Ein av våre trufaste følgjarar, Kalle Melin i Skåne i Sverige har kome over ein hållfast i ein høvelbenk i samlinga til regionmuseets byggnadsminne Skärsnäs vid Immeln i Skåne. Slike er ikkje så vanlege å kome over i Sverige så eg synast det er verdt å skrive nokre ord om den. Eg har sjølv ikkje besøkt museet for å sjå benken sjølv, men Kalle har sendt over nokre bilete som viser utforminga på hållfasten. Eg har søkt i samlingane til museet og funne fram den aktuelle høvelbenken. Den har registreringsnummer: KrM S0896 og er registrert som hyvelbänk / snickarbänk. Ut over dette er det ikkje med opplysningar om proveniens eller dimensjonar på benken.
Høvelbenken med hallfast ståande i eit hol på benkeplata. Det kan sjå ut som om holet i benkeplata er litt for lite til at haken kan slåast heilt ned? I så fall kan det kanskje tyde på at haken og benken ikkje nødvendigvis høyrer saman? Det kan vere verdt å sjekke ut nærare. Foto: Kalle Melin
Denne haken er flatare i armen enn ein tidlegare hake som også Kalle Melin kom over i i Gärds Köpinge og som vi har skrive ein del om her på bloggen. Den er meir i tråd med forma på armen som den som S. J. Almås frå Hølonda i Trøndelag har teikna og som vi tidlegare har skrive om på bloggen.
Hållfasten slik han ser ut i tangen som går gjennom benkeplata. Han er smidd ut i ein spiss i enden. Foto: Kalle Melin
Plasseringa av holet for haken i benkeplata er heilt i tråd med det vi har funne på ein del norske høvelbenkar og det som eg har funnet i svarmaterialet i Norsk Folkeminnesamling. Eg reknar med at dette berre er ein start og at det snart vil dukke opp fleire gamle høvelbenkar med slike hållfastar i ulike område i Sverige. Eg er takksam for tips om alle gamle spennande høvelbenkar.
På seminaret 2-5. desember 2015 som eg har skrive om tidlegare hadde vi ei gruppe som arbeidde med å snikre golvplogar. Utgangspunktet for arbeidet på gruppa var at verktøysmeden Jon Dahlmo hadde gjort eit større arbeid med å lage høvelstål og utstyr til golvplogar. Ein type stål som består av tre smale stål som vert montert ved sida av kvarandre. Ståla vert halde fast med eit beslag og settskruvar frå sida. Einar Strand, Peter Brennvik og Ole Jørgen Schreiner laga kvart sitt sett av slike høvlar basert på ståla som Jon hadde smidd. Sjølv har eg også byrja på eit slikt sett som ikkje er heilt ferdig. Også Jon Dahlmo laga sitt eige sett med slike høvlar. Gunnar Bjørn Olsen har klipt saman litt filmopptak frå arbeidet på gruppa:
Dei fleste fekk gjort høvlane sine nokolunde ferdig i løpet av seminaret så no blir det mogleg å få høvla seg golvbord med gode nylaga høvlar. Vi fekk også drøfta ulike typar av slike tradisjonelle golvbordhøvlar. Her er det mange ulike variantar å ta av og nokre av dei kan du lese om her på bloggen til Norsk Skottbenk Union.
