Sagblad og sagmaking

Olaf prøvar bjelken på si nylaga grindsag. Foto: Gunnar Bjørn Olsen
Olaf Piekarski frå Rørosmuseet prøvar bjelken på si nylaga grindsag. Foto: Gunnar Bjørn Olsen

Seminaret i verktøymaking for snikkarar som vi hadde på Sverresborg hadde mange tema. Eg har tidlegare posta om snikring av høvlar for vindusmaking og snikring av golvplogar. Snikring av høvlar og ymse variantar av høvling har vi tidlegare skrive ein del om på bloggen. Saga er også eit viktig snikkarverktøy, men har så langt ikkje vore i fokus på tidlegare seminar i vårt fagmiljø. Denne gongen fekk vi plass til ei gruppe som hadde fokus på grindsaga i ulike variantar. Jarle Hugstmyr var sentral i arbeidet og fekk fagleg støtte frå Trond Oalann som også har arbeidd ein del med grindsager og skrive på sin eige blogg om noko av dette. Eit døme på dette er: Fotsaging, etter Kjennerud-Løvdal

Gunnar Bjørn Olsen har klipt saman ein filmsnutt som viser noko av arbeidet på gruppa.

Elles var Per Willy Fergestad, Hans W. Høgnes og Per Berntsen med i gruppa som hadde fokus på sager og sagmaking. I tillegg var nokre av deltakarane på andre grupper involvert i litt sagmaking eller filing. Underteikna heldt på med filing av kjøpte sager. Det er etterkvart vanskeleg å få tak i gode grindsager eller grindsagblad frå leverandørar eller produsentar. Eit tema vi drøfta ein del var det å arbeide vidare med å få nokon til å lage sagblad med høvelege mål til å brukast til grindsager som er i tråd med den norske snikkartradisjonen. Jon Dahlmo frå Verktøysmia var snar til å ta tak i dette og har byrja å finne fram til egna stål og produksjonsmåtar for å få til dette. Vi ser fram til å få prøvd ut dei fyrste sagblada frå denne produksjonen så snart dei er klare.

Eg håpar dette er starten på auka fokus på grindsagene som er ein viktig del av vår fagtradisjon i snikkarfaget i Norden. Å lage si eiga grindsag er eit fint lite prosjekt som ein gjerne kan få til på eit kurs over nokre få dagar. Det er ikkje vanskeleg å finne gamle grindsager som kan vere til inspirasjon til sagmakinga.

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

6 tankar på “Sagblad og sagmaking

  1. Synes Gunnar Bjørn Olsen har klart å fange det som foregår og ikkje minst stemninga på seminaret på ein veldig fin måte. Flott arbeid!

  2. Jeg er super glad for at kunne læse lidt om rammesave. Det er et essentielt værktøj i en skandinavisk værksted, men trods det findes der kun meget lidt information om de forskellige typer og hvordan de bruges.

    Jeg håber at i vil skrive mere om rammesave fremover. Det er et spændende emne 🙂

  3. Kan noen skaffe nye sagblad?
    Jeg bruker grindsag en del, først og fremst svingsag-varianten med smalt blad for å skjære ut buede emner.
    Bladene mine er gamle og litt rustne.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s