Høvelmaking med utgangspunkt i høvlane til Sjur Nesheim

I slutten av januar hadde vi ei samling på Voss for studentar på studiet Teknisk bygningsvern og restaurering på Høgskolen i Sør-Trøndelag. Studentane har bakgrunn frå ulike handverksfag og har spesialfagleg fordjuping i sine fag. Arbeidssamlinga er del av den spesialfaglige praksisen for snikkarane ved studiet. Målet med samlinga var å få kjennskap til verktøysamlinga etter snikkaren … Continue reading Høvelmaking med utgangspunkt i høvlane til Sjur Nesheim

Registrering av høvlane etter Sjur Nesheim

I slutten av januar hadde vi ei samling på Voss for studentar på studiet Teknisk bygningsvern og restaurering på Høgskolen i Sør-Trøndelag. Studentane har bakgrunn frå ulike handverksfag og har spesialfagleg fordjuping i sine fag. Arbeidssamlinga er del av den spesialfaglige praksisen for snikkarane ved studiet. Målet med samlinga var å få kjennskap til verktøysamlinga etter … Continue reading Registrering av høvlane etter Sjur Nesheim

Snikkaren og yrkeskunnskapen, Sjur Nesheim og tradisjonen

Som handverkar kan eg gjennom språket kommunisere med andre handverkarar med tilsvarande referansar som meg. Eg kan også lese tekstar som beskriv handverk og truleg forstå det meste av innhaldet i teksten. Likevel er det stor fare for at eg ikkje forstår på den måten det er meint. Det er fordi språket ikkje kan fange … Continue reading Snikkaren og yrkeskunnskapen, Sjur Nesheim og tradisjonen

Sjur Nesheim og måtar for å spenne fast emne i dørsnikring

Sjur Nesheim (1939-2013) i Granvin i Hardanger hadde mykje kunnskap om bruk av tradisjonelle handverktøy etter eit liv som snikkar. Då han voks opp hadde dei ein snikkarverkstad utan innlagd straum så han fekk lære seg å snikre berre med handverktøy. Eg var så heldig å få vere med Sjur då han demonstrerte snikring av ei fyllingsdør, … Continue reading Sjur Nesheim og måtar for å spenne fast emne i dørsnikring

Høvelbenken i boka: Arbeidsteknikker i Tresløyd

Eg og Tomas har hatt fokus på å leite fram eldre høvelbenkar i våre to land. Gjerne høvelbenkar som er annleis enn dei høvelbenkane som vi tenkjer på som vanlege i dag. Ut frå desse eldre benkane har vi prøvd oss fram til korleis vi kan gjere ulike typar snikkararbeid. Korleis eg har brukt ein … Continue reading Høvelbenken i boka: Arbeidsteknikker i Tresløyd

Fagleg utvikling i handverk

Eg har vore heldig og få arbeide saman med, og lære av, mange erfarne handverkarar som Roald Haugli og Konrad Stenvold i Målselv. Eg har og fått vere med snikkaren Sjur Nesheim og fått lære av han ved fleire høve. Når det finnast handverkarar med kunnskap og erfaring innafor eit emne er det ein god måte … Continue reading Fagleg utvikling i handverk

Høvelbenk frå Eggagården på Røros

Rørosmuseet har ein høvelbenk i samlinga si som har registreringsnummer RMU 4110. Benken stammar frå Eggagården på Røros. Vi veit ikkje så mykje om kva som har vore snikra på denne benken og kven som har brukt han. Benkjen er 2,2 meter lang og har arbeidshøgd på 74 cm. Benkeplata er toppskore og måler 15″ … Continue reading Høvelbenk frå Eggagården på Røros

Roald Renmælmo

Handverkar frå Målselv i Troms som har arbeidd med tømring og snikring knytt til restaurering sidan 1993. Det er først og fremst arbeid med tradisjonelle verktøy og arbeidsmåtar som har vore i fokus i dette arbeidet. Tidlegare arbeid har vore å dokumentere og lære handverket i bøkkararbeid i Målselv, tradisjonell tømring, handsaging, oppgangssag, kløyving av … Continue reading Roald Renmælmo

Høvelbenken

Ein snikkar i dag gjer det aller meste av arbeidet med ulike spesialiserte maskiner. Om han i det heile tatt har ein høvelbenk så blir den sjeldan brukt i produksjonen. Før mekaniseringa av snikkarhandverket gjorde snikkaren det aller meste av snikkararbeidet på høvelbenken. Sidan bruken av høvelbenken har endra seg har truleg også høvelbenkane endra … Continue reading Høvelbenken

Om bloggen og oss

Denne bloggen er starta av Roald Renmælmo og Tomas Karlsson som er PhD stipendiatar i snikkarhandverk ved Gøteborgs Universitet. Vi vil prøve ut blogg som reiskap for å få ein dialog kring høvelbenkar med handverkarar og andre som har interesse for emnet. Vi har gjort ei kartlegging av litteratur og har registrert ein del gamle … Continue reading Om bloggen og oss