Roald høvlar til emne til golvplog. Foto: Sindre Myrlund
Gunnar Bjørn filmar. Foto: Sindre Myrlund
Jon og Einar arbeider med golvplogar. Foto: Roald Renmælmo
Ole Jørgen med sine golvplogar. Foto: Roald Renmælmo
Jon og Einar snikrar golvplogar. Foto: Roald Renmælmo
Jon prøver ut golvplogen sin. Foto: Roald Renmælmo
Nye og gamle golvplogar. Foto: Roald Renmælmo
Jon med nye og gamle golvplogar. Foto: Roald Renmælmo
Golvplog. Foto: Roald Renmælmo
Golvplog. Foto: Roald Renmælmo
Peter Brennvik lagar handtak til golvplog. Foto: Roald Renmælmo
2-5. desember hadde vi eit nytt seminar på Sverresborg der hadde fokus på verktøymaking for snikkarar som driv med tradisjonelle arbeidsmåtar. Vi har tidlegare hatt seminar på snikring av vindauge, snikring av dører og høvling av listverk. Berre den samlinga på høvling av listverk har vi presentert her på bloggen. Då var det studentane på Teknisk bygningsvern som presenterte arbeidet på si arbeidsgruppe på seminaret. No er desse studenane i gang med den avsluttande bacheloroppgåva i studiet. Dei 6 av studentane som er snikkarar hadde også fokus på bacheloroppgåva i arbeidet på deira gruppe på seminaret. Denne gongen fekk eg sjølv lite høve til å fokusere på arbeidet med å dokumentere arbeidet på dei ulike gruppene. Heldigvis fekk vi med oss snikkaren Gunnar Bjørn Olsen til å dokumentere noko av arbeidet med sitt videokamera. Han fekk også hjelp av Sindre Myrlund som er vit. ass. ved institutt for bygg og miljø. Desse to prøvde å filme arbeidet på dei ulike gruppene, noko som var krevjande sidan vi var fem ulike grupper i same lokale og det gir veldig krevjande forhold for å få gode lydopptak. Gunnar Bjørn har klipt saman nokre smakebitar av arbeidet på dei ulike gruppene. Her er ein smakebit frå arbeidet på gruppa som laga høvlar til vindusmaking:
Gruppe 1. hadde fokus på å snikre høvlar til vindusmaking. Her var deltakarane Thor-Aage Heiberg og Ellev Steinsli som arbeider med bacheloroppgåve på snikring av vindauge med handverktøy. Dei tar utgangspunkt i høvlar og verktøy frå Melhus og Meldal og i starten av videoklippet presenterer vi ei samling av snikkarverktøy frå Evjen i Melhus. I dette verktøysettet er det både glashøvel og morhøvel til vindauge. Dei var utgangspunkt for nokre av høvlane som vart påbyrja på seminaret. Rune Hoflundsengen og Atle Østrem arbeider med høvlar for å snikre kopi av vindauge med karm og midtpost frå tidleg 1700-tal. Dette er også deira fokus i bacheloroppgåva. I tillegg var Kolbjørn Vegar Os, Olaf Piekarski og Gunnar Kjerland med i denne gruppa. Desse tre arbeidde med høvlar som dei hadde behov for i eige arbeid.
Vi samanliknar den gamle høvelen frå Evjen med ein tilsvarande frå Holland. Ikkje mykje skilnad på desse. Foto: Gunnar Bjørn Olsen
Ellev har byrja på sin fyrste glashøvel. Foto: Gunnar Bjørn Olsen
Kolbjørn høvlar til emne til høvel. Foto: Gunnar Bjørn Olsen
På gruppa fekk dei laga ein del høvlar, men det vart ikkje tid til sluttføring og utprøving av desse. I ettertid har ein del av høvlane blitt gjort operative og er prøvd ut til høvling av sprosser og rammer til vindauge. I løpet av våren vil det kome meir om dette i samband med bacheloroppgåvene som studentane arbeider med. Eg kjem att med fleire postar som presenterer meir om kva dei andre arbeidsgruppene gjorde på seminaret. Her har vi både sletthøvlar, golvplogar, grindsager og ulike profilhøvlar å presentere.
Hyvelbänk i Tuna Kungsgård. Längd 215 cm, bredd exkl. framtång 45 cm. Skivan är 23 cm bred och 5 cm tjock. Höjd 79 cm. Foto: Tomas Karlsson
Genom ett tips av Mattias Hallgren fick jag veta att det fanns en bänk av ålderdomlig modell i Tuna Kungsgård. Vid ett besök kunde jag konstatera att det fans spår av en cirkelsågsklinga på undersidan av skivan. Någon har tillverkat bänken när det blivit möjligt att såga med en cirkelsåg. Enligt industrihistoriken Beng Spade bör klingsågning med timmertagande sågklingor införts i Sverige omkring 1880. Från mitten av 1800-talet fanns det cirkelsågar på de mekaniska snickerifabrikerna som etablerades vid tiden.
