
Dei som har vore med oss over tid her på bloggen har fått med seg at eg har funne ein gamal høvelbenk på garden Helberg i Bardu. Denne har eg laga ein kopi av for å prøve ut i min eige verkstad. Her kan du lese om benken frå Helberg og mitt arbeid med å snikre ein kopi: Roald snikrar kopi av høvelbenken frå Helberg. I den siste årboka til Bardu Historielag har eg skrive ein liten artikkel om høvelbenken frå Helberg og om datering av denne benken. Artikkelen er tilgjengeleg for lesing og nedlasting på nett: Høvelbenken frå Helberg. Benken frå Helberg har ei bordklipe som er spikra på sida og som er eit tydeleg teikn på at det dreiar seg om ein høvelbenk. I tillegg er det ei lekt som er spikra på som høvelstopp. Her er det liten tvil om det er ein høvelbenk. På mi profilside på bloggen har eg fått ein kommentar frå Øyvind Alstad i Bardu. Han skriv at han har hatt ein liknande benk som den på Helberg, ein benk med dei same kjenneteikna. Den benken har vore i bruk i omtrent same område som benken frå Helberg.

Grove plankar kan gjere nytte som høvelbenk eller universalarbeidsbenk utan at det treng å ha sett tydelege spor. I filmen «Från vrång til sjösättning» som er tilgjengeleg på YouTube kan vi følgje ein båtbyggarfamilie i Sverige som byggar båt. Gjennom filmen får vi stadige glimt av nokre grove plankar som vert brukt som arbeidsbenk for det meste av arbeidet. Plankane vert gjerne lagt på to låge bukkar som gir høveleg arbeidshøgd for mykje av arbeidet. I filmen kan eg ikkje sjå at det er høvelstopp eller bordklipe på dei plankane dei brukar. Når båten er ferdig vert plankane og bukkane rydda bort. Ein må då ha kjennskap til arbeidet for å kunne tolke plankane som ein slags høvelbenk.

Den store fordelen med slike lause plankar som arbeidsbenk er at dei er lette å rigge til og rydde unna ettersom det er bruk for dei i arbeidet. Spesielt når ein har lange høvelbenkar merkar ein at dei ikkje er spesielt lette å flytte med seg. Ved å ha ulike høgder på bukkane ein brukar kan ein både nytte plankane i sitjehøgd og i ståhøgd. Om ein vil ha planken i ståhøgd så vil det vere naturleg å ha ein høvelstopp på benken. I sitjehøgd er ikkje det nødvendig, då sit ein på emnet for å halde det fast. Med det utgangspunktet tolkar eg det slik at benken frå Helberg har vore brukt med bukkar eller ei anna form for understell som har vore i ståhøgd, i alle fall så høgt at ein ikkje sat på emnet.