Snikring av høvlar til vindusmaking

2-5. desember hadde vi eit nytt seminar på Sverresborg der hadde fokus på verktøymaking for snikkarar som driv med tradisjonelle arbeidsmåtar. Vi har tidlegare hatt seminar på snikring av vindauge, snikring av dører og høvling av listverk. Berre den samlinga på høvling av listverk har vi presentert her på bloggen. Då var det studentane på Teknisk bygningsvern som presenterte arbeidet på si arbeidsgruppe på seminaret. No er desse studenane i gang med den avsluttande bacheloroppgåva i studiet. Dei 6 av studentane som er snikkarar hadde også fokus på bacheloroppgåva i arbeidet på deira gruppe på seminaret. Denne gongen fekk eg sjølv lite høve til å fokusere på arbeidet med å dokumentere arbeidet på dei ulike gruppene. Heldigvis fekk vi med oss snikkaren Gunnar Bjørn Olsen til å dokumentere noko av arbeidet med sitt videokamera. Han fekk også hjelp av Sindre Myrlund som er vit. ass. ved institutt for bygg og miljø. Desse to prøvde å filme arbeidet på dei ulike gruppene, noko som var krevjande sidan vi var fem ulike grupper i same lokale og det gir veldig krevjande forhold for å få gode lydopptak. Gunnar Bjørn har klipt saman nokre smakebitar av arbeidet på dei ulike gruppene. Her er ein smakebit frå arbeidet på gruppa som laga høvlar til vindusmaking:

Gruppe 1. hadde fokus på å snikre høvlar til vindusmaking. Her var deltakarane Thor-Aage Heiberg og Ellev Steinsli som arbeider med bacheloroppgåve på snikring av vindauge med handverktøy. Dei tar utgangspunkt i høvlar og verktøy frå Melhus og Meldal og i starten av videoklippet presenterer vi ei samling av snikkarverktøy frå Evjen i Melhus. I dette verktøysettet er det både glashøvel og morhøvel til vindauge. Dei var utgangspunkt for nokre av høvlane som vart påbyrja på seminaret. Rune Hoflundsengen og Atle Østrem arbeider med høvlar for å snikre kopi av vindauge med karm og midtpost frå tidleg 1700-tal. Dette er også deira fokus i bacheloroppgåva. I tillegg var Kolbjørn Vegar Os, Olaf Piekarski og Gunnar Kjerland med i denne gruppa. Desse tre arbeidde med høvlar som dei hadde behov for i eige arbeid.

På gruppa fekk dei laga ein del høvlar, men det vart ikkje tid til sluttføring og utprøving av desse. I ettertid har ein del av høvlane blitt gjort operative og er prøvd ut til høvling av sprosser og rammer til vindauge. I løpet av våren vil det kome meir om dette i samband med bacheloroppgåvene som studentane arbeider med. Eg kjem att med fleire postar som presenterer meir om kva dei andre arbeidsgruppene gjorde på seminaret. Her har vi både sletthøvlar, golvplogar, grindsager og ulike profilhøvlar å presentere.

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

5 thoughts on “Snikring av høvlar til vindusmaking

  1. Flott!

    Fra: «Høvelbenk» [mailto:comment-reply@wordpress.com]
    Sendt: 14. februar 2016 19:24
    Til: Harald B. Høgseth
    Emne: [New post] Snikring av høvlar til vindusmaking

    Roald Renmælmo posted: «2-5. desember hadde vi eit nytt seminar på Sverresborg der hadde fokus på verktøymaking for snikkarar som driv med tradisjonelle arbeidsmåtar. Vi har tidlegare hatt seminar på snikring av vindauge, snikring av dører og høvling av listverk. Berre den samli»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s