På seminaret i verktøymaking for snikkarar hadde vi fem grupper som kvar arbeidde med ulike tema. Frå før har eg skrive om snikring av profilhøvlar, sagmaking og sagblad, snikring av golvplogar og snikring av høvlar for vindusmaking. Den siste gruppa arbeidde med snikring av sletthøvlar og dette skriv eg om i denne bloggposten. På gruppa var det to deltakarar, verktøysmed og smedstipendiat Øystein Myhre og smed og doktorgradsstipendiat Patrik Jarefjäll. Desse arbeidde i tett samarbeid med den gruppa som arbeidde med snikring av golvplogar. Det meste av arbeidet med høvelmakinga var ganske likt mellom dei som arbeidde med golvplogar og dei som arbeidde med sletthøvlar.

Gunnar Bjørn Olsen har klipt saman nokre filmopptak også frå arbeidet på denne gruppa. Filmen kan du sjå i ruta under:
Dei ulike momenta som var tema på denne gruppa var også med på dei andre gruppene som arbeidde med høvelmaking. Sidan begge på gruppa er smedar var det naturleg ein del fokus på høvelståla. Særleg Øystein har smidd mykje høvelstål og han hadde med seg mengder med høvelstål til samlinga.
Det er veldig nyttig for oss handverkarar å kome saman og praktisere. Særleg nyttig er det å treffe handverkarar som har andre erfaringar og som kan vise andre måtar å gjere ting på. Når vi arbeider med verktøymaking i snikkarfaget er smeden ein naturleg og viktig samarbeidspartnar. Det er veldig bra at vi kan få med oss smedane også i arbeidet med å lage verktøy. Då lærer dei seg om viktige detaljar i verkemåten til verktøyet som dei elles ikkje så lett vil finne ut av. Vi snikkarar får også betre kjennskap til korleis smedane arbeider og korleis vi kan utvikle det faglege samarbeidet oss i mellom. Såleis var det veldig bra å få med fleire av dei mest sentrale verktøysmedane på seminaret.