Det er stadig variantar av høvelbenkar som dukkar opp i ulike samanhengar. John Selsjord er student i etter- og vidareutdanning i bygningsvern i Oppland fylke. Til siste samling hadde vi som ei av oppgåvene å leite fram gamle skottbenkar og registrere desse. John valde ei anna oppgåve men kom i staden over ein gamal interessant høvelbenk på Lesja bygdamuseum i heimbygda. Han fekk tatt ein del bilete av benken og vil gjerne dele dei med oss på bloggen.

Lesja bygdatun vart påbegynt i 1957 med at ein fekk overta nokre bygningar og fekk fri tomt frå kommunen. I samlinga på museet er det også ein annan høvelbenk som ser ut til å stå i utstilling og er registrert på digitalt museum. Den er meir vanleg med slik l-forma baktang, slike benkar som kan vere kalla saksebenk. Denne benken som John fann ser ikkje ut til å vere ein del av ei utstilling men står lagra. Vi får håpe at denne også får sin rettmessige plass i ei snikkarutstilling etterkvart. Garden Isaksbø ligg berre 300 meter sørvest for Selsjord og er å rekne som heimebane for John Selsjord. Isaksbø er nemnd i skrift så tidleg som 1588, men eg har ikkje kome over noko om snikring eller snikkarar på garden.
Det er ein spennande benk med mange fine detaljar. Vi får håpe det er nokon som byggje seg ein slik benk for å prøve ut korleis han fungerer. John har sjølv planar om å snikre seg ein slik i løpet av året. Vi ventar spent på dette og vil gjerne sjå bilete av den nye benken når den blir klar. Dette burde vore ein veldig praktisk benk til høvelmaking og snikring av vindauge. Sjølv trur eg eg ville vurdert å plassere strekkfiskane på føtene slik at eg kunne feste nokre bord mellom dei og såleis få ei hylle til høvlar? Om ein har godt med hylleplass i verkstaden er det slett ikkje nødvendig. Benken blir meir praktisk å flytte rundt utan. Benken er ikkje større enn at han kan høve godt til å ha inne i stua for å arbeide vinterstid når det er mørkt og kaldt ute.
Tomas har komentert at benken har ein del til felles med Hyvelbänk i Siljansnäs som han har skrive om tidlegare. Det er også fleire benkar som har tilsvarande baktang med haken i senter. Det som er litt spesielt med denne benken frå Lesja er at han har bevart jarnklo og hake for fastspenning av emna. Som regel manglar ein, eller begge desse. Neminga «jarnklo» har eg frå Jo Turtumøygard i Lom som skriv: «Jarnkloa i benken var kvass, så ein støytte fjøla til henne, så bordet sat fast.» I svaret har han teikna ei slik klo som er veldig lik den i benken på Lesja bygdetun. Dette er frå svaret hans på spørjelista om snikkarhandverkt til Norsk Folkeminnesamling. Det er nokre mil mellom Lesja og Lom så nemninga kan vere feil å bruke i Lesja. Det var likevel det svaret som var relevant i dette området. Nemninga «klo» finnast også i Meldal som blir eit stykke nordover frå Lesja. Det kan derfor godt hende at klo eller jarnklo har vore ei vanleg nemning i eit større område nord i Oppland og i Sør-Trøndelag?
Förutom framtången med skruv är bänken snarlik den från Siljansnäs, storleken, en rad med hål (både runda och fyrkantiga) i mitten av skivan, samma sorts baktång och ben som fästs in i bänkskivan. Bänken i Siljansnäs har någon gång fästs med spikar i golvet och eventuellt fått stöd mot en vägg. Sist jag träffade Beth Moen, som är en av ägarna till bänken, nämnde hon att hon har planer på att tillverka en bänk som är lätt att flytta och då använda Siljansbänken som utgångspunkt. Sedan många år tillbaka har Beth och Annelie tillverkat täljhästar som blivit populär i slöjdsammanhang och «Siljansbänken» kunde vara ett komplement till täljhästen. Länk till hemsida: http://norea.nu/taljhasten-graben/
Det stemmer bra Tomas. Det er kanskje litt grovare benkeplate på denne benken frå Lesja bygdatun? Føtene er også noko kraftigare. Det er ei fin jarnklo og ein fin smiddd hake på denne benken. Det kan vere fine modellar for smedane.
Det er kjempefint om det er nokon som vil begynne å produsere slike benkar. John Selsjord ville snikre seg ein slik benk sjølv.
Jag har en liknande hyvelbänk som har tillhört morfars farfar som hette Lars Lund och var gårdskarl i Vasa i Finland. Jag tror att han dog kring 1910.
En liten lätt bänk som han kunde bära in i lägenheten vid behov.
På museet här i Västerhankmo finns också en liknande snickarbänk.
Typen verkar alltså vara vida spridd i Norden.