i Sør-Trøndelag?

Kombinert høvelbenk og høvel

På Tingvoll bygdemuseum har dei ein høvelbenk med innebygd høvel på eine sida. Benken har registreringsnummer: TBM.899. Foto: Roald Renmælmo
På Tingvoll bygdemuseum har dei ein høvelbenk med innebygd høvel på eine sida. Benken har registreringsnummer: TBM.899. Foto: Roald Renmælmo

Vi har tidlegare skrive om fleire små høvelbenkar som har vore nytta til å høvle stav til laggearbeid eller bøkkararbeid, ein frå Romsdal, og ein på Norsk Folkemuseum. Denne benken frå Tingvoll bygdemuseum har nok vore brukt til eit tilsvarande type spesialarbeid.  På digitalt museum er benken registrert som høvelbenk og med følgjande forklaring: «Liten høvelbenk nytta til å høvle bøttestavar. Er ei solid trefjøl som det er lett å flytte, og som kan brukast inne i stua. Plass til høveljern og har ei tretvinge for å feste fjøla som det skal arbeidast med». Han er tydeleg nytta til arbeid med å lage bøttestavar. Den eine delen av høvelbenken stiller seg i rekka med korte benkar utan understell og som er til å spenne fast stav på flasken. På den andre sida er det tappa ut kilegang og sponrom for ei høveltan. Slik kan benken fungere som ein strykbenk som ein høvlar kantane på staven med.

Det at denne benken har høvelstål for å stryke kanten av stavane tyder på at ein skal høvle stavane på flasken når ein spenner dei fast med hakar. Då er det truleg snakk om å høvle runding på utsida av staven og hule ut litt på innsida. På bøtter og stampar med breie stavar blir det fort snakk om ein del ved som skal fjernast. Det er sikkert tidsbesparande å ha høvelbenk og strykbenk i eitt. Ein slepp å flytte seg frå høvelbenken og til høvelen. I tillegg er det vanskeleg å finne gode emne til strykbenk. Om ein då har eit stabilt emne til høvelbenk så kan ein få utnytta dette enda betre ved å også bruke det til strykebenk. Eg fekk høve til å studere og fotografere benken då eg var og heldt kurs i høvelmaking på Romsdalsmuseet mot slutten av 2014.

Med verkstedet i fanget

Stavklombre fra Rødven, Romsdalen.
Stavklombre fra Rødven, Romsdalen.

For en god stund siden ble jeg kontaktet av Sverre Stangenes Rødven, kniv og navarsmed, som i øyeblikket var på hjemplassen Rødven i Romsdalen. Han sendte bilder av en høvelbenk med spørsmål om den så interessant ut. Han kunne godt ta den med til Trondheim ved neste anledning sa han. Jeg svarte at benken så veldig interessant ut og syntes det var raust av Sverre å tilby seg å ta med benken til byen. Jeg så for meg en benk som var nær inn på ett par meter lang og som måtte fraktes med tilhenger eller tilsvarende.

Jeg ble overrasket da jeg besøkte Sverre  for å ta benken i øyesyn. Den fikk fint plass i fanget!

Sverre kunne fortelle at benken hadde tilhørt en av hans forfedre, Bottolf Knutsen Stangenes, og at den måtte være fra 1840-tallet. Gården Rødven har livnært seg av flere ting og produksjon av tønner var visstnok en av disse tingene. Det finnes i tillegg ei smie på gården.

Tidligere har det vært presentert en liknende benk på bloggen fra Norsk Folkemuseum som hadde benevningen «Stavklombre». Dette navnet tror jeg vi nok må knytte til denne benken også.

Benken smalner av fra baktangen og fremover.
Benken smalner av fra baktangen og fremover.

Benken er 43 1/4″ lang, hvilket vil si 113 cm. Den er bredest ved baktangen, 7 3/4″ og smalner av fremover til en bredde på 6 1/2″. Benken smalner også av på tykkelsen og er nær 2 1/4″ i baken, men fremst er tykkelsen redusert til 1 1/2″ Nærmest baktangen er det 5 firkantede hull som meget vel kan være etter en flyttbar benkehake. Lengre frem på benken er det 3 nye hull som er runde. Kan de være etter en kjellingfot/rognhake?

Enkel skisse med hovedmål i Norsk-Danske tommer.
Enkel skisse med hovedmål i Norsk-Danske tommer.

Hyvelbänk från ett föremålsmagasin

Aspengrens-hyvelbänk
Hyvelbänk. Foto: Olof Appelgren

Den här bänken är ca 2,6 m lång. Höjden är ca 71 cm, alltså en låg bänk, till och med lägre än bänken från Vasaskeppet. Skivan är 30 cm bred och 7,1 cm tjock, tillverkad i ett lövträ. I katalogkortet anges det att bänken ska ha tillhört en byggnadssnickare.

baktång3
Baktång. Foto: Olof Appelgren
Baktång-underifrån
Baktångens undersida. Foto: Olof Appelgren

Baktången har en konstruktion som jag aldrig sett tidigare. Den hänger på två «gejdrar» som är infällda i bänkskivan. Bänkhaken sitter i framkanten av tången, närmast skivan. Greppvidden kunde ha förlängts ytterligare om det varit hål även längre bak på baktången, vid sidan av skruven. Men det har snickaren som arbetat vid bänken inte haft behov för.

bänkhakeasp
Bänkhake. Foto: Olof Appelgren
framtång asp
Framtång. Foto: Olof Appelgren

Det är svårt att fastslå bänkens ålder. Jag såg bänken för ca 10 år sedan och har nu bara bilder att titta på. Men framtången förefaller var av en ålderdomlig konstruktion.