Cirkelsågsspår på skivans undersida. Foto: Tomas KarlssonBänklåda av spontat virke. Bakbenen har vinklats för att göra bänken stabil. Foto: Tomas KarlssonMellan frambenen sitter en slå och utanpå den en bräda som kan tjäna som stöd när breda arbetsstycken fästes i framtången. Foto: Tomas KarlssonHyvelhake. Foto: Tomas Karlsson
Det här är den första bänken som vi hittat med en intakt hyvelhake i Sverige. Vi vet inte säkert hur gammal bänken är. Den kanske är som tidigast ungefär från mitten av 1800-taalet, men den kan också vara nyare. Det intressanta är att snickaren har tillverkat en bänk för att arbeta i en tradition där arbetstyckena stöds mot en hyvelhake vid hyvlingen och att bänken inte kan betraktas som särskilt gammal, åtminstone I ett snickerihistoriskt perspektiv.
Liten høvelbenk frå Tingvoll bygdemuseum med registreringsnummer TB 335. Foto: Roald Renmælmo
Då eg var i Molde og heldt kurs i høvelmaking sist på året i 2014 fekk eg sjå mykje interessant i samlinga på museet. Skottbenkane deira var det fyste eg la merke til og har skrive om på systerbloggen vår: Romsdalsmuseet i verdsklasse med si samling med skottbenkar. Eg har også skrive om korleis nokon har laga kombinert høvel og høvelbenk. I tillegg hadde dei fleire små høvelbenkar i samlinga si som minner veldig om høvelbenken frå Romsdal som Thor Aage har skrive om. I samband med mitt besøk i Molde hadde Marianne Nystad på Tingvoll bygdemuseum, avdeling av Nordmøre museum, tatt med den kombinerte høvelbenken og høvelen slik at eg kunne studere den. Med på lasset var denne vesle høvelbenken med registreringsnummer TB 335 som er ein del av samlinga på Tingvoll bygdemuseum. Benken ser ut til å ha vore brukt til noko av det same arbeidet som den kombinerte høvelen og høvelbenken. Truleg snakkar vi om lagging og forming av stavar. Eg ser for meg at benken kan høve godt til å høvle utvendig runding og innvending utholing i stavar til lagga kjerald.
Bakside av høvelbenken TB 335. Legg merke til at skruven går gjennom ein bit bjørk som er grada inn i endeveden på benkeplata. Undersida har høvla fasar på kantane. Foto: Roald Renmælmo
Høvelbenken har berre ei baktang og med ein hake med to tangar. Foto: Roald Renmælmo
Oppsida av høvelbenken. Foto: Roald Renmælmo
Dei to høvelbenkane frå Tingvoll bygdemuseum. Foto: Roald Renmælmo
Ein av benkane på Romsdalsmuseet har noko som minner om ein benkehake i eitt av hola i benkeplata. Slike manglar på dei andre benkane eg har sett på.
Høvelbenk frå samlinga til Romsdalsmuseet i Molde. Benkehaken i baktanga står fast. Den liknar på nokre større tilsvarande på vanlege høvelbenkar men er veldig liten. Foto: Roald Renmælmo
Undersida av baktanga på benken på Romsdalsmuseet. Foto: Roald Renmælmo
Detalj av benkehake og baktang. Foto: Roald Renmælmo
Den vesle haken kan vere den som har vore brukt som benkehake på denne benken? Eg har likevel litt problem med å sjå for meg korleis han har verka. Foto: Roald Renmælmo
Heilbilete av benken frå Romsdalsmuseet. Foto: Roald Renmælmo
Nok eit heilbilete av benken frå Romsdalsmuseet. Foto: Roald Renmælmo
For en god stund siden ble jeg kontaktet av Sverre Stangenes Rødven, kniv og navarsmed, som i øyeblikket var på hjemplassen Rødven i Romsdalen. Han sendte bilder av en høvelbenk med spørsmål om den så interessant ut. Han kunne godt ta den med til Trondheim ved neste anledning sa han. Jeg svarte at benken så veldig interessant ut og syntes det var raust av Sverre å tilby seg å ta med benken til byen. Jeg så for meg en benk som var nær inn på ett par meter lang og som måtte fraktes med tilhenger eller tilsvarende.
Jeg ble overrasket da jeg besøkte Sverre for å ta benken i øyesyn. Den fikk fint plass i fanget!
Sverre kunne fortelle at benken hadde tilhørt en av hans forfedre, Bottolf Knutsen Stangenes, og at den måtte være fra 1840-tallet. Gården Rødven har livnært seg av flere ting og produksjon av tønner var visstnok en av disse tingene. Det finnes i tillegg ei smie på gården.
Tidligere har det vært presentert en liknende benk på bloggen fra Norsk Folkemuseum som hadde benevningen «Stavklombre». Dette navnet tror jeg vi nok må knytte til denne benken også.
