Handhøvling av lister med store samansette profilar

Vi har skrive tidlegare om seminaret vi hadde i Trondheim 15-18. november 2014. Vi var delt inn i 4 grupper som kvar hadde sine oppgåver å arbeide med. På kvar gruppe var det ein av deltakarane, ein student på Teknisk bygningsvern og restaurering på HiST, som hadde i oppgåve å samordne og presentere dokumentasjon av arbeidet på gruppa. Først ut var Ellev Steinsli som var dokumentasjonsansvarlig på gruppa som arbeidde med høvling av dør- og vindusomramming. Neste gruppe ut var leia av Jarle Hugstmyr og hadde Terje Planke, Rasmus Skrydstrup og Rune Hoflundsengen som deltakarar. Gruppa arbeidde med store samansette profiler. Som student på HiST var Rune ansvarleg for dokumentasjon av arbeidet på gruppa. Under føljer tekst og bilete av Rune og nokre bilete av Roald Renmælmo.

Store samansette listverksprofilar kan høvlast med kombinasjonar med hulkilhøvlar og staffhøvlar slik som desse. Foto: Roald Renmælmo
Store samansette listverksprofilar kan høvlast med kombinasjonar med hulkilhøvlar og staffhøvlar slik som desse. Foto: Roald Renmælmo

Ved starten på samlinga hadde me ein synfaring I “Malerhuset” som står på Sverresborg Trøndelag Folkemuseum. Huset har ein rik samling av forskjellig listverk som skulle vere til inspirasjon til vidare arbeid på seminaret. Her hadde me fleire diskusjonar. Diskusjonane omhandla mellom anna prosessane som låg bak listverket. Det er ikkje alltid så lett å lese framgangsmåtane i arbeidet som ligg bak det ferdige listverket. Dette var ein av dei tinga me skulle komme meir inn på i løpet av seminaret. For den som ikkje har prøvd seg på så samansette lister kan det vere litt vanskeleg å sjå kor ein starter opp på ei slik list.

Etter synfaring var det klart for oppstart på snikkarverkestaden på Sverresborg Folkemuseum. Her var det litt jobb med å gjere klart arbeidsstasjonane, kvar gruppe hadde ansvar for sin arbeidsstasjon. Når me skulle velje lister me skulle jobbe med, var me litt opptatt av å få med ein del aktuelle problemstillingar når det gjeld å høvle ut store lister. På den måten få på bana diskusjonar på framgangsmåtar for produksjon av større lister. Jarle Hugstmyr har skrive ei masteroppgåve om høvling av barokk og rokokko listverk. Hans erfaringar frå dette arbeidet danna grunnlaget for arbeidet på denne gruppa.

Barokk og rokokko listverk

Etter at me hadde valt ut dei listene me ville sette i gang med kom det opp ein liten diskusjon rundt framgangsmåten me skulle bruke. Jarle tok opp problemet med at det er vanskeleg å lesa prosess på dei ferdige listene. Eit anna tema som også var oppe var kor nøyaktig ein må vera med dimensjonera. Etter å ha sett på de problemstillingane, valte gruppa å ta ein ny synfaring i Malerhuset for å sjå på listene med ”nye auger”.

Med profilkammen kan me måle profilen på ein stad på lista. Med profilen avsett på profilkammen kan me samanlikne med profilen andre stader på lista. Foto: Rune Hoflundsengen
Med profilkammen kan me måle profilen på ein stad på lista. Med profilen avsett på profilkammen kan me samanlikne med profilen andre stader på lista. Foto: Rune Hoflundsengen

Her fekk me sjå at det var store variasjonar mellom listene. På lister som hadde bredda på rundt 7 ”, kunne det variere opp mot 1⁄4” på same sort list. Profilane på sidene som var høvla ut med høvlar som har hatt styreflate, var tilnærma lik. Variasjonen låg i det midtre partiet på listene. Det som viser på bilde, er at det varierer på det konkave og konvekse forma på lista, det var også tydlige spor i overgangen mellom den to bua formene på midten på lista. Me såg også at det kunne forkomme stor variasjon på listene inn i ei gjering, som medfører store tilpassingar mellom listene. Dette meinte gruppa var ein interessante observasjonar, og konkluderte med at det ikkje alltid var så enkelt å få desse listene kopiert sida det var så stor variasjon.

