Høvelbenk frå Skrautvål i Valdres

Nok ein av studentane på Tradisjonelt bygghandverk har registrert ein spennande gamal høvelbenk. Her er det Håvar Aabol som har dokumentert ein høvelbenk etter sin tippoldefar. Tekst, bilete og teikning vidare i posten er frå postinga til Håvar på studentpbloggen til Tradisjonelt bygghandverk.

Høvelbenk etter Gudbrand K. Bjelbøle Aabol, Skrautvål i Valdres

Eg har ståande ein høvelbenk etter tippoldefar min G.KS.B.Aabol (1847-1925). Denne har eg lenge ynskt å måle opp og sjå nøyare på, både når det gjeld oppbygging og sjølvsagt funksjon. For å forstå benken betre gjorde eg ei oppmåling og teikna benken. Dette gjev ei god forståing av konstruksjonen, samt ei inngåande gransking av bruksmerke som gjev opplysningar om korleis benken har blitt brukt. Oppteikninga vil òg vera nyttig ved ei kopiering av benken.

Oppmålingsteikningar av høvelbenken

Benken er ikkje så ulik dagens «moderne» benkar. Benken er bygd opp med framtang og baktang, der det er gjenga treskruvar på om lag 50 mm eller 2″. Framtanga er gjort i bjørk. Dette gjeld både innfesting, skruve og endestykke på benken. Det same gjeld for baktanga, der er endestykket på benken, samt klemstykke og skruve tilverka i bjørk. Delar elles på benken er tilverka i furu. Understellet er òg tilverka i furu.

Baktanga har ei skade på skruven. Og ein kan sjå at det har vore smetta inn ein kil for å låse klemstykket, slik at denne delen av benken følgjer skruven inn og ut. Holet til dreiestonga er på omlag 20mm.
Framtanga manglar sannsynlegvis ein del som skal trykkje mot arbeidsstykket

Benken har 13 hol til høvelstopp, alle hola så nær som eitt er på rekkje. Eg har ikkje funne ut kvifor det 2.holet ikkje er på line med dei andre. Kanskje har lesarane har ein ide om dette, og ei tilbakemelding på dette hadde vore fint. Høvelstopphola er relativt grove samanlikna med benkar i dag. Hola er kvadratiske og jamngrove gjennom benken på 1×1″. Eg har diverre ikkje funne att nokon stoppar til denne benken.

På bilete ser ein at hol nr 2 ikkje er på line med dei andre hola. Det kan hende at dette holet er hoggen på ved eit seinare høve?

Benken har òg ein nedsenka sidebenk (skuff) for lagring av verktøy. Det kanskje mest interessante med denne benken er understellet. Dette er svært fint tilverka, med høvla profilar og enkle utskjæringar. Understellet er svært stabilt, og dette førar til at benken held seg i ro under bruk. Understellet har hol for å kunne understøtte lengre emne. Som ein kan sjå av bileta under har både midtstolpen og bakre foten påhogge hol der ein kan seta inn tappar som støttar opp arbeidsstykket. Hola er hogge rektangulære med same dimensjon i heile djubda, 30x35mm.

Ein ser at hola i midtre stolpen og bakre foten er gjort med hol, der ein kan seta inn tappar for å støtte arbeidsstykket. Legg merkje til at hola ikkje er jamnhøge framme og bak.

Understellet har 2 skuffer, samt ei hylle for lagring av div verktøy. Eg hadde ein mistanke, og det synte seg i oppmålinga at sjølve benken sannsynlegvis er nyare enn understellet. Ved nærare undersøkjingar ser ein at benken er dårleg tilpassa understellet. Nye spørsmål dukkar opp, kvar er originalbenken til dette understellet? Om eg skal anslå ein alder på benken, vil eg kanskje tippe fyrst på 1800- talet på understellet og at sjølve benken er tilverka sist på 1800-talet. Som eg har skrive tidlegare i teksta, har benken vore hardt og mykje brukt. Nett kva som er tilverka på benken kan eg ikkje seie noko om ut frå merkja benken har. Det er ingen tvil om at det har vore telgd emne på benken. Vidare er det mykje sagspor av ymse slag, samt spor etter kortare eggverktøy. Om ein ikkje kan seie akkurat kva som er tilverka, kan ein i alle fall seia at mykje har vorte tilverka på benken gjennom tida.

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

Ein tanke på “Høvelbenk frå Skrautvål i Valdres

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s