Benken smalner av fra baktangen og fremover.
Benken er 43 1/4″ lang, hvilket vil si 113 cm. Den er bredest ved baktangen, 7 3/4″ og smalner av fremover til en bredde på 6 1/2″. Benken smalner også av på tykkelsen og er nær 2 1/4″ i baken, men fremst er tykkelsen redusert til 1 1/2″ Nærmest baktangen er det 5 firkantede hull som meget vel kan være etter en flyttbar benkehake. Lengre frem på benken er det 3 nye hull som er runde. Kan de være etter en kjellingfot/rognhake?
Enkel skisse med hovedmål i Norsk-Danske tommer.
Hmm. Hvorfor er dette sporet der?
Baktangen med benkehaken.
Fin dreiing på nett lite skruehode.
Baktangen. Skruen flytter den glidende klossen med påfestet benkehake.
I serien vår med bilete av gamle snikkarverkstader har vi tidlegare hatt med eit måleri av Gustav Wentzel frå 1881. Han er ikkje den einaste målaren som har interessert seg for arbeidslivet generelt og snikkarfaget spesielt. Også målaren Fredrik Kolstø (Haugesund 1860 – Trondheim 1945) har måla menneske i daglegliv og arbeid. Mellom målarstykka hans er biletet «I snekkerverkstedet» som han måla i 1886. Dette året var han også ute på utlandsreiser, men motivet er nok frå Noreg. Kolstø starta som 16-åring på Bergsliens malerskole i Kristiania. Hausten 1877 reiste han saman med Erik Werenskiold og Jacob Gløersen til München og ble tatt opp som elev ved kunstakademiet. Også Gløersen har måla snikkarverkstader og det skal vi kome tilbake til seinare. Kolstø malte bilete i realistisk og impresjonistisk stil, gjerne med motiv frå Vestlandet. Han var son av kjøpmann Østen Kolstø i Haugesund.
Det er sparsamt med opplysningar om motivet. Det vi kan sjå er at Kolstø har klart å fange høvelspona mykje betre enn det vi kunne sjå i måleriet til Gustav Wentzel. Guten som sit på høvelbenken og et brødskiver kan vere ein lærling? Frå Danmark har eg kome over ei levande skildring av kvardagen for ein «læredreng» på 1890-talet, altså nokre få år seinare enn måleriet til Kolstø. Det er Jens Hendrik Berg som skriv om si læretid hos «snedkermester P. Jørgensen i Slotsgade i aarene 1895-99» i Haderslev.
«Der blev kaldt på os om Morgenen af Mesterens Datter Kl. 5,15, og det skul nu gaa stærkt, en Stige blev stukket ned, efter at 2 Døre blev lukket op fra 1ste Sal, og ned i Gaarden, saa blev det stillet nogle Bænke op til Vandfade med Haandklæder og Sæbe, at Svendene kunde vaske sig, saa kom Mesterens Datter med en mægtig stor Bakke med Morgenmad og Kaffe (altsaa paa Værkstedet), som blev indtaget ved Høvlebænkene, det skulle jo gaa hurtigt, for naar det fløjtede paa Gasværket kl. 6, skulde alle Mand staa parat med Værktøjet i gang. Mesteren var der næsten altid samtidigt. Kl. 8 var der ½ Times Frokost med belagt Smørrebrød og Kaffe.» (En Læredrengs beretning, J. H. Berg, Aarhus, 1953.)
Med bakgrunn i skildringa frå Danmark kan vi tenkje oss at snikkaren får sin frukost eller morrabette (Morgenmad på dansk)? Sidan det ligg høvelspon på benken er nok dette litt ut på dagen etter at arbeidet er godt i gang. Å forlate høvelbenken slik frå dagen før var nok ikkje heilt bra om snikkaren arbeidde i ein verkstad med orden?
Snikkaren på biletet sit på framtanga på høvelbenken. Vi ser i enden på skruven i framtanga og det ser ut som det er ein treskruve. Lyset fell inn frå venstre kant så snikkaren har hatt godt lys til å sjå den flata han høvlar på. Det er langhøvelen som ligg på høvelbenken og mesteparten av spona ser ut til å vere frå kanthøvling. Truleg har han foghøvla emne til liming for å lage breiare plater. Elles ser vi vinkel og grindsag heng på ein spikar på veggen framom benken. Han har ein verktøyhald med nokre tappjarn eller skulpjarn og ein passar. Under denne heng borvinna og nokre fleire vinklar.
