Ein av våre trufaste følgjarar, Kalle Melin i Skåne i Sverige har kome over ein hållfast i ein høvelbenk i samlinga til regionmuseets byggnadsminne Skärsnäs vid Immeln i Skåne. Slike er ikkje så vanlege å kome over i Sverige så eg synast det er verdt å skrive nokre ord om den. Eg har sjølv ikkje besøkt museet for å sjå benken sjølv, men Kalle har sendt over nokre bilete som viser utforminga på hållfasten. Eg har søkt i samlingane til museet og funne fram den aktuelle høvelbenken. Den har registreringsnummer: KrM S0896 og er registrert som hyvelbänk / snickarbänk. Ut over dette er det ikkje med opplysningar om proveniens eller dimensjonar på benken.

Denne haken er flatare i armen enn ein tidlegare hake som også Kalle Melin kom over i i Gärds Köpinge og som vi har skrive ein del om her på bloggen. Den er meir i tråd med forma på armen som den som S. J. Almås frå Hølonda i Trøndelag har teikna og som vi tidlegare har skrive om på bloggen.

Plasseringa av holet for haken i benkeplata er heilt i tråd med det vi har funne på ein del norske høvelbenkar og det som eg har funnet i svarmaterialet i Norsk Folkeminnesamling. Eg reknar med at dette berre er ein start og at det snart vil dukke opp fleire gamle høvelbenkar med slike hållfastar i ulike område i Sverige. Eg er takksam for tips om alle gamle spennande høvelbenkar.