Fleire norske hakar, ronghake og høvelbit

Når ein tek til å undersøkje eit emne som ikkje har vore systematisk kartlagt tidlegare, kan det dukke opp mykje spennande. Slik har det vore med dei hakane som snikkarane har brukt til å feste emne på høvelbenken, gjerne kalla for ronghake, kjellingfot eller hallfast i ulike dialektområde. Desse har eg ikkje funne eit einaste spor etter i faglitteraturen i snikkarfaget. Dei er så vidt nemnd i faglitteratur i båtbyggjarfaget. Mi førre oppdaging var å finne to stk. hakar frå Harstad i samlinga til Sør-Troms museum. Før det var det nokre oppdagingar som Peter Brennvik har gjort i Møre og Romsdal som vart presentert. Han har sendt meg noko utfyllande informasjon om ein av hakane vi presenterte då og har enda funne fleire benkar og hakar i sitt område.

Fyst ut er meir informasjon om ronghaken frå garden Krikjinn i Løvika som vi har vist bilete av tidlegare. Det er brødrene Løvik, båtgyggarane, som har vakse opp på garden og det er truleg faren deira, Anders Løvik (1874-1968) som har hatt høvelbenken og haken. Du kan lese meir om garden og slekta i «Gards- og slekthistorie for Vestnes». for Ronghaken står i ein høvelbenk som har arbeidshøgd på 74 cm, har total lengde på 234 cm. Bredda på benkeplata er 36 cm og bredda ved framtanga er 64 cm. Holet til ronghaken har diameter på 30 mm. Ronghaken har diameter på 28 mm i stammen. Elles er stammen på ronghaken 35 cm lang  og lengda på kjeften er 20.5 cm. På garden er det også ein hake som fungerer som høvelstopp, tidlegare gjerne kalla benkehake her på bloggen. Nemninga benkehake kan vere noko usikker sidan det er vanskeleg å skilje den andre haken, ronghaken, frå den vesle haken til høvelstopp. I svarmaterialet frå spørjelista om snikkarhandverket i Norsk Folkeminnesamling er nemningane «klobit», «høvelbit» og «kamb» med blant svara frå Møre og Romsdal. Desse kan vere betre egna som lokale nemningar enn benkehake?

Peter Brennvik har også funne ein ronghake frå Skeidsvoll i Tresfjord i Møre og Romsdal. Dette er ekstra artig sidan Hans Skeidsvoll er kjelda til nemninga ronghake. Dette er frå svara på spørjelista om snikkarhandverket i Ord og Sed i Norsk Folkeminnesamling frå 1934. På spørsmålet om korleis dei festa lange emne i høvelbenken svarar Hans: «For lange stykkje bruktest ronghake og bit». Truleg er «bit» det same som høvelstopp som vi til vanleg kallar benkehake? Om ronghaken frå Skeidsvoll har vore bruka av Hans Skeidsvoll kan eg ikkje seie sikkert, men det er truleg slik at vi kan knyte haken til nemninga.

Peter er stadig på leiting etter snikkarverkstader og har i går kome over denne ronghaken i snikkarverkstaden etter O. O. Løvik. Den er frå garden Brautin i Løvika i Tresfjord. Haken minnar veldig om den frå Skeidsvoll som er bilete av over. Det er truleg at det er same smeden som har smidd ronghaken på Skeidsvoll og i Brautin.

For nokre veker sidan var Peter på ein rundtur for å undersøkje eldre verktøykister og verktøysamlingar. Då kom han over enda ein høvelbenk med ronghake. Denne gongen på garden Stette i Skodje kommune på Sunnmøre.  Høvelbenken den står i er 84 cm høg og 236 cm lang. Under følgjer nokre bilete som Peter har tatt av benken. Peter er aktiv på Instagram under brukarnamnet @bassdummy.

Som om ikkje dette var nok så har det også dukka opp ein ronghake på Austlandet. Eg heldt kurs i snikring av vindauge for studentar frå Oppland som vidareutdannar seg i bygningsvern på tilbodet som Høgskolen i Sør-Trøndelag tilbyr. Vi heldt til på Gildesvollen i Ringebu. Der dukka det opp ein ronghake i samlinga av snikkarverktøy på Gildesvollen.

På kurset i viste det seg at studentane som vanleg hadde med seg mykje spennande frå sine heimtrakter. Mellom dette var det ein gamal høvelbit som Hans Andreas Lien hadde med seg. Denne hadde han fått kjøpt hos ein brukthandlar på Skreia. meir detaljerte opplysningar er det ikkje om denne. Frå Oppland har eg døme på nemingane: «klo», «kamb» og «jarnkloa» som tilsvarande høvelbit frå Møre og Romsdal. Dette er også frå svarmaterialet frå Norsk Folkeminnesamling.

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s