I ein tidlegare post om snikkarverkstaden til Ole Ellingsen Bruheim i Verdal fekk eg kommentarar med lenke til eit måleri av Carl Larsson som viste arbeidet i ein snikkarverkstad i 1905. Det var mange interessante detaljar i måleriet, men det var også detaljar som var vanskelege forstå. Truleg var det ikkje tekniske detaljar på høvelbenken som var det mest interessante for målaren?
I Noreg har målaren Nils Gustav Wentzel måla eit måleri i 1881 som fekk tittelen «Snekkerverksted«. Wentzel fann motivet i sin eige barndomsheim der snikkaren på biletet leigde verkstad av far til Wentzel, som sjølv dreiv som salmakarmeister i huset. (Alsvik 1958) Rommet har panel og inventar som ein skulle vente i eit bygård i Oslo. Det er også bilete på veggane som peiker på at det er eit rom der det bur folk. Måleriet vart opphavleg refusert i Kunstforeningen, men ved hjelp av nokre kunstnarvener fekk Wentzel laga ei alternativ utstilling av biletet hos Albert Cammermeyer. Dette var opphavet til Høstutstillingen som etterkvart vart ei årleg kunstutstilling. Wentzel hadde sjølv gått i murarlære frå han var 15 år gamal og hadde planar om å utdanne seg til arkitekt. Han hadde nok eit blikk for å få med seg detaljar i handverket til snikkaren også.
«Snekkerverkstedet» av Nils Gustav Wentzel, 1881. Snikkaren har funne seg ein mørk krok til høvelbenken sin, det var nok ikkje godt å sjå merking og slik på sida som vendte mot han. Over benken har han ei parafinlampe som truleg var nødvendig store delar av dagen? På etasjeomnen står limpotta. Biletet er henta frå Wikipedia.
Snikkaren har ein ganske enkel liten høvelbenk av tilsvarande type som den Carl Larsson måla. Høvlane verkar å vere ganske moderne med horn som fungerer som handtak for venstre hand. Snikkaren held også høvelen med eit fast grep på dette «handtaket». Han har også høgre hand plasser i bakkant av høvelstokken og skuvar høvelen framom seg. Ein del sager og vinklar er hengt på veggen og er lett tilgjengeleg. Han har limt saman to bitar som står i spenn med ei tvinge i nedre venstre billedkant. Stolen fremst i biletet er spent saman med ei tvinge. Kanskje er denne til reparasjon?
Dette verkar ikkje å vere ein verkstad med stor produksjon? Kanskje ein høveleg verkstad for reparasjonar og slikt? På gardane var ein snikkarverkstad nødvendig for å produsere det ein trong på garden. Det er godt mogleg det var tilsvarande små verkstader også i byar som Oslo. Verkstader der ein kunne reparere og lage forskjellig til eige behov. I så fall er kanskje verkstaden på biletet ein slik verkstad? Christian Krohgskreiv om biletet: «Det forestillet en pukkelrygget snekker i sitt verksted. Det eneste som ikke var riktig godt var høvelflisen på gulvet». Om Wentzel vart betre på å male «høvelflis» er vanskeleg å seie sidan han ikkje måla fleie bilete av snikkarverkstader. Det er truleg at det var den dårlege attgjevinga av høvelspona som var grunnen til at biletet vart refusert? Refuseringa av biletet var direkte årsak til at den seinare så kjende Høstutstillingen vart oppretta. Hadde Wentzel vore betre til å måle høvelspon hadde vi kanskje ikkje hatt Høstustillingen? Wentzel måla seinare ei rekke bilete som viser arbeidarbustader i Oslo men heldt seg unna å høvle fleire snikkarverkstader. Det er fleire måleri av snikkarverkstader av andre norske kunstnarar frå denne tida så det er meir i vente her på bloggen.
Kjelder:
Otlu Alsvik, «Håndverkeren i norsk kunst», artikkel i «Håndverksliv» bind 2, 1958.
