Snikring av profilhøvlar

Olof prøvar ein krum staffhøvel. Foto: Gunnar Bjørn Olsen
Olof prøvar ein krum staffhøvel. Foto: Gunnar Bjørn Olsen

Eg har tidlegare skrive om arbeidet på tre av gruppene på seminaret i verktøymaking for snikkarar på Sverresborg i byrjinga av desember 2015. Eg har posta om snikring av høvlar til vindusmaking, snikring av golvplogar og sagblad og sagmaking. Bilete og filmsnuttar i postane er laga av snikkaren Gunnar Bjørn Olsen. Han har også dokumentert arbeidet på ei eiga gruppe som arbeidde med varierte typar av profilhøvlar. Sentral på gruppa var Olof Appelgren som har kjørt eit større prosjekt på Skansen i Stockholm der han har rekonstruert snikra innreiinger frå siste del av 1700-talet. Noko av dette har han skrive om på sin eige blogg der fokuset er på krumme profilar i listverk og fyllingspaneler. I tillegg var David Widerberg Howden og Anne Mari Mehus med på gruppa. Desse to fokuserte på høvlar som kan bli aktuelle i samband med sine bacheloroppgåver i snikkararbeid. Her er ein smakebit av arbeidet på gruppa i form av ein videosnutt filma og redigert av Gunnar Bjørn Olsen:

Alle deltakarane på gruppa arbeidde med å lage profilhøvlar der dei kopierte ein gamal original høvel. Olof arbeidde med utgangspunkt i ein krum staffhøvel frå Kalmar i Sverige. Truleg er den originale høvelen tidleg 1800-tal. David laga kopi av ein liknande høvel, men der originalen var frå området kring Hadeland. Anne Mari arbeidde med å lage kopi av ein «rillehøvel» frå kring 1820 frå Tvedestrand.

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

2 thoughts on “Snikring av profilhøvlar

  1. Thanks for the video. A very interesting process. What I really want to know is where to get a pair of those fancy European shop pants with all the pockets that everyone is always wearing in your photos.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s