2014 og bloggen

2014 går mot slutten og vi går snart over i eitt nytt år. Då kan det høve å sjå tilbake på aktiviteten på bloggen det  siste året. Vi har hatt omlag 92 000 visningar av sider totalt i 2014 med ein topp på 3609 visningar på ein dag. Toppen hang saman med publisering av posten som presenterte den ferdige høvelbenken, av modell Vasa, i Mariestad. Vi har publisert 68 postar med totalt 577 bilete på bloggen i år. Vi har hatt lesarar frå 95 ulike land som har vore innom bloggen, dei fleste frå USA, men med Noreg og Sverige like bak. Vi har 140 personar som følgjer bloggen og får automatisk melding for kvar gong vi publiserer ein post. Elles får vi mykje besøk av lesarar som vert tipsa om bloggen frå andre sider dei er innom. Flest slike har vi fått frå lesarar av bloggen til Peter Follansbee, men Norse Woodsmith og Dennis Laney har også leia mange lesarar til bloggen. Det er nok først og fremst engelskspråklege lesarar som har vorte leia til bloggen. For å kome desse i møte har eg skrive nokre postar på engelsk og skrive ein introduksjon på engelsk. Desse engelske postane får gjerne fleire kommentarar enn tilsvarande norske og svenske postar.

The bench almost finished. Photo: Roald Renmælmo
Den nesten ferdige høvelbenken i Mariestad. Fotoet er frå den mest populære bloggposten vår i 2014. Høvelbenken er kopi av høvelbenken frå Vasaskipet som forliste i 1628. Foto: Roald Renmælmo

Vi har mykje spennande stoff å sjå fram til i 2015. Tidleg på året vil vi få dei neste postane som presenterer arbeidet på dei andre gruppene på seminaret i listverkshøvling på Sverresborg. To av våre faste støttespelarar held på og byggje kvar sin høvelbenk etter modell av høvelbenken frå Vasaskipet. Vi håpar å få ta del i deira arbeid i form av bloggpostar i 2015? Det er også snikra eit par nye høvelbenkar på Norsk Folkemuseum som vi håpar å få presentert på bloggen? Det er fleire fagmiljø rund om i landet som har planar om å byggje opp eigne snikkarverkstader med historisk innreiing og verktøy. Det er også noko som er aktuelt stoff for bloggen.

Med ynskje om eit godt nytt år.

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

Ein tanke på “2014 og bloggen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s