Grep for justering av høvlar

I løpet av ein slik samling plukkar ein alltid opp detaljar som er fine å ta med seg vidare i arbeidet med høvling av lister. Eg vil trekke fram ein liten detalj om å ha eit rett grep på høvelen når høveltanna skal justerast inn på rett plass. Justering av høvel kan vera eit krevjande arbeid, og det kan vera greitt å ha innarbeidd eit grep som gjer prosessen enklare. Eit godt grep er også er med å forhindra at tanna dett ut. Jarle viste eit grep som sikra både tann frå skade og ein effektiv måte for å justera litt på høvelen, og i same grep kunne sikta på kor tanna står i forhold til høvelen. Bare med å vri på handa kan ein med same handgrep kunne slå på høvelen og sikta. Ein slepp å flytta grepet.

Dimensjonering av emne til lister

Materialen som skal nyttast til å lage lister, er ukanta 5/4 bord. I følje Roald var det ofte denne dimensjonen gjekk att på den tida. Når me valte ut bord hadde me ynskje om at det var ganske rettvakse og ikkje altfor store kvist. Ved nærmare ettersyn ser me at det kan forkomme ein god del kvist i dei eldre listene, så kvistfritt var nok ikkje nødvendig for å høvla ut store lister. 5/4” var tilnærma den dimensjonen som ferdig list skulle vere, så det var ikkje mykje virke som skulle bort på tjukna. Gruppa brukte ei kløyvsag til å kante den først sida på bordet. Her var det truleg meir vanleg og enten bruke ei grindsag eller ei øks på 1700-tallet. Etter å ha retta kanten i skotbenken brukte me ein ploghøvel for å dimensjonera bredda på bordet. Ploghøvel var ein kjapp og grei måte å slisse bordet på. Ploghøvelen er enkel og billig i bruk sida den er lett å holde ved like. Her vart det prøvd ut to måtar å bruke den på. Først drog vi høvelen på heile bordlengda. Den andre varianten stod me meir i ro og jobba oss bakover etter som høvelen var komet gjennom bordet. Etter dette var de tilbake til skotbenken for å få den siste avretting på sida av bordet. Det vart nesten ikkje tatt noko på tjukkleiken fordi lista ferdig list skulle vere 5/4”.

Produksjon av list nr. 1

Snitt av ferdig høvla list. Skisse: Rune Hoflundsengen
Snitt av ferdig høvla list. Skisse: Rune Hoflundsengen

Me ville gjerne ha profilen mest mogleg lik i heile lengda av lista. For å kontrollere det høvla me nokre spor med ploghøvel der vi ville ha styrespor eller referanse på djupna. Ploghøvelen har eit justerbart land som kan låsast og sikre at sporet held same avstand til kanten. Landet på ploghøvelen nyttar kanten på emnet som støtte for høvlinga.

Det djupaste sporet er den endelige flata som profilen skal ha. Det andre sporet er eit hjelpespor for å gi retning for hulkilhøvelen. Så lenge ploghøvelen blir heldt vassrett, vil den gi nøyaktig spor og er til god hjelp når det trengs å lage referansespor som ofte trengs for å klare å høvle ut listene. Passe på å ha eit trykk rett over stålet, så arbeider denne høvelen godt. Med denne operasjonen blir eit av hovudprinsippa for listhøvling benytta. Landet som ploghøvelen har på yttersida er eit viktig prinsipp for å styre høvelen. For mange høvlar er avhengig av å ha eit land for å få den til å fungere som den skal.

Høvling av hulkil

Her blir hulkilen høvla ut. Radiusen på høvelen og hulkilen på lista må vere tilnærma lik. Med den rette radien vil ikkje høvelen eta seg forbi den sirkelen. Ved å fullføra sirkel på oppslaget opp til overflata på lista, er det bare å høvle ut hulkilen heilt ut til dei to streka som kommer opp og blir synlig. Dette gjekk fint og hulkilen vart rett og jamn.

Høvling av staff

For at denne høvelen skal fungera, er den avhending av å ha en liten kant innvendig mot styreflata, slik at han ikkje et seg innover under høvling. Ein liten kant, slik at den rir litt på sålen, og med det unngår at høvelen eter seg inn i buen på lista. Med litt unøyaktige på mål på denne lista, og da helst med tanke på den konkave og den konvekse forma treffes, kan det for bli ein liten kant i overgangen. Det blir ikkje ein jamn overgang. På den andre synfaringa i ”Malerhuset” fann me det fleire lister som hadde dette sporet.

Den ytterste profilen skulle ha ein liten flate og avslutta men ein liten kvartstaff. For å høvla ut falsen, vart det nytta ein ploghøvel. Her kunne det sikkert ha vert nytta ein falshøvel, for å sleppa til med bredde og djupn stopp, vart det heller nytta ein ploghøvel. For å høvla ut staffen vart det nytta ein profilhøvel med fast land.

