Eg og Tomas har hatt fokus på å leite fram eldre høvelbenkar i våre to land. Gjerne høvelbenkar som er annleis enn dei høvelbenkane som vi tenkjer på som vanlege i dag. Ut frå desse eldre benkane har vi prøvd oss fram til korleis vi kan gjere ulike typar snikkararbeid. Korleis eg har brukt ein av mine kopierte høvelbenkar, kopi av benken frå Eggagarden, til høvelmaking har eg skrive om på bloggen til Norsk Skottbenk Union. Korleis eg har arbeidd med høvling av golvbord på ein anna kopiert høvelbenk, kopi av benken frå Helberg, har eg også skrive om i samband med høvling av golvbord. Dei eldre høvelbenktypane fungerer annleis enn dei nyare og såleis må ein innrette arbeidet etter dette.
Når det gjeld nyare høvelbenkar har eg skrive om korleis Sjur Nesheim arbeider på høvelbenken når han snikrar dør. Høvelbenken Sjur brukte til dette minner meir om «vanlege» nyare høvelbenkar. Sjur hadde si opplæring i den fyrste tida etter andre verdskrig og var aktiv snikkar godt inn på 2000-talet. Frå denne tida finnast det godt med faglitteratur i snikkarfaget og i tresløyd som var det vanlege namnet på opplæring i snikring på grunnskulenivå og i lærarskulane. I boka «Arbeidsteknikker i tresløyd» av A. Stubhaug utgjeve i 1958 har eg funne gode illustrasjonar av korleis ein utfører det mest vanlege arbeidet i sløyden (eller snikkarhandverk med handverktøy). Eg går gjennom ein del av det som viser kva rolle høvelbenken har i dette arbeidet. Eg byrjar med grovforming av emna i denne bloggposten og kjem tilbake seinare med meir spesialisert arbeid.

Saging
Desse illustrasjonane viser kapping og grovkløyving av emne. Ulike sager vert brukt på mange ulike måtar i andre delar av snikkararbeidet. Her er det gjort skilnad på om det er brei eller smal baktang på benken. Når benken har baktang som går i heile bredda av benkeplata kan ein sage på utsida av benken si bakside. Her kjem det fram at ein helst sagar på høgre side av emnet og at saggrinda er vridd til høgre.
Oppretting

Desse illustrasjonane viser planhøvling av flate og retting av ein kant på emnet. Her er forfattaren inne på at høvelbenken bør ha så plan flate at han kan nyttast som referanse for å sjekke om dei høvla emna er plane nok. Dette er i ein opplæringssituasjon på lågare klassetrinn. På høgare trinn skal elevane nytte siktelister for å få emnet rett.
Boka tar utgangspunkt i dei vanlege høvelbenkane som var brukt i skulen på den tida. Baktanga er av typen som gjerne vert kalla hjulmakarbenk og er slik vi kan sjå på høvelbenken Sjur Nesheim brukte i samband med eit prosjekt på snikring av vindauge. Det verkar som det er denne typen benk som er brukt gjennom heile boka. Ein annan vanleg type baktang er den som er L-forma. Trond Oalann har posta ein post som viser korleis han brukar ein slik høvelbenk til å lage høvel etter oppskrift frå boka «Sløidlære for skole og hjem» av Kjennerud – Løvdal, 1922.
Ein tanke på “Høvelbenken i boka: Arbeidsteknikker i Tresløyd”