2 tankar på “Ferdige profilhøvler

    1. Det er litt uklart kva du spør om så eg svarar kanskje litt omstendelig. Det vanlegaste er glasrammer med fals som ein legg glaset i, stiftar det fast og kittar. Ein enkel glasfalshøvel er den enklaste typen høvel for å lage slik fals, den høvlar berre falsen og har fast land og gjerne også djupnestopp slik at falsen blir passe brei og djup. Slike høvlar kan høvle frå kant eller frå side. Det mest vanlege er glashøvlar som høvlar profil og kittfals i same operasjon, men også høvlar som høvlar kittfals på begge sider av sprossene i ein operasjon finnast enkelte stader i landet. Desse siste kan sjå ut omtrent som ein golvplog. Du tenkjer kanskje på glas som står i ei not i ramme og sprosse? Då må ein sette glaset i nota medan ein set saman ramma. Det finnast også handhøvlar som gjer denne operasjonen, men dei er ikkje veldig vanlege. Dei eg har sett har som regel tre stål, eitt på kvar side som høvlar profil (gjerne skrå fas) og eitt i midten som høvlar nota for glaset.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s