
Då eg var i Molde og heldt kurs i høvelmaking sist på året i 2014 fekk eg sjå mykje interessant i samlinga på museet. Skottbenkane deira var det fyste eg la merke til og har skrive om på systerbloggen vår: Romsdalsmuseet i verdsklasse med si samling med skottbenkar. Eg har også skrive om korleis nokon har laga kombinert høvel og høvelbenk. I tillegg hadde dei fleire små høvelbenkar i samlinga si som minner veldig om høvelbenken frå Romsdal som Thor Aage har skrive om. I samband med mitt besøk i Molde hadde Marianne Nystad på Tingvoll bygdemuseum, avdeling av Nordmøre museum, tatt med den kombinerte høvelbenken og høvelen slik at eg kunne studere den. Med på lasset var denne vesle høvelbenken med registreringsnummer TB 335 som er ein del av samlinga på Tingvoll bygdemuseum. Benken ser ut til å ha vore brukt til noko av det same arbeidet som den kombinerte høvelen og høvelbenken. Truleg snakkar vi om lagging og forming av stavar. Eg ser for meg at benken kan høve godt til å høvle utvendig runding og innvending utholing i stavar til lagga kjerald.
Ein av benkane på Romsdalsmuseet har noko som minner om ein benkehake i eitt av hola i benkeplata. Slike manglar på dei andre benkane eg har sett på.
Ein tanke på “Fleire små benkar”