Høvelbenken frå Helberg i Bardu har vore omtalt i ein tidlegare post. Benken som er 6 alen lang, 4″ tjukk og 14″ brei er av furu. Furu er mogleg å datere ved hjelp av dendrokronolig. Foto: Roald Renmælmo
På bloggen vår er det kartlegging av høvelbenkar i Noreg og Sverige som er i fokus. Høvelbenkar som benken i Vasaskipet er spesielt interessante sidan vi kan sette benken inn i ein samanheng med bygginga av skipet, vi kan tidfeste benken nøyaktig til forliset i 1628 og vi kan sjå benken i samband med verktøyet i skipet. Høvelbenken frå Helberg i Bardu er i ein samanheng gjennom si geografiske plassering. Busettinga i Bardu tok til sist på 1700-talet, men dei fleste gardane vart etablert tidleg på 1800-talet. Det gir ei tidsramme for verktøy, hus og høvelbenkar i dette området. For Sørdalen sin del, der både Helberg og Sørgård ligg, fekk hovudbruka rydningssetel frå 1821.
I nærområdet til garden Helberg har dei to mest kjende snikkarane i Indre Troms budd og arbeidd. Både Knut Larsen Høis (1799-1882) og Jon Jonsen Sørgård (1796-1865) har verka her. Verktøyet etter desse er ei sentral kjelde for meg i mitt arbeid med å undersøkje snikkarhandverket i første halvdel av 1800-talet. Difor er eg også spesielt oppteken av om det er mogleg å finne høvelbenkar i området som desse to kan ha brukt? På Sørgård finnast ein høvelbenk som er interessant i så måte. Den er dessverre vanskeleg å tidfeste sikkert. Når eg kom over benken på Helberg og såg at denne var laga av furu så tenkte eg snart på at det har vore nyttig å få dendrodatert benken. Dette for å sjå om han kan vere så gamal at han kan vere brukt av desse snikkarane.
Årringane i endeveden på høvelbenken frå Helberg. Kvar årring er market med eit blått kryss som definerer overgangen mellom dei. Ved å måle breidda på kvar enkelt årring får vi fram eit veksemønster som kan sjåast i samanheng med referansekurvar og tidfestast på denne måten. Foto: Andreas Kirchhefer
Dendrokronolgi er ein metode for datering av fellingsåret for tømmer. Årringane varierer i samband med vekstvilkåra dei enkelte år. Når ein måler årring-breidder dannar målinga eit mønster som kan passe meir eller mindre med mønster frå tømmer som vi har målingar av frå tidlegare. Når materialen eller tømmeret har bevart ytste årring, at ein kan sjå overflata under barken, kan ein bestemme nøyaktig på året treet slutta å vekse. Dendroøkologen Andreas Kirchhefer i Tromsø har spesialisert seg på dendrodaterig av gamalt tømmer og material. Han har gjort mykje arbeid i Troms og har derfor mykje referansemateriale frå område som er relevante for datering av høvelbenken frå Helberg. Andreas har fotografert endeveden på høvelbenken for å dokumentere årringmønsteret.
For å få mest mogleg detaljerte bilete av årringane har Andreas skore reint eit parti av endeveden på høvelbenken og flata gnidd inn med krit. Dette vart så fotografert med eit makroobjektiv på høg oppløysing, biletet over er berre oversiktsbiletet og har ikkje tilstrekkeleg oppløysing for nøyaktig måling. Årring-breiddene vart så berekna av ein spesiell programvare som brukar digitalfotoet som utgangspunkt. Foto: Andreas Kirchhefer
Datering
I endeveden er det målt 190 årringar. Den ytste av desse er datert til året 1749 og den inste til året 1560. Det er ikkje påvist marg eller geitved i benken så vi kan ikkje bestemme nøyaktig når furua starta å vekse eller når ho vart hogd. Andreas har difor prøvd seg med å statistisk berekne årringar inn til marg og ut til geitved. Særleg sidan vi ikkje har klart å påvise geitved er det vanskeleg å rekne ut hogståret. Om vi går ut frå at det ikkje er langt frå siste årring i prøven til geitveden, så foreslår han ut frå geitvedstatistikken at furua kan vere hogd ca. 1850. Vi kan ikkje vite om det manglar årringar frå siste årring i prøven og til geitveden så årstalet er usikkert. (Kirchhefer, 2014) I den fullstendige rapporten frå Andreas kan du lese korleis desse utrekningane er gjort og korleis han tolkar materialet. Dette er nok fyste gong nokon har freista å datere ein høvelbenk ved hjelp av dendrokronolgi så vi skriv historie med dette arbeidet.