Produksjon av list nr. 2

Snitt av list nr. 2. Skisse: Rune Hoflundsengen
Snitt av list nr. 2. Skisse: Rune Hoflundsengen

List nummer to vart ei stor taklist, 9”x 5/4”. Store taklistene på 1700-talet hadde ofte ei list som stod i underkant på veggen, men den vart ikkje laga her. Som teikninga på bordet viser, er dette ei ganske flat forma list, på det djupaste er det berra 1⁄2” ned til botn på holkilen. For å klare å lage v-fuger på lista treng me eit styrespor for semshøvelen. Dette laga me med ein ploghøvel.

Her kjem spora som ploghøvelen gav oss til nytte. Ved å sette semshøvelen i 45 grader i sporet er det å høvle ut ein liten kant som skissa over viser. No er det viktig at høveltanna er stilt slik at den ikkje eter seg innover på sida, men at den bare jobbar seg nedover.
For å få eit godt resultat bør fuga takast gjennom fleire operasjonar, ikkje høvla heilt ned på den eine sida først men ta litt på kvar side nedover. Det er enklare å justera seg inn på den måten.

På den første lista vart det laga til eit spor for å gi høvelen ein retning. På denne lista vart det prøvd utan og det viste seg at det ikkje var noko problem med å få retning på hulkilen. Ved hjelp av to strek som indikera kor buen skal avslutte, så var det berra å høvla heilt ut til streka. Det gjekk overraskande greitt og fort å høvla ut hulkilen.

Etter at begge hulkilane var høvla ut var det den konvekse forma som stod att. Her er det viktig at bredda på denne buen er rett , elles vil det fort bli ein kant i overgangen mellom den konkave og den konvekse forma. Her var det erfart den vetle kanten som trengs på høvelen for at den ikkje skulle eta seg innover. Ein ørliten kant på vestresida på høvelen på bilde. Denne lista var litt for trang, det vart eit lite spor i overgangen, men med litt finhøvling vart den borte.

List nr. 2 er ferdig høvla. Foto: Roald Renmælmo
List nr. 2 er ferdig høvla. Foto: Roald Renmælmo

Produksjon av list nr. 3, mønekjøl til Nidarosdomen

Gamal mønekjøl frå "Kongeinngangen" på Nidarosdomen i Trondheim. Denne var utgangspunktet for å finne fram til produksjonsmåte av ein kort bit av tilsvarande. Foto: Roald Renmælmo
Gamal mønekjøl frå «Kongeinngangen» på Nidarosdomen i Trondheim. Denne var utgangspunktet for å finne fram til produksjonsmåte av ein kort bit av tilsvarande. Foto: Roald Renmælmo

Rasmus og Oddmund på snikkarverkstaden på Nidarosdomens Restaureringsarbeider hadde ein mønekjøl som var demontert i samband med den pågåande restaureringa av «kongeinngangen» på Nidarosdomen. Denne ble tatt med til Sverresborg for å sjå om vi kunne finne fram til ein produksjonsmåte på ein slik. Her var det mykje virke som skulle vekk, og det meste vart grovhogd med øks. Etter det høvla me fram profilane med ulike høvlar. Det meste vart gjort med ein grov semshøvel og ein staffhøvel.

Jarle høvlar til mønekjøl som er samansett av fleire staffprofilar. Foto: Roald Renmælmo
Jarle høvlar til mønekjøl som er samansett av fleire staffprofilar. Han setter ned kanten med ein semshøvel. Foto: Roald Renmælmo
Jarle brukar ein stor staffhøvel med sponutkast i sida for å høvle siste finpussen på staffen på mønekjølen. Foto: Roald Renmælmo
Jarle brukar ein stor staffhøvel med sponutkast i sida for å høvle siste finpussen på staffen på mønekjølen. Foto: Roald Renmælmo
Staffhøvlane som vart brukt på dei store staffane på mønekjølen. Foto: Rune Hoflundsengen
Staffhøvlane som vart brukt på dei store staffane på mønekjølen. Den gamle mønekjølen ligg ved sida for samanlikning. Foto: Rune Hoflundsengen

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

8 tankar på “Handhøvling av lister med store samansette profilar

  1. Hi Roald, Could you please define «mønekjøl» in english or better put up a photo of it in place. I’m guessing it might go on the roof ridge?
    Thanks
    Graeme

    1. Thank you Dennis.
      Most of the text are written by one of my students, Rune Hoflundsengen. Most of the illustrations are his to. He has done most of the work and I have organized the material for the blog.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s