På seminaret 2-5. desember 2015 som eg har skrive om tidlegare hadde vi ei gruppe som arbeidde med å snikre golvplogar. Utgangspunktet for arbeidet på gruppa var at verktøysmeden Jon Dahlmo hadde gjort eit større arbeid med å lage høvelstål og utstyr til golvplogar. Ein type stål som består av tre smale stål som vert montert ved sida av kvarandre. Ståla vert halde fast med eit beslag og settskruvar frå sida. Einar Strand, Peter Brennvik og Ole Jørgen Schreiner laga kvart sitt sett av slike høvlar basert på ståla som Jon hadde smidd. Sjølv har eg også byrja på eit slikt sett som ikkje er heilt ferdig. Også Jon Dahlmo laga sitt eige sett med slike høvlar. Gunnar Bjørn Olsen har klipt saman litt filmopptak frå arbeidet på gruppa:
Dei fleste fekk gjort høvlane sine nokolunde ferdig i løpet av seminaret så no blir det mogleg å få høvla seg golvbord med gode nylaga høvlar. Vi fekk også drøfta ulike typar av slike tradisjonelle golvbordhøvlar. Her er det mange ulike variantar å ta av og nokre av dei kan du lese om her på bloggen til Norsk Skottbenk Union.
4 tankar på “Snikring av golvplogar”