
Vi har tidlegare skrive om fleire små høvelbenkar som har vore nytta til å høvle stav til laggearbeid eller bøkkararbeid, ein frå Romsdal, og ein på Norsk Folkemuseum. Denne benken frå Tingvoll bygdemuseum har nok vore brukt til eit tilsvarande type spesialarbeid. På digitalt museum er benken registrert som høvelbenk og med følgjande forklaring: «Liten høvelbenk nytta til å høvle bøttestavar. Er ei solid trefjøl som det er lett å flytte, og som kan brukast inne i stua. Plass til høveljern og har ei tretvinge for å feste fjøla som det skal arbeidast med». Han er tydeleg nytta til arbeid med å lage bøttestavar. Den eine delen av høvelbenken stiller seg i rekka med korte benkar utan understell og som er til å spenne fast stav på flasken. På den andre sida er det tappa ut kilegang og sponrom for ei høveltan. Slik kan benken fungere som ein strykbenk som ein høvlar kantane på staven med.
Det at denne benken har høvelstål for å stryke kanten av stavane tyder på at ein skal høvle stavane på flasken når ein spenner dei fast med hakar. Då er det truleg snakk om å høvle runding på utsida av staven og hule ut litt på innsida. På bøtter og stampar med breie stavar blir det fort snakk om ein del ved som skal fjernast. Det er sikkert tidsbesparande å ha høvelbenk og strykbenk i eitt. Ein slepp å flytte seg frå høvelbenken og til høvelen. I tillegg er det vanskeleg å finne gode emne til strykbenk. Om ein då har eit stabilt emne til høvelbenk så kan ein få utnytta dette enda betre ved å også bruke det til strykebenk. Eg fekk høve til å studere og fotografere benken då eg var og heldt kurs i høvelmaking på Romsdalsmuseet mot slutten av 2014.
Continue your good work, my friend. It’s very, very good.
This is a really fascinating find. I am not an expert on British toolmaking but I want to suggest that the replacement, as you aver, plane blade is in fact by Ward and Payne who joined forces after 1840.
http://www.woodworkingtalk.com/f11/looking-identify-old-wood-plane-42486/
The logo appears to be W and P although an expert can verify and suggest and more specific date.
I truly hope you might post more about this device and its purpose and likely first owner. It looks to be manufactured. Cutting threads in wood is a specialty even today, yet it shows very little wear from use. Is it possible that this was a gentleman’s bench, which can explain its minimal wear and yet high quality construction?
The combined workbench and jointing plane are a very interesting find. I believe that this iron, and also the wedge, are not original to the bench. The age of the iron would be less important then. The Iron are Ward and Payne and I would suggest that it is from after 1850 and before 1900. I also think the bench could have a similar age, or a bit older.
The bench is said to have been useed by a cooper that used it to dress the staves for barrels and pails. I belive that the plane part of it was used to join the sides of the staves. That makes it even more interesting that the bench seems to have minimal wear.