For å supplere dendrodateringa til Andreas kan vi også sjå på spor på sjølve høvelbenken. Dei dominerande spora er etter oppgangssaga som stokken er saga på. Her er det både spor etter utkløyving i enden og markerte spor etter saginga på sider og kantar. Bardu historielag har gjort eit stort arbeid med å kartlegge saghistoria i Bardu kommune og samle dette i eit hefte med tittelen «Oppgangssager i Bardu, 1800 – 1935». Her har dei med litt om ei sag der Oddbjørn Helberg, brukar på Helberg var deleigar. Denne saga var lagt til Melhus-Tverrelva og låg på garden Melhus, ikkje langt frå Helberg. I heftet skriv dei at saga sannsynlig ble bygd rundt 1850, men nemner ikkje kor lenge ho var i drift. Saga stod i ei elv som ofte er svært flomstor så det er truleg saga har gått med i ein flom. Den tidlegaste saga i Bardu vart bygd kring år 1800. (Haugli og Østvik, 1996)
I enden av høvelbenken er det tydeleg utkløyving den siste biten. Dette er typisk for enkeltblada oppgangsager der stokken ligg berre på fram- og bakdyna. Ein ser også at det er regelmessig vinkel og avstand mellom kvart sagtak. Det er liten frammating som ein skulle vente av ein stokk av så stor dimensjon. Stokken kan vere saga på oppgangssaga i Melhus-Tverrelva, gjerne kring 1850? Foto: Roald Renmælmo
Vi har ikkje kome fram til eit presist fellingsår for furua som er brukt til høvelbenken. Vi har likevel vist at det er sannsynleg at benken er så gamal at både Knut Larsen Høis og Jon Jonsen Sørgård var i aktivitet på den tida han var i bruk. Det er ikkje mange gardar i Sørdalen i Bardu så dette er eit og same tradisjonsområde. Verktøyet og arbeidet til Knut og Jon høyrer til same lokale tradisjon som høvelbenken på Helberg. Likevel er nok benken laga og brukt til eit spesielt arbeid og dekkjer nødvendigvis ikkje alle behov ein snikkar har for å høvle og feste ulike emne. Kva snikkararbeid denne benken kan ha vore brukt til vil eg kome tilbake til i ein seinare post.
Kjelder:
Haugli, Ola S. og Østvik, Kolbjørn: «Bruk av oppgangssag i Bardu». Bardu historielag, 1996
Den nye benken som er kopi av benken frå Kvildal. Foto: Ryfylkemuseet
Etter å ha kopiert langbenken har me nytta den til å høvle kledning til løa i Viga. Mengden bord som skulle høvlast (ca 140 m2) tvinga oss til å tenkje rasjonalisering. Og sidan dette var fyrste gongen vart det litt prøving. Noko av kledningen me høvla var fem alen langt, altså lenger enn benken vår. Det førte til flytting av bordet att og fram på benken. Dette var ikkje eit så stort problem at det ikkje gjekk, men me ser det som ein fordel å ha ein benk som er litt lenger enn emnet.
Løa i Viga som skulle ha store mengder handhøvla utvendig kleding og kanta gulvbord. Det var eit godt påskot for å hente fram den gamle strykebenken på museet og få laga ein kopi av benken frå Kvildal. Foto: RyfylkemuseetPraksiselev frå tømmrarlinja er heldig som får væra med å høvle dei siste kledningsborda. Det vert både best resultat og minst fysisk krevjande å vera to. Foto: Ryfylkemuseet
Me har undervegs handhøvla både maskinelt tjukna bord, kunstig- og naturleg tørka og uhøvla bord. Også bord som var kanta på ei side og ukanta bord. Dette kan det diskuterast mykje rundt. Men nokre erfaringar har me gjordt. Borda misser ein god del bredde når stokken vert kanta før oppdeling. Fleire av dei ukanta borda var såpass beine at dei kunne rett i strykebenken, utan å snorslå og økse fyrst. Det hadde vore ein fordel om stokkane vart barka før skjering. Ein tener lite på å tjukne borda maskinelt på førehand med tanke på arbeidsmengda med håndhøvlinga etterpå.
Benken fungerer ypperleg både til å høvle på og som arbeidsbenk til f.eks. kanting og barking av bord med øks. Den er og lett å frakte med seg.