Høvelbenken på Lydvaloftet på Voss

Veka 29. mai – 2. juni var eg leiar for ein busstur med studentane på teknisk bygningsvern og tradisjonelt bygghandverk for å besøke stavkyrkjer, mellomalderbygg, gardar og interessante restaureringsprosjekt. Vi starta på Kongsberg og køyrde vestover med mange interessante og lærerike stopp undervegs. Onsdagen vart vi møtte på Voss av Ola Fjeldheim, generalsektretær i Fortidsminneforeningen. Han tok oss fyst med på Lydvaloftet som eg har høyrt mykje om frå tidlegare. Det er antyda at loftet er frå fyrste halvdel av 1300-talet, men eg kan godt tenkje meg at delar av det kan vere noko eldre. I dette loftet er det så mykje spennande å sjå på at det ikkje er råd å få med meir enn ein liten brøkdel av inntrykka. Eg vil likevel gjerne vise noko av det eg beit meg merke i for at de skal få eit lite inntrykk av kvalitetane i dette loftet.

Sjølv om loftet i seg sjølv hadde enormt mykje spennande å by på så la eg merke til ein gamal høvelbenk som stod i ei mørk krå i andrehøgda. Kor denne benken stammar frå og kor gamal han er veit eg ikkje, men han er ein del av inventaret som Fortidsminneforeningen har i loftet. Benken har føter som er tappa inn i ei kraftig benkeplate ca 2 meter lang, ca 14″ brei og ca 3 ½» tjukk. Føtene er tappa gjennom benkeplata med ei tappskulder som støttar under. Føtene har tverrtre som er tappa gjennom og nagla. Framtanga er eit krokvakse emne av lauvtre, truleg bjørk, som det står ein treskruve i.

Høvelbenken på Lydvaloftet. Foto: Roald Renmælmo

Høvelbenken er i prinsippet veldig enkel med berre framtang. Eg har ikkje funne spor etter høvelstopp framme på benken. I bakkant er det nokre runde hol som kan vere til høvelstopp eller ronghake, men det er høgst usikkert. Benken kan ha stått mot ein vegg, men det er ikkje spor etter at den har stått fast mot noko. Det kan vere grunn til å gjere meir nøyaktige oppmålingar av benken ved eit høve. Benken var kring 74 cm høg.

Om du tenkjer på å lage deg ein kopi av denne benken og lurer på korleis du skal få tak i ein rotkrok til framtanga så har Thor Larssen akkurat skrive om uttak av rotkne på bloggen til studiet i tradisjonelt bygghandverk. På bloggen til Norsk Skottbenk Union kan du lese meir om korleis du kan gå fram for å lage treskruvar til benken.

Eg lurer på om høvelbenken frå Gressåmoen også kan ha hatt ei tilsvarande framtang som på benken på Lydvaloftet? Det er i alle fall spor etter ei drevspon under benken som har vore nagla fast slik som framtanga på benken på Lydvaloftet. Drevspona er også uavhengig av føtene som har vore felt inn i benken.

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

Ein tanke på “Høvelbenken på Lydvaloftet på Voss

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s