
Faste lesarar av denne bloggen har sett biletet over tidlegare. Det viser høvelbenken som eg og Tomas Karlsson snikra i Mariestad i 2014. Modellen av høvelbenken stammar frå ein original høvelbenk som var med då Vasaskipet forliste i år 1628. Originalen gir eit veldig interessant tidsbilete av ein høvelbenk som var i bruk på akkurat det tidspunktet og har lege på sjøbotnen i 333 år fram til skipet vart heva i 1961. Tomas har også snikra sin eige benk etter same modell og har den i bruk i sin verkstad på Stigtomta. Det har vore spørsmål om korleis ein skal plassere benken i høve til svensk snikkartradisjon. Kan det ha vore ein benk som var spesielt utvikla for skipsbygging og at dei skrå føtene bak kan vere tilpassa til ein spesiell plassering om bord i skipet? Kan benken representere ein handverkstradisjon knytt til dei mange skipsbyggarane frå Nederland som arbeidde i Stockholm den aktuelle tida? Dette er gode og relevante spørsmål som det er vanskeleg finne gode svar på. Det har mangla døme på tilsvarande høvelbenkar i Sverige, men no har det dukka opp ein slik hos Mattias Helje i Lima.

Høvelbenken er heilt klart mykje yngre enn høvelbenken frå Vasaskipet, det skil nok minst 250 år mellom desse benkane. Det er skilnad på materialen som er brukt. Vasabenken var bygd av eik i nokså grove dimensjonar, truleg det som var vanleg handelsvare på den tida. Benken frå Insjön er bygd i furu, truleg også noko gran, med smekrare dimensjonar av vanleg skurlast i understell i skuffen på sida. Benken frå Insjön manglar både ronghake og smidd høvelbit. Det er ein del skilnadar.
Når ein så ser på kva som er felles for desse to benkane så er det ikkje så reint lite. Benken frå Insjön har arbeidshøgde på ca. 73 cm og Vasabenken 71,2 cm, men har nok vore noko høgre før 333 år med slitasje på havbotnen. Benken frå Insjön har ei benkeplate av ein heil plank litt i underkant av 3″ tjukk, 34 cm brei og ca 210 cm lang. Vasabenken har ei benkeplate med tjukne som er i underkant av 3″ tjukk, 36 cm brei og 330 cm lang. Det som også er felles er føtene bak som skrår bakover og gjer benken meir stødig sidevegs. Begge benkane er utstyrt med bordklype i staden for framtang, men benken frå Insjön har også ei kombinert bordklype og høvelstopp montert på benkeplata. Benken frå Insjön har det som vanlegvis kallas skuff, ei renne av samanspikra bord i bakkant. Denne brukast vanlegvis til å samle ymse småverktøy som ein bruker i arbeidet på benken.
Begge benkane har føter som er tappa gjennom bordplata og spikra fast. På Vasabenken er det inntrekte tappar som gir noko betre låsing, medan benken frå Insjön har berre saga ut spor i sida for føtene. Benken frå Insjön har spikra på ei bord på langs på framsida som ser ut som at det kan ha hatt funksjon med å støtte under emne som skulle høvlast på kant. Vasabenken har også eit system for dette med den flyttbare klossen med hol for ronghake. Funksjonsmessig i praktisk bruk så er det mange likhetstrekk mellom benken frå Insjön frå tidleg 1900-tal og benken frå Vasaskipet frå 1628. Kanskje vi kan driste oss til å antyde at dette viser ein kontinuitet i tradisjonen i snikkarfaget? Det finnast nok mange spennade høvelbenkar der ute som enda ikkje er blitt «oppdaga», og det er kanskje ikkje dei som ser flottast ut som har det største potensialet i å utvikle kunnskapsområdet? Det er ikkje så viktig om høvelbenken har stått om bord i kongen sitt skip eller i eit uthus i Insjön.