 

 

Samanleggbar høvelbenk, eller stavklombre

Høvelbenk er ei nemning som kan nyttast om alle arbeidsbenkar som ein skal høvle material på. Likevel er det mange spesialiserte høvelbenkar som gjerne har eigne namn. I samband med bygningsvernkongressen i Oslo var det ein sesjon på oppmåling og dokumentasjon av verktøy og slikt i samlinga til Norsk Folkemuseum. Eg sjølv var oppteken med høvling på skottbenk og dørsnikring og fekk ikkje med meg turen i magasinet. Heldigvis var det to av våre faste lesarar på bloggen, Gunnar Almevik og Magnus Wammen, som fekk målt opp og fotografert ein spennande liten høvelbenk. Benken har registreringsnummer NFL.4176 og kjem frå Støren i Gauldal i Sør-Trøndelag. Benken er ikkje meir enn 1,4 meter lang og har bøylar i framkant for å festast i vegg. Den har ein hengsla fot som står på golvet. Benken kan slåast opp på veggen når han ikkje er i bruk. Ein tilsvarande benk har vi tidlegare skrive om her på bloggen. Haken i baktanga ser ut til å vere den same. Haken som eventuelt har vore brukt i hola langs midten av benkeplata ser ikkje ut til å følgje med benken. Det kan ha vore ein enkel treplugg?

Benken har truleg vore brukt til høvling av kortare emne, helst stavar til lagging eller eventuelt bøkkararbeid. Det er då truleg høvling av staven på flasken som er høveleg å gjere på ein slik benk. Stav til lagging skal høvlast hul inni og rund utanpå. Det finnast nikre tilsvarande benkar på Digitalt Museum og ein av desse har nemninga «stavklombre» knytt til seg. Den benken har registreringsnummer SM.003119 og er frå Dalsfjord på Sunnmøre. Ein annan tilsvarande har nemninga «stavklemme» knytt til seg og har registreingsnummer SM.005796. Stavklemme og stavklombre peikar mot at desse benkane har vore brukt til høvling av stavar. Både lagga kjerald og tynner har stavar. For bruk til mindre snikkararbeid kan truleg slike benkar vere praktiske, særleg om ein har lite plass på verkstaden sin. Benken er så liten at han kan setjast opp på ein studenthybel og berre vere oppslått på veggen når han ikkje er i bruk. Både Gunnar Almevik og Magnus Wammen har målt opp og teikna benken så denne er godt dokumentert. Eg har fått løyve frå Magnus til å leggje ut bilete og teikninga her på bloggen. Då er det berre å gå i gang med å snikre seg slike benkar. Magnus har foreslått at benken også kan brukast til å forlenge ein eksisterande høvelbenk om ein har bruk for å høvle lange lengder. På byggeplassen kan ein hekte ein slik benk fast på gjerdesaga eller liknande. Ein perfekt benk å ha med seg i bilen når ein er ute på oppdrag.

Oppmåling av høvelbenken. Teikning av Magnus Wammen, Norsk Folkemuseum
Oppmåling av høvelbenken. Teikning av Magnus Wammen, Norsk Folkemuseum

«Høvelbenk» frå Nordmøre

Nordmøre museum har nokre høvelbenkar som har liknande løysing for benkehake på baktanga som høvelbenken frå Siljansnäs som Tomas skreiv om. Her er lenke til ein av dei:

Høvelbenk.

Det finnast også nokre private slike benkar rundt om på gardane på Nordmøre. Enn så lenge har eg ikkje funne nokon som har laus benkehake som passar i dei hola som det er rikeleg av langs etter midten av benken. Kva desse benkane har vore brukt til er ikkje så lett å seie. Kanskje til høvling av laggestavar eller liknande. I alle fall er dei til noko som ikkje er så langt og stort. Måten benkehaken er utforma på gjer at krafta frå skruven blir overført rett på emnet som skal festast. Det er to utsmidde tangar som kvar er tappa ned i eit hol på kvar side av skruven i baktanga. Eit alternativ er å bruke ein benkehake med ein tange og plassere den på eine sida av skruven i baktanga. Det vil gi ei vriding av baktanga når ein spenner fast emnet. Ei slik løysing er brukt på høvelbenken frå Holtsvollen i Trondheim og ser ut til å ha fungert godt. Den løysinga krev nok litt kraftigare dimensjon på skruvar og slikt for å verke best mogleg.

"Høvelbenk" frå Nordmøre. Benken er kort og lett og har truleg vore lagt oppå bukkar eller ein annan benk. Kanskje har snikkaren sitte på benken for å halde han fast under høvling? Foto: Roald Renmælmo
«Høvelbenk» frå Nordmøre. Benken er kort og lett og har truleg vore lagt oppå bukkar eller ein annan benk. Kanskje har snikkaren sete på benken for å halde han fast under høvling? Benken er omlag 1,5 meter lang og 9 tommar brei. Denne benken er i privat eige. Foto: Roald Renmælmo
Baktanga på høvelbenken frå Nordmøre. Foto: Roald Renmælmo
Baktanga på høvelbenken frå Nordmøre. Foto: Roald Renmælmo
Detalj av benkehaken med to tangar. Foto: Roald Renmælmo
Detalj av benkehaken med to tangar. Foto: Roald Renmælmo

Hyvelbänk i Siljansnäs

Hyvelbänken finns i ett förråd på en gård i Siljansnäs. Bänken är 1,87 m lång. Skivan är 36 cm bred och 4,7 cm tjock. Baktången har en fast hake, men skivan saknar hakar för fasthållning. Ett av benparen förefaller vara original.

Hyvelbänk
Hyvelbänk från Siljansnäs. Foto: Beth Moen.                                                                                                                                                                                       
Framtång. Foto: Beth Moen
Framtång. Foto: Beth Moen